tirsdag 31. januar 2017

Leste bøker: Desember og januar

Det vart aldri til at eg laga noko oversikt over bøkene eg las i desember. Difor slår eg saman begge månadane, og her er ei liste over det som har blitt "fortært" dei siste to månadane. Dei fleste boktitlane er linkar til nærare omtale.


Holly Black/Cassandra Clare: Kobberhansken

Mette Eike Neerlin: Hest, hest, tiger, tiger

Aina Basso: Ingen må vite

Kenneth Steven: Løynde ting

Ruth Lillegraven: Sigd

Peder A. Tyvand: Darwin 200 år - en festbrems

Marit Kaldhol: Zweet

Martina Gaux: Jeg er ikke

Patrick Ness: Monsteret kommer

Per Olav Kaldestad: Når morgonfrosken syng

Asbjørn Rydland: Galderstjerna

Tyra Teodora Tronstad: Mørket kommer innefra

Torbjørn Moen: Jenta i speilet

John Green/Maureen Johnson/Lauren Myracle: La det snø

Arto Paasilinna: Den ulende mølleren

Guri Sørumsgård Botheim: Heime mellom istidene

Jesse Andrews: Jeg og Earl og jenta som dør

Lars Mæhle: Skoddefyrstens hevn

Robert Louis Stevenson: Skatten på sjørøvarøya

Nathalie Simonsson: Verdas viktigaste bok - om kropp, kjensler og sex

Jens Hansegård: Verdas forsvunne skattar

Tor Arve Røssland: Pode

Lise Forfang Grimnes: Blodskraft

Jon Fosse: Trilogien

Erna Osland: Perlepappaen

Katherine Webb: Den engelske piken


Som du ser, vart det mange barne- og ungdomsbøker desse månadane. Det kjem det også til å bli i tida framover - det har kome ut svært mange gode og spennande ungdomsbøker denne vinteren! Alle bøkene i lista over er gode bøker, og vel anvendt tid å lese. Kanskje finn du nokre som passar for deg også?

Katherine Webb: Den engelske piken

"Den engelske piken" består av to parallelle historier som på ein intrikat måte vert fletta inn i kvarandre. I sentrum står den litt mystiske og tilbaketrukne oppdagelsesreisande Maude Vickery. Ho set seg som mål å krysse ørkenen i Oman, men vert slått på målstreken av barndomsvenen Nathaniel Elliot. Vi får vere med på denne fantastiske reisa i 1909, og vere vitne til både det storslåtte og det tragiske.

Etter dette trekk Maude seg tilbake, og lever eit stille og anonymt liv. Heilt til seinhausten 1958, når det forlova paret Joan og Rory kjem på besøk til byen Muskat.

Joan og Maude får snart god kontakt, og Joan blir vikla inn i hendingar ho ikkje har oversikt over. Her tykkjer eg teaseren på baksida av boka skaper den naudsynte spenninga ein bør ha med seg inn i forteljinga: "Då Joan forstår at ho er blitt ei brikke i eit lumskt spel, må ho prøve å hindre hendingar ho sjølv har sett i sving, før dei får dei mest forferdelege konsekvensar." Og det vert verkeleg dramatisk, på nivået liv eller død.

Forteljinga har både indre og ytre spenning, og dei ulike forteljingane og personlege historiene er fint vevd ihop til eit flott drama i den arabiske ørkenen.

lørdag 28. januar 2017

Kyrie Eleison




det er ropet frå frynsete, sundrivne hjarte
frå tørstande strupar
og auge som blør

det er ropet i angst frå alle som lir
frå dei som er nedbøygd
utan håp, utan livd

det er ropet i natta frå dei som er redde
frå alle som flyktar
og gøymer seg vekk

det er ropet i einsemd, i gråt og i pine
frå alle som lengtar
og ventar på fred

og ropet finn vegen frå vekkgøymde dalar
frå fjell og frå vatn
frå skogar og djuv,
det flyttar seg langt
flyg på fjørlette vengjer
i vinden og stilla
i mørke og lys –

heilt inn til det skapande, lyttande hjartet
som gret over urett og lengtar og ser
alle veglause, ropande
(og også dei tause)
som treng dette eine,
det nådige spørsmål:
Kva vil du at Eg 
              skal gjere for deg?



Luk 18, 38-39: Då ropa han: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!» Dei som gjekk føre, tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!»

 

lørdag 21. januar 2017

Lære å vere seg sjølv




i denne spegelen ser du
ikkje deg sjølv
men eit hjarte,
eit bankande svulmande hjarte
av kjærleik og nåde og fred;
slik
skal ditt eige hjarte banke –
du må sjå
og sjå
og lære

for i denne spegelen ser du
ikkje deg sjølv
men ei hand
ei utstrekt barmhjertig hand
fylt av klede og mat og husrom;
slik
skal du rekke di eiga hand fram –
du må sjå
og sjå
og lære

og i denne spegelen ser du
ikkje deg sjølv
men eit auge
eit ope og varmande auge
med blikk for dei svake og blikk
for deg;
slik
skal dine eigne auge sjå – dei andre,
så du kan sjå
og sjå
og lære



1. Mos 1, 27: Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, som mann og kvinne skapte han dei.

torsdag 19. januar 2017

Jon Fosse: Trilogien

Jon Fosse har sin heilt spesielle skrivestil, med hyppige gjentakingar og teiknsetjing nesten utan punktum. Språket er poetisk og bilderikt, og han får fortalt svært mykje i relativt korte historier.

Trilogien består av bøkene Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd. Hovudpersonane heiter Asle og Alida. Dei er begge 17 år og kjem frå ei lita bygd nord for Bergen. Alida vert gravid, og det er utgangspunktet for denne intense forteljinga.

Dei to ungdomane prøver å bygge seg eit liv i lag i det vesle naustet Asle bur i, men når dei vert kasta ut derfrå, reiser dei til Bergen. Bok éin handlar om reisa til byen, og kampen for å finne seg ein plass å bu der. Forteljinga vekslar mellom notid og tilbakeblikk, og dannar til slutt eit heilskapleg bilde av desse to ungdomane si forhistorie og personlegdom.

I bok to er det Asle som er hovudperson. For å skjule seg sjølv og ein del ugjerningar han utførte i bok ein, har han skifta namn til Olav. Vi fyl han på ei nervepirrande reise frå der han og Alida har funne seg bustad og inn til byen. Han har eit ærend der, men ting går ikkje som han har tenkt. Han vert rett og slett innhenta av fortida. Når eg las denne boka, fekk eg sterke assosiasjonar til Dostojevski si bok "Forbrytelse og straff", der hovudpersonen Raskolnikov og Fosse sin Asle har mykje til felles. I begge bøkene vert hovudpersonen heile tida driven frå skanse til skanse og det er ikkje godt å seie kven av menneska rundt seg dei kan eller bør stole på. Og i begge bøkene klarar forfattarane å bygge opp sterke sympatiar for brotsmennene.

I den siste boka er synsvinkelen først og fremst hos Alida. Ho sit svolten og utsliten i sentrum av Bergen, saman med den vesle sonen ho har saman med Asle. Ho finn berginga på uventa hald, og vi får vite korleis livet hennar blir. På den måten vert desse tre bøkene til saman ein slags krønike over liva til Asle og Alida, og Fosse får fortalt eit heilt liv på knappe 200 sider. Det eg likar aller best med desse bøkene, er korleis menneska opptrer med dobbeltroller, og korleis tilfeldige hendingar og samantreff bind dei ulike personane saman. Det er lett å forstå at det vert tala vel om denne forfattaren!

lørdag 14. januar 2017

Ei kviskring i aude gater


det er ei stille kviskring i gatene
eit sus av varme vindar
frå bakom skogar og fjell og endelause hav;
det er ei stemme, det er ei makt
ein vibrerarande, pustande vilje – 

kom, menneskebarn, kom nær
du som er støv av støv,
du som er blod av blod av kjærlege ord
og pusten frå tida før tida,
kom nær mitt hjarte, kjenn gleda sin puls,
kjenn den flammande lengten i orda 

og kveldsvindane glir mellom husa,
gata er aude, tørre blad mot fortauskanten,
det er lys i vindauga, lufta er kald
og stega gir gjenlyd frå kalde veggar;
eg er karbon og oksygen, hydrogen og jern,
atom og fiber og intrikate puslespel
og eg er pust – 

eg er pust 
og eit vandrande under
side ved side
med den allmektige røysta
som kviskrar til hjartet:
kom, menneskebarn, kom nær –




Jes 42, 2;5-6a:
Han skrik ikkje og ropar ikkje, røysta hans høyrest ikkje i gatene. Så seier Gud Herren, som skapte himmelen og spente han ut, som breidde ut jorda og alt som spirer der, som gjev pust til folket på jorda og ånd til dei som ferdast der: Eg, Herren, har kalla deg i rettferd og gripe handa di.