søndag 30. september 2012

Mi tilflukt og mi borg


Slik skreiv David ein gong for lenge sidan, og i Salme 91 finn vi ein tekst etter Moses:

Den som sit i skjul hos Den høgste
          og finn nattely i skuggen av Den veldige,
          
han seier til Herren: «Mi tilflukt og mi borg,
          min Gud som eg set mi lit til!»     (Sal 91, 1-2)


Gud er vår tilflukt og vår borg. Eit vern mot alt som vil øydeleggje oss og trekkje oss ned. Han er vår utfriar og frelsar.

"... gled dykk over at namna dykkar er innskrivne i himmelen!" (Luk 10, 20)

I kvardagen møter eg mange gleder, og mange sorger. Gode dagar, dårlege dagar. Lyse, mørke, latterfylte, sørgjelege, einsame, sosiale, inkluderande, isolerte dagar. Og gjennom dei alle står Gud der som ein skjulestad. Gud er fjellet der eg søkjer livd, det faste punktet i alt som er usikkert og vaklande. Og uansett kva eg møter har eg gleda i hjartet mitt, den gleda som er djupare enn kjensler og latter. Gleda som har sitt utspring i det at eg er kjent av Gud. Han har skrive namnet mitt. I sine eigne hender. (Jes 49,16)

God søndag, i Guds trygge hender!

lørdag 29. september 2012

Ikkje fortel...

Somme tider tenkjer eg på korleis det hadde vore viss Jesus hadde kome til jorda i dag. Viss han vart fødd i Betlehem ein gong tidleg på 80-talet, og i dag gjekk rundt i Israel og gjorde under. Eg trur det hadde vore ganske problematisk for oss, og vanskeleg å få tak i bodskapet hans. Først og fremst er det journalistane som ville stått i vegen. Pressa ville kasta seg over eitkvart mirakel, intervjua, analysert og konkludert. Heilt til dei mista interessa, og han fekk ture på i fred att. Og vi, som mediebrukarar, ville sitje tilbake med det bildet som pressa laga av han, og ikkje eit bilde av den reelle Jesus. Det trur eg utelukkande at vi ville tapt på, for korleis skulle ein journalist som må forhalde seg til lesartal og deadline få tak i essensen i Jesu lære? Jesus ville berre vere ein sensasjon, og så ville dei diskutere han på Skavlan eller i Redaksjon 21, før han gjekk over i gårdagens nyhende sine rekker.

(I resonnementet så langt har eg gått ut frå at utviklinga i Europa ville gått sin gong fram til dagens samfunn også om Jesus kom i dag og ikkje for 2000 år sidan. Det er jo sjølvsagt ulogisk, sidan mange av dei samfunnsinstitusjonane vi har i dag har sitt utspring i kristendomen, som helsevesen, skulesystemet, vitenskapen osv.)

Mange gongar har det slått meg kor god Gud er på timing (Berre sjå på korleis kroppen vår fungerar, eit betre eksempel på god timing finst vel ikkje!) Han hadde ein plan for når han skulle komme til jorda, og kvar. Hadde han kome til ei anna tid, er det ikkje sikkert at ordet om Guds frelse ville hatt same sjanse til å spreie seg. Det å for eksempel bli født inn ein kultur som legg stor vekt på skriftleg tekst, samtidig som dei religiøse er nidkjære og har ein viktig posisjon i samfunnet, samtidig som det er eit okkupert land der det er kamp om makta og usikre forhold mellom folkegruppene... Heilt genialt, vil no eg seie! (Hadde han blitt født i dagens Noreg, hadde vi knapt heva eit augebryn. Endå ein fanatiker, ville vi sagt, og latt han gå i fred i toleransen sitt namn, eller sperra han inne på ein institusjon, eller latterleggjort han i "Nytt på nytt". Ingen hadde i alle fall drepe han, og korleis skulle då Guds plan bli gjennomført?)

Likevel, trass i ei god historisk timing, fortel han ofte dei han hjelper eller viser merkelege ting at dei ikkje skal fortelje det til nokon (For eksempel Matt 8,4 og Mark 8,26). Eg syns dette er litt merkeleg: Kvifor vil han ikkje at dei skal fortelje vidare det dei har sett? Ville ikkje det hjelpe saka hans?

Eg trur svaret er å finne i problemstillinga eg starta med, journalistane som ikkje ville forstå kva som skjedde, og gje heilt feil analysar og konklusjonar. Dei han hjelper har i utgangspunktet ikkje nokon sjanse til å forstå kva det er som skjer og kven Jesus er. Eit nøkkelvers her er Matt 17,9:

"På vegen ned frå fjellet baud Jesus dei: "Fortel ikkje nokon om dette synet før Menneskesonen har stått opp frå dei døde." 

Først etter oppstoda vil læresveinane kunne seie med visse kven Jesus er, og tolke undera i det rette lyset. Først etter at dei har sett og forstått at Jesus er Guds son, og at hans oppdrag først og fremst var å frelse menneska, vil dei forstå at undera var Guds inngripen i verda, og ikkje noko skummelt og ukjent, eller juks og bedreg (Det er nett som i dag: Før ein vert kjent med Jesus som Guds son, vil ein ha vanskeleg for å tru at underforteljingane det står om i Bibelen er sanne)

Etter oppstoda får læresveinane oppdraget: "Gå difor ... og lær dei ..." (Matt 28, 19-20) Dei fekk også løfte om at Den Heilage Ande skulle kome. NO var dei klare til å skulle fortelje til alle, for no visste dei kva dei skulle fortelje om!


Det hadde teke dei tre turbulente, undrande og spennande år, og heile vegen saman med Jesus (utanom tre dagar, då...) Korleis skal vi då forvente at journalistar eller vitenskapsmenn eller andre som ikkje kjenner Jesus, skal kunne gje ei rettferdig og korrekt framstilling av den han er? Den jobben må vi som kjenner Gud ta på våre skuldre!


(Bilder henta frå:
http://sagemontawaken.wordpress.com/2009/08/16/tabloid-jesus-starting-next-sunday/
http://www.semicolonblog.com/?p=5358
http://ibibleverses.christianpost.com/tell-everyone-jesus/)

søndag 23. september 2012

Korn


Eg legg eit korn i jorda
Dekkjer det med mold
Og vatnar det med tårer
blod, sveitte og bøn

Eg ventar på kornet
Ser på jorda, leitar etter rørsle
Kvar dag sit eg og stirrar
Og ber for det vesle frøet

Tidleg ein morgon deler molda seg
Opp kjem ei lita spire
Sart og svak, og samtidig livskraftig;
Den strekk seg mot lyset og varmen

Den vesle spira veks seg etter kvart stor
Det liknar slett ikkje det vesle kornet
eg la i jorda, for lenge sidan
Minnet om kornet er viska vekk

Noko langt betre har vokse fram


(Inspirasjon frå 1 Kor 15, 35-45.   Bilde:  www.ancientcerealgrains.org/)

lørdag 22. september 2012

Litt tenking

No har det seg slik at eg sit her og tenkjer. Mot alle odds, må eg vel seie då, i alle fall viss eg skal ta på alvor dei som hevdar at kristne (feil nr. 1) som hevdar verda er skapt (feil nr. 2) ikkje tek innover seg dei vitskaplege bevisa (Eller "bevisa", som eg helst likar å skrive det) og brukar hjernen feil, for lite eller overhovudet ikkje veit kva hjerne er i det heile.


Heldigvis er det ikkje så mange som meinar dette. Dei fleste (vel eg å tru, i alle fall) er klar over at det finst ulike meiningar her i verda, og at vitenskapen endå ikkje har full oversikt over alt. Ikkje verda slik den er no, og i alle fall ikkje slik verda har vore før, eller slik den kjem til å bli ein gong. Det er mykje gjetning ute og går, og slutningar tekne på svakt grunnlag. Difor er dei fleste fornuftige menneske ikkje så fiendtleg innstilt ovanfor oss kristne, sjølv om dei er usamde og meiner vi tek feil. Og det er sjølvsagt noko heilt anna. Eg er også usamd med andre og meiner dei tek feil, for eksempel evolusjonistar og neodarwinistar, utan at eg dermed, på nokon som helst måte, kjem til å hevde at dei manglar hjerne.

No er eg lærar, og fagfeltet mitt er først og fremst pedagogikk. Eg underviser i blant anna matematikk og naturfag, utan at eg dermed kan påberope meg nokon som helst ekspertkompetanse innan faga. Det er ikkje så veldig avanserte ting vi driv med i ungdomsskulen, sjølv om det er vanskeleg nok for tenåringane (Som difor treng oss pedagogar). Likevel har eg kunnskap om ein god del modellar som har vist seg å fungere når ein skal forklare verda. Slik som drivhuseffekten, atommodellar, periodesystemet, Newtons lover, Keplers lover, vasskrinslaupet, tyngdekrafta, fusjon, fisjon, massenergilova osv. Vi veit faktisk mykje om korleis verda fungerer, om ikkje alt.

Og då sit eg her og gjer meg opp nokre tankar (sic!) og spørsmålsstillingar. For det første tenkjer eg på vitskapen si historie, og kor ofte ein har måtta korrigere det ein tidlegare trudde. Nye hypoteser og teoriar har teke over for gamle, ganske enkelt fordi dei viste seg å vere betre. For eksempel då dei fann ut at jorda går rundt sola og ikkje omvendt, og dei gamle vitskaplege tesene måtte endrast. Vi har ingen garanti for at det same ikkje vil skje igjen, og då særleg når det gjeld eit felt som ligg så til dei grader i mørket som det universet si forhistorie gjer.

For det andre gjeld det termodynamikken si første og andre lov: Energi kan ikkje oppstå eller bli borte, berre gå over i nye former. Jorda får heile tida tilført ny energi frå sola. Det er dei grøne plantene som hovudsakleg tek opp energien, og derifrå går den over i nye former. For kvar nye overgong, mistar energien kvalitet. Den vert stadig mindre nyttig for oss. Mykje går tapt i lys, varme og rørsler som vert absorberte av den mykje større jordkloden. (For eksempel kan du akkurat no trampe tusen gonger i golvet. Du vert garantert sliten = du brukar mykje energi. Men etterpå, kor er rørsleenergien blitt av? Det meste er absorbert av jorda, du har blitt varm pluss at golvet kanskje har blitt umerkeleg litt varmare.) Så kan vi tenkje oss ei jord utan organisk liv. Berre mineral, metall, gassar og vatn. Kva skal fange opp energien, og vidareføre den? Steinane vert varme, vatnet også, men denne varmeenergien kan då umogleg overførast til molekyl som vert tilskunda å kople seg saman til faste strukturar? Kroppen vår treng nemleg heile tida tilførsel av energi, sjølv dei minste cellene, og vi er heilt avhengig av biologisk liv, grøne plantar, for å få tak i energien. Med min enkle hjerne vil dette vesle resonnementet bunne ut i: Dei påståtte første urcellene kunne umogleg oppstå, rett og slett på grunn av energimangel! (Men no er eg på tynn is, for det kan jo hende at forskarar har funne ut at dette faktisk er mogleg, sjølv om det verkar imot naturlovene)

Og når eg først er inne på naturlovene: Legg ein del aminosyrer, mineral, feittmolekyl, pittelitt metall, oksygen og litt andre utvalte stoff oppi eit kar med vatn, og la det stå i sollys så lenge som mogleg, helst eit par milliardar år. Kor stor er sjansen for at stoffa koplar seg saman til noko logisk, velfungerande og organisk? Noko som held saman, kan formeire seg, ta til seg næring, kvitte seg med avfallstoff, reagere på endringar i omgjevnadane osv. Eg har eit forslag til kor sannsynleg det er. Her er talet, sjå godt på det (kanskje dukkar det opp i naturfagbøker om hundre år?): 1 til 228 748 550 000 000 044 884 477 233 333 938 336 353 736 374 488 575 646 474 838 383 833 333 388 374 711 102 928 38 387 444 747 474 746 464 636 363 738 484 848 383 737 373 799 552 776 839 647 294 370 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 003. Sannsynlegvis er sjansen endå mindre, men det var så mange tal eg gadd skrive klarte å rekne ut.

Med tanke på kor lovmessig naturen er, kor logisk og velfungerande og ikkje minst tilpassa og strukturert, er det neste eit under (ja, eg trur på under!) at nokon får seg til å tru at det kan oppstå tilfeldig. Ei av lovene, javel. Ei av lovene kunne kanskje oppstått av seg sjølv (ikkje at eg trur det, altså, eg prøver berre å gå litt i møte) og denne regelmessige hendinga vart verande som ein del av naturen. Men får ein organisk liv, eller planetbaner og fusjonsprosessar ut av ei enkelt naturlov? Neppe. Ein må ha samarbeid, interaksjon, tilpassing, struktur, lovar og reglar og styring på eit plan hinsides mi fatteevne. Kroppen er det beste eksempelet på det. Det vert ikkje nokon velfungerande kropp ved ein einaste tilfeldig nerveimpuls. Maskineriet er så velfungerande og godt komponert, at det umogleg kan vere noko anna enn ein Gud bak, ein Gud som har plotta informasjon, bygd opp og sett alt i system.

Alt anna vert rett og slett for usannsynleg.


Så kan Dawkins og andre latterleggjere det å tru på Gud, og kalle det "trøyst" eller overtru. "Motbevise" Guds eksistens (Det er enkelt: Det er berre å seie at det ikkje finst noko metafysisk, så er den saka grei... hehe) Dei kan seie kva dei vil, det kan uansett ikkje rokke mi tru, mi naturvitskapleg baserte logiske tru, på at Gud finst. (Det kan heller ikkje rokke ved mi tru på den bibelske Gud, eller Jesus og hans frelse eller Den Heilage Ande, men den trua er basert meir på erfaring og kjennskap, enn på naturvitskapleg logikk)

Det som imidlertid er litt leit, er at mange av dei ateistiske evolusjonistane ved ordbruken sin stengjer ute dei fleste kristne frå debatten om naturhistoria. Både ved å bruke hersketeknikk, latterleggjering eller rett og slett ved å nekte kristne lærarar tilgong til høgskular og universitet (Ja, eg har faktisk høyrt om tilfeller av dette, utruleg nok)

Det er liksom ikkje heilt akseptert å stå i eit naturvitskapleg auditorium og hevde at det står ein intelligent Gud bak det heile. Men å hevde at ting kan bli til av seg sjølv, derimot...


fredag 21. september 2012

12 veker

I eit grenseland
Mellom dei som har rett
Og dei som ikkje har rett
Til liv
Frå samfunnet si side

Hos oss
Har du alltid hatt retten på di side
12 veker – ei grense
Men ikkje for deg
Vesle ven







Eit personleg dikt i dag. Skrive til ein splitter ny, rykande fersk verdsborgar, som nett no sprellar rundt og lever livet i fuktige, varme og trygge omgjevnader. Hjartet hans slår, og hjarta mitt har fått endå ein grunn til å slå!

onsdag 19. september 2012

Reklame for Levande Vatn

Tenk deg at du går i eit ørkenlandskap. Kor du enn snur deg, er det sand. Framfor deg, bak deg, til alle sider. Berre sand og atter sand. Og over deg er himmelen blå, og sola brenn på kroppen din. Det er 40 grader i lufta, du har ingen stad å finne skugge. Likevel, det verste av alt er tørsten. Halsen din er heilt tørr. Det er fleire timar sidan du smakte vatn sist, og du kjenner at mismotet og håpløysa held på å ta overhand. Likevel klarar du å slepe beina dine over ein sandtopp til. Og ein til. Og endå ein. Og DÅ! Då får du sjå ein oase i ørkensanden!  Tre som står og strekkjer seg mot himmelen, og nesten ropar mot deg: Her er det vatn! Her er det skugge! Kroppen din får ny energi ved synet. Krefter du ikkje ante at du hadde, dukkar opp og nærast let deg fly over ørkensanden.


Grunnen er enkel: Du har eit mål. Du veit at der er utfriing frå den pina du har vore i, berre litt lenger framme. Og til slutt kan du leggje deg på kne ved ein liten dam, og slokke tørsten. Du kan setje deg i skuggen av trea, og kjenne at kroppen endeleg får kvile og ny energi. Tenk så herleg!

Men no skal eg seie deg noko som er litt merkeleg. Ein del menneske, som går slik i ørkenen og manglar vatn og håp, dei nektar å tru at det dei ser er sant. Dei legg heller om kursen og styrer utanom oasen. Kanskje av frykt for at det skal vere ein illusjon, eit fata morgana. Kanskje veit dei ikkje at det er vatn og skugge der det er tre?

Dette er sjølvsagt eit bilde på noko anna. Eg skal forklare kva eg meiner etter at vi har sett litt på denne teikneserieruta:


Tenk kor lenge dei har måtte sitte der! Lite mat, steikande sol, berre fisk å ete og hav så langt ein kan sjå. I den eine retninga.  Hadde dei sett seg rundt, så hadde livet den siste tida vore heilt annleis. Men dei gløymte å sjå bak seg. Kanskje var dei så opptekne av å overleve, at dei gløymte det ut.

Mange menneske i dag lever med eit sakn inni seg. Kanskje er det redsel for døden. Kanskje er det einsemd, eller håplause. Kanskje ein føler at livet er meiningslaust, at ein ikkje har noko å leve for. Kanskje har ein lytta for mykje på folk som hevdar at livet er tilfeldig, og at etterpå kjem det ingenting.

Mange av desse har ein oase rett ved seg, men som dei unngår så godt dei kan. I staden set ein på skylappar, og prøver å karre seg gjennom livet så godt ein kan. Og oasen, den ligg på hylla og ropar:

Read me! Les meg! Støvlaget vert tjukkare ettersom åra går, men orda som vil møte ein viss ein opnar og les, er like levande no som før! Eg har alltid undra meg over vassflaskene på butikken, at dei er datostempla. Vatn som truleg har lege i grunnvatnet i mange, mange år. Og etter at det kjem på flaske, er det ikkje godt meir enn eit år eller to…  I Bibelen finn vi det levande vatnet, og tru meg: Det vil aldri gå ut på dato. Same kor lenge Bibelen har lege i ro, vil ordet, viss ein les det, vere like friskt og livgjevande endå.

Alt ein treng å gjere for å få tilgang til det levande vatnet, er…




… å opne Bibelen! Då vi gjekk i ørkenen i stad,  tørste og leie, og såg oasen i det fjerne, var alt vi måtte gjere for å få vatn… å gå dit! Vatnet var der, uavhengig av om vi kom eller ikkje. Men skulle vi få av det, måtte vi gå dit. Det var den einaste løysinga.

Det finst mange Biblar i Noreg. Dei fleste heimar har ein eller fleire liggjande eller ståande i bokhylla. Alt du treng gjere for å få del i ordet, er å opne boka og forsyne deg!

Det er nok mange som ikkje heilt ser poenget med akkurat det. Ein har det bra som ein har det. Ein treng ikkje hjelp av ein Gud som ein ikkje ein gong trur finst. Dei vel ein annan veg, utanom oasen. Og går dermed glipp av noko stort!

Det står i Bibelen, i Salme 34,9: “Smak og sjå at Herren er god!” 


Akkurat som trea i ein oase vitnar om at der er frisk vatn i nærleiken, vitnar Bibelen og Guds ord om at der er håp og frelse å få tak i for alle. Der er noko meir i livet, noko som det er verdt å stoppe opp for og sjå på. Smake på. Kjenne etter: Kva er dette for noko? Kva betyr det for meg?

Mange vil då få seg ei stor overrasking. Bibelen er som regel heilt annleis enn det dei som ikkje les den trur. Ein vil finne ut at Jesus er ikkje berre ein flanellograffigur frå søndagsskulen, eller ein bønneautomat som nokon ber til og trur at han gjer alt dei ber om, eller at Gud er uforsonleg og hard, og ute etter å spreie mest mogleg mismot og kjedelege dagar for føtene på tilhengjarane sine. Du vil oppdage at Gud er heilt annleis.

Du vil oppdage at Gud er god.

Du vil oppdage at Gud er glad i deg.

Du vil oppdage at Gud har skapt deg, og ser på deg som den mest verdifulle perla av dei alle. Faktisk samanliknar Gud seg sjølv med ein mann som oppdagar den flottaste perla av alle. Han spring av stad og sel alt han eig, tek med seg pengane til kjøpmannen og kan springe lukkeleg av stad som eigar av perla.


I Bibelen møter vi ein Gud som er villig til å ofre alt, til og med sitt eige liv, for å få komme nær deg, for å få vise deg nåde og gje deg meining i livet.

Det finst ein oase i ørkenen. Det finst fastland og menneske på den andre sida av den øde øya. Der finst ein Gud som gjerne vil vise deg sin kjærleik. Det er berre å opne opp boka, og lese kjærleiksbrevet frå Gud til deg. Ikkje la boka ligge og støve ned. Les den, og smak at Gud er god!


(Andakt eg heldt på bedehusbasar i Erfjord i kveld. Og viss nokon lurar på kva som var inspirasjonen til andakten, var det dette oppslaget i Dagen for ei veke sidan:

lørdag 15. september 2012

Berre ein ting att


Når alle løfter er brotne
Og alle draumar er knust
Når håpet er trakka
sønder og saman
Gnisten er borte
Livslysten bleikna
Alt ditt eige
Er mista

Då står det berre ein ting att
Noko som aldri
kan takast ifrå deg

Guds kjærleik