I typisk Paasilinna-stil vert det rulla ut eit fargerikt persongalleri og ein god porsjon sprø innfall også i denne romanen frå 1981. Den vart oversett til norsk først i 2006, men heldigvis vart denne flotte finske forfattaren oppdaga også av norske forlag!
Møllaren Huttunen er ikkje heilt som dei andre i bygda. Han vert kalla for gal, og også han sjølv innser at mykje av det han held på med ikkje er heilt A4. Av dei særaste eigenskapane er den djupe trongen til å ule som ein ulv når ting går imot. Til slutt får bygdefolket nok, og krev at han vert sperra inne på sinnssjukehus. Dermed er krigen mellom Huttunen og bygdefolka igong.
Innimellom all galskapen, er der også ein kjerne av alvor under det heile. For kven kan gje folk (og myndigheiter) rett til å bestemme over andre menneske sine liv og fridom? Møllaren var ein tvers gjennom ærleg fyr, og hadde dei fått latt han vere i fred, er det ingenting som tydar på at han hadde gjort noko mot nokon. Måten han vert behandla på er rimeleg provoserande å lese.
Paasilinna er ein god historieforteljar, og det er lett å la seg rive med og engasjere seg i dei ulike hendingane. Og som tidlegare nemnt: Også i denne boka er det eit flott persongalleri. Menneska vert framstilt med varme - også dei meir problematiske sidene ved menneskelivet vert behandla med kjærleik. Dermed vert ein litt glad i dei ulike personane, til og med dei som er mest irriterande...
fredag 30. desember 2016
lørdag 24. desember 2016
Gjetarguten #24: Vegen inn til livet
stjerna stoggar på si ferd
over himmelen,
det er søndag morgon
og lyset fyller hagen
den gamle stallen
og
den nye grava
står
begge tomme
for
barnet vart vaksen
og
dei tidlegare barnehendene
vart
spikra fast til ein kross
og
den krossfeste døydde,
men
grava ligg open og tom
som
ein stall utan dyr
og
stjerna over stallen
har
stoppa akkurat her
ved
porten mellom liv og død
for
her, akkurat her
kan
du møte barnet, mannen
med
utstrekte, naglemerka hender
og
det same milde blikket
møter
auga dine –
du
er ikkje lenger aleine
-
treet
i mitt indre spirar på ny
krafta
stig frå kjelda
som
gjev liv til evig tid
fredag 23. desember 2016
Gjetarguten #23: Blodspor over hjartet
eg vart verande i byen den natta,
kjente
det pulserande livet
i
ein overfylt by
og
høyrde songane, gleda, dansen
svinge
gjennom gatene
og
frå alle opne dører
alt
eg tenkte på der eg sat
med
eit ytre smil og forteljingar
og
mat i fellesskap
var
smilet, blikket, den milde handa
på
mi eiga skulder –
slik
gjekk kvelden inn i natta
og
natta inn i bekmørket
og
bekmørket inn i grålysninga
og
grålysninga inn i ein morgon
og
eg vakna ikkje før
bråket frå dei ropande menneska på gata
trengte
gjennom veggane og søvnen
og
heilt inn til der eg opna auga
med
bankande hjarte – kva er det dei ropar?
på
gata står folka tett, eg trengjer meg fram
ser
rabbien med dei milde auga
vandre
nedtyngd forbi
blodet
danna sine eigne melodiar på bakken,
ein
sti frå der han vart fanga
til
der han trakk sitt siste sukk
og
eg kjente treet, greinene, blada
skjelve
i mitt indre – fundamentet rakna
det
var ikkje fleire ord å seie
det
var ikkje meir å gjere
det
vart natt
i
verda
torsdag 22. desember 2016
Gjetarguten #22: Rabbi
eit
lam til påske, eit måltid i kveldinga
slik
var bestillinga, eg fekk den sjølv
og
plukka sjølv ut lammet
og
bar det til byen
der
var eg på kjøkkenet
medan
lammet vart ordna,
lytta
til historier frå andre byar
veksla
rykte og sanningar
lo
av andre sine opplevingar
skapte
lått med mine eigne
skulle
akkurat til å gå
då
eg såg selskapet på veg inn dørene –
tolv menn med ivrige ansikt
glade, spente, usikre?
og
den trettande
som
ei roleg søyle i opprørt vatn,
eit
stille vatn midt i stormen
han
kom sjølv på kjøkkenet
ein
rabbi blant våre koppar og kokekar
og
bad om eit fat vatn –
eg
rekte det til han
og
auga våre møttest
i
djupet såg eg refleksjonen av min eigen lengt,
greinene
på treet som ein gong vart planta
då
eg berre var ein liten gut
og
som sidan har vakse og spirt og blitt noko anna
noko
meir enn berre eit minne
-
eit fundament for alt eg gjer
og
her
stod han med dei same auga,
eg
fall på kne der på kjøkkenet
sa
rabbi
rabbi –
han
lyfta meg opp att
la
handa på skuldra mi
smilte
før
han bar vatnet ut i salen
der
selskapet venta
og
døra vart lukka
Abonner på:
Innlegg (Atom)