Vatnet dryp frå håret og kleda hans. Han er kald,
men lukkeleg. I handa glinsar det gyllent og skjørt frå dei tre turkise kulene.
Perlene. Han er perledykkaren, den som leitar og finn.
Det er under eit døgn sidan han heldt dei i
hendene sist. Då var han ikkje lukkeleg, i det heile. Han sat på svaberget, auga
stirra på dei tre kulene, men tankane var ein annan stad. Dei var på skulen, i
ein korridor med jakker, sko og gymbagar. Og sekken til Even. Han visste ikkje
kvifor han hadde sett den frå seg der, men der stod den. Open. Rett utanfor
klasserommet.
Dei andre hadde gått ut til friminuttet, berre han
var att. Eigentleg skulle han hente jakka si, og det var då han såg sekken. Den
svarte. Den med ei ekstra lomme på framsida. Lomma som det alltid ligg klinkekuler
og terningar i. Han var ikkje interessert i terningane, sjølv om dei var
flotte. Even hadde fått dei frå onkelen på den store båten. Terningar frå
Manchester, Barcelona, Sydney, Los Angeles. Terningar i alle fargar og mønster.
Han visste at dei var der, men det var kulene som var interessante. Dei kom frå
den same onkelen, frå dei same stadene. Sjølv har han berre blanke kuler, og ei
og anna svart. I Even sin sekk ligg det raude, turkise, lilla og gule.
Spektakulære mønster og teikningar.
Ein gong hadde han vunne ei av Even sine kuler.
Den vart ein skatt, låg i lomma hans heile skuledagen, og den neste. Han hadde
teke den opp og sett på den. I friminutta, på veg heim, medan han gjorde
leksene, då han skulle legge seg. Så hadde han tapt den. Eit uendeleg stort
tap, og han angra på at han vart med i spelet, og det var nesten som han grein
seg i søvn den kvelden.
No stod sekken der. Aleine. Flagrande tankar landa
i hovudet hans. Slo seg ned og kviskra han i øyrene, kviskra til føtene,
kviskra til fingrane som han stakk ned til kulene i sekken. Kviskra til handa
som la tre turkise, vakre kuler ned i hans eiga lomme. Kviskra til beina som
gjekk mot utgangsdøra. På baksida. Tankane flagra av garde, og han forstod
nesten ikkje kva han sjølv hadde gjort.
Han torde ikkje sjå Even i auga etterpå. Ingen
andre heller. Han sat ved pulten sin og stirra på naturfagbøkene utan å sjå
dei. Han kjente berre tre kuler som brann mot låra hans. Tre glødande kolbitar,
som trakk til seg all merksemd i rommet. Snart ville alle sjå dei. Snart ville
alle peike på han og Even ville seie det grusame ordet. Tjuv. Det var det han var.
Ein tjuv. Han vart klam i hendene, klarte ikkje halde blyanten.
Etter skulen skunda han seg ut. Prøvde å nå Even
si jakke før nokon andre kom ut, men det gjekk ikkje. Det var som dei sprang
etter han. Utgangsdøra drog han til seg, hjartet hamra i brystet og det var
berre så vidt beina bar han. Likevel kom han seg ut og ned til vegen. Han kasta
eit raskt blikk mot Even, som gjekk der og lot som ingenting. Snart ville han
oppdage at kulene var vekke, og alle ville forstå kven tjuven var.
Han gjekk ikkje heim. Han gjekk ein lang omveg,
gjennom skogen og ned mot svaberga og den vesle stranda. Der sat han og såg på
bølgjene, utan å sjå. Alt han såg var dei sure fjesa, peikefingrane, latteren,
hånen og skamma. Alt han såg var ordet tjuv smurt utover skuleplassen, og seg
sjølv, aleine, midt oppå ordet, medan dei andre ropar og Even spyttar på
asfalten framfor han. Alt han såg var foreldra sine skuffa blikk, og læraren
som sukkar, kremtar og set Lite Godt i åtferd.
Bølgjene slo mot svaberget, og han skutta seg. Den
som berre kunne gått tilbake. Gjort skuledagen om att. Annleis. Den som berre
kunne sleppe å ha tre brennande ildkuler i lomma.
Han stakk handa i lomma og tok ut kulene. Såg på
dei, med bankande hjarte. Så, brått, som om det var det einaste moglege, snudde
han handa og lot kulene sprette mot svaberget og ned i bølgjene. Han såg dei
synke mot botnen, og forsvinne i tareskogen.
Hjartet slutta likevel ikkje den harde bankinga,
og øyrene høyrde fortsatt ordet tjuv runge gjennom skogen.
Om kvelden fekk han ikkje sove. Han var varm, sveitt
og klam. Han var kvalm. Det vart den lengste natta han hadde opplevd, og
morgonen kom utan løfter om anna enn pine. Frukosten smaka papp, og skulevegen
var tusen mil lang, og likevel altfor kort.
Han gjekk ikkje til skulen, men tok vegen til
svaberga att. Det var berre ein ting å gjere, berre ein mogleg utveg. Han måtte
finne kulene. Det var nett som om ingenting anna betydde noko no.
Vatnet var kaldt. Han tok nokre prøvande
svømmetak og sikta seg inn mot staden der han visste at kulene sank. Fire
gongar måtte han dukke ned før han såg dei, og endå to gonger før han hadde
fått taket på dei.
Til slutt står han der med kulene i handa,
dryppande våt. Perledykkaren. Tjuven. Han smiler for seg sjølv, for første gong
på eit heilt døgn. Hjartet slår roleg, men hendene er fortsatt klamme. Ei stund
til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar