torsdag 17. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #17



så fortset reisa her
gjennom tid og rom
og sand og lengt

til ein stad
bak dei fjerne horisontar
der det ukjente vil bli kjent

og orda strekk seg
som fangarmar, laserstrålar
tvers gjennom historieboka

frå tre vandrande, søkande hjarte
og heilt inn til dei mørkaste avkrokar
i mitt eige

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar