onsdag 3. juli 2013

Musikkhistorie del 10: Petra

Petra var ei rockegruppe som låg og spøkte i kulissane gjennom heile ungdomsstida mi. Eg hadde ikkje høyrt noko særleg på dei, og det ante meg at musikken var litt hardare enn det eg likte nett då. Det første møtet med gruppa hadde eg på ferie hos farmor og farfar på Helgeland. Der møtte vi  tanter og onklar og søskenbarn, og ein sommar tidleg på 90-talet hadde to av søskenbarna mine med seg plata (eller meir truleg: kassetten...) "Wake up call." Eg var nysgjerrig på kva det var for noko, men kom aldri så langt at eg høyrte musikken.

Medan eg gjekk på vidaregåande, gav dei ut denne plata:


Eg hadde høyrt litt på den førre Petra Praise plata ("The rock cries out") saman med klassekameratar, og bestemte meg for å kjøpe dennne nye. Det vart altså min første Petra-CD, og eg kom på bana litt seint i karrieren deira... Sidan dei starta tidleg på 70-talet, og la opp i 2006, var mesteparten av stordomstida deira over då eg fekk øyrene opp for dei.

Dette har likevel ikkje vore noko hinder for å bli glad i musikken, og med internettenester som Spotify, er det jo mogleg å høyre så mykje som ein berre vil. I dag dukkar Petra, og også songar frå  soloplatene til John Schlitt og John Elefante, stadig opp i spelelistene mine. Seinaste bidrag i så måte er plata "On my way to the sun" av John Elefante. Her er tittellåta, og min foreløpige favoritt:


Og her min favorittsong frå Petra sin katalog: "Grave robber". Denne innspelinga er ganske ny, frå 2011, sjølv om songen først vart gitt ut på 80-talet. Det er den første vokalisten i Petra, Greg X Volz, som syng, i eit band dei har valt å kalle for Classic Petra. Her er fleire av dei artistane som var med i den første tida til Petra med og spelar:


Fleire Petrasongar:

Eit reint hjarte