lørdag 30. juli 2011

Å skape godt debattklima

Det er viktig i eit demokrati at alle meiningar blir høyrde og tekne seriøst. Alle innbyggjarane i eit demokrati (folkestyre) skal få vere med og bestemme korleis landet skal bli styrt. Dette skjer ved å ha ein aktiv debatt, at alle meiningar får komme fram, alle stemmer blir høyrde og alle argument blir lagt på bordet. Vidare er det ein grunnleggjande rett for meiningsmotstandarar å få komme med sine motargument.

Etter bomba i Oslo og massakren på Utøya trur eg dei fleste er innstilte på å tenkje gjennom eigen retorikk og måtar å leggje fram sine synspunkt på. Eit eksempel på dette er Ole Jørgen Anfindsen, ein sterk kritiker av innvandringspolitikken, som lovar å endre måten han debatterar på. (VL-artikkel) Dette er eit godt teikn, for det har vore mykje hatsk og lite konstruktiv argumentasjon kring den norske innvandringspolitikken, og det er ikkje alltid at alle stemmer har blitt tekne like seriøst. Eg trur at ved ei endring i ordbruk, vil debatten bli mykje meir konstruktiv

Også den andre sida, vi som meinar at det er positivt at Noreg tek imot innvandrarar, må tenkje gjennom vår retorikk. Er orda vi brukar fremjande for demokratiet? Er måten vi argumenterer på inkluderande og legg den til rette for eit godt debattklima?

Skal det vere kjekt å spele sjakk, må begge sider følgje spelereglane...

fredag 29. juli 2011

2-lags menneske

Å vere kristen er om lag som å bestå av to lag, nett som dopapir. Eit litt merkeleg bilde kanskje, men likevel kan det ligge ein fin andakt sjølv i dei merkelegaste ting. Dette bildet kom til meg medan eg stod og studerte ein pakke dopapir... "2-lags" stod det utanpå pakken. Til forskjell frå eitt lags. Når ein trekk ut papiret, heng dei to laga saman, og ein tenkjer sjeldan over at det består av nettopp to lag.

Som kristen har eg to ulike lag. Det første laget, det nederste og mest grunnleggjande, er det som i Bibelen vert skildra som "det gamle" mennesket. Slik eg var då eg vart fødd, og slik eg fortsatt er. Fødd med arva til menneskeslekta, på godt og vondt. Ein syndar, og eit menneske med evner og annlegg. Det første laget er meg i meg sjølv.

Det andre laget, det øverste laget, er "det nye" mennesket. Jesus har gitt meg eit nytt liv, eg er gjenfødd. Det nye mennesket er utan synd og skuld. Det er slik eg er i Guds auger, han ser berre det øverste laget av dopapiret. Mine medmennesker, som er på jorda saman med meg, ser helst undersida av papiret, altså det gamle mennesket.

I utgangspunktet er det kanskje ikkje så lett å få auge på det øverste laget for mine medmennesker, men eg ynskjer at det skal skinne gjennom, at det nederste laget skal bli tynnare og tynnare, og det øverste laget bli tydelegare. Eg ynskjer at det er det nye mennesket som skal vere synleg for verda.

Også Paulus tenkte på dette forholdet (og det er kanskje difor eg tenkjer på det, sidan eg har lest tankane til Paulus?) Han seier det slik, i Rom 7, 22-23: "Mitt indre menneske seier med glede ja til Guds lov. Men i lemene mine kan eg sjå ei anna lov. Ho ligg i strid med lova i mitt sinn og gjer meg til fange under syndelova, som er i lemene."

Eit litt anna bilde, men det handlar om det same. Eg er eit 2-lags menneske. Takk og lov. Og takk og lov for at Gud berre ser det øverste laget, så lenge eg set mi lit til Jesus!

tirsdag 26. juli 2011

Rettsstaten

Eg har lese ein del ulike innlegg rundt den komande rettssaka mot terroristen Anders Behring Breivik, både i aviser og på facebook. Meininga er delte når det gjeld ynskjet om straff. Nokre få har kome med ynskje om dødsstraff, noko som ikkje har blitt praktisert i Noreg sidan 2. verdskrigen. Andre ynskjer å utvide strafferammene, slik at domsutmålinga står i forhold til forbrytinga. Dei hevdar at ein reell livstidsdom vil vere på sin plass, altså ein dom som ikkje gir mogelegheit for lauslating i det heile. Eg har også lest argument for domsutseiingar som liknar dei ein kan lese frå amerikanske rettssalar, noko den dur som 76 gonger 21 år. Altså ein livstidsdom per drap.

I Vårt Land i dag kan vi lese at politiadvokat Christian Hatlo hevdar siktinga kan bli utvida til brotsverk mot menneskeheita, med ei strafferamme på 30 år. (Artikkel) Dette vil i så fall bli første gong at den nye paragrafen vert brukt i Noreg.

Uansett om denne paragrafen vert brukt eller ikkje, meiner eg det er viktig at vi følgjer norsk rettspraksis så tett som råd. Voldsverka til Breivik er uhyrlege, og denne saka manglar sidestykke i norsk moderne historie. Heldigvis, får eg vel tilføye då. Likevel bør vi møte angrep på det norske demokratiet med statsministeren kallar for "endå meir demokrati". Breivik må bli stilt for ein heilt vanleg norsk domstol, og få ein dom etter norsk lov.

Dødsstraff er ein barbarisk måte å utøve justis på. Å drepe den tiltalte vil vere det same som å senke seg ned på nivå med dei handlingar han står tiltalt for. Breivik er ein mordar, men det er ikkje det norske folk. Vi må framheve rettferdig og ein demokratisk rettsstat, og dei norske verdiane må komme i høgsetet. Drap er ikkje ein norsk verdi, det er noko vi vil unngå. Altså vil det å idømme Breivik dødsstraff vere eit brot med det norske verdigrunnlaget, og føre oss meir i den retninga som Breivik ynskjer. Og etter det eg har lest om hans meiningar, er ikkje det ei god retning.

Uansett korleis ein argumenterer og spekulerer, så er det lite vi kan påverke dette likevel. Heldigvis. Domstolane kjem til å fylgje norsk lov, Breivik kjem til å få ein rettferdig dom, og mest sannsynleg kjem han til å sitje bak murane resten av livet. Eg har stor tiltru til det norske rettsvesenet.


Breivik uttalte til advokaten sin i går, at han rekna med å bli skoten på veg til rettsalen (Aftenposten-artikkel) Så skjedde ikkje, og eg håpar det aldri skjer. Det er ikkje slik vi møter forbrytarar i Noreg. Kven som helst går ikkje rundt med våpen. Det er ikkje tradisjon for dette i Noreg, og det er eg glad for. Etter denne hendinga har eg fått augene endå meir opp for dei norske verdiane, og ein restriktiv våpenpolitikk er ei av dei sidene eg er svært glad for. Eg er også glad for utspela til leiarane våre dei siste dagane, der dei har lagt vekt på demokrati og fridom og rettferd, og lagt vinn på at hevn ikkje er vegen å gå. Breivik kjem ikkje til å bli skoten av ein nordmann, for nordmenn går ikkje rundt og skyt kvarandre, sjølv om han ser ut til å tru dette.

At mannen si forståing av verda er litt på sida av den vi andre har, viser også dei tankane som kjem fram mot slutten av artikkelen. Breivik trur det er vanleg med tortur i norske fengsel. Dette vitnar om manglande forståing for norsk rettspraksis.

Slik eg har forstått det, ut frå det eg har høyrt om det såkalla "manifestet" Breivik har skrive, har han tydelege forhåpningar til den komande rettssaka som ein talarstol for ideane sine. Eg er ikkje så redd for at han skal få framføre meiningane sine, det kjem berre til å avsløre han som ein forvirra og forvilla person. Skulle nokon bli inspirert av det han seier, må dei allereie vere temmeleg forvirra. Eg trur ikkje han klarar å overbevise vanlege fornuftige menneske om at det han meiner er lurt.

Mannen vil få sin dom, og den håpar og trur eg vert rettferdig.

mandag 25. juli 2011

Ulike vegval

Journalist Peter Svaar i NRK har skrive om sin tidlegare klassekamerat, Anders Behring Breivik, som no er tiltalt for bomba i Oslo sentrum, og massakren på Utøya fredag. Han skriv blant anna: "Av oss som grillet pølser den sommerkvelden i 1994 er det i dag to som er leger. En er marinbiolog. En er PR-rådgiver. Jeg ble journalist i NRK. Og Anders Behring Breivik ble massemorder." (NRK-artikkel)

Journalisten kjente Breivik som ein heilt vanleg gut, og vurderer han ikkje som gal eller forstyrra: "Tvert imot. Jeg sitter med et inntrykk av ham som iskaldt og intelligent beregnende." Og denne intelligente og målbevisste guten, står i dag tiltalt for 68 drap på Utøya (VL-artikkel) og 8 drap i Oslo sentrum (Aftenposten-artikkel). I tillegg har han skrive eit 1500 siders manifest, der han skildrar eit Europa på randen av destabilisering på grunn av kulturmarxisme og islamsk innvandring.

Så gale kan det altså gå for nokon.

Eg undrar meg på korleis det er mogeleg å gå så gale? Kva har skjedd i livet til Anders Breivik, som gjer at han står for slike ytterleggåande standpunkt og evner å gjennomføre slike grusome brotsverk? Kva har han lese? Kven har han snakka med og delt desse tankane med? Korleis kan ein intelligent person komme til å meine slike forskrudde og røyndomsfjerne ting?

I fjor haust las eg boka "16 år og Hitlers soldat". Denne boka fortel historia til den unge frontkjemparen Ivar Skarlo. Han var unge og ynskte seg eventyr og spenning, og meldte seg difor som soldat for Hitlers SS. Der fekk han opplæring som soldat, og sendt til austfronten. Han kjempa mot russarane, og var med på tilbaketoget mot slutten av krigen. Han vart såra, og det var vel truleg det som berga livet hans.

Skarlo var klar på det at valet var teke ut av eventyrlyst, og ikkje ut frå eit ideologisk standpunkt. Han kunne like godt havna blant gutta på skauen, viss det var dei som hadde "fanga" han først. Han angra valet ganske raskt, men då sat han allereie i klørne til SS. Broren hans ynskte også å verve seg, men Skarlo fråråda han det på det sterkaste. Ivar Skarlo fann ikkje eventyret han søkte, han fann berre ein grusom krig.

Ivar Skarlo var ein av fleire frontkjemparar. Ein av mange norske ungdomar som valte feil side under 2. verdskrigen.

Ronald Fangen har skrive ei interessant bok kring nett den same problemstillinga. Kva er det som gjer at nokon vel det eine, medan andre havnar på motsett veg? I boka "Ein lysets engel" blir vi kjent med to brør. Den eine blir motstandsmann og kjempar mot okkupasjonen. Den andre vel nazistane si side, og vervar seg som soldat for dei.

Begge har vakse opp i den same familien, fått same oppseding og same skulegong. Dei har altså det same utgangpunktet, likevel vel dei så ulikt.

I boka prøver forfattaren å finne svar på spørsmålet: Kvifor? Ei svært interessant, lærerik og tankevekkande bok!

No skal Anders Breivik for den norske domstolen. Der skal han forklare seg om kva han har gjort. Forhåpentlegvis får vi også svaret på ein del "Kvifor?". For dei er det mange av, i alle fall hos meg.

søndag 24. juli 2011

Drapsmann provosert av hat

Det har kome fram at mannen som er teken for bomba i regjeringskvartalet og drapa på Utøya var ein aktiv nettbrukar. Han deltok i fleire diskusjonsforum, og var blant anna aktiv på nettstaden document.no (VL-artikkel: Må leve med at han roste det vi skrev)

I seg sjølv er det ikkje så overraskande at ein nasjonalkonservativ kjem med høgreekstreme utsegner. Eg lar meg likevel overraske av noko av det han seier.

For det første bekymrar han seg over islamistar. Han seier at det ikkje har noko å seie at 80% av muslimane er moderate, for det trengs ikkje så mange personar til å styrte eit fly. Så herr Breivik frykta muslimsk terrorisme? Då var det godt han klarte å komme dei i forkjøpet då... Eg har heller aldri høyrt om terroranslag mot fengselsbygg, så han skulle vel ha det rimeleg trygt for islamsk terrorisme dei neste tiåra.

Han er også bekymra fordi kanskje så mange som 15-20% av norske muslimar støttar drap på homofile (Noko eg for øvrig stiller meg tvilande til). Ja, uffameg, dei vil drepe andre menneske! Og det å YNSKJE å drepe andre menneske, er sjølvsagt mykje verre enn å faktisk gjere det. Eg minner om Ibsen sine kjente ord frå Peer Gynt: "Ja, tænke det; ønske det; ville det med, - men gøre det! Nej; det skønner jeg ikke!" Vi kan vel slå fast, ut frå dette sitatet, at dei aller aller fleste muslimar er meir gyntske, altså norske, enn det Breivik sjølv er.

Breivik sidestiller også marxistar, nazistar og muslimar, og meinar dei alle står for hatideologiar. I seg sjølv er det heilt legitimt å distansere seg frå hat, det er det fleire av oss som gjer, og det er også mange som er forvirra kring andre ideologiar og kva dei står for. Det er slik forvirring som gjer at mange er redde for for eksempel muslimar, same kven det er snakk om. Det er likevel eit langt steg frå det å vere bekymra for hatideolgi, til det å gå til angrep, bombe og drepe dei ein er ueinig med. Breivik meinte at Abeiderpartiet og det dei står for er med å øydeleggje det norske samfunnet. Han var livredd "kulturmarxismen" og det multikulturelle, og hadde ein eller anna forskrudd tanke om at det å drepe "kulturmarxistar" ville gjere verda til ein betre stad. Forstå det den som vil.

Sjølv hevdar drapsmanne også at han er konservativ kristen, og gjerne kristen fundamentalist (Sjå blant anna denne artikkelen frå aftenposten) No er det svært lett å kalle seg kristen i Norge, eit land med statskyrkje og ein tusenår lang kristen kulturtradisjon. Over 80% vert døypte kvart år, og våre lover og samfunn er sterkt inspirert av kristent tankegods. For ein nasjonalkonservativ person er det då kanskje naturleg å tenkje at det å vere kristen er ein typisk vestleg ting. Kristendomen kan då stillast opp mot "dei andre", dei som kjem og "øydelegg den norske kulturen", for eksempel muslimar.

På fjernsynet fredag og laurdag såg eg svært mange kristelege handlingar, men dei vart ikkje utført av Breivik sjølv. Alle dei som viste omsorg, tok vare på offera, berga ungdom frå sjøen og på alle måtar ville hjelpe til, dei levde etter dei kristne prinsippa om kjærleik og omsorg, om å ta vare på medmenneska. Det er den sanne kristendomen sitt ansikt. Breivik sjølv handla ut frå antikristelege haldningar. I Bibelen kan vi lese, med klare ord, at Gud fordømer drap. Ondskap har ingen del i Guds rike, og onde handlingar har ingenting med kristendomen å gjere.

Det er nok av eksempel frå historia på at kristendomen og Bibelen har blitt misbrukt. Tenk berre på korstoga og alle dei bestialske drapa som vart utført av dei "kristne" på den tida. Tenk på nazistane, som ikkje gjekk av vegen for å ta Gud til inntekt for sitt forvridde menneskesyn. Tenk på alle som går med våpen i hand ut i krig og hevdar at Gud er "på deira side". Snakk om misbruk av ein kjærleg og rettferdig Gud!

Eg minner om Jesu eigne ord, frå bergpreika. Slik er sann kristendom:

"De har høyrt det er sagt: Du skal elska nesten din og hata fienden din. Men eg seier dykk: Elska fiendane dykkar og bed for dei som forfylgjer dykk" (Matt 5, 43-44)

og

"Alt det de vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de óg gjera mot dei." (Matt 6, 12)

Eg tek også med eit basisvers frå 2. Mos 20, 13:

"Du skal ikkje slå i hel."

Eit anna og interessant perspektiv, er det at berre tre av 247 terroranslag i Europa er igangsatt av islamistar. Det er altså mykje større grunn til å frykte separatistar og grupperingar innanfor Europa, enn "framande" som kjem hit og vil øydeleggje samfunnet. Med andre ord, det er større grunn til å frykte nasjonalkonservative, høgrekstreme personar som Breivik.

lørdag 23. juli 2011

Den runde steinen

Eg hadde ein gong ein stein
Den var rund og glatt
og god å ta på
Eg likte denne steinen veldig godt

Ein gong kasta eg den inn i eit bål
- den delte seg i to
Steinen var ikkje lenger rund
men bestod av to halvkuler
med glatte sider mot einannan.


Eg freista å feste dei saman att
Fånyttes
Same kva eg prøvde var den like delt
Dermed vart steinen verande slik

I dag ligg dei to halvkulene på hylla mi
Dei er fortsatt fine å sjå på
og glatte
og gode å ta på
Men eg likte den runde steinen betre


(Bilde: Victor Guntin. Biletet er teke i Abel Tasman National Park på New Zealand, og henta frå denne nettsida)

Sjokk

Eg sit her og leitar etter orda. Det er så ufatteleg det som har skjedd på Utøya, at eg klarar ikkje heilt å ta det inn over meg. Over 80 unge er drept, nådelaust skotne ned. Det er så meiningslaust, så hinsides all logikk og fornuft. (VL-artikkel)

Kven er det som kan gjere noko slikt? Kva tenkte han, kva håpa han på? Trudde han at han gjorde noko bra?

Eg kan ikkje tenkje noko anna enn at det må ha rabla fullstendig for gjerningsmannen. Ingen med sin fornuft i behald og det minste empati på plass vil kunne gjere noko slik forferdeleg.

Utøya er slik ei idyllisk perle av ei øy. No er idyllen øydelagt av ein einaste gal mann.


Det er også provoserande at den islamistiske gruppa så raskt gjekk ut og sa det var dei som gjorde det. Dei augna tydelegvis ein sjanse til å "hevde" seg, ta på seg "æra" for dette grusome som har skjedd. Samstundes er eg glad på alle norske muslimar sine vegne, at det faktisk ikkje var desse ufornuftige menneska som gjorde dette.

Ikkje at det gjer det noko betre. For dei døde, dei såra og dei pårørande spelar det inga rolle kven det var som gjorde det. Det er grusomt, uansett.

Kanskje sit det nokre høgreekstreme og gler seg no. Kanskje er dei så øydelagte i hjarte og samvit, at dei ser på dette som ærefullt.

Det er inga ære i drap. Det er inga ære i terror. Det er inga æra.

Å Jesus, må du trøyste dei som sørgjer, vere nær hos dei som lir og verne oss mot slik grusom ondskap.

"Fri meg frå vonde menneske, Herre,
vern meg mot menn som gjer vald!
Dei har vonde tankar i hjarta
og eggjar dagleg til strid.
Dei har kvasse tunger som ormar,
under lippene har dei eiter.

Vakta meg, Herre, for nidings hand,
vern meg mot menn som gjer vald,
og som gjerne vil få meg til å snåva.
Stolte set dei snarer for meg,
attmed vegen spenner dei tog som garn
og set feller for meg."
(Salme 140, 2-6)

fredag 22. juli 2011

Eit tidsskille

Denne dagen vil vel for all framtid bli hugsa som dagen det small i Oslo. Bomba som har rasert delar av regjeringskvartalet og drept sju personar, vil mest truleg utgjere eit tidsskille i norsk historie. Før og etter bomba.

(Bildet er frå www.dagbladet.no)

Ei islamistisk gruppe har teke på seg ansvaret for ugjerninga (VL-artikkel, med uvanleg stor overskrift). Så har altså den internasjonale terroren omsider kome til Noreg også, og rysta oss i grunnvollane.

Kva for følgjer vil denne hendinga få for oss? Det er vanskeleg å sjå allereie no, men nokon ting kan ein jo anta:

1) Det norske tryggleiksnivået kjem til å bli heva fleire hakk. Det er ikkje sikkert at til dømes politikarar kjem til å kunne opptre så usikra som dei har gjort til no.

2) Den heller naive haldninga: "Det kjem ikkje til å ramme oss", vil fordufte, om den ikkje allereie har gjort det, som dogg for sola. Vi er ikkje eit folk avsondra frå resten av verda. Terror og vald kan ramme også oss.

3) Islamskepsisen kjem til å blomstre. Den islamske gruppa som står bak har kanskje oppnådd det dei ville, nemleg å skape frykt. Samstundes har dei gjort livet for andre muslimar i Noreg, og ikkje minst muslimske flyktningar som håpar å finn ei trygg hamn her, mykje vanskelegare. Dessverre. Terror rammar dei uskuldige.

4) Dei partia og grupperingane som spelar på framandfrykt kjem kanskje til å få auka tilslutning. Dessverre, nok ein gong.

Same kva terroristane har i hovudet når dei planlegg og gjennomfører slike udådar, klarar eg ikkje å forstå at dei meinar å kunne oppnå noko med det. Ja, dei skapar frykt, men korleis i all verda kan det tene islamistane si sak? Kva kan dei oppnå med å skremme oss slik, og gjere livet vanskelegare for sine trussøsken? Viss hemn er det einaste motivet, så har vel historia vist oss gang på gang at hemn ikkje fører verda eit einaste steg i rett retning.

Eg er altfor demokratisk og fridomselskande i hovudet til å klare å forstå poenget med terror.

torsdag 21. juli 2011

Den rette vegen å gå

Det pågår no eit lite ordskifte i spaltane til Vårt Land si nettavis kring det foreslåtte multireligiøse senteret på Stiklestad. (Sjå artikkel) Eg har ingenting i mot multireligiøs dialog. Tvert om meinar eg det er av det gode å snakke saman på tvers av religion og andre gruppeskiljer. Kunnskap om andre, og respekt for andre si tru, er absolutt bra. Om eit slikt senter høyrer heime på akkurat Stiklestad, er eg meir usikker på. Stiklestad har ei stor symboltyding for kristendomen i Noreg, om staden ikkje akkurat vert rekna som heilag grunn.


Aksjonistane som ynskjer å protestere mot senteret, seier at dialogen heller kan flyttast til Medina. Akkurat den påstanden er litt å skyte seg sjølv i foten, for kvifor skal ein ha dialog på andre sine religiøse stadar, men ikkje sin eigen? Det vitnar om lite respekt for både eigen og andre sin kultur.

Generelt meinar eg at fora for dialog bør leggast til nøytrale stadar, der alle partar kan møtast på likefot. Meir meinar eg ikkje om den saka.

Det eg derimot meinar meir om, er delar av sokneprest Per Andersen sin kommentar til protestaksjonen. Han er svært positiv til dialog, og seier blant anna denne setninga (viss han då er rett sitert): "Det reflekterer gammelt tankegods som går på at kristendommen skal være best."

Vil soknepresten med dette seie at alle religionar er likeverdige, og at kristendommen difor ikkje er betre enn andre religionar? Det tykkjer eg høyrest litt merkeleg ut. Som kristen meinar eg at kristendommen er ikkje berre best, det er i hovudsak den einaste rette vegen å gå. Altså ikkje berre den beste av fleire alternativ, men det einaste rette alternativet.

Eg meinar ikkje dermed at ein kristen er betre enn ein muslim eller buddhist. Slett ikkje. Eg meiner heller ikkje at vi skal latterliggjere eller trakke på andre religionar, eller la vere å lære om andre si tru og livssyn.

Eg meinar alle menneske er like mykje verdt, og alle har krav på respekt. Samtidig meinar eg at alle som vel noko anna enn Jesus, vel heilt feil. Dei går i feil retning, og er ikkje inne på ein likeverdig veg.

Den rette vegen å gå er Jesus, og berre han. Kanskje vil nokon meine at eg dermed er intolerant? Eg veit ikkje. Uansett ynskjer eg å ta trua mi på alvor, og på den måten kan eg også ta andre si tru på alvor.

Kanskje kan det å respektere kvarandre sine heilage eller sterkt symbolske stadar vere ein måte å vise respekt på?

Inkarnasjonen

Ei av dei største og mest uforståelege av Guds handlingar, er inkarnasjonen. Eg forstår ikkje fullt ut kvifor han ynskte å skape verda. Kva skulle han med ein klode full av plantar, dyr og menneske? Viss eg legg godviljen til, kan eg likevel fatte at ein Gud som elskar å skape, kunne finne på å skape eit univers som vårt.

Eg forstår også, til ei viss grad, at Han ynskte å gje menneska fri vilje. Vi er jo skapte i hans bilete, og han ynskte å ha fellesskap med oss. Det er ikkje særleg kjekt å kommunisere med robotar. Det veit alle som har ei datamaskin som ikkje heilt virkar som den skal. Den fattar INGENTING av det du seier til den, og eg kan kalle den akkurat det eg vil utan at den bryr seg (Akkurat det kan jo til tider vere like greit...) Det som er spennande med å leve i eit fellesskap med andre menneske, er jo nettopp det at vi er ulike individ med ulike ynskjer, og så må ein tilpasse seg, samhandle, kompromisse og kommunisere og alt det andre som må til for å få det til å fungere. Det er det som gjer det kjekt! (Og her passar det kanskje å føye til at eg aldri har forstått fnugget av poenget med å vere diktator. Kva er det som skal vere så kjekt med å sitje på toppen og kreve at alle andre skal følgje din vilje? I min verden er ein slik tanke eit mareritt.)

Så var det inkarnasjonen då. Menneska snur seg vekk frå Gud, dei fylgjer sin eigen veg. Eg kan jo forstå at Gud då vart fortvila. Og sint. Og frustrert. Eg kan også forstå at han ynskte å opprette det gode forholdet. Men på denne måten? Å fornedre seg sjølv på den måten han gjorde? Det fattar eg ikkje. Om eg hadde klart å skape ein koloni med maur, som valgte å snu meg ryggen og gjere nett kva dei ville, så trur eg ikkje at det å bli ein maur sjølv og la dei eg hadde skapt drepe meg, vere den første tanken som falt meg inn. Eg ville vel heller tenkt noko i denne duren: Ja ja, då får eg starte på nytt... Slik er eg. Heldigvis er ikkje Gud slik, må eg vel seie då. Han kunne jo berre knipsa jordkloden inn i sola, og bygd ein ny klode her i staden, med nye menneske som faktisk ville ha fellesskap med han.

Gud er så annleis enn meg. Han tenkjer så mykje større og betre, at eg klarar ikkje å fatte det. Eg kan berre registrere det som er gjort, og takke og bukke.


Gud valte å bli menneske, han valte å bli sårbar, knusbar, liten og døyeleg. Han valte å la seg knuse av dei han elska. Han valte å lide i stilla, døy ein fornedrande død, bli gravlagt i den fjellgrunnen han sjølv hadde skapt. Av dette les eg fleire ting: For det første såg ikkje Gud på jorda som eit leiketøy. For Gud var skapinga av jorda ei bevisst og svært seriøs handling. Det var ikkje noko han gjorde ein dag han keia seg, nei, det var eit målbevisst prosjekt. For det andre elskar Gud oss så høgt at han ikkje skyr nokon midlar for å få oss tilbake. Ikkje ein gong det å ofre sitt eige liv. Hadde vi no endå stått her nede og ropt eit høgt og samstemt klagerop og bøn om frelse og utfriing, eit rop så sårt og bønnfallande at det greip hjartet hans og gjorde at han tenkte: Ok då, så skal eg komme og redde dykk. De har sjølv rota dykk ut i dette uføret, men sidan de ber meg så inderleg skal eg komme og berge dykk. Hadde det vore slik, hadde det i det minste vore begripeleg.

Men det er ikkje slik, snarare tvert om. Det er meir at vi står med ryggen til Gud og puslar med vårt, prøver så godt vi kan å oversjå at han er der og håpar at han ikkje legg merke til kva vi gjer på. Det er meir at vi spring for livet, i feil retning, for å prøve å skjule oss og gøyme oss sjølve og våre handlingar for han. Det er meir at vi står og ristar på skuldrene og seier "So what?".

Gud kom likevel. Han vart menneske. Inkarnert. Heilt og fullt menneske, inn i si tid og sin kultur. Vi kan sjå han i historieboka vår, han vart ein del av livet på jorda. Han sa frå seg si allmakt, og vart sårbar:

Han var i Guds skapnad
og såg det ikkje som eit rov
å vera Gud lik,

men han gav avkall på sitt eige,
tok ein tenars skapnad
og vart menneske lik.

Då han stod fram som menneske,

fornedra han seg sjølv
og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.


(Fil 2, 6-8)

For Gud var nok dette eit stort offer. For oss er det vår einaste redning. Takk Gud for inkarnasjonen!

Til slutt ein song som eg plar lytte til med stor takksemd. "Breakable" ("Knusbar") er ein vakker song, som set fingeren på nettopp dette med inkarnasjonen og det store med at Jesus vart født som menneske.


søndag 17. juli 2011

Vente på havet


Som bølgjene slår
mot titusen av steinar
langs strender så langt eg kan sjå

Slik slipar din nåde
kvar tanke i meg
og formar meg, endrar meg sakte

Som steinane lyttar
til bruset frå havet
og ventar at vatnet kjem att

Slik ventar eg stille
på flaumen av nåde
som dekkjer mitt liv - nok ein gong

fredag 15. juli 2011

Alle orda

Inni meg bur alle orda
som finst
Side ved side
i uendelege rekkjer
Nokon med stengte dører
andre bak gitter
og skotsikkert glas


Men mange,
dei eg kjenner,
har opne vindauge
og glade tre i hagen
Eg ber dei ut så ofte eg kan,
og saman ser vi lengselsfullt
på dei stengte dørene

onsdag 13. juli 2011

Tom


Eg er saltet
Som mista si kraft
Eg er blomen
Men heilt utan saft

Eg er stemma
Som ingenting seier
Eg er stilla
Som slett ikkje teier

Eg er skiltet
Som varslar ein bom
Eg var fylt
Men no er eg tom


(Bildet er henta frå denne bloggen)

tirsdag 12. juli 2011

Mørkemann

Ein lite tiltalande tittel. I meg vekkjer den tankar om "mannen med ljåen", eller i det minste ein dyster, svartkledd og lite imøtekomande skikkelse. Mørkemann. Ein som kjem med natt, tåke og sorg. Øydelegging og forderving. Mørkemannen er mystisk, ein veit ikkje så mykje om han. Difor er han også skummel og fråstøytande. Ein du vil ha minst mogleg med å gjere. Ein du håpar held seg langt unna deg og nabolaget ditt.

Likefullt er det ein tittel som er populær å bruke blant journalistar, og den vert særleg brukt om konservative, antakeleg sidrumpa, trangsynte, sneversynte og peikefingerpeikande kristne leiarar, som vågar å tale kultureliten imot, og som truleg ynskjer det norske samfunn tilbake til middeladeren.

I førre veke møtte eg ein slik mørkemann. Ein vassekte, lys levande mørkemann. Han hadde sjølv opplevd å bli kalla dette av pressa, ja eigentleg endå meir enn mørkemann: Slik vart han introdusert i eit radioprogram han var gjest i: "De kjenner nok til at Dagfinn Høybråten vert omtala som mørkemann. No skal de få møte ein som er kolsvart!" (Har lyttarane til radioen no lagt seg opp ei meining om kva for type menneske dei skal få møte? Mon tro det)

Mørkemannen heldt bibeltime. Tema var "Eg trur på Den Heilage Ande". I løpet av ei bibeltimerekkje tok han for seg den tredje trusartikkelen, og gav ei grundig innføring i denne. Han er ein svært dyktig bibellærar og trusopplærar. Som person er han imøtekomande og smilande. Han går slett ikkje med svart hette og eit mystisk, skremmande ytre. Han brukar mykje humor. Humor er vel ikkje det fremste kjenneteiknet ved ein mørkemann?

Eg tenkte litt på denne tittelen etter at eg hadde høyrt han undervise. Så dette er altså ein mørkemann? Kvifor har han gjort seg fortent til den tittelen? No er eg nok litt for mykje på linje teologisk til å sjå det skremmande i bodskapet han kjem med. Snarare tvert om. Eg vert oppbygd og glad av det han seier. Eg kjenner meg styrka, påfyllt. Han taler klart og tydeleg, har stikkord på powerpoint i bakgrunnen. Det er enkelt å fylgje med, og eg lærer mykje, og vert utfordra som kristen.

Tittelen er nok gjeven av menneske som er framande for dei samanhengar eg vankar i. Personar som er framande for kristendommen og den forståinga av verda den representerer. Personar som er framande for den kristne bodskapen, og ikkje veit, eller forstår, kva denne bodskapen eigentleg går ut.

For kva er det den kristne bodskapen går ut på, eigentleg? Er det dom, nedtrykking og fordømming av menneske, uthenging og nedtrakking av alt positivt, ei framkalling av alt det mørke i menneska og utvisking av alt det som er naturleg og menneskeleg? Er det ikkje heilt motsatt? Jesus tilga synder, han helbreda sjukdomar, han åt saman med dei utstøytte, berørte dei som ingen andre våga å berøre, gjekk der ingen andre ynskte å gå, gav livsmot og nye krefter til dei som var utstøytte og mismodige. Han fornedra seg sjølv, gjekk frivillig i døden og opna vegen til Guds himmel. Han står med utrakte hender til heile verda, alle menneske i alle nasjonar, og innbyr til forsoning og fred med Gud. Han elskar verda, han elskar menneska, han elskar syndarar. Ingen vert vist vekk eller snudd ryggen til, han tek i mot alle som kjem.

Gud er kjærleik står det. Gud bur i lyset. Gud kan rense vekk det mørke i menneska, og setje det i fridom. Gud kan gje menneske fred!

Dette er den kristne bodskapen. Det er dette eg trur på. Ein Gud som speier lys og håp, ein Gud som elskar meg og tilgir meg når eg kjem til han. Er det mørkt? Øydelegg det livet mitt? Gir det meg eit negativt syn på verda?

Nei, eg elskar livet mitt. Eg elskar kona mi og borna mine. Eg er glad for kvar dag eg vaknar og kjenner at eg lever. Eg elskar å tenkje og fundere. Eg elskar å lese og lære meir om verda. Eg elskar jobben min. Eg prøvar å elske medmenneska mine. Eg elskar å gå i naturen, og puste inn frisk fjelluft. Eg elskar Gud, som har tilgitt meg alle feilstega mine og gitt meg fred.

Oi, der trur eg det kom. Ordet som gjer også meg til mørkemann: Feilsteg. Eg vågar å seie at eg har synda. Eg vågar å påstå at alle menneske har synda. Eg vågar å påstå at alle menneske treng Guds tilgjeving. Ja, det er nok i dette det ligg.

Eg vil nok vere ei hard nøtt å svelgje for alle som endå ikkje har sett at dei treng Guds tilgjeving og nåde.

I alle fall til dei har blitt kjent med meg.

mandag 11. juli 2011

Embryo har menneskeverd!

Dette slår generaladvokaten i EU-domstolen fast (VL-artikkel om saka). Han ynskjer ikkje at det skal gå an å ta patent der det inngår øydelegging eller endring av menneskeleg embryo. Menneskeverdet gjeld frå unnfanginga av, seier han.

Slike nyhende er svært gledelege å lese, og dei skapar eit gryande håp i meg. Kanskje kan generaladvokaten, og etterkvart resten av leiinga i EU, fylgje denne tankerekkja til sin logiske konsekvens: At å øydeleggje eit embryo, som altså har menneskeverd, er det same som å krenkje menneskeverdet. Med andre ord: Å avslutte eit menneskeliv i mors liv må bli forbode, fordi det er krenking av menneskeverdet.

Det er eit gryande håp hos meg, ikkje så veldig stort, men det er der: Tenk om EU skulle komme til å forby provosert abort! Tenk på ringverknadane, og tenke på alle dei herlege små babyane som då får sjå dagens lys! (Og så må dei samtidig vedta ein del lover, sjølvsagt, som gjer det enklare å fø barna sine sjølv i vanskelege eller uynskte situasjonar. Men den dagen dei innser at provosert abort må forbys, så har dei sjølvsagt innsett også denne innlysande sida ved problematikken...)

Eg håpar.

lørdag 2. juli 2011

Les Guds ord

Ei viktig endring som fulgte med reformasjonen av kyrkja på 1500-talet, var haldninga til det å lese i Bibelen. Før reformasjonen var lesing og tolking av tekstane forbeholdt prestar og andre teologisk lærde, og folk flest måtte stole på at det prestane sa stemte med Guds ord. Svært ofte gjekk dette greit, men samtidig gir det altfor stor sjanse til å manipulere og leie kyrkjelyden vill. Blant anna er det vel stor semje i dag om at både læra om skjærselden og avlatshandel ikkje stemmer heilt overeins med Jesu evangelium. Men det var ein god måte å få inn pengar til oppussing av kyrkjene...

Luther og hans etterfylgjarar oppfordra den vanlege kyrkjegjengaren til å lese i Bibelen, og satsa stort på utdanning for alle. På den måten kunne alle lære å lese, og dermed kunne lese i Bibelen sjølv. (Viss eg ikkje hugsar heilt feil, var dette også bakgrunnen for opprettinga av folkeskulane i Noreg på 1700-talet)

I det andre vatikankonsilet på 60-talet, som hadde som formål å fornye den katolske kyrkja og bringe den i takt med samtida, kom også dette med bibellesing på bana. Ein større del av gudstenestene skulle kunne vere på morsmålet til kyrkjelyden, og folk flest vart oppfordra til å lese meir i Bibelen på eiga hand.

I dag er det ei allmenn haldning, i alle fall innanfor luthersk samanheng, at det å lese i Bibelen og kjenne til innhaldet er svært viktig. All forkynning skal prøvast på Guds ord. Stemmer det som vert sagt på talarstolen med det som står i Bibelen? Kun det som er forenlig med Guds ord skal tas som rett lære, fordi Bibelen er vår viktigaste rettesnor som kristne.

Det er ulike haldningar til Bibelen og korleis ein skal forhalde seg til den. Eg vart difor veldig glad då eg las slutterklæringa frå Cape Town-møtet i oktober i fjor. Dette dokumentet er svært viktig, og legg sterke føringar for evangeliske kyrkjesamfunn. Slik står det i innleiinga av avsnittet om Bibelen:

Vi elsker Guds ord i Det gamle og Det nye testamentes skrifter og gjentar salmistens glade jubel over Toraen: "Jeg elsker dine budord mer enn gull ... Å, som jeg elsker din lov." Vi mottar hele Bibelen som Guds ord, inspirert av Guds Ånd, talt og skrevet ned av menneskelige forfattere. Vi bøyer oss for den som høyeste og eneste autoritet, som styrer vår tro og vår handling. Vi vitner om Guds ords kraft til å fullføre hans frelsesplan. Vi slår fast at Bibelen er Guds endegyldige skrevne ord, som ikke blir overgått av noen annen senere åpenbaring, men vi gleder oss også over at Den hellige ånd opplyser Guds folks tanker slik at Bibelen fortsetter å tale Guds sannhet på nye måter til mennesker i alle kulturer.

Dette vitnar om stor tillit til Bibelen!

Eit viktig kriterium som må vere oppfylt for å kunne etterprøve forkynninga ein høyrer, er kjennskap til Guds ord. Ein må vite kva som står skrive, for å kunne avsløre falsk lære.

Denne songen handlar om nettopp det. Kor viktig det er å vere grunnfesta (grounded) i Guds ord!



Heilt til slutt ei oppfordring til ateisten Kjetil Hope (viss han skulle slumpe til å lese dette) (VL: Omvend meg!), som utfordrar kristne til å kome med argument, bokforslag og i det heile prøve å omvende han til kristen tru: Les Bibelen! Det er skrive mange bøker OM Bibelen, men ingenting er som sjølve boka. Kanskje begynne med evangelia. Johannes evangelium, for eksempel. Vidare gir brevlitteraturen ei ypperleg innføring i kristen tru.

Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord. (Rom 10, 17)

Positivt fokus

Det er eit bibelvers, eit ganske kort eit, som eg tykkjer oppsummerer korleis vi kan leve på ein god og positiv måte. Rom 12, 9:

"Lat kjærleiken vere ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode."

Det er ikkje så mange ord, men viss ein prøver å leve etter det, vil ein sjå at ein får eit betre fokus.

Ekte kjærleik kan Gud gje oss. Han viste oss kva ekte kjærleik er, då han døydde for oss: (Rom 5,8: Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar) Å la kjærleiken vere ekte er ikkje så enkelt for oss menneske, det er så mange andre ting som blandar seg inn. Men det er eit godt mål å strekke seg etter. Er det noko verda treng, så er det ekte, gudgitt kjærleik!

Sky det vonde. Som kristen nikkar eg, og seier at det er viktig. I praksis viser det seg ofte at det ikkje er så lett som ein skulle tru. Gud har då født meg på ny, eg er eit nytt menneske. Å sky det vonde, det som er i mot Guds vilje, burde vore heilt sjølvsagt. Likevel vert eg tiltrekt av det vonde, og klarar slett ikkje alltid å "sky" det. Då er det greit å ta med seg siste del av verset: Hald dykk til det gode. Fokuset mitt som kristen bør kanskje vere retta meir mot denne delen av verset, for det ein fyller sinnet med, det pregar ein. Viss ein heile tida går rundt og tenkjer: "Ikkje gjere det, sky det, ikkje tenkje på det, ikkje seie det og det osv", så er det jo nettopp desse tankane ein fyller hovudet med. Sjølvsagt er det viktig å vite kva ein skal halde seg unna, men endå viktigare er det å vite kva ein skal halde seg til! Halde seg til det gode, fylle seg med det som er positivt og godt for meg, mine medmenneske og omgjevnadane mine.


Gode ting eg vil fylle meg med i dag:
- Leike med borna mine
- Prøve å bruke positive ord, i stadan for negative
- Ut og nyte det fine véret som plutseleg dukka opp
- Lese i gode bøker (for eksempel i Bibelen!)
- Høyre på god og positiv musikk
- Sende ei hyggeleg melding på facebook til nokon eg ikkje har snakka med på ei stund.

Det var det eg kom på akkurat no. Satsar på eg kjem på endå meir etterkvart. I dag vil eg prøve å ha positivt fokus!

fredag 1. juli 2011

Bajonettane


Sollyset glimtar i våpen
av nypussa stål
Tusen bajonettar, på rekke
Midt i mot - ei ny rekke
Tusen våpen, like blanke

Bak våpna, på begge sider
står gutar
i nyvaska, flotte uniformar
Solbrune fjes, på begge sider

Ansikta er bleike og bestemte
Auga er sikre, ryggane rake
Hendene skjelv

Men ikkje så mykje at det syns

Dei er klare og lyttar
Høyrer kampropet runge:
Fram gutar!
Hev våpen!

Spring av stad, gjer di plikt
For fedrelandet, for Gud
For dine barn og din konge

Eller

Lytt til kviskringa
frå vinden
og to tusen bestemødre:
Stikk bajonettane i jorda
Gjer det no!

Pløy kvar dykkar fure
Så korn og poteter
og vatne med tårene
frå to tusen mødre utan søner

Rop eit leve for jorda
Rop eit leve
i fred


(Foto: Matthew Hicks)