søndag 30. august 2015

Murbyggjaren



det er berre eitt sett teikningar
berre ein målestokk –

og byggjaren har planert og bygd
ein grunnmur
etter nøyaktig oppskrift
-
Ja visst er der piratkopiar ute og går,
ja visst er det nokon som byggjer i hast
eller panikk
eller berre i manglande kjennskap
til det som alt er

for når regnet strøymer og stormen uler
og sola brenn i sin hete
smuldrar byggverka opp,
alt ligg tilbake som grus og skrap

og berre eitt står att,
berre ein grunnmur held
og kan bere
konstruksjonane
til eit heilt liv



1 Kor 3,11: For ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus.
 

søndag 23. august 2015

Tomme hender




eg sit her på benken
og tørstar, eg svelt –

ropar etter smular, ber
om eit ord til mitt urolege hjarte

ein bodskap om forsoning,
noko som kan halde meg oppe

ei livline i mine indre stormar
eit anker å halde på

eller i det minste eit skilt, ei pil
som viser vegen mot målet –

men alt eg får
er tomme ord, jag etter vind

og dei same luftboblene
fylte av substanslause hjartekaloriar

-

eg rekk fram mine tomme hender
ropar i fortviling:
gje meg korset – gje meg håp!



Luk 12, 42-43:  Herren svara: «Kven er den trufaste og kloke hushaldaren, den som herren set over tenestefolket sitt så han skal gje dei mat i rette tid? Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake!

søndag 16. august 2015

Konkret




-Guds rike-
det diffuse, uhandterlege
ordet

som ei tåke mellom linjene,
som vegar utan vegmerking

og der, rett ved meg
i all mi forvirring
står du sjølv

ein levande kropp
pusten som varmar
handa som strekk seg mot meg

for så konkret er du, Gud
så nær
i det kvardagslege –

at alle dei religiøse lenkene
dett av, og verda bleiknar
mot kjærleiken frå auga dine 




Luk 8, 1-3:  I tida som no kom, drog Jesus omkring og forkynte i byar og landsbyar og bar fram den gode bodskapen om Guds rike. Dei tolv var med han, og nokre kvinner som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar. Det var Maria med tilnamnet Magdalena, som sju vonde ånder hadde fare ut av, Johanna, som var gift med Kusa, ein forvaltar hos Herodes, og Susanna og mange andre. Med alt det dei eigde, tente dei Jesus og dei tolv.

søndag 9. august 2015

Slave i fridom


eg er slave
under det som skulle gjere meg fri

bunden
av mitt eige fridomsbrev

sett i lenker
og held endå nøkkelen sjølv –

den brenn i handa
og alt eg vil, alt eg lengtar etter

er å gje den frå meg,
la deg føre meg ut

til fridomen du kjøpte
til meg



Mark 2, 27: Og Jesus sa til dei: «Sabbaten vart til for mennesket og ikkje mennesket for sabbaten.