lørdag 17. mars 2012

Stilla før stormen

I stilla før stormen
Dirrande
Spent
som ein boge


I denne stilla
Kjenner hjarta slå
Blodet bankar


I denne stilla
Der ingen lydar
Inga rørsle
Ingenting
kjem gjennom


I stilla før stormen
Uuthaldeleg, sveitt
Nervøs


I denne stilla
er eg no
Ventar


Og ventar


Og ventar


På stormen
Utløysinga
Befriinga
Ventar på at alt skal rase
Ventar


På stilla etter stormen


Ganske ofte møter ein utfordringar. Anten ting ein blir utfordra til, eller utfordringar ein oppsøker sjølv. Det verste eg veit, er å vente på at det eg gruar meg til skal ta til. Det kan vere så enkelt som ein tannlegetime. Eller kanskje det er eit jobbintervju, første dag på ein ny arbeidsplass eller å flytte til ein ny plass. Kanskje må det aller verste vere når ein veit at ein må seie unnskyld til nokon.

Det  er alltid tida før som er verst. Undervegs er ein konsentrert og opplever, som regel, at det går betre enn forventa (I alle fall eg, som er førehandspessimist av natur...) Etterpå, når det ein har gått og grudd seg for er overstått, kjennes kroppen som ein heliumballong, og verda er igjen ein lys og fin plass. Heilt til neste tannlegetime, neste tale, neste moglege fadese...

Slike som meg burde lese Matteus 6, 25-34 kvar einaste dag. Ver ikkje urolege for morgondagen...

fredag 16. mars 2012

Kyrkja i eit nøtteskal


Ein for alle


Alle for ein


onsdag 14. mars 2012

Sirkelen - om ondskap og vennskap

Fantasy som sjanger er verkeleg i vinden for tida. Bokseriar som Harry Potter, Twillight, Dødslekene og Smaragdatlaset er populære, og det er særleg ungdom som kastar seg over bøkene. Det nyaste skotet på stammen er ei svensk bok. "Sirkelen" er første bok i triologien om det vesle bygdesamfunnet Engelsfors. Snart kjem bok nummer to, "Eld", ut i Sverige.

Sirkelen startar med eit mystisk dødsfall, som i utgangspunktet ser ut som sjølvmord. Seks jenter vert på uforklarleg vis samla i ein nedlagt park utanfor sentrum. Der får dei vite at det er dei som må kjempe mot ondskapen som har kom til bygda. Nokre av dei har spesielle krefter, medan andre slit med å finne si rolle i det heile. Og berre for å gjere det heile meir komplisert, er det skarpe skiljelinjer mellom personane. Dei får rett og slett ikkje til å samarbeide, noko som viser seg å få svært uheldige utslag...

Personane som blir teikna i boka er ganske så realistiske. Dei strevar kvar med sitt, både på heimebane og blant venner (og av og til fiendar) Her er både søvnproblem, trøblete forhold til foreldre, utruskap, mobbing, eteforstyrring, låge sjølvbilder, kjærleikssorg, rusproblem og omsorgssvikt. På den andre sida finn ein også lukkelege kjærastar, bekymra foreldre som bryr seg, kjærlege bestefedre, venner som held saman i tjukt og tynt og ikkje minst ein ukueleg vilje til å kjempe mot ondskapen. Viss ein berre kunne finne ut kva som eigentleg skjer.

Boka er svært spennande, og eg likar måten den avslører hendingar og personar litt etter litt. Ein får både patiar og antipatiar til dei som er med, og antipatien rettar seg ikkje berre mot dei "onde"... Og kven er eigentleg dei onde? Kven er det som står bak dei mystiske drapa? Spenninga aukar utover boka, i rykk og napp, og når ikkje spenningstoppen før rundt side 500. Heilt supert!

I løpet av historia dukkar det stadig opp små hint og gjenstandar som der og då verkar uforklarlege. Nokre av dei er med på å forvirre både hovudpersonane og oss som lesarar. Likevel dukkar det sakte men sikkert opp ei forklaring, og når ein etterpå ser tilbake på fortellinga, virkar alt plutseleg så opplagt og logisk. Men det ser ein altså ikkje før etterpå...

Det  eg ikkje likte med boka, er at den knyttar mykje av ordbruken og mystikken ganske nær til den type spiritualisme og okkultisme som vi kjenner frå den verkelege verda. Då snakkar eg ikkje om dei ulike kreftene som personane får, for dei er så heilt klart fantastiske at dei er umogleg å tolke inn i verkelegheita. Det er bruken av ord som heks, demon og spåteikn (som å lese i linjer i hendene, eller kaste "tenner" på bordet spå ut frå korleis dei landar). Det dukkar opp ein alternativbutikk i Engelsfors, og mange av dei tinga ein finn der og som mor til den eine hovudpersonen driv med, liknar svært på ting ein kan møte på skikkeleg.

Dette er likevel ikkje med på øydeleggje historia, eg syns berre det er unødvendig. For meg som vaksen lesar er det ingen problem å skilje fantasi frå virkelegheit, og det vil nok ikkje vere problematisk for dei fleste unge lesarane heller. Dessutan er dei fleste referansane så overdrivne og dregne ut i fantasien, at ein slår heile linken frå seg.

Alt i alt var "Sirkelen" ei spennande og velkomponert bok, og eg gler meg til den neste kjem ut!

onsdag 7. mars 2012

Musikalsk gjenoppdaging

 I 2002 fekk eg denne plata av Nina:


David Crowder Band var då eit ganske ferskt band, og hadde ikkje slått skikkeleg gjennom endå. Plata var smekkfull av flott lovsong, og eg høyrde ein del på den. Likevel vart det ikkje til at eg kjøpte andre plater av gruppa, og dei gjekk vel litt i gløymeboka. Det var dei litt meir rocka platene til Audio Adrenaline, Third Day og Delirious? som fanga interessa mi. Dermed gjekk eg glipp av desse platene:
 

 I 2009 kom David Crowder Band ut med plata Church Music, og eg lytta litt denne på Spotify. Plata er ganske spesiell, med eit sterkt elektronisk preg. Den fanga meg ikkje, og nok ein gong gjekk mannen med den litt eksentriske framtoninga og bandet hans litt i gløymeboka for meg. Sjølv om eg har høyrt litt på songane frå Church Music i ettertid også, var det ikkje før den aller siste plata deira, Give us rest, kom ut i januar at eg for alvor fekk augene opp for David Crowder Band. Ei gjennomlytting (og det tar litt tid, for plata er lang!) og eg var hekta. "Give us rest" inneheld dei fleste faktorane som eg ser etter når eg vil lytte til ei plate: Variasjon i songane, gode musikarar, spennande og fengande musikk og solide tekstar. Og eg vil gjerne ha variasjon i tekstane også: nokre som er direkte og rett fram, og nokre som er djupare og som eg må fundere meir på.


Sidan David Crowder Band er eit lovsangsband, er det naturleg at det er nettopp lovsang ein finn på plata. Likevel må ein kunne slå fast at det ikkje er "main stream" lovsang dei presenterer. Det er songar om Gud, som det skal vere i lovsang, og den musikalske innpakninga er etter mi meining genial. Dette er artistar som kan spele sine instrument, dei kan spele saman og dei er ikkje redde for å prøve ut nye ting. Difor vert ei gjennomlytting av "Give us rest" ei variert og ganske overraskande reise. Her er både glede og alvor, lovprising og ettertenksame tekstar.


 Dermed var eg hekta på David Crowder Band... Berre så veldig synd at den siste plata deira faktisk er den aller siste plata deira. Heldigvis går det an å hente fram dei gamle platene og høyre på dei også, og så kan ein kanskje håpe på ei reunionplate ein gong... kanskje om eit par år?

Her er to songar frå den siste plata. Dette er dei to songane eg, for augneblikket, er mest glad i.





Og så ein song frå plata "A collision". Den er ikkje så verst denne heller!



fredag 2. mars 2012

Gudgitte babyar eller... verdilause "ting"?

Indignasjon er den kjensla eg som regel sit att med etter å lese artiklar og innlegg som handlar om abort og menneskeverd i aviser. Slik var det også etter at eg hadde lese denne artikkelen i avisa Vårt Land: "Leger mener det er greit å drepe nyfødte". Legane som er omtala er australske, og kallar det for ein "etter fødselen-abort".

Vidare hevdar legane at det ikkje er nokon forskjell på å abortere eit foster og ta livet av ein nyfødt baby. Eg kunne faktisk ikkje vore meir einig. Forskjellen på meg og legane er konsekvensen vi tek av denne sidestillinga: Legane meinar at det dermed er ok å ta livet av babyar også etter at dei er født. Min konklusjon er stikk motsett: Begge deler er like gale.

Det heile vert endå meir absurd når legane innrømmer at både foster og nyfødte er menneske, men at dei endå ikkje har fått "ein moralsk rett til å leve". Dei har ikkje blitt "personar" endå. Ikkje personar endå? Då har dei ikkje møtt mine born, i alle fall. Dei har hatt kvar sin heilt utprega personlegdom, og den hadde dei allereie inne i magen, frå dei første teikna vi kunne kjenne til liv. For eksempel har Lise vore ein livsnytar heile sitt liv. Ein roleg baby i magen, og fortsatt veit ho å finne seg til rett alle stadar der det er koseleg å vere... Jens var meir aktiv, og slik har det fortsett.

Hæ? Er eg ikkje ein person, seier du? I all verda...
Dessutan vil vi møte på ei anna problemstilling, viss vi tek legane sine meiningar alvorleg: Akkurat NÅR kan ein seie at borna har fått ein "personlegdom", og dermed vunne retten til å leve? Når dei får si første tann? Når dei seier sitt første ord? Når dei har lært seg å køyre bil?

Det er igrunn same problemet som dei har, dei som hevdar at barnet i magen ikkje er eit ordentleg menneske. NÅR vert det då eit menneske? Når det vert født? Når det er tolv veker? Og kva er det i så fall som har endra seg så dramatisk i forhold til dagen før, eller dagen før der igjen?

Nei, det enklaste (i alle fall moralsk sett, om ikkje politisk eller populistisk) er å seie at eit menneske er eit menneske uansett, og alle menneske har rett til å leve. Om vi har vore i magen i 3, 13 eller 39 veker, eller om vi er nyfødte, 19 år eller 78.

I Bibelen kan vi i alle fall lese at det er slik Gud ser på oss, så kvifor i all verda skal vi tenkje mindre om oss sjølv?

fredag 24. februar 2012

Bekken

Den renn så fredeleg
Bekken
Klukkar og susar mellom steinane
Svingar seg i ein dans
og renn vidare
Alltid vidare
Fredeleg, men hastig

Det er så deilig
å berre sitje og sjå
på bekken
Sjå på dansen
Høyre på klukkinga
og fornemme
freden og stilla

Det er så deilig
å berre sitje her
- Berre sitje og gløyme alt anna
Bekken renn uforstyrra
Og eg har all verda med tid

Lat meg sitje her og sjå
- berre litt til!

torsdag 23. februar 2012

Håp, ja takk!

Som ein liten kontrast, og for å vege opp for den heller litt dystre novella eg la ut sist, kjem her teksten til ein flott barnesang som ein kan finne på "Øystein-CD" nummer ein. Øystein-CDane kan bestillast her: www.ellerstakk.no. Flotte CDar, som for det første appellerar veldig til barna, og for det andre formidlar evangeliet om Jesus og det kristne håpet på ein tydeleg og artig måte! Kan anbefalast!

HÅP Ja Takk!

Har du noen gang ligget våken om natta? (Så klart har jeg det, Chris. Ha'kke du?
Og tenkt på hvorfor er jeg egentlig på denne jord?

(Ja, det er virkelig noe å grunne på. Hvorfor er jeg her?)
Har du pillet deg i nesa og tenkt så mye at det knaka (Jo da, det har jeg. Ha’kke du?)
Vet du hva, det har jeg og, min venn, så la meg si deg noen ord: (Bare si det, du Chris)
 For jeg kan si deg det er håp, og det er svar å få (Jasså)
Fordi det finnes mer enn vi kan se med øynene
(Ja, lufta kan man jo ikke se heller, men den er der for det)
Jeg kan si deg du kan glede deg (Jippi!)
Sammen med meg
For det finns noe mega, digg, fantastisk bra, det skal du få se!
Det skal jeg love deg (JA!)
 
Har du noen gang hatt en skikkelig dårlig dag på skolen?
(Så klart har jeg det, Chris. Ha’kke du?)
En slik dag hvor brødskiva datt, med nugattisida ned (Offameien)
Når du svarte feil foran hele klassen ble du lyserød i toppen (Huffameien, huffameien)
Og alle var bedt i bursdag, men du var ikke invitert (Huffameien)
 
Men jeg kan si deg det er håp, og det er svar å få (Det er fint)
Fordi det finnes mer enn vi kan se med øynene
(Radiobølgene kan vi ikke se heller, men de er der for det)
Jeg kan si deg du kan glede deg, sammen med meg (Jippi!)
For det finnes en som bryr seg, det skal du få se!
Det skal jeg love deg (JA!)
 
Har du vært på fjelltur og sett et nydelig... (Kjøleskap?) Nei.. Fjell!? (Å, sånn, ja)
Har du noen gang sett på en nydelig … (Gulrot?) Nei… tulipan!? (Å, sånn, ja)
Å, så digg og så fint, tenkte du, men hvor kommer dette fra?
(Ja, hvor kommer alt dette fra egentlig, Chris?)
Og hvem er det egentlig som har skapt både himmel og hav? (Ja, har du et svar på det, eller?)
 
Vel, jeg kan si deg det er håp, og det er svar å få (Å få!)
Fordi det finnes mer enn vi kan se med øynene
(Gud kan man ikke se, men man kan se det han har skapt!)
Jeg kan si deg du kan glede deg, sammen med meg (Jippi!)
For det som finns på denne jord er skapt av Gud, det skal du få se! 
(Det skal jeg love deg, JA!)
 
Har du noen gang lurt på om det finns noen som bryr seg?
(Det tror jeg de fleste grunner på, Chris)
Om en liten eller stor gutt eller jente som akkurat deg (Eller meg?)
Har du noen gang stirret høl i veggen og følt deg litt alene?
(Ja, jeg har følt meg litt aleine, ha’kke du, Chris?)
Og kanskje tenkt det er vel ingen som tenker på meg (Det er noen, det veit jeg det er.)
 
Men jeg kan si deg det er håp, og det svar å få (Ja, det er fint)
Fordi det finnes mer enn vi kan se med øynene
(Tror du Gud er her nå, Chris? –Ja det vet jeg Han er.)
Jeg kan si deg du kan glede deg, sammen med meg           
Fordi Gud tenker på deg til alle døgnets tidene
Det skal jeg love deg (oi, oi, oi)
 
Har du noen gang grunnet på hvordan det må være i himmelen?
(Ja, så klart. Kanskje det er kjempefint der.)
Kanskje det er tusen ganger bedre der, enn det det er i syden? (Tusen ganger bedre? Oi,oi,oi!)
Hvordan kan man være sikker på å komme dit hen?
(Nei, kanskje tro på Gud og Jesus og slikt?)
Og er det håp for deg, ja hvordan kan man bli med?
(Ja, hvordan kan man bli med dit, egentlig?)
 
Vel, jeg kan si deg det er håp, og det er svar å få (Bli med, dere!)
Fordi det finnes mer enn vi kan se med øynene
(Så fint det er at man kan tro på Gud da!)
Jeg kan si deg du kan glede deg, sammen med meg
For Gud sendte jo sin sønn Jesus så vi kunne bli med!
Så vi kunne bli med (JA!)
 
Tekst og melodi: Chris Duwe