Eg kom
over han i skogen
Han låg
såra
Angsten lyste
ut av to blå auger
som reflekterte
den klare himmelen
Kontrasten
til vår blodmerka jord
Eg sikta
på han med våpenet
Ropte at
han skulle ligge stille
Endå han
ikkje kunne
Eller såg
ut til å prøve
Gå nokon
stad
Slik
stod eg, i andelaus spenning
Medan knatring
og granatsmell
Kunne høyrast
eit stykke unna
Han sveitta
frå det støvskitne håret
Og tårene
var der og var der ikkje likevel
I auga
hans såg eg ei historie
Frå eit
anna land, ein annan skog
Eg såg
sjøar og latter og boccia på plenen
Ein hund
og eit barn og ei kvinne
Ein
hellelagt sti opp til huset
Auga dei
lyste, og lengta langt vekk
Dei fortalte
om smerte og håp
Eg starta
å vakle, for akkurat då
Forstod eg
Kor like
vi var, innerst inne
Fiendar,
ulike klede og ulike våpen
Med hjarta
og auga og håp
på same
frekvens
Og lengten
til ei betre verd
Der våpen
berre var ein vond draum
I den
verkelege verda
Hadde vi
vore brør
Han
hadde lege i graset
Og eg
hadde peika på han
Med ein
badmintonracket
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar