søndag 30. desember 2018

Sjå frelsa






å sjå det usynlege
og vite
at det er i dette redninga ligg;
eit forsvarslaust barn
            som eig æva
er sjølve skaparane av universet
og ein myndig lærar,
            opphavet til all visdom

og redninga er ikkje eit hærtog
men ein sundslegen kropp
såra, knust, gjort til ingenting        han
som hadde makt til å velje annleis

og eg ser dette usynlege
og eg ser denne sigerskongen i auga
kvar gong eg fell på kne
over ein open Bibel
kviskrar        her er eg, Herre
eg trur, hjelp meg i mi vantru –







Luk 2,30: For mine auge har sett di frelse

torsdag 27. desember 2018

Inger Bråtveit: Dette er også vatn

Det handlar om å skrive, om å vere mor, kone, dotter. Det handlar om å halde seg flytande. På sin sedvanleg poetiske måte tek Inger Bråtveit oss endå ein gong inn i sitt univers, og i denne boka har alle dei ulike innfallsvinklane og forteljingane ei felles ramme: Vatn. Om det er å svømme i havet eller bade i eit basseng, vere ute i regnet eller stå under ein enorm demning, sitte i ein ubåt på havets botn eller lære dottera å svømme. Alltid er vatnet der, både som metafor og som konkret ingrediens i forteljingane.

Forfattaren tek utgangspunkt i eige liv og eigne erfaringar, men også i historiske hendingar. Forteljingane vert aldri interne, sjølv om ho skriv mykje om sin eigen familie og sitt eige liv. Måten ho gjer det på viser inn til noko større og djupare, noko me som les kan kjenne oss att i.

Inger Bråtveit gjer god bruk av litterære kjelder, og siterer eit breidt spekter av forfattarar. Ho har leita fram mange gode avsnitt som passar inn i hennar eigen tekst, og gir ekstra djupne til forteljinga. Den gode blandinga av eigne tankar, forteljingar, sitat og historiske hendingar har noko essayistisk over seg, samtidig som forteljinga hentar element frå både novella, dokumentaren og lyrikken. Språket flyt lett - som vatn - og tek oss med gjennom stadig nye svingningar og straumar, og kjem somme tider tilbake til historiar og bilder me har vore innom tidlegare.

Særleg gripande finn eg kapittelet der ho tek for seg ubåten Kursk, som sank nord for Murmansk i år 2000. I godt over ei veke levde familiane i håpet om at mannskapet skulle bergast, men for kvar dag som gjekk smuldra håpet meir og meir opp. Bråtveit tek oss med i møte med dei etterlatte, og ho tek oss med inn i ubåten, der ein av dei døde talar til oss gjennom ei helsing han skreiv og forsegla like før dei gjekk tom for luft. Det er ei sterk og sår forteljing.

Boka "Dette er også vatn" er velskriven og variert, og det er spennande å bli med på Inger Bråtveit si reise. Ingenting er forutsigbart, men alt er vakkert og poetisk, og vel verdt tida det tek å lese!

Namnet over alle




Matt 1,21: Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.

søndag 16. desember 2018

Bevis




du seier
bevis       vis at det er noko meir –
eg seier
kjenn på vinden
kor han bøyer trea

bevis?
eg kan berre kviskre
det hjartet mitt ser:
            at brikkene flyttar seg
            fell på plass
            ei etter ei
i livet mitt

for Anden pustar sin vind
gjennom mitt indre
bøyer hjarte, tankar, vilje, sjel
nærare Han som er opphavet
til alle ting

bles bort alt det svarte –
eg har ikkje bevis
men eg har det nye livet
som spirar mot Himmelen       trass alt




Joh 5,36: Men eg har ei vitneutsegn som er sterkare enn den Johannes gav: dei gjerningane Far har gjeve meg å fullføra. Og det er desse gjerningane eg gjer, som vitnar om at Far har sendt meg.

søndag 9. desember 2018

Eit lys bak horisonten




det som ventar
som ein skinande skatt
der framme

det me lengtar etter
i søvnlause netter;
i dagar under åket

det du kviskrar til hjarta våre
når verda rasar saman
og ordet er alt me har att –

det – berre det – kan vere
eit ankerfeste
for gleda i djupet av hjartet




Joh 16,22b: No er de fylte av sorg, men eg skal sjå dykk att, og hjartet dykkar skal gleda seg, og den gleda skal ingen ta ifrå dykk.