dei spør om vatn til slitne kamelar, og gras til å ete og mat til seg sjølv, og ein flekk dei kan setje seg ned på og puste ut og samle seg etter den lange ferda, frå Jerusalem denne dagen og før det frå stader så langt vekke at fantasien ikkje strekk til – eg høyrer orda og lagar bilete i hovudet, men veit samtidig at alle mine tankar er begrensa til denne staden, denne byen, dette inngjerda livet eg lever her – det einaste eg veit er denne radien rundt byen
så
set dei seg i graset, så hentar dei fram vesker med framande lukter og snakkar
saman med ord eg ikkje forstår, eg let berre blikket flytte seg uroleg frå den
eine til den andre, erkjenner at dei kan vere kven som helst, frå kor som
helst, kanskje er eg i fare – slik tenkjer ein når kvar dag sniglar seg av
garde på det vanlege viset og alt eg fryktar er det ukjente eg aldri ser – og
her står det ukjente framfor meg, men frykta eg tenkjer vil komme kjem ikkje,
det er ein ro over desse, ei stemning som lukkar meg inn i eit fellesskap eg
kjenner er trygt
og
dei spør etter barnet, det underlege barnet, det same eg har bore i tankane og
hjartet og blodet mitt i dagar og netter i dette landskapet, og no spør dei,
retter auga, opne, mot meg og ventar at eg skal vite og at eg skal svare og at
eg kanskje kan vise dei vegen heilt fram – og eg nøler eit sekund og eitt
sekund til før eg peikar innover mot byen, mot utkanten der stallen teiknar seg
tydeleg mot den lyseblå ettermiddagshimmelen og vegen er så kort så kort – dit
inn tek det berre minutt å gå, og likevel er det som dei gjer seg klar til ei
reise inn i det ukjente eventyret, dei trekk pusten djupt, strekk musklar og
klappar kamelane, før dei takkar for seg, og eg ser dei vandre vidare inn i
dette bildet eg kallar livet mitt, som no med eitt har skifta form og blitt
noko nytt og ukjent
eg
kjenner hjartet mitt dunke, kjenner blodet i kroppen, varmen i huda, alt dette
som er meg og kjent, og kjenner at eg aldri kan vende tilbake til den eg var,
at maleriet har fått nye fargar – fargar eg aldri før har sett –
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar