farfar skar ned bjørka
bak
huset – kvista det
barka
og høvla
til
sist skar han plankar
i
lengda – høvla dei
glatte
og beine
så
saga han opp
passe
lengder – teikna
ei
skisse på ark
og
snekra og spikra
alt
saman – til sist
stod
alt klart
på
golvet i stallen
ei
krubbe! – og dyra
dei
flokka seg rundt
men
i dag er alt dette
fortid
– krubba ber no
ei
heilt anna last
eit
barn mellom høyet
og
blankhøvla plank – ligg og søv;
ein
dyrebar skatt på jorda
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar