søndag 8. desember 2013

Jesus - til å stole på?

Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. Og dit eg går, veit de vegen. 

(Joh 14, 1-4) 

Denne teksten handlar, slik eg ser det, først og fremst om tryggleik. Om det å kunne stole på. Det heile startar med ei beroligande setning frå Jesus: Ikkje la hjartet bli uroa! Ikkje ver redde, ikkje frykt! Han ynskjer at læresveinane skal ha fred i hjartet, og gir dei eit ankerfeste. Noko dei kan feste hjartet til og oppleve tryggleik: Tru på Gud og tru på meg! Tru det eg har sagt dykk!

Kvifor skal læresveinane tru på Jesus? For å begynne på ein litt annan kant: Kva skal til for at vi stolar på nokon? Vedkommande må ha vist seg truverdig. Verdig til å bli trudd. Ein person som lyg og sviktar venene sine, vil ikkje bli sett på som truverdig. Opplever vi at ein person ikkje er til å stole på, vil vi bli mistruiske i alt, også når han seier det som er sant.

I tre år har læresveinane gått saman med Jesus, og dei har sett at han meiner det han seier. Han lyg ikkje til dei. Dette veit dei, og derfor lyttar dei til han.

Så fortset han: Viss det ikkje var slik at det finst ein Himmel og ein stad de vil kunne leve saman med meg evig – ville eg då sagt det? Dette er eit glimrande argument å møte læresveinane si uro med. Han hadde jo vist at han var til å stole på. Kvifor skulle han lyge om dette?

“… eg… vil gjere klar ein stad…” Jesus snakkar om ein konkret stad, ein fysisk Himmel. Det er ikkje snakk om eit draumeslott eller ein abstrakt dimensjon, eller som ideen om at sjela vår skal bli eitt med Gud. Himmelen er ein verkeleg stad, der vi skal stå opp att med verkelege kroppar og få møte Gud ansikt til ansikt.

Andre stader i Bibelen er Himmelen skildra som “det nye Jerusalem” (Op 21, 2) eller “ den nye himmel og nye jord” (Jes 65,17). Alt skal bli nytt, men like verkeleg som dei tinga vi kan sjå og ta på rundt oss no.

Så må vi tilbake til der vi starta: Med det å stole på nokon. Jesus oppfordrar oss til å tru på han, og spørsmålet mitt er: Stolar du på at Jesus snakkar sant? Viss du trur at det han seier er sant, så kan du stole på alt han seier. Også når han snakkar om himmelen.

I motsett fall, viss du ikkje trur, må du forkaste absolutt alt han seier, for då seier du at han er ein bløffmakar. Det går ikkje an å velje berre delar av Jesu lære og tru på det. Eg veit at ein del ser på Jesus som ein lærar som sa mykje klokt om det å leve som menneske, men forkastar hans eigne ord om at han er Guds son, og vel å bortforklare det som står om under og teikn. Dette blir eit veldig søkt utval, for kvifor skal ein lytte til Jesus i det heile, viss han er ein løgnar?

Nei, det heile kokar ned til berre to val: Anten å stole på han heilt og fullt, eller å forkaste alt han seier. Kva vel du?



(Helgetankar i Suldalsposten, fredag)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar