Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg frå verda. Dei var dine, og du gav dei til meg, og dei har halde fast på ordet ditt. No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg. For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot og verkeleg forstått at eg har gått ut frå deg, og dei har kome til tru på at du har sendt meg.
Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg, for dei er dine. Alt mitt er ditt, og det som er ditt, er mitt, og eg har vorte herleggjord gjennom dei. Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt. (Joh 17, 6-11)
I vår har vi vore veldig opptekne
av namn heime hos meg. Ikkje så rart, kanskje, sidan vi har gått og venta på at
dottera vår skulle bli fødd. Det er ikkje alltid så enkelt å bestemme seg for
kva namn dei små skal få. Ein ynskjer at namnet skal passe, at det skal vere
fint, at barnet skal like det og at det skal vere eit namn ho kan trivast med
resten av livet sitt. Og så skal ein kanskje kalle opp nokon, eller ein har
namn som ein likar ekstra godt og ynskjer å bruke. I tillegg er vi to som må
bli einige.
Vi legg ikkje så stor vekt på
tydinga av namn i dag. Kanskje vektar klangen tyngre, eller om det er eit namn
ein har eit positivt forhold til. Vi knyter namn og person saman, og tillegg
namnet dei eigenskapane vi finn hos personen som ber det.
I bibelteksten for denne helga kan
vi lese litt av bøna Jesus bad for læresveinane, før dei gjekk ut i
Getsemane-hagen, der han vart teken til fange og seinare korsfesta. I bøna
seier han at han har “openberra ditt namn”, altså openberra Guds eige namn. Her
er det mange aspekt å gripe tak i, men eg vil særleg sjå på to av desse:
For det første: Kva er Guds namn?
Den mest kjente plassen i Bibelen der det vert omtala, er i 2. Mos 3,14. Moses
spør etter namnet då han møtte Gud i den brennande tornebuska. “Eg er den eg er,” var svaret han fekk.
Dette namnet, “Eg er,” vert brukt om Gud også seinare i Bibelen. Gud er den som
er, den som eksisterer i seg sjølv og
som ikkje er bunden av tid og rom. Han er uforanderlig. I Hebrearbrevet 13,8
vert det same namnet brukt om Jesus: “Jesus
Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid.” I Jesus møter vi den
evige Gud, og den viktigaste openberringa har vi i Jesu oppstode frå døden.
Jesus er, og eksisterer uavhengig av
tid og rom. Døden kan ikkje halde på den som ikkje er bunden av naturlovene.
For det andre kan vi sjå på namnet
Jesus, eller den arameiske forma Jeshua,
eit namn engelen Gabriel fortalte Maria at ho skulle gje til barnet ho bar. Det
er altså ikkje eit tilfeldig namneval, bestemt ut frå oppkalling eller kor godt
ein likar klangen. Namnet seier noko om den som ber det, og Jeshua tyder “Gud
frelser.” Når Jesus seier at han har openberra Guds namn, kan vi altså omskrive
det til: “Eg har openberra Guds frelse.” I Jesu openbaring ser vi like inn i
Guds eigen natur: Ein Gud som ynskjer å frelse menneska.
Mot slutten av bibelteksten ser vi
at Jesus ber: “…hald dei fast i ditt
namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt.”
Å verte kristen vil seie å gje livet sitt til Jesus, som har openberra Guds
eige namn: Han som er evig, og som ynskjer å frelse. Vert vi haldne fast i Jesu
namn, i “Gud frelser,” vert vi bundne saman til eitt folk, ein søskenflokk, som
har erkjent sanninga i orda i Jesaja 45, 21b: “Det finst ingen annan gud
enn eg [Gud], ingen annan rettferdig og frelsande
Gud.”
(Skrive til spalta "Helgetankar", Suldalsposten 26.04)