det er blod i alle fotspor
det er håp i kvar tåre
om kvelden kjem lengten
- ein velkomen gjest
om morgonen krafta
til endå ei mil
og føtene trør ei
smertefull takt
over jorda som ein gong
var frodig –
heilt inn i natta og kulda
der angsten grip tak i
kvart hjarta – men!
det er i natta stjerna
lyser,
tvers gjennom mørket går vegen mot dag
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar