mandag 16. november 2009

Vegval

Herre, syn meg dine vegar, og lær meg dine stigar! Lat meg få ferdast i di sanning; lær meg, Gud, for du er min frelsar! Eg ventar dagen lang på deg. (Sal 25, 4-5)

Ofte skulle eg ynskje at den rette vege å gå låg framfor meg slik som dette:


Tenk så greit! Ingen vanskelege val. Ingen problemstillingar eg aldri får svar på. Inga grubling og fundering og hovudkløing, berre beine vegen. Så godt det hadde vore!

Desverre er det meir slik:

Korleis kan ein velje det rette? Skal eg svinge til høgre, venstre eller fortsette rett fram?

Heldigvis har vi ei god kartbok. Bibelen. Eg syns det er vanskeleg å velje rett, sjølv når eg les i den, men eg får i alle fall litt meir peiling på den rette vegen.

Og så får eg be Gud om å vise meg den rette vegen. Han plar svare i rette tid. Dessutan har vi også den flotte songen "Der det nye livet lever", som inneheld strofa: "Med heile verda som sitt mål, kan ingen gå seg vill." Vi er i Herrens hender, han leier dit han ser er best, og uansett kor i verda vi er, så kan Herren bruke oss i si teneste.

Min konklusjon vert difor: Eg les i Bibelen og ber, og stolar på at Gud leier meg dit han har bruk for meg og der den rette staden for meg er.

søndag 15. november 2009

Inga skam

"Eg vender alltid mine augo mot Herren, for han dreg mine føter ut or garnet. Vend deg til meg og ver meg nådig, for eg er einsam og i naud." (Sal 25, 15-16)

Det er inga skam å be om hjelp.

Det er inga skam å be om tilgjeving.

Det er inga skam å innrømme sin feil og manglar.

Det er inga skam å gå til Gud med alt som er gale.
Når du er treng hjelp, er det lurt å spørje om hjelp. Og det er lurt å spørje om hjelp på den rette plassen.
Gud sviktar aldri den som kjem til han og ber om utfriing.
Du kan alltid gå til Gud.

lørdag 14. november 2009

Forsoninga

"Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då hans Son døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då bli frelste ved hans liv!" (Rom 5, 10)

Dette bibelverset fortel noko av det mest sentrale ved frelsa Gud gir. Forsoninga, det store oppgjeret der Gud kjenner oss rettferdige, skjedde medan vi endå var fiendar av Gud! Gud sat altså ikkje i himmelen og studerte jorda og tenkte: "Når menneska vender om til meg og ser at dei treng at eg frelser dei, DÅ skal eg komme til jorda og berge dei som trur på meg". Nei, Gud kom medan vi endå ikkje hadde nokon tanke om eiga frelse, medan trua på Gud var ikkje-eksisterande (for dei fleste), medan dei fleste ikkje ein gong visste at dei trengte Gud.

Gud kom likevel. Han vart menneske likevel. Medan vi endå gjorde mot Guds vilje, gjekk han heile vegen opp til Golgata, lei seg gjennom alle timane på krossen, var tre dagar i dødsriket. Så sigra han over døden, stod opp att og sende sin Heilage Ande til å opne augene og hjartene våre. Takk og lov!

Så no kan vi bli Guds vener. Ikkje fordi vi søkte Gud først, men fordi han elska oss og søkte oss. Vi er Guds vener, fordi Gud lever som han seier. Han elskar sine fiendar. (Matt 5, 44)

mandag 9. november 2009

Krossen

Har nettopp lest eit tankevekkande innlegg på denne bloggen. Innlegget handlar om det å ikkje ville ha noko med Jesu kross å gjere.

For oss som er kristne er krossen så viktig, at utan den ville det ikkje vore noko kristendom. Utan krossen er trua mi utan meining. Utan krossen finst det ikkje noko håp for æva. Heldigvis er vi ikkje utan krossen!




Det er eit uttrykk som heiter "å klynge seg til krossen". Dette syns eg er eit godt uttrykk. Med uttrykket meinast det ikkje å klynge seg til tortur-reiskapen "kross", men til den nåde, kjærleik og tilgjeving som Jesus gjev til alle som kjem til han med syndene sine og legg seg ned for Jesu føter. Det er mange menneske som har døydd på ein kross, og det er ikkje nåde i trestokkar, like lite som det er nåde i den elektriske stol eller i giftsprøyter.

Nåden er hos Jesus. Jesus vart hengt på eit kross. Der døydde han, og sona alle våre synder. På krossen såg han sjølve helvete i kvitauget, og møtte alle dei pinsler og straffer som eg skulle møtt. På krossen gav han livet sitt. Eit liv som var heilagt og syndfritt. Han gav livet sitt, og alt var for mi og di skuld!

Så når eg seier "eg vil klynge meg til krossen", meiner eg at eg vil klynge meg til Jesu kross. Eg vil klynge meg til Jesu forsoning.

I dag er krossen tom. Krossen som Jesus hang på eksisterar ikkje lenger. Tømmeret er gått i oppløysing og tilbake til molda. Men det Jesus gjorde på krossen vil aldri gå tapt. Aldri!

Eg trur på ein tom kross. Eg trur på ein levande frelsar. Eg trur på ein nådig Gud. Eg trur på ein Gud som elskar meg så høgt, at han gjekk i døden for meg. Eg trur på ein evig himmel. Hos Jesus.

Så kan liberale teologar og ikkje-kristne seie kva dei vil om krossen.

Ingen kan ta vekk Jesu død.
Ingen kan ta vekk Jesu oppstode.
Ingen kan ta vekk Jesu nåde.

fredag 6. november 2009

Children can live - dc Talk

I vårt samfunn så har vi eitt problem som er større enn dei fleste andre, eit "moderne" barbari utan sidestykke. Nemleg sjølvbestemt abort. Retten til å avslutte eit liv, berre fordi ein vil. Rett til å drepe. Uskuldige. Forsvarslause. Tause, men likevel menneske. Menneske som er skapt av Gud, elska av Gud og med uendeleg verdi.

Eg må setje moderne i hermeteikn, for det er lite som er moderne ved denne praksisen. Viss eg lausriver meg frå min eigen kultur, og ser den litt frå utsida, er dette den type handlingar eg gjerne kunne lest om i eit historieblad. Hendingar som føregjekk i eit, for oss, usivilisert samfunn med reglar som vi i vårt demokrati tykkjer er forkastelege. Eg tenkjer for eksempel på aztekarane i det gamle Mexico. I denne kulten var menneskeofring nærast ei dagleg hending. Skulle gudane vere nøgde, måtte menneske bøte med livet. Det var helst menneske frå fiendtlege stammar og kulturar som vart ofra, og ved somme høver var det reine massemordet som gjekk føre seg i aztekartemplet. Blodet flaut, og eg, med min siviliserte og vestlege bakgrunn, føler avsky og kvalme med tanken på desse hendinga.

Kanskje er det slik ettertida vil dømme oss som lever i Norge og vesten i dag. Dei vil lese om kulturen vår i historieblad, lese om alle abortane, drapa på uskuldige foster, og tenkje: "Eg er jammen glad slikt ikkje kan skje i vår moderne verden. Tenk at dei var så barbariske."

For det er det vi er. Barbarar. Alle vi som nesten ikkje løftar på veslefingeren, endå vi veit at 16 000 uskuldige liv vert drepne, KVART ÅR, i vårt "siviliserte", "opplyste" og "moderne" land.

Vi er barbarar.

Denne sangen grin eg kvar gong eg høyrer. Og kvar gong eg høyrer den, får eg lyst til å storme eit mediehus, stille meg framfor kamera og spørje: "Er det ingen som har tenkt å gjere noko? Er vi så sløve og kaldhjerta? Finst det ikkje rettferdige menneske att?"

Songen heiter "Children can live (without it)", og det er gruppa dc Talk som har laga den.


I don't want another country
I want ta recognize intent
Of our forefathers when they wrote
Precisely what they meant
Taken on the form of christian
But the power is denied
In god we trust only when we lust
For the apple of our eye
One nation under god
With morals out of proportion
An end result is murder
Under legalized abortion

Children can live without it
Who's gonna take it away?
Children can live without it
Maybe we'll learn someday
Oh, that we'll learn, i pray

A miracle of god
Now looked on as a choice
It's time for all his children
To unify a voice
With influence in our numbers
And power in out prayer
We must defend the children
And fight for what is fair
What appears to be an upset
Can change its ugly course
And we can do it all
Through jesus christ our lord

Children can live without it
Who's gonna take it away?
Children can live without it
Maybe we'll learn someday
Oh, that we'll learn, i pray

O, they can fight, but they cannot win
They can scream, but none will hear them
Don't ya know that our conscience will die
If we take away the freedom to survive?

Ja, ein dag vil vi lære, det er eg sikker på. Hadde folk fått sett kva som skjedde med barnet i ein abort, er eg sikker på dei ville snudd seg vekk i avsky. Det er stort sett slik barbari fungerar.

Men då vil det vere for seint for så altfor mange.

lørdag 31. oktober 2009

Livsens vatn

Fann dette flotte bildet på wetcanvas.com:


Inspirasjonen er henta frå Johannes Openberring 22,1:
"Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå trona åt Gud og Lammet."

Tenk så fantastisk! Livsens vatn, Gud eige ord, renn ut frå trona og ned til oss. Gud sendte ikkje ordet som sms, eller som ei bok eller som ein plakat. Nei, han kom sjølv. Ordet vart menneske, og tok bolig blant oss! (Joh 1,14). Han levde heilt og fullt som menneske, med smerter, gleder, håp, tvil, sorg og latter. Han, livsens elv, Guds ord, veit korleis det er å vere menneske. Og ikkje berre det: han veit kva det vil seie å bli utsett for den verste liding og tortur. Og det gjorde han berre for oss.

Kjem på ein song som handlar om dette. Den er laga av Michael Card, og songen heiter Why:

Why did it have to be a friend
Who chose to betray the Lord?
And why did he use a kiss to show them?
That's not what a kiss is for.

Only a friend can betray a friend.
A stranger has nothing to gain.
And only a friend comes close enough
To ever cause so much pain.

And why did there have to be a thorny crown
Pressed upon his head?
It should have been a royal one,
Made of jewels and gold instead.

It had to be a crown of thorns
Because in this life that we live,
For all who would seek to love
A thorn is all the world has to give.

And why did it have to be a heavy
He was made to bear?
And why did they nail his feet and hands?
His love would have held him there.

It was a cross, for on a cross
A thief was suppose to pay.
And Jesus had come into the world
To steal every heart away.
Yes, Jesus had come into the world
To steal every heart away.

Jesus kom for å frelse oss. Steal every heart away. Livsens elv, som kjem frå Guds eiga trone, vart fornedra og hånt og torturert.

For meg og deg.

onsdag 28. oktober 2009

Det viktigaste

Det viktigaste er ikkje å:
- Eige mange ting
- Eige stort hus
- Ha ein flott og godt betalt jobb
- Ha flotte klede
- Disponere feit lommebok og overfylt konto
- Vere respektert, beundra og sett opp til
- Vere populær
- Leve lenge

Det viktigaste er:
- Å kjenne Jesus
- Å vere tilgitt av Jesus
- Å ha blikket retta mot Jesus i alt ein gjere

Alt anna må du ein gong forlate, miste og reise frå. Jesus er evig, frelsa er evig og Himmelen er evig. Og du er evig.

Velg rett!

mandag 26. oktober 2009

Lege for dei sjuke

"Då dei skriftlærde mellom farisearane såg at han åt saman med syndarar og tollarar, sa dei til disiplane: «Et han saman med tollarar og syndarar?» Jesus høyrde det og sa til dei: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.» " (Mark 2, 16-17)

Eg går ikkje til lege så lenge eg er frisk. Først når eg er sjuk, så sjuk at eg innser eg treng hjelp, då kontaktar eg legen og spør om råd. Og legen hjelper, for han er utdanna og opplært og har kunnskapen til å hjelpe den som er sjuk.

Jesus leitar etter det som er skakt og skeivt og sjukt og skrøpeleg. Han leitar etter deg som ikkje fiksar livet. Du som tvilar. Du som har mange spørsmål som aldri får svar. Du som er einsam eller sjuk. Du som treng hjelp.

Jesus viser aldri bort nokon som spør om hjelp. Han er den store legen. Han tek i mot deg, høyrer på deg og hjelper deg.

Jesus er legen for oss som ikkje har alle svara eller fiksar alt i liva våre.

(Bildet er henta frå ein bloggen til Bjørn Olav Hansen. Trykk på bildet, så kjem du til bloggen hans. Ein bra mann!)

søndag 25. oktober 2009

Om igjen og om igjen

Det er slett ikkje lett å alltid gjere det rette. Tvert om, eg opplever det som heilt umogeleg. Ikkje ein gong i tilfeller der eg veit 100 % kva som er rett, og at eg kjem til å angre etterpå, greier eg alltid å gjere det rette. Eg gjer feil med vitande å vilje, og angrar etterpå...

Andre gongar er det meir utydeleg å vite kva som er rett. Eg er i tvil, og tek ein sjanse. Og så ser eg etterpå at det kanskje ikkje var så lurt. Heldigvis vel eg av og til også det rette.

I andre tilfeller igjen kan det hende eg ikkje er i tvil ein gong. Eg er heilt sikker på at det eg gjer no er det rette. Men så kan det hende det er feil, utan at eg nokon gong får vite det. Eller kanskje får eg det, og det er ingenting som er surare enn det!

Det er komplisert. Både å velge rett, og det å vere menneske generelt. Det er så mange ting å ta omsyn til. Det er så mange val. Det er så mange menneske som vert påverka av det eg gjer.

Eg gjer urett altfor ofte, og må be om tilgjeving. Og får det! Les denne flotte setningen frå Romarbrevet 8, 1:

"Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus." Tenk det: Inga fordøming!
Eg kan gå til Jesus med alle feila mine, og han fordømer meg ikkje. Ein del menneske tenkjer på kristendomen som ein dømande religion. Dette er feil! Vi menneske dømer ofte, noko vi ikkje har rett til. Men Jesus dømer aldri. Den som kjem til Jesus med feila sine, møter ikkje eit stoppskilt eller avvisning, men opne armar og eit varmt hjarte! Der er inga fordøming!
Med alle mine feil, treng eg å gå til Jesus om igjen og om igjen og om igjen. Og han tek imot meg kvar einaste gong. Hadde det vore meg, hadde eg vorte lei og gitt opp for lenge sidan.

Heldigvis er ikkje Jesus som meg.

fredag 23. oktober 2009

Å frykte menneske

Som kristne er vi ofte så redde for kva andre skal seie. Ofte verkar det som om vi kjenner oss underlegne, og må vere på defensiven heile vegen. Kvifor er det slik? Er vi så redde for kva andre skal seie? Eg trur mykje botnar i frykt for å skille seg ut, frykt for å bli ledd ut, frykt for å stå aleine, frykt for å ikkje vere aksepterte i lokalmiljøet.

Eg trur ikkje det kjem noko godt ut av å skjule trua eller teie om det ein trur er rett. Ein må sjølvsagt vere audmjuk og klok, men det er ikkje naudsynt å vere redd. Eller som Peter skreiv for snart to tusen år sidan:

"Men om de lid for rettferd skuld, då er de sæle. Ver ikkje redde for dei og lat dykk ikkje skremma, men helga Kristus til Herre i hjarta! Ver alltid førebudde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for det håpet de eig."

1. Pet 3, 14-15

Kanskje må vi lide for trua. Noreg er, dessverre, i god fart vekk frå kristendommen, og det vert stadig vanskelegare å skulle fylgje Jesu ord. Men om vi må lide, kva er vel det mot den nåden og kjærleiken som vi får av Jesus Kristus? Og kva med fellesskapet med andre kristne?


Stå for det du meiner, ver frimodig og open om trua, stolt av Jesus og Bibelen og frykt ikkje noko menneske!

torsdag 22. oktober 2009

Come to the table - Michael Card

Michael Card er ein canadisk musiker med lang fartstid. Han har laga utruleg mange gode songar. Den mest kjente er kanskje "El Shaddai". Her er ein annan fantastisk song, som er ei innbyding til nattverdsbordet. Her er det plass til alle som vil ta imot innbydinga! Come to the table!

Come to the table
And savor the sight,
The wine and the bread that was broken.
And all have been welcome to come
If they might
Accept as their own these two tokens.
The bread is his body,
The wine is the blood
And the one who provides them is true.
He freely offers
We freely receive.
To accept and believe him is all we must do.

Come to the table
And taste of the glory
And savor the sorrow
He's dying tomorrow.
The hand that is breaking the bread
Soon will be broken.
And here at the table
Sit those who have loved him,
One is a traitor and one will deny,
Though he's lived his life for them all
And for all be crucified.

Come to the table he's prepared for you
The bread of forgiveness the wine of release.
Come to the table and sit down beside him.
The Saviour wants you to join in the feast.

Come to the table and see in his eyes
The love that the Father has spoken.
And know you are welcome
Whatever your crime,
Though every commandment you've broken.
For he's come to love you
And not to condemn.
And he offers a pardon of peace.
If you'll come to the table
You'll feel in your heart
The greatest forgiveness,
The greatest release

Come to the table
And taste of the glory
And savor the sorrow
He's dying tomorrow.
The hand that is breaking the bread
Soon will be broken.
And here at the table
Sit those who have loved him,
One is a traitor and one will deny,
Though he's lived his life for them all
And for all be crucified.

Come to the table he's prepared for you
The bread of forgiveness the wine of release.
Come to the table and sit down beside him.
The Saviour wants you to join in the feast.

Viss du vil lese fleire tekstar av Michael Card, eller lytte til snuttar frå musikken, eller sjå kva som finst av cdar, kan du ta ein titt på heimesida hans her.

onsdag 21. oktober 2009

Statskyrkja

Den nye kyrkjeministeren har fått klar beskjed om å avvikle statskyrkja. Mykje tydar dermed på at vi går inn i den siste stortingsperioden der kyrkja og staten heng så tett i hop.

Kyrkja har nok hatt mange fordelar av å vere statskyrkje, men personleg trur eg det vert ei betre ordning med ei sjølvstendig kyrkje. Då er det for eksempel ikkje lenger staten som skal bestemme kven som skal vere biskop. Dette vil styrke kyrkjedemokratiet, og gjere at kyrkja får dei biskopane dei faktisk vil ha.

Håpet er at når kyrkja får bestemme sjølv, vil der vere nok personar i systemet som set Guds ord som grunnvoll for kyrkjetenkinga. Kanskje kan vi i framtida få biskopar som les HEILE bibelen, og ikkje skvisar ut dei delane som er ubehaglege? Det vil tida vise!

tirsdag 20. oktober 2009

Nær kjelda

Salme 1, 1-3: "Sæl er den som ikkje fylgjer råd frå gudlause menneske og ikkje slår inn på syndarveg eller sit i lag med spottarar, men har si glede i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt. Han er lik eit tre, planta ved rennande bekker: Det gjev si frukt i rette tid, og lauvet visnar ikkje på det. Alt det han gjer, skal lukkast."

Planta ved rennande bekkar... Er ikkje det draumen til eit kvart tre og plante? Der har det alltid tilgang til friskt vatn, og kan alltid ta opp det den treng. Vatnet gir liv og vekst.

Annleis er det i ein ørken. Der er det langt ned til vatnet, og langt mellom kvar regnskyll. Berre dei mest hardføre plantene, som kaktusen, overlever her. Kaktusen har evna til å lagre vatn i store mengder, og røttene går djupt ned i jorda. Dei fleste plantar dør i eit slikt miljø.

Også vi menneske treng vatn. Vi må drikke ei viss mengde vatn kvar dag for å kunne overleve. Utan vatn visnar kroppen vår, og vi dør. Vatnet gir liv og vekst.

Guds ord, Bibelen, vert ofte samanlikna med vatn. Det er "andeleg vatn", vatn vi treng for å overleve som kristne. Jesus seier sjølv: "... den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv." (Joh 4, 14) Å høyre Jesu ord slukkar den andelege tørsten, og kan bli til ei kjelde som trua kan trekke væske frå. Å lese og høyre Guds ord er heilt nødvendig for å kunne halde liv i trua.

Ta ein titt på dette bildet:
Dette synet møtte meg ein morgon i sommar. Blomstrane hadde stått der ei tid, og pynta fint opp i vindauget. No hang dei med knoppane, og eg tenkte det var tomt for vatn. Men, som du ser, det var det ikkje! Der var mykje vatn! Problemet var berre at stilken ikkje nådde nedi. Blomstrane var så nær så nær, men ikkje nær nok. Dei klarte ikkje å drikke vatnet som fanst rett under dei.

Vår kultur har vore prega av kristendomen i tusen år. Kvar bygd har ei kyrkje, og dei fleste har eit eller fleire bedehus. I media kan ein høyre gudstenester og oppbyggelege program, bokhandlarane sel kristen litteratur og musikk, på dei fleste arbeidsplassar møter ein kristne og dei fleste har ein bibel eller fem heime. Likevel er det mange som går rundt og er tørste. Dei lengtar etter "noko", og leitar alle mogelege stader. Men som blomstrane på bildet: Vatnet er nær, ein må berre komme i kontakt med det. Lese Guds ord.

Sjølv har eg rekna meg som kristen heile livet. Eg trur på det eg seier når eg seier trusvedkjenninga i kyrkja. Eg trur på det eg les når eg les i Bibelen. Eg veit kor avhengig eg er av Jesu nåde og kjærleik. Eg veit kvar målet med livet mitt er. Likevel finne eg meg sjølv ofte i ein situasjon som blomstrane på bildet. Så nær kjelda, men så drikk eg ikkje. Eg vert andeleg slapp, og trua vert fjernare.

Det er kanskje ein av grunnane til at eg skriv denne bloggen. Eg ynskjer rett og slett å tvinge meg til å lese meir i Bibelen. Gjennom å skrive får eg orden på tankane, og eg vil gjerne underbygge det eg skriv med Guds ord.

For eg veit at kjelda til alt liv finst hos Gud, og ved å lese orda Hans får eg tilført den næringa trua mi treng for å vekse.

Har du tilgang på det livgjevande vatnet? Drikk du av kjelda?

søndag 18. oktober 2009

Forgiven - Relient K

Relient K er ei gruppe eg ikkje har høyrt så mykje på, men dei få songane eg faktisk HAR høyrt har vore gode. Spesielt gjeld dette songen Forgiven, som har ein fantastisk tekst. Berre les her:

Oh yes, I know this tension that you speak of
We're in the palm of a hand making a fist
It'd be best for one of us to speak up
But we prefer to pretend it does not exist

And you can't see past the blood on my hands
To see that you've been aptly damned
To fail and fail again

Cause we're all guilty of the same things
We think the thoughts whether or not we see them through
And I know that I have been forgiven
And I just hope you can forgive me too

So don't you dare blame me for
Prying open the door
That's unleashed the bitterness
That's here in the midst of this
Sometimes we live for no one but ourselves

And what we've been striving for
Has turned into nothing more
Than bodies limp on the floor
Victims of falling short
We kiss goodbye the cheek of our true love

Musikken i denne sangen er svært fengande, og eg kan lytte om att og om att til songen, og få gåsehud kvar gong. Dette gjeld særleg refrenget, som er heilt rått. Men det beste med songen er bodskapet i teksten: Vi er alle skuldige, og treng tilgjeving. I refrenget syng dei: "I know that I have been forgiven". Tenk å kunne synge det! Eller, tenk å VITE det!

Vi kjem alle til kort på ein eller annan måte, og same om vi innrømmer det eller ikkje så tenkjer vi først og fremst på oss sjølve. Eg er innst inne ein stor egoist, og tenkjer unekteleg først på kva som gagnar meg sjølv og mine næraste best. Og så sviktar eg så ofte mine medmenneske og Gud. Eg har "blood on my hands", og er skuldig i det meste eit menneske kan skuldast for ("we think the thoughts whether or not we see them through") Yes sir, mange tankar som aldri skulle vore tenkt, nok til å bli erklært skuldig.

Heldigvis kan også eg synge "I have been forgiven"! Takk og pris at Jesus kan tilgje feil, og gjenopprette det som er øydelagt. Eg veit at eg ikkje kjem til å bli syndfri eller feilfri så lenge eg lever, men det er herleg å vite at Jesus døydde i min stad og jobbar med meg.

Eg gler meg til den dagen kjem når eg ikkje lenger har blod på hendene eller svik i hjartet eller egoisme i hovudet. Det vert så godt!

Fram til då gler eg meg over teksten i Forgiven!

torsdag 15. oktober 2009

Jesus og boda

Det kan vere fristande å tenkje at Jesus kom for å setje alle boda i det gamle testamente til side. Jesus kom med eit nytt bod, nemleg å elske Gud av heile sitt hjarte, og sin neste som seg sjølv. Dette er det første og viktigaste bodet, så då må vel alle dei andre vere sett til sida?

I Matteus 5, 17-19 står det slik: "17 Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla. 18 Sanneleg, eg seier dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt. 19 Den som opphevar eit einaste av desse minste boda og lærer menneska såleis, skal reknast som den minste i himmelriket. Men den som held boda og lærer andre å gjera det, skal reknast som stor i himmelriket. 20 Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda til dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket."

Jesus har altså ikkje oppheva lova, han har oppfylt den! Vår rettferd må fortsatt vere plettfri og fullkomen. Vi må fortsatt forholde oss til alle boda, og halde dei. Dette er umogeleg!

Det er strenge ord frå Jesus dette. Ord som kan vere ubehagelege og fristande å oversjå. Men det er viktige ord. Lova gjeld. Heldigvis står det i siste del av vers 17 at Jesus kom for å oppfylle lova. Han fulgte opp dei boda han hadde gitt, han levde feilfritt og perfekt.

Jesus har altså levd feilfritt etter lova. Denne rettferdige måten å leve på kan bli din! Jesus kom for å oppfylle lova, og han deler ut nåde til alle som vil ta imot.

Lova er altså ikkje sett til side, men vi kan få del i oppfyllinga av den ved å tru på Jesus!

onsdag 14. oktober 2009

Sprettstein

Å kaste sprettstein er kjekt. Det er utfordrande å finne ein perfekt stein. Den må vere flat og rund, ikkje for stor, ikkje for liten. I tillegg må ein kaste den i perfekt vinkel i forhold til vatnet. Er ein heldig, får ein kanskje sju sprett etter kvarandre. Eller kanskje ti! Vanlegvis vert det berre to-tre.

Denne bloggen er ein slags teologisk sprettstein. Eg kjem til å skrive ned tankar om tru og tvil. Tankar kring bibeltekstar, og tankar om dagsaktuelle ting.

Eg er ikkje teolog, men eg likar teologi. Eg er ikkje retorikar, men eg likar å skrive.

Her finn du MINE tankar, og MINE synsvinklar. Skriv gjerne ein kommentar, særleg viss eg er på bærtur.