torsdag 29. november 2012

Hobbiten

Eller: "Der og tilbake..." Eg reknar med det er fleire enn meg som ser fram til filmen om Bilbo Lommelun og hans reise til Ensomfjellet saman med tretten dvergar. Målet er å vinne tilbake dvergane sin tapte skatt, som no vert vakta av ein farleg drake.


Eg las boka "Hobbiten" etter å ha sett filmane i "Ringenes herre"-trilogien. Ved å lese boka, fekk eg kasta lys over ganske mange ting i Ringenes herre-bøkene som elles gjekk meg hus forbi. Blant anna får vi vite korleis Bilbo får tak i "Den eine ringen", den som Frodo må øydeleggje i "Ringenes herre". Det er ei selsom historie, og Bilbo reddar seg ut av situasjonen med ein del kløkt og ein stor porsjon flaks.

Vidare får vi fylje dei reisande gjennom fleire andre farer. Dei må blant anna gjennom Myrkskog, og det er ikkje den mest behagelege skogen ein kan ferdast i.

Dei treff også på troll og orkar, og må komme seg unna skogsalvar som tek Bilbo til fange.

I det store og heile er det ei svært spennande historie, vel verdt å setje seg inn i. Høgdepunktet er naturlegvis det som skjer rundt Ensomfjellet: kampen mot dragen Smaug og det store Femhærersslaget, men også resten av boka er spennande, til dels humoristisk og ikkje minst fengslande lesing

Eg driv ikkje akkurat aktiv nedtelling, men eg er meg bevisst på at premieren er 12. desember... Så må eg berre krysse fingrane og håpe eg får anledning til å sjå den!



lørdag 24. november 2012

Ein ledig stol - for deg!

 Då vakna alle brudejentene og stelte lampene sine.   Og dei uforstandige sa til dei kloke: ‘Gjev oss litt olje. Lampene våre sloknar.’   ‘Nei’, svara dei kloke, ‘vi har ikkje nok både til oss og til dykk. Gå heller til dei som sel olje, og kjøp sjølve.’
     Medan dei var borte for å kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet, og døra vart stengd.  Ei stund etter kom dei andre brudejentene og sa: ‘Herre, herre, lat opp for oss!’  Men han svara: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Eg kjenner dykk ikkje.’
     Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen
.(Matt 25, 1-13)
 

Alle dei ti brudejentene tok oljelampene sine og gjekk ut. Alle ti venta. Og venta. Det drygde før brudgomen kom, så alle ti sovna. Dei visste at brudgomen skulle komme, men ventetida vart for lang, augene for tunge, kroppen for trøytt. Venting vart gløymt, lamper vart gløymt, søvnen inntok dei ventande. Fem av dei sovnar klare til å ta i mot brudgomen når han plutseleg dukkar opp. Dei fem andre, dei som ikkje tok med seg olje, er ikkje klare i det heile, men dei sovnar like godt. Dei har lamper utan innhald, men tek ikkje si dårlege stilling på alvor.

Det er mange som i dag ‘søv’ utan å vere klare til å møte frelsaren når han kjem attende. Kanskje har ein det ytre i orden. Lever skikkelege liv, gjer gode gjerningar, får ros og oppbacking og fine ord. Alle seier at om nokon skulle fortene Himmelen, så må det vere dei… Problemet er berre at det ikkje går an å gjere seg fortent til Himmelen. Det er ikkje kleda, fasaden, dei gode handlingane som sikrar ein billett til det evige bryllaupet hos Gud. Brudgomen ser ikkje på dei fine lampene. Utan oljen som kan brenne og lyse opp, er lampene verdilause. Gud ser ikkje på det ytre. Han ser på hjarteforholdet vårt, og det er berre trua og tilliten til Jesu død og oppstode som kan tilfredsstille han.

Då brudgomen kom, vart dei fem brudejentene med olje på lampene med inn til festen. Dørene vart stengte, og festen starta, medan dei fem siste var ute for å oppdrive olje. Til slutt kom dei til porten og banka på, altfor seine, men får likevel snakk med brudgomen. Dei ber han late opp for seg.

Brudgomen svarte at han ikkje kjente dei. Dette er litt merkeleg, for han må jo unekteleg ha vore med på å førebu bryllaupet og plukke ut brudejentene. Likevel får dei dette harde svaret. Grunnen trur eg vi kan finne når vi tolkar historia som ein allegori på Jesu gjenkomst og det evige livet i Guds rike. Det kan ikkje stå tomme stolar i Himmelen. Der skal ikkje vere sorg, og heller ikkje sakn. Alle menneske er innbedne til festen, men når Jesus har kome att, og historia på jorda er slutt, står der ingen tomme stolar som kan minne dei frelste på alle dei som ikkje er der. Difor svarar brudgomen at han ikkje kjenner dei. Det er ikkje lenger noko minne om dei som ikkje har kome.

Dette kan verke både hardt og brutalt, om det enn er logisk. Likevel, du som les dette: Din stol står fortsatt ledig i Himmelen. Du er fortsatt venta til bryllaupet! Du misser ikkje plassen, før den dagen du ikkje lenger har sjansen til å vende om og gripe tak i Jesu nåde. Det er den dagen du ikkje lenger er blant oss på jorda. For så lenge det er liv i deg, står Jesus med utstrakte hender og ventar på at du skal komme til Han og ta i bruk din stol ved bryllaupsbordet. Ikkje la den sjansen gå frå deg!

(Tekst skrive til Suldalsposten; helgetankar, i dagens avis. Illustrasjonar henta frå: www.orthodox.net og www.believersjourney.blogspot.no)

fredag 23. november 2012

Israel vs Gaza

Dette blogginnlegget er først og fremst til min gode kollegakamerat Eskil, som, har det vist seg, har eit noko anna syn på konflikta mellom Israel og Gaza/Hamas enn det eg sjølv har. Og det er sjølvsagt heilt ok for meg, eg likar å få diskutere litt!

I dag dukka denne karrikaturstripa opp på facebookveggen min:

... og slikt kan ein jo ikkje la stå ukommentert! (Og sidan eg treng litt meir plass enn det ein gjennomsnittleg facebookbrukar gidd å lese, skriv eg heller her...)

Eg kommenterer i punkt...:

1) I rute 1 til 3 sender Israel mengder med fly og rakettar over Gaza, og så kjem det, ganske så uskuldig, ein pitteliten rakett tilbake. Det er god karrikatur for å formidle det eg forstår er teiknaren sin agenda, men ganske dårleg som skildring av dei faktiske forhold. Spørsmålet er: Kvifor bombar Israel på Gaza? Er det fordi dei ynskjer å okkupere landstripa, fordi dei hatar palestinarar eller fordi dei er eit spesielt krigshissande folk? Nei. Eg trur i botn og grunn at Israel har null interesse av Gaza. For ein del år sidan tvang dei til og med sine eigne folk, israelarar som var busette på Gaza, til å flytte innanfor grensene av Israel. (Av ein eller annan grunn tåler nemleg ikkje palestinarar at det bur andre folkegrupper på deira jord.) Etter det slutta Israel sine interesser for Gaza. Hadde Hamas latt vere å sende rakettar mot Israel, er eg ganske sikker på at det heller ikkje hadde kome bomber andre vegen.

2) Dei siste tolv åra (sidan 2001) har det blitt skote over 12 000 (TOLV TUSEN!) rakettar frå palestinsk område inn over Israel. Det er med andre ord ikkje snakk om ein ussel pinglerakett mot eit regn av bomber andre vegen. Så kan ein spørje: Kvifor er det då så mange fleire døde palestinarar enn israelarar? Her er i alle fall litt av grunnen: Den israelske staten har brukt milliardar av dollar for å utvikle rakettskjoldet Iron Dome, som dei brukar til å skyte ned rakettar som vert sendt mot tettbygde strøk. Dermed vil dei fleste av desse ikkje nå fram. For det andre har dei eit godt utvikla registreringssystem, som varslar om kommande rakettar så pass tidleg at folk rekk å komme seg i bomberom før den slår ned. Israel brukar store midler for å beskytte den sivile befolkninga. Hamas, på si side, har plassert fleire av rakettrampene sine på sjukehus, skular og i tettbygde strøk. Hadde Israel reagert spontant og bomba alle dei stadene Hamas skyt rakettar frå, hadde det gått med utruleg fleire menneskeliv enn det som er tilfelle i dag. For Hamas er det å kunne vise til sivile drepte eit godt propagandamål. Litt forskjell på Israel og Hamas, ja.

3) Den såkalla blokkaden av Gaza er også eit poeng her. Det heile vert litt merkeleg for oss som fyl litt med også i utanlandske aviser, og andre kjelder enn norske journalistar. Vi veit at det dagleg går trailerlass på trailerlass med varer inn på Gaza. Lasta vert kontrollert, sjølvsagt. Eit kvart ansvarleg land ville gjort det same, særleg når dei veit at dei som styrer er svært interesserte i våpen, og då våpen som skal brukast mot nabolandet. Men alt som er vanlege forbruksvarer går gjennom. Kva bruker palestinarane då smuglartunellane til, hovudsakleg? Ein del vanlege varer vert nok smugla inn, i tillegg til teknologi (Det er ikkje lenge sidan media meldte at butikkar på Gaza solgte den nye iPhonen, og i god tid før den var i salg i Israel!) Likevel trur eg nok at våpensmugling er ein stor grunn til tunellane, og det viser då også den enorme evnen til å produsere våpen, trass i dei grundige grensekontrollane. Ein kan ikkje bygge 12 000 rakettar av sand og salami.

4) Kanskje det viktigaste punktet: No må ingen tru at eg ikkje har sympati med palestinarane. For det har eg! Problematikken med 1948, då mange måtte flykte frå eigne heimar, er ikkje enkel. Det er heller ikkje enkelt å vite kor dårleg flyktningane vart tekne imot av Jordan, som den gongen var ein ganske fersk, palestinsk stat. Jordan brukte, heilt bevisst, flyktningane som ei brikke i spelet for å svekke Israel. Dei internerte dei i eigne, kummerlige leirar, også dei som ynskte å starte nye liv i landet. Dermed vart dei buande i leirar, og mange gjer det den dag i dag.

Eg har også sympati med palestinarane på grunn av den utsette posisjonen leiarane deira har sett dei i. Dei vert utsett for propaganda på skulane, der mange lærer å hate Israel, og Hamas brukar dei, som tidlegare skrive, som levande skjold i kampen mot Israel. Eg trur dei aller fleste i bunn og grunn er fredelege menneske som ynskjer å leve i fred med familiane sine.

5) Eg meiner ikkje at den isralske staten er feilfri eller skuldfri. Dei må bere sin del av skulda, og ansvaret for å skape fred. Men enn så lenge er det eitt pittelite land, omgitt av folk som ikkje er så overbegeistra for at dei er der. Det er leiarane sin rett, og absolutte plikt, å verne om sine eigne innbyggjarar. Eg veit i alle fall: Hadde eg budd på ein stad der eg måtte leve i konstant frykt for potensielle rakettar frå eit uberekneleg nabofolk, hadde eg krevd at styresmaktene gjorde noko.

Aller helst framforhandle fred, viss det hadde vore mogleg.

Vel, det var nokre av dei tankane eg har om denne konflikta. Eg har endå fleire enn desse også, så eg tek gjerne imot saklege innvendingar og kommentarar!

mandag 19. november 2012

Engasjert tale


1
Eg har vore i Afrika, karar
og eg veit,
de tenkjer: Afrika?
Naud, svolt, håplause
tørre dagar
Men høyr: eg har sett
ja, møtt
kunnskap, optimisme
framtidstru
og ser: dei er ikkje så ulike oss
                                                europearar
Det er håp for Afrika, karar!

2
Eg har vore i Europa, karar
og eg veit
de tenkjer: Europa?
Egoisme, fedme, tomme
pengejagande dagar
Men høyr: eg har sett
ja, møtt
kjærleik, omsorg
gavmilde menneske
og ser: dei er ikkje så ulike oss
                                                afrikanarar
Det er håp for Europa, karar!


Og som ein siste kommentar, tek eg med denne artige videoen eg fekk tips om i dagens VL:


søndag 11. november 2012

Ikkje alt er underhaldning

I avisa Vårt Land (link til artikkel) les eg at psykolog Gry Stålsett åtvarar mot å sjå filmen "Eksorsisten i det 21. århundre." Dette er ei åtvaring eg kan forstå, for ikkje alle har godt av å sjå ein slik film. Så det er ikkje åtvaringa eg stussar over i denne saka, men at det vert laga ein film der ein viser eksorsisme i praksis.

Det har tidlegare blitt laga underhaldningsfilmar med eksorsisme som tema. Eit enkelt eksempel å leite fram her, er skrekkfilmen "Exorcisten." I desse filmane vert den religiøse handlinga eksorsisme omgjort til noko fryktsamt og abnormt, og noko dei fleste kinobesøkande ikkje har forutsetningar for å kunne skilje frå røyndomen. Eksorsismen på film vert det same som handlinga eksorsisme, og ein vil då reise bust når ein høyrer at dette er noko som vert gjort i den katolske kyrkja.

For oss som er oppfostra på bedehuset, og har sett vår del av lysbildeseriar frå misjonsmarka, veit at eksorsisme er mykje vanlegare i land med religiøse kulturar prega av djeveldyrking og demontilbeding. Det er ein andeleg realitet som er ganske fjern frå oss i Noreg, og som er vanskelege for oss å forstå.

Av den grunn kan eg ikkje forstå kvifor dette skal bli gjort til underhaldning, eller kvifor katolske riter skal visast fram på film. Ikkje alt her i verda er underhaldning, og eksorsisme er så til dei grader langt unna underhaldning.

No må ingen misforstå, og tru at eg meiner vi ikkje skal snakke om tema, eller la vere å setje spørsmålsteikn ved ritual og skikkar som verkar framande. Spørsmål og søkelys er viktig, men det må gjerast på ein skikkeleg måte, og av personar som veit kva det handlar om. Hvermannsen kan ikkje bedømme om det som vert gjort i katolske riter er bra eller dårleg. I alle fall ikkje ein Hvermannsen som ikkje trur på Gud eller har erfart åndskampen på kroppen.

I same kategori kjem intime scener i underhaldningsfillmar. Dette er jo ei heilt anna sak, men også for slikt skulle det vore sett opp eit privat-skilt. Andre menneske sitt sexliv burde ikkje ha vore av interesse for nokon andre, og burde ikkje blitt fritt eksponert på kinolerret eller tv-skjermar. I det ein filmar sex til offentleg visning, har ein teke bort noko av det mest fundamentale med handlinga: Det nære og intime møtet mellom to personar. Sex er privat, men kan det vere privat viss millionar i publikum ser på?

Og ungdomen, den frå før av usikre ungdomen, kva skal dei tenkje? Eg har høyrt mange merkelege og malplasserte spørsmål og kommentarar frå mine år i skulen. Samtalar mellom elevar i friminutta, eller slengkommentarar og frekke vitsar. Eg fangar opp ein sterk mangel på kunnskap om kva sex er, kombinert med djup kunnskap om korleis sex kan sjå ut og vert vist fram i media. Og den kombinasjonen er ikkje alltid like heldig. Vi foreldre, lærarar og vaksne generelt har ei viktig rolle i det å formidle dei andre dimensjonane ved seksualiteten: Intimitet, tillit, kjærleik, fellesskap og truskap. Pornoindustrien kan ikkje, og vil ikkje, formidle noko av dette. Det blir litt slik:


(I det du har lest, som jo er vitsen med skilt, har du brote det som står der)
Sex på film har skinn av intimitet, men i det du ser det, er det ikkje lenger intimt og privat...

Så kjære filmindustri: Ikkje lag underhaldning av ting som vi ikkje kan forstå eller ikkje har noko med å sjå!

fredag 9. november 2012

Musikkhistorie del 8: Worship!

Kva er betre enn lovsang på norsk? Lovsang på engelsk! I alle fall for ein 15-åring; no er det helst omvendt. Eg er veldig glad i lovsong, sjølv om eg gjerne definerer sjangeren litt vidare enn den plar. For meg er ikkje lovsong ein musikksjanger. Alle sjangrar kan brukast til å lovsynge Gud, både viser, salmar, bedehussongar, klassisk musikk, pop, country, rock, raggae, soul osv. Det er ikkje musikken som avgrensar lovsongen, men hjartet til den som skriv teksten og framfører songen! For slike som meg, som er glade i lovsong, og samtidig er mest glade i rap/hip-hop, rock og pop, er det godt at det finst veldig mange artistar som brukar desse sjangrane til å ære Gud.

Kjærleiken min til lovsong begynte innanfor det som ofte går som "lovsongssjangeren". Keith Green og hans blanding av pop og lovsong, og ikkje minst kassettserien "The worship leaders," der eg fekk kjennskap til mange spennande lovsangsleiarar frå kyrkjelydar, og då særleg frå England. Ian White, Kevin Prosch, Graham Kendrick og ikkje minst desse to, som var mine absolutte favorittar:


Andy Park og Dave Bilbrough. Hadde eg fått ei krone for kvar gong eg har høyrt gjennom desse kassettane, hadde eg hatt ... ganske mange kroner...

På kassetten "I saw heaven", er det ein del stilig instrumentering. Eit par røffe songar, og ikkje minst inderlege songar om Gud og det han har gjort for oss. Favoritten min heitte "Philippians 2", der teksten er henta direkte frå nettopp filipparbrevet. Andy Park har fortsett å lage songar, og ein av hans mest populære songar heiter "Wonder Working God":


Dave Bilbrough hadde ein heilt annan stil på sine songar. Kassetten på bildet over var veldig keltisk inspirert, og veldig kjekk å høyre på. Utruleg flott musikk, etter mi meining! Og like viktig, sidan det er lovsang det er snakk om, tekstar som oppløfter Gud og minner oss på alt det gode Han gjer for oss!

Ein av dei songane eg likte veldig godt på den tida, er ein song som heiter "I am a new creation." Slik er den:


Viss du vil lytte meir til desse artistane, er her eit par speleliste frå Spotify:






tirsdag 6. november 2012

Verdivalet

Det er mange ting som undrar meg når det gjeld USA, både når det gjeld meiningar enkeltpersonar kan ha og når det gjeld korleis store veljargrupper meiner landet best kan styrast. Ideologien som pregar landet, er på mange måtar fjern frå mitt norske hovud. For eksempel har eg lenge undra meg over dei sosiale forskjellane, ikkje at dei er der, men at dei i så stor grad er godtekne av mange amerikanarar. Det er mykje "kvar mann for seg"-tenking ute og går, særleg i den republikanske leiren, men også hos demokratane.

Ein ting som eg har vore oppteken av i årets valkamp, og fått med meg ein del meiningar om, er korleis pro-life-grupper argumenterer for å få folk til å stemme på Romney. Argumentasjonen dreier seg rundt Obama sitt syn på fri abort, som kolliderer med mange veljarar sitt verdisyn. Og eg er slett ikkje ueinig med dei, for dette er eit tema eg er veldig oppteken av sjølv, og som eg gjerne skulle sett at leiaren i det mektige landet hadde handtert annleis.

Likevel forundrar deg meg at anti-abort-gruppene heller vil ha Romney, for han er ikkje akkurat nokon pro-life mann han heller. Viss vi ser på kva han tenkjer om sosial støtte, og synet hans på dødsstraff, så får eg som pro-life-tilhengjar bakoversveis.

Etter mitt syn handlar pro-life også om dei som allereie er fødde. Det er like galt å drepe ein kriminell, som det er å drepe eit foster. Det er like galt å la menneske leve under uverdige forhold, la dei bli gjeldsslavar på grunn av helseproblem og la folk gå utan gode helsetilbod, fordi dei ikkje har råd, som det er galt å gjere livet vanskeleg for  ufødde barn.

Pro-life handlar om heile livet, frå livet startar ni månadar før fødsel, og til ein døyr. Alt i mellom der handlar om livet, og skal ein vere ekte pro-life, må ein verne om dei fødde også.

Dermed står vi tilbake med to kandidatar som er like ille og like gode, kvar på sitt felt. Amerikanarane står altså ovanfor eit val mellom to "onder" (i pro-life-samanheng), og må velje den dei meiner kan gjere livet betre for flest. Eg er ikkje i tvil om kven eg sjølv ville valt, sjølv om eg gremmast over synet på ufødt liv.

Heldigvis er ikkje dette eit val eg treng å ta...