lørdag 27. oktober 2018

Mugshot




det er noko i auga mine
som ikkje slepp taket
i det store mørket

tauverket
er festa i tunge blokker,
mine dårlege handlingar
dreg meg ned

alt eg kan gjere
er å vende tome hender        mot deg
og stole på
at du kan gjennomskode
mine falske lag
og doble mismot

og knuse det





Luk 18,13: Tollaren stod langt unna; han ville ikkje eingong lyfta auga mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: ‘Gud, ver meg syndar nådig!’


søndag 21. oktober 2018

Det du ynskjer det du treng




når du går langs denne vegen
i nattemørket
med bind for auga
og sjølvsikre steg

er det ikkje nødvendigvis
heiarop du treng
når du er meter frå        stupet

det kan vere at eit rop
med såpass ramsalt og treffande
kritikk       at du tek den på alvor
og snur       er einaste rette medisin –






Ordt 6,23a: For bodet er ei lykt og rettleiinga eit lys, formaning og tilrettevising er vegen til livet.


mandag 15. oktober 2018

Eka Kurniawan: Mann, tiger

Den indonesiske forfattaren Eka Kurniawan har her skrive ein kort og tettpakka roman, der forteljinga heile vegen kretsar rundt ei dramatisk hending i hovudpersonen Margio sitt liv.

Den unge mannen drep naboen på bestialsk vis, og med det som utgangspunkt byrjar forfattaren å avsløre brokkar av hendingar den same dagen, i dagane før og i liva til dei ulike personane i forteljinga. Han kjem stadig tilbake til dei same hendingane, men sett frå ulike personar sin synsvinkel, og med stadig fleire opplysningar og djupare innsikt i årsakar til at ting skjer. Den same hendinga kan også bli fortalt på ulike måtar og med ulike fokuspunkt. Samtidig hoppar han i tid, og flyttar seg slik rundt hendinga om lag som ein tiger som krinsar rundt byttet sitt.

Til slutt står me tilbake med eit heilskapleg bilde av situajonen, og først i den aller siste setninga legg han ned den siste puslespelbrikka.

Kurniawan er etter mi meining ein meisterleg forteljar. Språket er knapt og konsist, og dei ulike bitane av forteljinga kastar lys over det me har lest tidlegare. "Mann, tiger" utforskar det psykologiske spelet mellom personane, og gir samtidig innblikk og kunnskap om ein kultur som for dei fleste av oss her i Norge er ukjent. 

På ein måte kan me seie at dette er ei krimbok, sjølv om det ikkje er nokon detektiv som skal løyse drapsgåta. Forfattaren tek sjølv på seg jobben med å avklare motivet for ugjerninga. Viss du kunne tenkje deg å lese ei nyanserik forteljing fortalt på ein utradisjonell måte, er dette boka for deg!


lørdag 13. oktober 2018

Den nest siste dråpen




ei åtvaring for lite
var alt som skulle til
for å overtyde meg
om dette;
eg er uskuldig
og kan ikkje noko for
at mine eigne val
slår tilbake på meg sjølv –

dessutan er eg eit moderne menneske
og burde vore heva over trivialitetar
som å lese åtvaringsskilt
eller bruksrettleiingar
eller akk så umoderne
og akk så keisame profetar

at noko skal vere sant
er uvesentleg irrelevant
og ingen god grunn til å dempe
min leveoglalalalaleveinuet-fest





Luk 16, 27-29: 
Då sa den rike: ‘Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min. Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.’ Men Abraham sa: ‘Dei har Moses og profetane, dei kan høyra på dei.’