lørdag 24. februar 2018

Skuggen av eit svik



ropet festa seg til trestammane,
la seg som eit vokslag
over plantar, blomar, blad og
alt

ekkoet slo tilbake
frå dette vi kjente til – før
som verda

ropet festa seg til hjartet
etter å ha knust seg veg
gjennom øyregongar
nervebanar
blodomløp
og samvit,
la seg som eit lag av tjære
vi knapt klarte puste i – fastklemte
under børa av våre eigne handlingar

alt vart så lyst og klårt
i dette ropet;
tidlegare svevde vi saman med lydane
og var ein del av sjølve gleda

no stod vi att
som svarte skuggar
i ferd med å gli bort, renne vekk
tilbake
          til molda Gud henta oss ut av




1. Mos 3, 9: Men Herren Gud ropa på mannen og sa: «Kvar er du?»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar