mandag 14. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #14



eg er tårnbyggaren, drøymaren
skrapar saman sand
med såre hender
til auga ikkje lenger kan skjule
alle horisontar eg har sett

for det er hjartet som vandrar
gjennom brennande ørken
og sjela som lengtar
lik ein tørstande langt ifrå elva

og det eg byggjer vil rase
for alt eg let etter meg
er ruinar og skal av noko
som kunne vore større

i ei anna hand
og under andre skuggar,
med klokare mål for auge
enn mi eiga vekst og jakt etter lukke



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar