pakke ned livet sitt,
hengje frå seg
alt ein kan miste
la seg føre inn på ein
ukjent sti
fordi ein ikkje torer anna
samtidig glad, spent
til ytterste dirrande
punktet
veit – her er det du leita
etter
gjennom timar og år
og no skjer det
ingen vegar fører attende
til den du var;
alt anna er pakka ned i gløymsla
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar