fredag 11. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #11




eg samlar røykjelse
seier ein
og pustar i ei krukke

forsiktig set han på korken
og gøymer denne oppsamla gassen
til målet er nådd

det er luft, seier dei hine
og ristar forsiktig på hovudet,
nektar å tru det dei ser;

dette er ikkje ei gåve for ein konge,
du kan ikkje rekkje det fram,
ei krukke fylt av luft og ingenting –

men det leikar eit smil
i dei gamle auga
og tankane fyk mot andre strender:

der står ei trone
og på trona sit eit lam,
slakta – og likevel levande
død, men sjå: Han reiser seg frå mørket

og eg stig fram for han
med tilbeding i hjartet
og vil gje han min inste lovsong –

kan eg då tenne på skogen
sette berga i brann
fordampe vatnet
eller rekke han noko han ikkje alt eig?

alt eg kan gje
er pusten frå min eigen kropp,
rekke fram mitt eige liv
som ein lovsong, ein takk, ei hylling

for pusten er alt eg har
og eg gir den attende, altså meg sjølv
som ein lovsong for denne store


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar