søndag 28. mai 2017

Så kjem trua av orda






Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. (Joh 15, 26)
 

fredag 26. mai 2017

Jon Fosse: Det er Ales

Signe saknar mannen sin, som forsvann på sjøen for over tjue år sidan. Kvardagen går med på å vente og minnast, og etter kvart som dagane går dukkar stadig fleire av dei tidlegare bebuarane på garden opp. Vi møter Ales, tippoldemora, og son hennar, Kristoffer. Vi møter Kristoffer som vaksen mann, kona hans og sonen Asle. Vi møter også bestemora, som kjem heim frå handletur. Alle desse personane går om kvarandre på garden, og Signe ligg i benken og ser seg sjølv utanfrå.

Alt dette gjer dette til ei ganske samansett historie, og synsvinkelen skiftar stadig mellom Signe og mannen hennar. Sorga og saknet vert tydeleg, og bandet til resten av slekta er viktig.

Jon Fosse får også fram det delte forholdet til fjorden. Asle, som er kalla opp etter oldefarbroren som drukna, likar eigentleg ikkje å vere på fjorden. Likevel er han ute i båt kvar dag, dregen mot vatnet og fjorden.

Skrivestilen er svært gjenkjenneleg, med mange gjentakingar og svært få punktum. Historia vert driven vidare av stadig nye element som kjem inn i forteljinga, og til slutt sit vi att med ei heil slektssoge!

torsdag 25. mai 2017

At han kom


Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han først hadde stige ned til det aller lågaste, til jorda? (Ef 4, 9)

 

onsdag 24. mai 2017

Pedro Carmona-Alvarez: Bergen ungdomsteater


Pedro Carmona-Alvarez har fram til no vore ein ukjent forfattar for min del, men det er vel nesten obligatorisk for ein leseglad suldøl å kikke litt nærare på forfattarskapet.

Den siste boka, «Bergen ungdomsteater», kom ut i fjor, og er ein frittståande oppfølgjar til romanen «Og været skiftet og det ble sommar og så videre» som kom ut i 2012. Eg har ikkje lese den første boka, men «Bergen ungdomsteater» fungerte heilt fint for seg sjølv.

Vi blir kjent med hovudpersonane Marita, Andreas og Johannes, som veks opp i Bergen på 80-talet. Familiebakgrunnane deira er svært ulike, men dei kan likevel finne felles referansepunkt – både i familiære erfaringar og felles interesser. Synsvinkelen skiftar i dei ulike kapitla, så vi får historia fortalt gjennom auga til alle dei tre ungdomane.

Boka gir eit innblikk i ungdomsmiljøet som var på den tida, og kva saker dei var opptekne av. Boka har også med nokre historiske hendingar som kan hjelpe lesaren til å setje forteljinga inn i riktig tid. Dette gjeld særleg den siste delen av boka.

Historia er svært realistisk fortalt, og forfattaren skriv ein ærleg tekst om det å vere ungdom. Ingenting vert glatta over. Det er heile vegen det psykologiske, indre spelet som driv forteljinga vidare, og både ytre handling, skildringar og dialogar er med på å bygge opp under den indre spenninga. Tema som kjærleik og familietruskap er sentrale, men det viktigaste temaet er, slik eg ser det, jakta på eigen identitet. Ungdomane prøver å finne sin plass i verda, og møter dette prosjektet på ulike måtar.

Skrivestilen minner meg om Edvard Hoem sine tidlege bøker, og litt om Lars Saabye-Christensen sin skrivestil. Språket og dialogane flyt lett av garde, og det er enkelt å få med seg det som skjer.


lørdag 20. mai 2017

Framtida og no






For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. (Jer 29, 11)
 

fredag 19. mai 2017

Eka Kurniawan: Skjønnhet er et sår

Kurniawan kjem her med eit friskt, litterært pust. Den indonesiske forfattaren har ein skrivestil som er både humoristisk, sår og brutal på same tida, og han legg ingenting mellom når han skildrar skuggesidene i menneskenaturen.

Boka startar med at den tidlegare prostituerte Dewi Ayu står opp frå grava etter å ha vore død i 21 år. Ho kjem for å ordne opp i familieproblema.

Vidare tek boka oss med på ei mangslungen og kronglete reise i forhistoria til Dewi Ayu og barna hennar. Vi møter den for lenge sidan avdøde ektemannen, vi møter svigerbarn, barnebarn, vener og fiendar. Alt saman er sydd elegant saman til ei historie som fangar lesaren og dreg ein stadig lenger inn mot kjernen av forteljinga. I siste kapittel er det som forfattaren zoomar litt ut, og viser fram heile bildet på ein gong. Først då forstår ein korleis dei ulike forteljingane heng saman, og kvifor Dewi Ayu har teke dei vala ho har gjort.

"Skjønnhet er et sår" gir eit innblikk i Indonesisk kultur og historie, men har samtidig mange trekk frå eventyrsjangeren, med overnaturlege innslag. Det er ikkje utan grunn at skrivestilen vert kalla for magisk realisme. Tema som svik, overgrep og kjærleikssorg er sentrale, og slik eg tolkar romanen, har forfattaren ein del klare bodskap å komme med. Eka Kurniawan serverer ein god dose filosofi iblanda fiksjonen, og her er mange ting ein kan tolke og fundere på medan ein les!

På grunn av eit noko valdeleg og seksualisert innhald, passar nok boka best for vaksne, modne lesarar.


lørdag 13. mai 2017

onsdag 10. mai 2017

Bøker lest: April 2017






Våren er alltid ei travel tid, då er det godt å kunne koble av litt med ei bok i ny og ne! Denne månaden var bokvala ganske så varierte:

1) Ingunn Røyset: Brevet frå krigen

Ei flott, illustrert bok med handling frå 2. verdskrigen, og korleis denne krigen påverka dagleglivet i Noreg. Les meir her.

2) Harald Rosenløw Eeg: Yatzy

Boka har vore høgtlesingsbok i klassen min denne vinteren, og er ei flott bok om fosterguten Daggi, som prøver å tilpasse seg ein ny familie, samtidig som han har ei tung bør av dårleg samvit for tidlegare hendingar på skuldrene sine.

3) Meg Rosoff: Det jeg vet om deg

Fin ungdomsbok, der hovudpersonen Mila har ein ekstraordinær evne til å tolke andre menneske sine ord og reaksjonar. Les meir her.

4) Lars Mæhle: "Harry og Ivar finn opp krutet" og "Harry og Ivar i Junaited Statesen"

Høgtlesingsbøker for jentene om kveldane. Utruleg festlege bøker!

5) Randall Munroe: What if?

I denne boka finn du svar på ei rekke snodige spørsmål om verda og korleis den heng i hop. Forfattaren, Randall Munroe, jobba tidlegare for Nasa, men starta opp ei nettside der han gir seriøse vitskaplege svar på absurde situasjonar og hendingar. Mange av svara han har gitt på denne nettsida er samla i denne boka, og du kan finne vitskaplege svar på spørsmål som:
- Kva ville skjedd viss jorda plutseleg stoppa å snurre, men atmosfæren fortsatt i same tempo?
- Kva ville skjedd viss du hadde i klinkekule med same massetettleik som ei nøytronstjerne?
- Kor fort ville hava blitt tomme, viss det vart oppretta eit sluk der hava er på det djupaste, og dette sluket var 10 meter i diameter?
- Kva om du plutseleg begynte å stige oppover med ein fart på 1 meter i sekundet. Kva skjer med kroppen då?
Og så vidare. Her er utruleg mange absurde situasjonar presenterte, og Munroe gir seriøse, matematiske og lærerike svar! Du kan besøke nettsida hans her: xkcd.com.

6) Thorvald Steen: Det usynlige biblioteket

Historisk roman om dei siste dagane i Aleksander den stores liv. Les meir her.

7) Erna Osland: Vaken? Ei godnattbok om dyr som ikkje søv om natta

Flott ny faktafiksjonsbok for born. Les meir her.

8) Jon Ewo: Jenta i veikanten

Kort fantasybok berekna for born. Hovudpersonen møter ei mystisk jente i vegkanten, og vert med henne heim til familien hennar. Etterkvart anar han at det er ugler i mosen, men då er det kanskje for seint... Bortsett frå eit par unødvendig skremmande teikningar mot slutten av boka (og som gjer at sarte barn absolutt bør vere litt forsiktige med å lese denne), er det ei interessant bok.

lørdag 6. mai 2017

Gleda i det å gløyme



det handlar om å stå rakrygga
tole at der finst noko
du aldri får sjå att

noko tapt

noko du mista,
eit tomrom i hjartet

og tomrommet pregar deg
og alt du gjer
annleis enn før

men tomrommet
er berre eit skal,
det som var inni er vekke
og du veit det er bra

veit det er meir enn bra,
veit det er det aller beste som
kunne skjedd deg





Fil 3, 13b-14: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor, og jagar fram mot målet, mot den sigersprisen som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.

mandag 1. mai 2017

Marte Michelet: Den største forbrytelsen

Marte Michelet har med denne boka skrive eit intenst og nært bilde av eit av dei mørkaste kapitla i norsk historie; korleis jødane vart utestengt frå Norge heilt fram til midten av 1800-talet, kvifor mange jødar kom flyttande til Norge på starten av 1900-talet, korleis dei vart behandla og omtala i tida fram mot 2. verdskrigen og ikkje minst korleis livet under tysk okkupasjon arta seg. Det heile kulminerar med deportasjonane i november 1942 og februar 1943.

Michelet tek utgangspunkt i éin jødisk familie: Familien Braude. Forteljinga startar med ekteparet Sara og Benzel som reiser frå heimbyane i Litauen i 1911. Dei slår seg ned Oslo, der dei får ei dotter og tre søner. Ein av desse sønene er boksaren Charles Braude.

Vi vert også kjent med Stian Bech jr. som vaks opp på vestkanten i Oslo. Han melder seg som frontkjempar for nazistane, og er blant anna med på nedslaktinga av jødar i kjølvatnet av den tyske hæren på frammarsj i Sovjetunionen i 1941.

Gjennom auga til desse personane teiknar forfattaren eit detaljert bilete av jødane sitt liv i Norge i desse åra, og det er ei både grusom og pinlig forteljing. Det er eigentleg ikkje så rart at norsk myndigheter ikkje lyfta fram denne sida av krigen i Norge i ettertid. Norsk politi, norske byråkratar og svært mange heilt vanlege kvardagsmenneske i landet vårt kjem særs dårleg ut av forteljinga. Antisemittismen var synleg i Norge lenge før nazistane kom, og det er umogleg å leggje all skulda for denne uhyrlege forbrytelsen over på dei tyske leiarane aleine.

Forfattaren har gjort grundig arbeid med boka, og har sett saman bitar frå svært mange ulike kjelder. Sjølv om boka er trist lesing, er den vel verdt å bruke tid på. Det er brukt eit lett tilgjengeleg språk, og boka kan kanskje hjelpe lesaren til å vurdere sine eigne haldningar og ordbruk i møte med "framande" menneske.