søndag 26. april 2015

Møte det nye

vi kjente ei rørsle i bakken
ei svak rumling
frå noko ukjent

såg kvarandre i auga,
såg tvilen som vaks
bak vide pupillar

        kunne det vere
        at det er
        noko meir, noko usett -

        for auga er ikkje mette
        ikkje endå, på langt nær
        og opne for erkjenningar

        kanskje er det
        at noko nytt, umerkeleg
        veks i den skrinne hjarterota -

og vi stogga, slo leir
venta med tomme hender,
klare til å møte det nye


søndag 19. april 2015

Utanom porten

«Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje går inn til saueflokken gjennom porten, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene.

Joh 10, 1-2


Utanom porten

eg såg ein ulv
i gjetarkleda,
han klatra over
ein skyhøg mur
han gjekk forsiktig
på sikre føter
og landa stille
i doggvått gras

eg høyrde stemma
frå grunne vatn,
den lova fred
til kvar minste sau
han tala roleg
med fjørlett stemme
og lulla heile
sin flokk i søvn

eg såg ein port
og ein annan gjetar
han stod og kalla
på sine får
eg tenkte, skund dykk
gå ut av snara
før ulven et dykk
med hud og hår -


søndag 12. april 2015

Har du noko val

ja, kva gjer du -
når det vert teikna ein mur
framfor auga dine
og han seier
denne muren må du klatre

- og det vert teikna eit hav
framfor auga dine
og han seier
dette havet må du symje

og så, når det vert teikna eit tornekratt
framfor auga dine
og han seier
det er dette som er vegen du må gå

kva ord skal du då bruke,
kor skal du vel rette blikket

når det vert teikna eit kors
framfor auga dine
og han seier
dette korset må du bere, til sist
skal det verte din død -

kva seier du då,
har du noko val -

når det vert teikna ei hand
framfor auga dine
og han seier
desse skal bere deg, heile vegen -





Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.» Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!»

Joh 21, 18-19 


mandag 6. april 2015

Tomas 2.

eg er Tomas den andre
med auge som aldri får sjå
og hender som aldri får ro

eg er den som går over slettene
kjenner kveldsvindane stryke
så lett så lett - og veit

at det usynlege, umerkelege
er der, og at det ukjennelege
likevel står der, fastare enn fjell

for eg er Tomas den andre
i fotspor som passar til mine
på vegar eg ikkje har valt -


Medan dei snakka om dette, stod Jesus sjølv midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» Dei vart forfærde og redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg. Men han sa til dei: «Kvifor er de så urolege, og kvifor vaknar tvilen i hjarta dykkar? Sjå hendene og føtene mine. Det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.» 

Luk 24, 36-39

søndag 5. april 2015

For den fortapte

flakke rundt i vilska
etter ein stad å kvile foten,
søke etter ly for regnet
eit tak å krype under -

symje over fjorddjupet
i redsle - det botnlause mørket
trugar med evig gløymsle
eit magnetisk drag - i fornufta

for finst det vel redning
for den fortapte
finst det vel håp
for den håplause

finst det vel fast grunn
for den som ikkje ein gong trur
at slikt noko kan finnast,
enn seie - for seg

og så dukkar det likevel opp
som frå tomme lufta
- eller, frå fjordmørket
og lyftar den druknande opp i lyset

lyftar og lyftar
dit sola skin, kleda kan tørke,
lungene fyllast med luft
og fornufta kan fyllast - med håp!


Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!

Matt 28, 5-6

lørdag 4. april 2015

Ingenting

tankane, virvelvindane
gjennom sinnet

fyk som lange trådar gjennom lufta
dansar seg veg over verda

og samlar seg, går saman
til ein dirrande wire

landar, som tore
bak ein stein, i ei grav, hos ein død

og derifrå, som damp
alt går i oppløysing

ingenting festar seg, ingenting
heng lenger saman

for det er håpet som ligg der
episenteret for alle draumar

og alt dei kan gjere -
ingenting, eit fortvila, håplaust

ingenting






Då sabbaten var til ende, kjøpte Maria Magdalena og Maria, mor til Jakob, og Salome angande olje, for dei ville gå og salva han.

Mark 16, 1

fredag 3. april 2015

Tyngda i å vite

Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget. Då seier Jesus til dei: «I natt kjem de alle til å falla ifrå og venda dykk bort frå meg. For det står skrive:
           Eg skal slå gjetaren,
           og sauene skal spreiast.


Matt 26, 30-31 


Tyngda i å vite

ein ting, å leve i uvissa
ein annan, å leve i vissa -

og valet, ja, valet
er enkelt
for tåka ligg tjukk over verda
og lysa er få

liten er kunnskapn
stor er børa
større er viljen
til å late att auga -

for ein ting er tåka
ein annan er augelokka,
dei tunge vaktarane
av alt vi har kjært
- så tankelaust, så tomt -

ein ting er oss
ein annan er han
som står der med opne auge
og ser gjennom tåka

og ser og ser og ser
og likevel vågar å sjå -

vågar å bere børa
av det å vite

torsdag 2. april 2015

Siste gong

der er ein siste gong
for alle ting,
ei tid for avslutning
oppbrot og konklusjonar

der er ein siste gong
for det som var,
eit punktum i forteljinga
der alle ting tar slutt

der er ein siste gong
for dikt og songar
ein siste tone
på livets instrument

der er ein siste gong
for fellesskap
- samtidig; siste gong
er alltid første gong, for noko anna -


Då tida kom, gjekk Jesus til bords og apostlane med han. Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida. For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta påskemåltidet før det har vorte fullenda i Guds rike.» Så tok han eit beger, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» Så tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Dette er min kropp, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir utrent for dykk.»

Luk 22, 14-20