slik blandar eg salven
seier ein
og knuser sanden og vatnet
og visne blad saman
til ei blanding så mjuk
med lukta av jord;
samlar det alt i ei krukke
det er søle, seier dei
hine
og ristar forsiktig på
hovudet,
nektar å tru det dei ser;
ei krukke fylt med oppsop
og vatn
er ikkje noko for ein
konge,
du kan ikkje gje han dette
–
men i auga til mannen kan
dei lese
ei historie frå eldgamle
tider,
ei linje frå æve til æve
det er her han skal gå
seier mannen
og teiknar med handa i
sanden
her skal han setje sine
spor
vandre med sorgtyngde aksler
og eit hjarta i brann,
flammande lengt
men i dag er det endå ei
luftspegling
eit draumebilete
frå år som skal kome
og endå har vi sett
stjerna hans
som eit fyrtårn å styre
etter,
eit navigasjonspunkt for
nattkalde hjarte –
denne ørkenen, denne kloden
heile dette universet
er mindre enn det som skal skje når …
kongen går mot sin død
presten går mot sin utgong
profeten talar dei største orda
eit
menneske kan høyre – og leve
då er alt eg kan gje han
denne søla eg sjølv har
blanda;
her sette eg mine spor
her vil han setje sine
og hans spor vil heilt
dekkje mine –
då gjev eg han vegen eg
gjekk, altså meg sjølv
i lydnad mot Han som er større
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar