søndag 25. november 2018

Vak i denne natta




det kjem ei natt
då auga vil gli att
og søvnen kjem listande
som ein fiende, ei tåke, ein hypnotisør
utan eigen vilje

og eg vil prøve å kjempe imot
men bukke under for presset

då, Herre, då
meir enn nokon gong før
treng eg di kraft til å kjempe        ein kamp
mot tida, mot verda, mot     
            meg sjølv        først og fremst

for du kjenner meg
du har sett inn i mine inste lengslar
og veit at eg        trur
og lengtar etter å møte morgongryet
vaken, ståande        på kne        framfor deg

og du kjenner den sviktande meg
å, kor eg fryktar        det svikande hjartet
at eg ikkje skal halde mål –

Herre, vekk meg, støtt meg, hjelp meg
i møte med denne natta
for eg er redd



 


Matt 25,13: Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.

søndag 18. november 2018

Bli sett




det er nok Herre
å vite        at du ser meg
sjølv om ikkje eg ser deg

frå eg vart fødd
har eg vore blind
mitt andelege auge er tåkete
og stumt

det livet som lever i hjartet
er det du som held liv i,
den trua som boblar i blodet
er det du som held oppe

mine avgrensa tankar
og retningslause ord
hadde vore støv i vinden
aske på sjøen
om ikkje du        og einast du
hadde kome og sett
og omslutta ein blind som meg
med kjærleik




Joh 9,1: Då Jesus kom gåande, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd.

 

søndag 11. november 2018

Magnetauge




auga dine
er magnetar        sitrande
av millionar watts styrke

mine        har så svake felt
at dei berre så vidt reagerer

men hjartet veit
hjartet forstår        og lengtar
etter blikket som kan bore seg inn
og dra meg til seg

ei handsrekking frå ein som       ser
djupare inn
enn der min eigen forstand kan nå

ser        og handlar




Matt 14,29-31: «Kom!» sa Jesus. Peter steig ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus. Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!» Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Du lite truande – kvifor tvila du?»