søndag 6. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #6



draumen i mørke ørkennetter,
sveipar deg inn i det raude lyset
frå eldgamle ord;

mumlar orda i halvsøvne
så framande
og kjende på same tid

lyttar til svar, for alt i deg veit
nokon lyttar, nokon veit
der er ein som ser alt du tenkjer

kjenner det trygge i dette
leggje hovudet mot sanden på jorda
og vere eit lite barn i universet


Joh 16, 23: Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Bed de Far om noko, skal han gje dykk det i mitt namn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar