mandag 7. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #7



kamelane er seige dyr
du kjenner kreftene mot bakken,
ei dirring frå hover som går
som ei rumling i det altoppslukande stille

landskapet går i bølgjer
du stoppar, drikk vatn og tørkar sveitten
ser sola gå ned langt der framme
- noko vert lyfta frå hjartet – ei lette

nye krefter sig innover kroppen
du kan gå, kjenne sanden og kveldslufta
i stadig aukande kontrast
før kulda trengjer inn og teppene må fram

og heile tida ser du kamelane
i seige, jamne, duvande steg
over ørkendyner og svidde kratt,
det er ikkje eit nølande glimt å sjå –

den som kunne kjent denne seige krafta
strøyme gjennom sin eigen kropp,
gått fokusert med auga mot målet
i like stødige tak –


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar