lenge sirkla eg om målet,
som ein skadeskoten fugl
med knekte venger
freista å bygge mine eigne
firkantar
av det materialet eg kunne finne
og gjere nytte av
bygde meg ei bru
av rekved
men det rasa saman – som trekantar
med to sider
til sist – heilt til det siste
teikna eg to parallelle strekar
ut frå mitt eige
- mot deg – til deg
der du stod og har stått
og venta
sidan eg trakk mitt
første sukkMark 9, 19: Då sa Jesus til dei: «Du vantruande slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med han!»
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar