fredag 30. desember 2016

Arto Paasilinna: Den ulende mølleren

I typisk Paasilinna-stil vert det rulla ut eit fargerikt persongalleri og ein god porsjon sprø innfall også i denne romanen frå 1981. Den vart oversett til norsk først i 2006, men heldigvis vart denne flotte finske forfattaren oppdaga også av norske forlag!

Møllaren Huttunen er ikkje heilt som dei andre i bygda. Han vert kalla for gal, og også han sjølv innser at mykje av det han held på med ikkje er heilt A4. Av dei særaste eigenskapane er den djupe trongen til å ule som ein ulv når ting går imot. Til slutt får bygdefolket nok, og krev at han vert sperra inne på sinnssjukehus. Dermed er krigen mellom Huttunen og bygdefolka igong.

Innimellom all galskapen, er der også ein kjerne av alvor under det heile. For kven kan gje folk (og myndigheiter) rett til å bestemme over andre menneske sine liv og fridom? Møllaren var ein tvers gjennom ærleg fyr, og hadde dei fått latt han vere i fred, er det ingenting som tydar på at han hadde gjort noko mot nokon. Måten han vert behandla på er rimeleg provoserande å lese.

Paasilinna er ein god historieforteljar, og det er lett å la seg rive med og engasjere seg i dei ulike hendingane. Og som tidlegare nemnt: Også i denne boka er det eit flott persongalleri. Menneska vert framstilt med varme - også dei meir problematiske sidene ved menneskelivet vert behandla med kjærleik. Dermed vert ein litt glad i dei ulike personane, til og med dei som er mest irriterande...

lørdag 24. desember 2016

Gjetarguten #24: Vegen inn til livet


stjerna stoggar på si ferd
over himmelen,
det er søndag morgon
og lyset fyller hagen

den gamle stallen
og den nye grava
står begge tomme

for barnet vart vaksen
og dei tidlegare barnehendene
vart spikra fast til ein kross

og den krossfeste døydde,
men grava ligg open og tom
som ein stall utan dyr

og stjerna over stallen
har stoppa akkurat her
ved porten mellom liv og død

for her, akkurat her
kan du møte barnet, mannen
med utstrekte, naglemerka hender

og det same milde blikket
møter auga dine –
du er ikkje lenger aleine

-

treet i mitt indre spirar på ny
krafta stig frå kjelda
som gjev liv til evig tid


fredag 23. desember 2016

Gjetarguten #23: Blodspor over hjartet


eg vart verande i byen den natta,
kjente det pulserande livet
i ein overfylt by
og høyrde songane, gleda, dansen
svinge gjennom gatene
og frå alle opne dører

alt eg tenkte på der eg sat
med eit ytre smil og forteljingar
og mat i fellesskap
var smilet, blikket, den milde handa
på mi eiga skulder –

slik gjekk kvelden inn i natta
og natta inn i bekmørket
og bekmørket inn i grålysninga
og grålysninga inn i ein morgon

og eg vakna ikkje før
bråket frå dei ropande menneska på gata
trengte gjennom veggane og søvnen
og heilt inn til der eg opna auga
med bankande hjarte – kva er det dei ropar?

på gata står folka tett, eg trengjer meg fram
ser rabbien med dei milde auga
vandre nedtyngd forbi

blodet danna sine eigne melodiar på bakken,
ein sti frå der han vart fanga
til der han trakk sitt siste sukk
og eg kjente treet, greinene, blada
skjelve i mitt indre – fundamentet rakna

det var ikkje fleire ord å seie

det var ikkje meir å gjere

det vart natt
i verda




torsdag 22. desember 2016

Gjetarguten #22: Rabbi

eit lam til påske, eit måltid i kveldinga
slik var bestillinga, eg fekk den sjølv
og plukka sjølv ut lammet
og bar det til byen

der var eg på kjøkkenet
medan lammet vart ordna,
lytta til historier frå andre byar
veksla rykte og sanningar

lo av andre sine opplevingar
skapte lått med mine eigne

skulle akkurat til å gå
då eg såg selskapet på veg inn dørene –

tolv menn med ivrige ansikt
glade, spente, usikre?
og den trettande
som ei roleg søyle i opprørt vatn,
eit stille vatn midt i stormen

han kom sjølv på kjøkkenet
ein rabbi blant våre koppar og kokekar
og bad om eit fat vatn –
eg rekte det til han
og auga våre møttest

i djupet såg eg refleksjonen av min eigen lengt,
greinene på treet som ein gong vart planta
då eg berre var ein liten gut
og som sidan har vakse og spirt og blitt noko anna
noko meir enn berre eit minne
-          eit fundament for alt eg gjer

og

her stod han med dei same auga,
eg fall på kne der på kjøkkenet
sa rabbi

rabbi

han lyfta meg opp att
la handa på skuldra mi
smilte
før han bar vatnet ut i salen
der selskapet venta
og døra vart lukka