lørdag 24. mars 2018

Hjartets teokrati



du banka på
og hadde banka så veldig lenge
til slutt opna eg døra
med eit sukk
men vart straks overvelda
av musikken og det fargerike toget
som kom syngande inn
            gjennom gatene i byen min
og eg måpa
med vidopne auge og bankande hjarte
og spirer av noko nytt vaks fram;

så blanke og skinande og vakre gatene er
der du har passert på eselryggen!

og du stoppa framfor meg
møtte auga mine – eg kjende varmen
som frå ei sol
då du sa:
eg ynskjer å sitje på den trona
og eg stotra fram eit ja
og ver så god
og såg deg setje deg ned
– alle bitane fall på plass

ein ny ro senka seg over byen min
og eg kunne endeleg sove trygt
sjølv med opne portar mot verda




Sak 9,9: 
          Bryt ut i jubel, dotter Sion!
          Rop av glede, dotter Jerusalem!
          Sjå, kongen din kjem til deg,
          rettferdig og rik på siger,
          fattig er han og rid på eit esel,
          på ein eselfole.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar