søndag 4. februar 2018

Å tru det utrulege



Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla for auga deira, og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite. Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus. Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde. Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!» Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.
     
Mark 9, 2-8

Av og til kan trua kjennast absurd. Kvardagane kjem og går, og tankane krinsar om dei daglege gjeremåla. Der er få teikn til nokon Gud, og dei som ikkje trur, klarar seg vel så godt som meg. Og så les eg i avisene, ser på debattar og lesarinnlegg. Det er så mange stemmer som ropar: Det finst ingen Gud! Og så er det alle dei som er ute og set ei tru på Gud opp mot vitskapleg tenking. Korleis skal eg forholde meg til det, som naturfaglærar og svært interessert i vitskap?

No er det slik at eg trur på ein Gud som har skapt verda, og eg trur på ein Gud som elskar oss menneske. Eg trur på ein Gud som står utanfor skaparverket, og difor ikkje kan målast eller finnast med vitskaplege metodar. Dette er ikkje eit tørt dogme for min del, eller ein tanke eg har blitt indoktrinert til å tru. Det er snakk om eit møte mellom ein levande, verkeleg Gud og meg sjølv.

Det er like vanskeleg å forklare trua på Gud, som det er å forklare korleis det kjennest å vere forelska, eller å forklare kjenslene eg har for mine born. Eg kan prøve med skildrande ord og detaljerte forklaringar, men mottakaren vil ikkje forstå fullt ut kva eg meiner før han får oppleve det same sjølv.

Å leve som kristen kan kjennest litt som å leve i eit langvarig kjærleiksforhold. Det kan gå opp og ned med forelskinga; Somme dagar er tunge, andre flyt lett av stad. Somme tider er kommunikasjonen god, andre gongar kan den hakke litt. Det er variasjon i humør og kjensler, men under det heile ligg ein uforanderleg kjærleik – der ligg ei visse om at uansett kva som skjer, så er det oss to.

Nokre gonger kan det skje at Gud tek oss med inn i eit nærare møte med det heilage. Det kan skje i fellesskap med andre kristne, på gudstenester, møter, bibelgrupper eller gjennom ein song eller i samtale med andre. Det kan skje medan ein les i Bibelen og ber – aleine saman med Gud. Det kan skje medan ein går på fjelltur eller på andre måtar vert vitne til det store i skaparverket. Sjølv har eg ofte fått slike glimt av Guds storhet medan eg har lest om celle-biologi eller andre finjusterte, komplekse samanhengar i naturen.

Gud er større enn vår forstand. Det vi kan klare å fatte av Gud, er det Han har valt å vise oss. Eg trur på ein Gud som ikkje lar seg avgrense av min kunnskap eller av naturlovene. Med det i bakhovudet, er det ikkje så merkeleg at læresveinane plutseleg fekk møte Moses og Elias, eller at dei fekk sjå eit glimt av den Jesus verkeleg er. Som Jesus sjølv poengterte (i Luk 20, 37-38) er Gud ein Gud for dei levande. Han er ikkje bunden av vårt univers, men kan sjølv velje å vise oss glimt av seg sjølv. Det er dette Peter, Jakob og Johannes fekk oppleve denne dagen.

Truleg har læresveinane, og også forfattaren av Markus-evangeliet, flirt av Peter sin hjelpelause kommentar i dette møtet. «Peter, altså…» kan dei ha sagt litt godmodig, for dei visste korleis han var. Det var så typisk han å seie noko dumt, også i møte med det utrulege! Det er noko djupt menneskeleg over dette, og det er noko djupt bibelsk og «kristent» over det. Då Gud valde å komme ned til oss menneske, og leve som eit menneske blant oss, var det fordi han visste vi hadde behov for det. Når vi les om Gud i Bibelen, ser vi tydeleg at han ikkje har noko urealistisk bilde av oss menneske. Han veit korleis vi er, med våre sterke og svake sider. Det er heilt naturleg at Peter dummar seg ut, for det er slik vi menneske er. Det står ingenting om det, men slik eg kjenner Jesus, er eg sikker på at han smilte litt av Peter inni seg, og at Peter ikkje vart møtt med noko anna enn kjærleik midt i dette pinlege.

Så kan trua av og til kjennast absurd, men det er fordi den heilage Gud ikkje kan passast inn i mine rammer. Eg vert møtt av Gud som eit heilt menneske, med alle mine rare tankar, og så er det Gud sjølv som skapar trua og gir små glimt av seg sjølv.



(Helgetankar i Suldalsposten, onsdag 31. januar)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar