eit lite sekund i forskjell
frå før du møtte blikket mitt
og til hjartet mitt smelta vekk
i støvet på jorda
sjølv om eg visste
utan
å erkjenne
at vegen eg gjekk førte feil
og hjartet mitt skreik i smerte
for kvart ord eg ytra
likevel var det blikket ditt
som reiv ned murane
knuste alle skjold
sprengte vekk dei skjøre fundamenta
under løgnene mine
og bakanfor dette sekundet
venta ei elv av anger og sorg
og den vondaste tanken av dei alle;
eg har øydelagt alt for meg sjølv –
alt
– ALTLuk 22, 61-62: Då vende Herren seg og såg på Peter, og Peter kom i hug det Herren hadde sagt til han: «Før hanen gjel i natt, skal du fornekta meg tre gonger.» 62 Og han gjekk ut og gret sårt.