onsdag 2. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #2



kan du tyde skrift
som ikkje er skrift

sjå bilete
utan substans

tyde ord som
manglar meining, lydar

som ingen har sagt
eller kjenne

det som ikkje finst –
då er ditt heime her,

mellom støvete bøker
og stjernekikkarar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar