fredag 1. april 2016

Bøker lest: Mars 2016

Når eg ser på leselista mi frå mars, ser eg at spennet er ganske stort. Berre sjå her:

1) David Walliams: Mr. Stink

David Walliams har dei siste åra gjort det stort på barnebokfronten, også i Norge. Bøker som "Verdens rikeste gutt" og "Rotteburger" kan samanliknast med Roald Dahl sine bøker, og born i dag vil kanskje sidestille leseopplevingane med desse to forfatttarene. Dei har i alle fall den sprø humoren, leikinga med språket og eit fargerikt persongalleri felles!

"Mr. Stink" var den første boka David Walliams skreiv, men den er ikkje blitt oversett til norsk. Eg kan ikkje forstå kvifor.

I boka møter vi rikmannsdottera Chloe, som til liks med Roald Dahls 'Matilda' kjenner seg framandgjort i eigen familie. Ein dag møter ho Mr. Stink, trassar alt ho har lært og begynner å snakke med han, og derfrå begynner ting å balle på seg. Ting vert ikkje heilt slik ho kunne tenkt seg - på både godt og vondt. Men til slutt, sidan det er ei barnebok, mest på godt...

 2) Kari Vinje: Ekornløven

Dette er den andre boka om Julie Antonsen. Historia dreier seg rundt forholdet til Magda, som vi også møtte i "Gud og jeg er venner". I den første boka er dei gode venninner. Det er dei ikkje i starten av Ekornløven.

Ekornløva er eit dyr Magda har dikta opp for å skremme Julie. Ho gjer kva ho kan for å så frykta i henne, men undervegs lærer Julie korleis ho best kan møte aggresiviteten til Magda. Ho klarer å snu om på situasjonen, og forteljinga endar lukkeleg.

Heile vegen er mor til Julie ein aktiv aktør. Ho rettleiar Julie, og lærer henne kva det vil seie å leve som kristent medmenneske. I kvart kapittel er det nye problemstillingar som vert tekne opp, og unge lesarar kan lære kva som er rett og galt saman med Julie!


3) Bernard Cornwell: The empty throne

Cornwell er ekspert på historiske fiksjonsromanar, og skriv så spennande at det er vanskeleg å leggje boka frå seg. Dette er den åttande boka i "The Saxon Chronicles"-serien, og vi fyljer krigaren Uhtred vidare på vegen mot eit samla England på 900-talet.

Det er stadig konflikt mellom det saksiske riket i Sør-England og dei danske vikingane som okkuperer store landområder i nordvest, og danske vikingar som trugar i vest. Irland er eit vanskeleg land å vere nybyggar i, så mange av vikingane freistar å kunne ta seg land frå saksarane. Dei lukkast nesten, men har ikkje rekna med Uhtred sin taktiske kløkt. Historia bygger seg opp til eit stort slag, og Cornwell er uslåeleg til å skildre kampscener!

I tillegg til danske vikingar, er det også indre strid. Uhtred er fortsatt i opposisjon til dei kristne prestane, og er fortsatt uslåeleg til å gjennomskode og avverge sleipe planar lagt av dei mektige mennene rundt kongen.

"The Saxon Chronicles" er spennande bøker, ispedd ein grei dose humor og kloke refleksjonar.

 4) Elena Ferrante: Dei som flyktar og dei som blir

Dette er den tredje boka i "Napoli-kvartetten", og vi fyljer dei to venninnene Elena og Lina vidare i kampen for å klare seg i eit mafiastyrt og mannsdominert samfunn. Dei møter fleire skuffelsar, nye gleder og liva utviklar seg i uføresette retningar.

Nok ein gong tek Ferrante oss med på ei herleg reise under huda på to på kvar sin måte sterke kvinner, og lære meir om korleis det italienske samfunnet utvikla seg på 60- 70-talet.

Godt lesestoff!






5) Juliane Rui: Systrer kan bli like gamle

Med eit vell av språklege bilder, og ord og setningar som ofte er uventa ut frå det ein har lest før, gir Rui sine dikt ei spesiell leseoppleving. Dette er ikkje 'sluk-litteratur'. Du må ha litt tid til å tenkje over det du har lese, og finne di meining bak orda. Somme tider finn du meining, andre gonger er det vanskelegare.

Uansett er språket og dikta vakre, og er ein interessert i språket som språk, kan ein få noko også ut av dei mest utilgjengelege tekstane!







6) Gudrun Skretting: Anton og andre uhell

Tenk deg at du får vite at du eigentleg var eit uhell. At du prøvar å rette opp i det heile, men rotar deg sjølv og andre inn i noko du etterkvart mister kontrollen på. Tenk deg at du har ein bestevenn som prøver å seie deg noko, men du mistolkar alle signal og held på å rote til alt der også. Tenk deg at kjenslene dine endrar seg, og at du ikkje oppdagar at du er forelska før det nesten er for seint. Tenk deg at du ein dag finn deg sjølv fastklemt i eit lite badevindauge, iført ein liten speedo. Under deg ligg roseblada strøydd utover badegolvet og duftlysa er tende. Utanfor badedøra står ein illsint far (ikkje din) og ønsker å få fatt i deg. På andre sida av vindauget, der du altså har beina og rumpa ut i lufta, har naboen invitert koret sitt til hageselskap. På toppen av det heile er faren din på blinddate (utan å vite det) med åtte damer på ein gong. Kan det bli verre? Kanskje.

Denne boka er ikkje noko mindre enn ei klok og svært morsom historie fortalt spesielt til ungdom i tidleg ungdomsskulealder.

7) Gaute Heivoll: Himmelarkivet

Heilt sidan eg las "Før jeg brenner ned", har namnet Gaute Heivoll gitt meg positive assosiasjonar. Skrivestilen er heilt særeigen: Forfattaren er sjølv med i boka, han skriv dokumentarisk og lever seg inn i liva til dei han skriv om, samtidig som han også deler av sitt eige liv og tankar og erfaringar han har gjort seg i løpet av skrivetida.

"Himmelarkivet" handlar om Louis Hogganvik, som vinteren 1945 vart arrestert av nazistane og fengsla på Arkivet i Kristiansand. Han vart torturert og begjekk sjølvmord etter 9 døgn i fangenskap.

Heivoll nærmar seg denne historiske hendinga med respekt og undring. Han tek ikkje lett på kjenslene til nokon av dei innblanda, og det som slår meg spesielt er kor tydeleg det menneskelege aspektet er. Det er ingenting overfladisk med Heivoll sin måte å nærme seg Hogganvik sin familie og det dei har gått gjennom på. Ei klok bok!

 8) Åke Samuelsson: Munken og Kula

Seksåringen i huset sette stor pris på denne boka. Svenske Samuelsson har skapt ein kameratduo som (dessverre, for deira del) ikkje set så strenge grenser for seg sjølv... Dette resulterer i mange festlege situasjonar, og også ein del farlege. Heile vegen er ulike bibeltekstar bakteppe for det dei opplever, og det dei høyrer på søndagsskulen er ikkje sjeldan igangsettar for nye utforskingar og ville sprell...








9) Roald Dahl: Heksene

Det er kanskje ikkje naudsynt å seie at boka var festleg... Det er mange år sidan eg las den sist. Eg kjente igjen ein del av handlinga, men mykje av det som skjedde hadde gått i gløymeboka.

Handlinga kort fortalt: Luke og bestemora dumpar bort i den årlege kongressen til heksene i England, og avslører at dei har tenkt å forvandle alle barn til mus. Saman klekker dei ut ein plan for å stoppe denne ondskapsfulle handlinga.

Roald Dahl er Roald Dahl. Boka kjem til å bli lest igjen.





10) Ryan Graudin: Byen bak murene

Midt i ein storby i Aust-Asia låg der ein gong ei lita lovlaus øy. Innanfor murane av eit gamalt fort, på berre 25 mål, vaks det fram ein eigen, kronglete by med over 30 000 innbyggjarar. Lovens lange arm stansa ved murane rundt, så i dei smale smuga og høge husa var det mafiaen, våpena og overlevingsinstinkta som styrte. Denne lovlause byen, midt i Hong Kong, eksisterer ikkje lenger, men er bakteppe for den spennande historia i "Byen bak murene".

I boka vert vi kjent med tre ungdomar. Jin er ei 14 år gamal jente, men har kledd seg ut som gut. I to år har ho leita etter søstera Mei Yee, som vart solgt til prostitusjon av den valdelege faren deira. Mei Yee er stengt inne på bordellet, og i hendene på den mektige mafiabossen har ho gitt opp alt håp. Heilt til ho ein dag møter guten Dai, som bankar på vindauget hennar. Saman kjempar dei tre ungdomane ein innbitt kamp for fridomen; for å komme seg ut av den lovlause byen og skaffe seg fridom og eit trygt liv. Dei kjemper mot dei som har makta i byen, men dei kjemper også mot tida; Dai har fått ein tidsfrist til å løyse ei nærast umogleg oppgåve. Mislukkast han, ser framtida svært svært mørk ut.

Boka er spennande frå første til siste side, og noko vanskeleg å leggje frå seg!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar