Som mange andre har eg fulgt med på den nye versjonen av Charles Dickens si forteljing "Great expectations" på NRK dei siste kveldane. Eg skal ikkje skrive så mykje om filmen, bortsett frå at eg syns det var ei flott innspeling, og veldig kjekt å sjå ei Dickens-historie også denne jula1
Grunnen til at eg i det heile skriv om serien her, er rollefiguren Joe Gargary, som er gift med hovudpersonen, Pip, si syster, og i starten av filmen den einaste som viser omsorg for den vesle guten. Joe er smed, og Pip drøymer naturleg nok om å bli smed han også.
Pip går nokre år i lære i smia, men så tar livet ei brå vending, og Pip snur ryggen til det gamle livet, Joe inkludert. Han vert lært opp til å bli ein gentleman, og ser fram til eit liv i sus og dus. Ein etter ein vert draumane knust, og til slutt står han igjen i smia til Joe, etter at Joe har brukt alle sine midlar til å betale gjelda hans. Den bortkomne sonen vender heim att, denne gongen audmjuk og skamfull. Joe gir han likevel ein stor klem, og seier: "Vi er like gode vener som vi alltid har vore!"
Viss ikkje det er eit flott bilete på Guds kjærleik til oss, så veit ikkje eg!
søndag 30. desember 2012
fredag 28. desember 2012
Juletrepynt som vitnar om Gud!
Tradisjonen med å ha juletre er ein skikk som lenge virka noko merkeleg for meg. Kva i all verda er poenget med å dra eit tre inn i stova, pynte det, gå rundt det, synge om det og la det stå der til allmenn glede så lenge jula varer? Det verka så ... ulogisk.
Heilt til eg høyrte ein andakt om nettopp juletreet, der andaktshaldaren forklarte symbolikken med treet og mykje av pynten som er på. Det er ei stund sidan eg høyrde andakten, så eg har nok gløymt ein del av det som var sagt. Likevel hugsar eg hovudpoenga, og eg har blitt meir glad i juletreet (Ikkje at eg ikkje var glad i det før heller, altså, det gir jo julestemning!)
Her er noko av pynten som er på vårt juletre:
Hjarte i mange storleikar og fasongar. Hjartet er kanskje det finaste julesymbolet eg veit om. Kvart einaste hjarte vitnar om Guds kjærleik til oss menneske, ein kjærleik så stor at han ikkje ville la oss fortsetje inn i vårt eige mørke, men valte å bli menneske for å kunne opprette det som var øydelagt! Eg tenkjer også på kor viktig det er å vise kjærleik til menneske vi har rundt oss (og ikkje berre i jula). Vi må oppmuntre og glede kvarandre, og vi må vitne om Guds evige kjærleik til oss. Når vi ser oss sjølve i lys av Guds kjærleik, vert menneskeverdet vårt lyfta opp til eit ukrenkeleg nivå.
Juletreet vårt har også ein del englar i ulike fasongar:
Englane er Guds bodberar, og kunne forkynne det store som var hendt for gjetarane på markene utanfor Betlehem. Englar er mykje omtala i Bibelen, men viktig: Ikkje som åndsvesen vi skal tilbe eller prøve å komme i kontakt med. Englane er Guds tenarar, og tilber sjølv Gud. Det er likevel fint å ha dei på juletreet, for då Jesus vart fødd var det ei hending så stor og viktig at Gud valte å sende ein heil hærskare av englar for å vitne for menneska!
Det er også kongler på treet. Eg kjenner ikkje til den offisielle symbolikken, men for meg symboliserer dei nytt liv. Kongler inneheld frø, og kan vidarebringe livet som er i treet. Grantreet er jo eit symbol på Jesus, difor tenkjer eg at konglene er oss menneske, som har fått livet frå sjølve treet planta i oss, og skal vere med og spreie dette livet vidare til andre!
Stjerna stoppa over stallen, og viste dei vise menn kor Jesus var. Stjerna står i toppen av treet, og minner oss på barnet i stallen, himmelkongen som kviler på ei seng av strå og halm. Vi som ser stjerna, må gå inn i stallen og gje barnet dei gåvene vi har med: Hjartene våre, hendene våre, hovuda våre, liva våre.
Og så er det julekulene då, i alle storleikar og fasongar. Runde kuler, nett som verda. Når eg ser på julekulene, tenkjer eg på Tellus, planeten vi bur på, med alle sine krinkar og krokar, øyer, kontinent og menneske. Kven var det barnet i krubba kom for å frelse? "For så elska Gud verda, at..." Guds frelse er for alle, heile vide verda! Kvar kule på treet vitnar om at Gud ikkje berre er min Gud, eller Gud i Rogaland, i Noreg eller Skandinavia. Han er Gud i heile verda, og alle menneske burde få kjenne på gleda å få feire jul, Guds komme til jorda.
I stova mi står juletreet og vitnar om Guds frelse, om det vesle barnet som vart født til jorda for å dø. Det eviggrønne treet, symbolet på Jesus, står midt i blant oss. Immanuel, Gud med oss, kom til jorda, og i dag, 2012(+/-) år seinare er han fortsatt blant oss, og vi kan innvitere han inn i stovene våre og ha fellesskap med han!
Viss vi vil.

torsdag 27. desember 2012
Topp 10 CD 2012
Endå ei ti-på-topp-liste, og denne gongen med CD'ar frå 2012. Dette er dei platene eg har høyrt desidert mest på av dei platene som har blitt gitt ut i 2012. Kanskje finn du noko du likar, du også? På slutten kjem ei speleliste frå spotify, der eg har plukka ut ein song frå kvar plate (Utanom Pareli, som eg dessverre ikkje fann på nettstaden...) Her er platene, i alfabetisk rekkjefølgje:
1) Capital Lights: Rhyt'n'moves. Perfekt til for eksempel danse rundt til i stova saman med borna!
2) David Crowder Band: Give us rest. Veldig variert plate, som det nesten er umogleg å bli lei av å høyre på! Dessverre også ei avskjedsplate frå bandet.
3) House of heroes: Cold hard want. Rocka og djup.
4) John Schlitt: The greater cause. Eg kan ikkje noko for det, men eg får flashback til gode gamle Petra frå 90-talet/tidleg 2000-tal. Kjekk plate!
5) Kutless: Believer. Rocka lovsang. Det var ei kjekk oppleving å få vere på konsert med bandet på Bjerkreim tidlegare i vinter. Bilete frå konserten kan sjåast her: KRIK cup&konsert 2012.
6) Pareli: Kling no klokka. Årets juleplate! Det er for det meste kjente julesongar, men framført på ein fenomenal måte og med herlege arrangement.
7) Starfield: The kingdom. Nok ei god rockeplate.
8) The Vespers: The fourth wall. Artig plate med musikk eg blir glad av å høyre!
9) Thousand foot krutch: The end is where we begin. Hardrock med himmelsk perspektiv.
10) Todd Agnew: How to be loved. Min favorittvokalist! Super stemme, supre songar.
1) Capital Lights: Rhyt'n'moves. Perfekt til for eksempel danse rundt til i stova saman med borna!
3) House of heroes: Cold hard want. Rocka og djup.
4) John Schlitt: The greater cause. Eg kan ikkje noko for det, men eg får flashback til gode gamle Petra frå 90-talet/tidleg 2000-tal. Kjekk plate!
5) Kutless: Believer. Rocka lovsang. Det var ei kjekk oppleving å få vere på konsert med bandet på Bjerkreim tidlegare i vinter. Bilete frå konserten kan sjåast her: KRIK cup&konsert 2012.
6) Pareli: Kling no klokka. Årets juleplate! Det er for det meste kjente julesongar, men framført på ein fenomenal måte og med herlege arrangement.
7) Starfield: The kingdom. Nok ei god rockeplate.
8) The Vespers: The fourth wall. Artig plate med musikk eg blir glad av å høyre!
9) Thousand foot krutch: The end is where we begin. Hardrock med himmelsk perspektiv.
10) Todd Agnew: How to be loved. Min favorittvokalist! Super stemme, supre songar.
onsdag 26. desember 2012
Topp 10 bøker 2012
Tida før nyttår er typisk kavalkadetid, og tid for å oppsummere året som har gått. 2012 har vore eit år med mykje lesing (som alle år...) og her er ti av dei beste bøkene eg har lese, i tilfeldig rekkefølgje:
Aarons maskin av Sverre Knudsen. Meir om boka her.
Erobreren av Conn Iggulden. Siste boka i serien om Djengis Khan og etterkommarane hans. Denne boka handlar om Kublai Khan. Ikkje så mykje om erobringa av det store kinesiske riket (sjølv om det første, store forsøket spelar ei viktig rolle i boka), men meir om vegen fram til makta. Ei spennande bok, og ei god avslutning på ein flott historisk romanserie.
Meir om dei andre bøkene i serien her.
Hockeysveis fører til dårlige rim av Siv Wyller. Ei snodig og artig bok! Meir om boka her.
Høsten av Jan Henrik Nielsen. Dystopisk bok, dyster og mørk, men veldig bra skrive. Meir om boka her.
Reisen til Malacandra av C.S. Lewis. Ei bok som set tankane i sving og gir eit større perspektiv på livet. Meir om boka her.
Livet - skapelse eller tilfeldighet? av Kjell J. Tveter. Ei naturvitskapleg bok, som først og fremst tek for seg korleis cellene i kroppen vår er bygd opp og fungerer. Her er detaljrike forklaringar på korleis DNA vert kopiert, transportert og brukt til å bygge opp protein i kroppen. Også fleire andre cellefunksjonar vert grundig omtala. Til saman teiknar desse skildringane og forklaringane eit bilde av eit så komplisert maskineri at det er heilt umogleg å tenkje seg at livet har oppstått av seg sjølv eller ved ein tilfeldighet. Dette er boka som Charles Darwin skulle lest (og sikkert hadde elska!) og dermed spart oss for mykje snodig naturvitskapleg ynskjetenking frå forskarar som skyv matematikken under teppet i forsøket på å eliminere Gud.
No har eg, som naturfaglærar, ei dobbel interesse av boka. Men også andre kan ha stor nytte av å lese den!
Nærmere høst av Marianne Kaurin. Trist og vakker bok om ei jente som opplever jødedeportasjonane frå Oslo i 1942. Vel verdt å lese! Meir om boka her.
Om forlatelse av C. S. Lewis. Essaysamling som omtalar mange ulike tema, og som vanleg set Lewis tankane i gong og skapar store perspektiv over problemstillingar vi ofte har eit noko einspora syn på.
Skippy dør av Paul Murray. Denne kolossen av ei bok er både trist, humoristisk, tankevekkande og snodig. Vel verdt dei timane det tek å lese seg gjennom! Meir om boka her.
Noen kjenner mitt navn av Lawrence Hill. Dette er ei bok av den typen eg likar aller best: historiske romanar. I boka møter vi ei kvinne som vert sendt som slave til USA, og tek for seg hennar liv og kamp for fridom. Rett og slette ei fantastisk (og hjerteskjærande trist) bok, som bør lesast! Meir om boka her.

lørdag 15. desember 2012
Jul... og jul
Dei to "ordskyene" under er begge svar på spørsmålet: "Kva forbind du med jula?" Dei ser tilsynelatande like ut og inneheld dei same orda, men inneheld likevel eit par ulikskapar. Klarar du å oppdage dei? (Ei lita adventsnøtt her, altså!)
Jul 1:
Jul 2:
Jul 1:
Jul 2:
søndag 2. desember 2012
Eg og Gud - ørkenvandraren og havet
Å påstå at Gud er død, eller at Han ikkje finst, er som å stå midt i ørkenen og hevde at havet er borte for godt, eller at havet ikkje finst... Det verkar logisk og greit akkurat der og då. Einaste haka er at same kor mykje ein seier det, og same kor mykje ein trur det, så er havet der likefullt. Det er berre det at ein ikkje kan sjå det.
Dette perspektivet syns eg det er greit å ha med meg på mi "ørkenvandring". Eg ser ikkje Gud, men eg veit at han er der. Eg har sett Han teikna inn i Atlaset (Bibelen), og eg veit at ein dag vil eg nå enden av ørkenen og få sjå Han som han er. Foreløpig er eg som ein evig ørkenvandrar, eg veit ikkje korleis havet ser ut, korleis det luktar eller kjennest. Eg kjenner berre til den tørre ørkensanden og den brennande sola, og ein og annan oase med friskt vatn. Ved desse oasane har eg fått ein forsmak på korleis havet er: Menneske som har møtt meg med kjærleik og gode handlingar. Eit smil på vegen, ei handsrekning eller eit klapp på skuldra. Og nokon gongar har eg fått dyppe hendene mine i oasen, og kjenne ein forsmak med alle sansane. Lovsangsmøter, Bibeltimar, på spasertur under stjernehimmelen, einsame timar i bil: Berre eg - og Gud.
Nokon gongar kan eg kjenne at Han er med meg, når han fyller meg med sin ande og talar til hjartet mitt. Når eg les i Ordet, og orda legg seg som brustein framfor meg: Eg kan gå på dei, få fast grunn under føttene. Når eg ber, takkar, ropar ut mine sorger og lar tårene renne framfor Guds ansikt, og eg kjenner at han fyller meg med sin fred og gir meg styrke til ein ny dag.
Andre gongar er han lenger borte. Atlaset verkar uforståande, og det verkar som eg slepar føtene rundt i ørkensanden i blinde. Då er det desse orda eg hentar fram til trøyst: Jamvel når du seier at du ikkje ser han, ser han di sak, og du må venta på han. (Job 35, 14)
For Gud er ikkje som havet, bunden til tid og rom, og med avgrensa rekkevidde, teikna av strender og klipper som held vatnet tilbake. Gud er ein levande Gud, ein Gud som ser mi sak.
Og ikkje berre det: Han er ein Gud som går saman med meg, gjennom ørkenen. Heile vegen, i både gode og onde dagar.
Snart skal vi feire jul. Eg skulle ynskje vi kalla det Kristusmesse også her i Noreg, det passar så mykje betre, og hadde retta blikket vårt den rette vegen: Mot Han som steig inn i vår ørken, vart ein ørkenvandrar, erfarte solsteiken, den sviande sanden, dei rennande tårene, dei såre føtene, og dei gode oasane, dei tindrande stjernene om natta. Og ikkje berre det: Han laga ein veg gjennom ørkenen, ein veg som er open for alle å gå på: Ein veg heilt ut til Storhavet!
Snør på deg sandalane, finn fram jubeltonane og bli med på vegen ut av ørkenen du også!

torsdag 29. november 2012
Hobbiten
Eller: "Der og tilbake..." Eg reknar med det er fleire enn meg som ser fram til filmen om Bilbo Lommelun og hans reise til Ensomfjellet saman med tretten dvergar. Målet er å vinne tilbake dvergane sin tapte skatt, som no vert vakta av ein farleg drake.
Eg las boka "Hobbiten" etter å ha sett filmane i "Ringenes herre"-trilogien. Ved å lese boka, fekk eg kasta lys over ganske mange ting i Ringenes herre-bøkene som elles gjekk meg hus forbi. Blant anna får vi vite korleis Bilbo får tak i "Den eine ringen", den som Frodo må øydeleggje i "Ringenes herre". Det er ei selsom historie, og Bilbo reddar seg ut av situasjonen med ein del kløkt og ein stor porsjon flaks.
Vidare får vi fylje dei reisande gjennom fleire andre farer. Dei må blant anna gjennom Myrkskog, og det er ikkje den mest behagelege skogen ein kan ferdast i.
Dei treff også på troll og orkar, og må komme seg unna skogsalvar som tek Bilbo til fange.
I det store og heile er det ei svært spennande historie, vel verdt å setje seg inn i. Høgdepunktet er naturlegvis det som skjer rundt Ensomfjellet: kampen mot dragen Smaug og det store Femhærersslaget, men også resten av boka er spennande, til dels humoristisk og ikkje minst fengslande lesing
Eg driv ikkje akkurat aktiv nedtelling, men eg er meg bevisst på at premieren er 12. desember... Så må eg berre krysse fingrane og håpe eg får anledning til å sjå den!

lørdag 24. november 2012
Ein ledig stol - for deg!
… Då vakna alle brudejentene og stelte lampene sine.
Og dei uforstandige sa til dei kloke: ‘Gjev oss
litt olje. Lampene våre sloknar.’ ‘Nei’,
svara dei kloke, ‘vi har ikkje nok både til oss og til dykk. Gå heller til dei
som sel olje, og kjøp sjølve.’
Medan dei var borte for å kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet, og døra vart stengd. Ei stund etter kom dei andre brudejentene og sa: ‘Herre, herre, lat opp for oss!’ Men han svara: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Eg kjenner dykk ikkje.’
Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.(Matt 25, 1-13)

Alle dei ti brudejentene tok
oljelampene sine og gjekk ut. Alle ti venta. Og venta. Det drygde før brudgomen
kom, så alle ti sovna. Dei visste at brudgomen skulle komme, men ventetida vart
for lang, augene for tunge, kroppen for trøytt. Venting vart gløymt, lamper
vart gløymt, søvnen inntok dei ventande. Fem av dei sovnar klare til å ta i mot
brudgomen når han plutseleg dukkar opp. Dei fem andre, dei som ikkje tok med
seg olje, er ikkje klare i det heile, men dei sovnar like godt. Dei har lamper
utan innhald, men tek ikkje si dårlege stilling på alvor.
Det er mange som i dag ‘søv’
utan å vere klare til å møte frelsaren når han kjem attende. Kanskje har ein
det ytre i orden. Lever skikkelege liv, gjer gode gjerningar, får ros og
oppbacking og fine ord. Alle seier at om nokon skulle fortene Himmelen, så må
det vere dei… Problemet er berre at det ikkje går an å gjere seg fortent til
Himmelen. Det er ikkje kleda, fasaden, dei gode handlingane som sikrar ein
billett til det evige bryllaupet hos Gud. Brudgomen ser ikkje på dei fine
lampene. Utan oljen som kan brenne og lyse opp, er lampene verdilause. Gud ser
ikkje på det ytre. Han ser på hjarteforholdet vårt, og det er berre trua og tilliten til
Jesu død og oppstode som kan tilfredsstille han.
Då brudgomen kom, vart dei fem brudejentene
med olje på lampene med inn til festen. Dørene vart stengte, og festen starta,
medan dei fem siste var ute for å oppdrive olje. Til slutt kom dei til porten
og banka på, altfor seine, men får likevel snakk med brudgomen. Dei ber han
late opp for seg.
Brudgomen svarte at han ikkje kjente dei.
Dette er litt merkeleg, for han må jo unekteleg ha vore med på å førebu
bryllaupet og plukke ut brudejentene. Likevel får dei dette harde svaret. Grunnen
trur eg vi kan finne når vi tolkar historia som ein allegori på Jesu gjenkomst
og det evige livet i Guds rike. Det kan ikkje stå tomme stolar i
Himmelen. Der skal ikkje vere sorg, og heller ikkje sakn. Alle menneske er
innbedne til festen, men når Jesus har kome att, og historia på jorda er slutt,
står der ingen tomme stolar som kan minne dei frelste på alle dei som ikkje er
der. Difor svarar brudgomen at han ikkje kjenner dei. Det er ikkje lenger noko
minne om dei som ikkje har kome.
Dette kan verke både hardt og
brutalt, om det enn er logisk. Likevel, du som les dette: Din stol står
fortsatt ledig i Himmelen. Du er fortsatt venta til bryllaupet! Du misser ikkje
plassen, før den dagen du ikkje lenger har sjansen til å vende om og gripe tak
i Jesu nåde. Det er den dagen du ikkje lenger er blant oss på jorda. For så
lenge det er liv i deg, står Jesus med utstrakte hender og ventar på at du skal
komme til Han og ta i bruk din stol
ved bryllaupsbordet. Ikkje la den sjansen gå frå deg!
(Tekst skrive til Suldalsposten; helgetankar, i dagens avis. Illustrasjonar henta frå: www.orthodox.net og www.believersjourney.blogspot.no)
fredag 23. november 2012
Israel vs Gaza
Dette blogginnlegget er først og fremst til min gode kollegakamerat Eskil, som, har det vist seg, har eit noko anna syn på konflikta mellom Israel og Gaza/Hamas enn det eg sjølv har. Og det er sjølvsagt heilt ok for meg, eg likar å få diskutere litt!
I dag dukka denne karrikaturstripa opp på facebookveggen min:
... og slikt kan ein jo ikkje la stå ukommentert! (Og sidan eg treng litt meir plass enn det ein gjennomsnittleg facebookbrukar gidd å lese, skriv eg heller her...)
Eg kommenterer i punkt...:
1) I rute 1 til 3 sender Israel mengder med fly og rakettar over Gaza, og så kjem det, ganske så uskuldig, ein pitteliten rakett tilbake. Det er god karrikatur for å formidle det eg forstår er teiknaren sin agenda, men ganske dårleg som skildring av dei faktiske forhold. Spørsmålet er: Kvifor bombar Israel på Gaza? Er det fordi dei ynskjer å okkupere landstripa, fordi dei hatar palestinarar eller fordi dei er eit spesielt krigshissande folk? Nei. Eg trur i botn og grunn at Israel har null interesse av Gaza. For ein del år sidan tvang dei til og med sine eigne folk, israelarar som var busette på Gaza, til å flytte innanfor grensene av Israel. (Av ein eller annan grunn tåler nemleg ikkje palestinarar at det bur andre folkegrupper på deira jord.) Etter det slutta Israel sine interesser for Gaza. Hadde Hamas latt vere å sende rakettar mot Israel, er eg ganske sikker på at det heller ikkje hadde kome bomber andre vegen.
2) Dei siste tolv åra (sidan 2001) har det blitt skote over 12 000 (TOLV TUSEN!) rakettar frå palestinsk område inn over Israel. Det er med andre ord ikkje snakk om ein ussel pinglerakett mot eit regn av bomber andre vegen. Så kan ein spørje: Kvifor er det då så mange fleire døde palestinarar enn israelarar? Her er i alle fall litt av grunnen: Den israelske staten har brukt milliardar av dollar for å utvikle rakettskjoldet Iron Dome, som dei brukar til å skyte ned rakettar som vert sendt mot tettbygde strøk. Dermed vil dei fleste av desse ikkje nå fram. For det andre har dei eit godt utvikla registreringssystem, som varslar om kommande rakettar så pass tidleg at folk rekk å komme seg i bomberom før den slår ned. Israel brukar store midler for å beskytte den sivile befolkninga. Hamas, på si side, har plassert fleire av rakettrampene sine på sjukehus, skular og i tettbygde strøk. Hadde Israel reagert spontant og bomba alle dei stadene Hamas skyt rakettar frå, hadde det gått med utruleg fleire menneskeliv enn det som er tilfelle i dag. For Hamas er det å kunne vise til sivile drepte eit godt propagandamål. Litt forskjell på Israel og Hamas, ja.
3) Den såkalla blokkaden av Gaza er også eit poeng her. Det heile vert litt merkeleg for oss som fyl litt med også i utanlandske aviser, og andre kjelder enn norske journalistar. Vi veit at det dagleg går trailerlass på trailerlass med varer inn på Gaza. Lasta vert kontrollert, sjølvsagt. Eit kvart ansvarleg land ville gjort det same, særleg når dei veit at dei som styrer er svært interesserte i våpen, og då våpen som skal brukast mot nabolandet. Men alt som er vanlege forbruksvarer går gjennom. Kva bruker palestinarane då smuglartunellane til, hovudsakleg? Ein del vanlege varer vert nok smugla inn, i tillegg til teknologi (Det er ikkje lenge sidan media meldte at butikkar på Gaza solgte den nye iPhonen, og i god tid før den var i salg i Israel!) Likevel trur eg nok at våpensmugling er ein stor grunn til tunellane, og det viser då også den enorme evnen til å produsere våpen, trass i dei grundige grensekontrollane. Ein kan ikkje bygge 12 000 rakettar av sand og salami.
4) Kanskje det viktigaste punktet: No må ingen tru at eg ikkje har sympati med palestinarane. For det har eg! Problematikken med 1948, då mange måtte flykte frå eigne heimar, er ikkje enkel. Det er heller ikkje enkelt å vite kor dårleg flyktningane vart tekne imot av Jordan, som den gongen var ein ganske fersk, palestinsk stat. Jordan brukte, heilt bevisst, flyktningane som ei brikke i spelet for å svekke Israel. Dei internerte dei i eigne, kummerlige leirar, også dei som ynskte å starte nye liv i landet. Dermed vart dei buande i leirar, og mange gjer det den dag i dag.
Eg har også sympati med palestinarane på grunn av den utsette posisjonen leiarane deira har sett dei i. Dei vert utsett for propaganda på skulane, der mange lærer å hate Israel, og Hamas brukar dei, som tidlegare skrive, som levande skjold i kampen mot Israel. Eg trur dei aller fleste i bunn og grunn er fredelege menneske som ynskjer å leve i fred med familiane sine.
5) Eg meiner ikkje at den isralske staten er feilfri eller skuldfri. Dei må bere sin del av skulda, og ansvaret for å skape fred. Men enn så lenge er det eitt pittelite land, omgitt av folk som ikkje er så overbegeistra for at dei er der. Det er leiarane sin rett, og absolutte plikt, å verne om sine eigne innbyggjarar. Eg veit i alle fall: Hadde eg budd på ein stad der eg måtte leve i konstant frykt for potensielle rakettar frå eit uberekneleg nabofolk, hadde eg krevd at styresmaktene gjorde noko.
Aller helst framforhandle fred, viss det hadde vore mogleg.
Vel, det var nokre av dei tankane eg har om denne konflikta. Eg har endå fleire enn desse også, så eg tek gjerne imot saklege innvendingar og kommentarar!

mandag 19. november 2012
Engasjert tale
1
Eg
har vore i Afrika, karar
og
eg veit,
de
tenkjer: Afrika?
Naud,
svolt, håplause
tørre
dagar
Men
høyr: eg har sett
ja,
møtt
kunnskap,
optimisme
framtidstru
og
ser: dei er ikkje så ulike oss
europearar
Det
er håp for Afrika, karar!
2
Eg
har vore i Europa, karar
og
eg veit
de
tenkjer: Europa?
Egoisme,
fedme, tomme
pengejagande
dagar
Men
høyr: eg har sett
ja,
møtt
kjærleik,
omsorg
gavmilde
menneske
og
ser: dei er ikkje så ulike oss
afrikanarar
Det
er håp for Europa, karar!
søndag 11. november 2012
Ikkje alt er underhaldning
I avisa Vårt Land (link til artikkel) les eg at psykolog Gry Stålsett åtvarar mot å sjå filmen "Eksorsisten i det 21. århundre." Dette er ei åtvaring eg kan forstå, for ikkje alle har godt av å sjå ein slik film. Så det er ikkje åtvaringa eg stussar over i denne saka, men at det vert laga ein film der ein viser eksorsisme i praksis.
Det har tidlegare blitt laga underhaldningsfilmar med eksorsisme som tema. Eit enkelt eksempel å leite fram her, er skrekkfilmen "Exorcisten." I desse filmane vert den religiøse handlinga eksorsisme omgjort til noko fryktsamt og abnormt, og noko dei fleste kinobesøkande ikkje har forutsetningar for å kunne skilje frå røyndomen. Eksorsismen på film vert det same som handlinga eksorsisme, og ein vil då reise bust når ein høyrer at dette er noko som vert gjort i den katolske kyrkja.
For oss som er oppfostra på bedehuset, og har sett vår del av lysbildeseriar frå misjonsmarka, veit at eksorsisme er mykje vanlegare i land med religiøse kulturar prega av djeveldyrking og demontilbeding. Det er ein andeleg realitet som er ganske fjern frå oss i Noreg, og som er vanskelege for oss å forstå.
Av den grunn kan eg ikkje forstå kvifor dette skal bli gjort til underhaldning, eller kvifor katolske riter skal visast fram på film. Ikkje alt her i verda er underhaldning, og eksorsisme er så til dei grader langt unna underhaldning.
No må ingen misforstå, og tru at eg meiner vi ikkje skal snakke om tema, eller la vere å setje spørsmålsteikn ved ritual og skikkar som verkar framande. Spørsmål og søkelys er viktig, men det må gjerast på ein skikkeleg måte, og av personar som veit kva det handlar om. Hvermannsen kan ikkje bedømme om det som vert gjort i katolske riter er bra eller dårleg. I alle fall ikkje ein Hvermannsen som ikkje trur på Gud eller har erfart åndskampen på kroppen.
I same kategori kjem intime scener i underhaldningsfillmar. Dette er jo ei heilt anna sak, men også for slikt skulle det vore sett opp eit privat-skilt. Andre menneske sitt sexliv burde ikkje ha vore av interesse for nokon andre, og burde ikkje blitt fritt eksponert på kinolerret eller tv-skjermar. I det ein filmar sex til offentleg visning, har ein teke bort noko av det mest fundamentale med handlinga: Det nære og intime møtet mellom to personar. Sex er privat, men kan det vere privat viss millionar i publikum ser på?
Og ungdomen, den frå før av usikre ungdomen, kva skal dei tenkje? Eg har høyrt mange merkelege og malplasserte spørsmål og kommentarar frå mine år i skulen. Samtalar mellom elevar i friminutta, eller slengkommentarar og frekke vitsar. Eg fangar opp ein sterk mangel på kunnskap om kva sex er, kombinert med djup kunnskap om korleis sex kan sjå ut og vert vist fram i media. Og den kombinasjonen er ikkje alltid like heldig. Vi foreldre, lærarar og vaksne generelt har ei viktig rolle i det å formidle dei andre dimensjonane ved seksualiteten: Intimitet, tillit, kjærleik, fellesskap og truskap. Pornoindustrien kan ikkje, og vil ikkje, formidle noko av dette. Det blir litt slik:
(I det du har lest, som jo er vitsen med skilt, har du brote det som står der)
Sex på film har skinn av intimitet, men i det du ser det, er det ikkje lenger intimt og privat...
Så kjære filmindustri: Ikkje lag underhaldning av ting som vi ikkje kan forstå eller ikkje har noko med å sjå!

Abonner på:
Innlegg (Atom)