lørdag 18. januar 2014

torsdag 16. januar 2014

Til vinteren kom

Direkte inspirert av Job kapittel 6; Eit dikt om sviktande venskap:


mandag 13. januar 2014

Løfte blikket

Eit dikt inspirert av to personar i 1. Mos. 4 og 5: Kain, som senka blikket i sinne og lot synda føre han av garde på galne vegar. Henok, som får eit av dei beste vitnemåla eit menneske kan få: Han vandra med Gud.


Ynskjer deg ei god veke - med lyfta blikk!

søndag 5. januar 2014

Topp ti album 2013

Dei ti albuma eg har høyrt aller mest på i 2013, i tilfeldig rekkefølgje:

Andy Mineo: "Heroes for sale". Herleg rap med gode tekstar!


Eksempel:



Audio Adrenaline: "Kings & Queens". Kevin Max er ny vokalist, så det høyres ut som ein fusjon mellom gamle Audio Adrenaline og DC Talk. Og den mixen er ikkje så dum!


Eksempel:



I am empire: "Anchors". Hardtslåande rock med djupe tekstar.


Eksempel:



Jars of clay: "Inland". Det er alltid eit høgdepunkt når Jars of clay kjem med nye album. Heller ikkje dette skuffa!


Eksempel:



John Elefante: "On my way to the sun". Årets sommarplate for min del. Stod permanent i cd-spelaren i bilen eit par månadar...


Eksempel:



Matt Maher: "All the people said amen". Lovsang. Gode tekstar. Gode melodiar. Ei god plate.


Eksempel:



Philippa Hanna: "Through the woods". Roleg pop, med djupe og fine tekstar. Melodisk og flott musikk!


Eksempel:



Plumb: "Need you now". Rå pop/rock, med tvers gjennom livsnære og ærlege tekstar. Fin plate å synge til på dagar som er sure, grå og triste, og ein føler at verda er ein ugrei plass å vere. Gjerne på full hals. Viss ein er aleine i bilen...


Eksempel:



Salvador: "Make some noise". Ei plate ein kan høyre på dagar som er det motsette av triste og grå. Glad, latinoinspirert rock.


Eksempel:



The O.C. Supertones: "For the glory". Etter ein del år frå kvarandre, har Supertones endeleg funne saman att og laga ei super plate! Glad skarock.


Eksempel:

torsdag 2. januar 2014

Gode leseopplevingar i 2013

Også 2013 har vore eit år med mange gode leseopplevingar. Det er vanskeleg å velje kva som er dei aller beste, for det er så mange eg gjerne skulle hatt med. Eg har likevel klart å eliminere meg ned til ti stykker... Så dette er dei aller beste frå 2013, nemnt i den rekkefølgja eg har lese dei:

Joyce Carol Oates: "Graverens datter"

Ein murstein av ei bok, med suveren forteljeteknikk og ei historie som reiv meg med heilt frå starten. Her er karakterar som provoserar meg og irriterar meg, og her er personar og hendingar som er gledelege og skaper ny optimisme. Frykt er eit grunntema i boka, og den indre spenninga er til tider enorm. I tillegg skjer det ein del hårreisande ting, som på ei side er med på å drive forteljinga framover, men på ei anna side er nesten ei belastning å lese.



Lars Amund Vaage: "Syngja"

Lars Amund Vaage har ein poetisk og god måte å skrive på, og teiknar i boka Syngja eit fint bilete av dottera, som har autisme. Han skildrar samtidig sitt eige liv, og utleverer seg sjølv i stort monn. Ei tvers gjennom ærleg og vakker bok!

Bokmelding i Aftenposten her.
 Michael Ondaatje: "Kattens bord"

Heilt sidan eg såg filmen "Den engelske pasienten" har eg vore fanga av Ondaatje sin måte å fortelje på. Han skriv intenst og godt, og teiknar nære bilete av karakterane sine. Som lesar vert eg riven med i handlinga, og det kjennest nesten ut som eg er med i forteljinga sjølv - at eg står om bord i den svære båten og observerar på nært hald det som skjer.

Har du ikkje lese Ondaatje før, er dette ein god start!
Leif Enger: "Ned til elva"

I denne boka er det først og fremst språket som er det fascinerande. Den gode måten å fortelje på, og korleis historia vert driven framover på ein elegant og lett måte. I tillegg er forteljinga spennande, og har eit par gode overraskingar undervegs.
Elif Shafak: "Ære"

Ein av dei tinga eg set aller mest pris på når eg les bøker, er det å få kunnskap om andre menneske, andre kulturar og andre måtar å tenkje på. Gjennom bøker kan ein rett og slett lære meir om verda!

Boka Ære er ei slik forteljing. Shafak teiknar eit nært bilete av ein storfamilie, og gjennom ulike synsvinklar vert vi presentert for stadig fleire bitar i puslespelet. Vi får sjå det som skjer gjennom auga til fleire ulike personar, og først på slutten går det opp for oss lesarar kva som eigentleg skjer. Slike bøker likar eg!
Sunniva Relling Berg: "Beina i gitaren"

Eg les ein del ungdomsbøker i løpet av året, og dette er ei av dei beste. Eit vakkert og poetisk språk, og ei svært aktuell og spennande forteljing. Rett og slett ei god bok!
Fredrik Backman: "En mann ved navn Ove"

Då eg begynte å lese boka vart eg med det første litt skuffa. Den verka rett og slett litt anstrengt. Eg hadde høyrt at den skulle vere morsom, men humoren traff meg ikkje heilt. Alt verka så overfladisk og overdrive.

Ganske snart vart eg meir kjent med Ove, og eg forstod kva denne boka eigentleg handlar om. Og den er slett ikkje overfladisk, snarare tvert om. Den handlar om det å eksistere, om sorg, sakn og meininga med livet.

Gjennom retrospektive forteljingar får vi vite heile livshistorien til Ove, og gjennom desse forteljingane forstår vi stadig meir av kvifor han handlar som han gjer. Eg kjente, etterkvart som eg las, at eg var riktig glad i Ove, og eg fekk sympati med sjølv hans mest snurrige innfall. Og eg kjente at eg vart glad i naboane tvers over vegen, som våga å blande seg inn. Blande seg svært mykje inn...

Wislawa Szymborska: "Livet er den eneste måten"

Trass i det faktum at eg les mykje lyrikk, har eg aldri før valt ut ei diktbok til ti-på-topp-listene mine. Men det gjer eg altså i år, for dette er ei svært god samling med dikt!

Szymborska har vunne nobelprisen i litteratur, og eg forstår kvifor når eg les desse tekstane. Ho har ein svært naturleg og livsnær måte å skrive på, og set ord på kvardagshendingar og tankar som dukkar opp i alle moglege situasjonar.

Eg koste meg gjennom denne boka!
Brynjulf Jung Tjønn: "Så vakker du er"

Ein annan prisvinnar som hamnar på lista mi, er denne vakre ungdomsboka. Tjønn skriv ei historie med døden (eller det å leve?) som den viktigaste ingrediensen. Onkelen til hovudpersonen skal dø, og samtidig som han visnar vekk, er nevøen forelska og kjenner seg meir levande enn nokon gong. Dette skaper ein fin kontrast i boka, og sorga får eit svært så menneskeleg bakteppe. For døden passar aldri inn, og livet går alltid vidare for dei som er rundt.

Språket er poetisk og fint, og boka riv deg med som i ein straum av tankar og kjensler.

Bør lesast!
Jonas Jonasson: "Analfabeten som kunne regne"

Når eg les Jonasson si bok, må eg berre tenkje: Korleis klarar han å få det til... Så utruleg mange snodige og underlege episodar, vanvittige dialogar og merkelege hendingar som riv deg, og hovudpersonane, med i forteljinga.

Først og fremst er Jonasson ekspert på å lage eit persongalleri med rare karakterar. Alle som ein har dei eitt eller anna snodig for seg, og det er her det geniale i boka ligg: forfattaren har klart å tillegge personane så merkelege tankar og måtar å møte livet på - alt frå det ultragjerrige ekteparet som ikkje brukar eit øre for mykje, atomforskaren som eigentleg ikkje har peiling på kva han driv med, ein tvillingbror som aldri vert registrert i noko register, og dermed ikkje finst, ein analfabet som er knallgod til å rekne og lære seg nye språk... osv.

Eg kan garantere at du ikkje klarar å gjette kor historia ender opp når du les dei første sidene i denne boka!

Det var eit utval bøker frå 2013. No er eg spent på kva 2014 har med seg av gode leseopplevingar!