søndag 31. januar 2016

Bøker lest: Januar 2016

Årets første månad hadde med seg desse leseopplevingane:

1) John Boyne: 'Gutten i den stripete pyjamasen'

Denne boka vart ikkje lese i sin heilskap denne månaden - den har vore høgtlesingsbok i klassen min gjennom hausten som var, og no i januar las vi dei siste kapitla.

Det er ei sterk bok med ei god historie. Bruno og familien hans må flytte frå Berlin og til ein plass han kallar for "Alttrist". Faren er blitt forfremma til kommandant, og etter kvart kjem det fram at den nye bustaden deira ligg like utanfor konsentrasjonsleiren Auschwitz. Bruno saknar venene sine i Berlin, og lurar på kven alle menneska på den andre sida av gjerdet er.

Han går på oppdagingsferd, og vert kjent med jamngamle Shmuel. Dei møtes ofte, og sit på kvar si side av gjerdet og pratar.

Avslutninga på boka er sterk, og som lesarar forstår vi til fulle det absurde og grusome i heile konsentrasjonsleiropplegget. Boka gir eit nytt og tankevekkande perspektiv på kjente historiske fakta.

2) Jojo Moyes: 'Etter deg'

Dette er oppfølgaren til boka "Et helt halvt år", og etter mi meining ei heilt naudsynt oppfølging. Den førre boka slutta svært utilfredsstillande, både når det gjaldt sjølve historia, men også bodskapen den verka å formidle til lesarane.

I den nye boka fylgjer vi Louisa Clark i livet etter at Will dør. Vi ser korleis hendingane i den første boka har forma og påverka henne, og kor vanskeleg det er å gå vidare.

Så ein dag får ho besøk av 16 år gamle Lily, som hevdar ho er dottera til Will. Dermed vert Louisa tvungen ut av det apatiske sorglivet, og må hanskast med nye problemstillingar.

Det er ei lettlest underhaldningsbok, og slutten noko meir tilfredsstillande enn i den førre boka!

3) Katie Kitamura: 'Inn i skogene'

Dette er ei litt spesiell bok. Det tok nokre sider å bli vant til fortellestilen, og kvaliteten på teksten er høgare enn ein vanleg 'sidevendar'.

Vi befinn oss i eit ikkje-namngitt land, der den svarte minoriteten har begynt å gjere opprør mot rike, kvite kolonistar og jordeigarar. Mange bevæpna grupper har begynt å angripe kvite, og regjeringa har sett seg nødt til å omfordele store landbruksområder.

Hovudpersonen Tom, som bur på ein stor farm saman med faren og mange tilsette, opplever at heile tilværet raknar. På toppen vert dei ramma av askeregn etter eit vulkanutbrot, og ei ung dame, Carine, kjem inn i bildet og sår splid mellom far og son.

I boka fyljer vi Tom i kampen for å berge stumpane av det som ein gong var ein veldriven gård. Ein god anmeldelse i Dagbladet her.

4) Sindre Ekrheim: 'Sjøen hugsar ingen barndom' og 'Ho kjem fram i regnet'

Ekrheim er ein diktar eg har stor sans for. Han er ein meister på skildringar, og skaper vakre tekstar ut av observasjonar i naturen. Mennesket kjem ofte i bakgrunnen. I den andre boka er det også ein del prosadikt, og dei er datomerkte - om lag som dagboknotat. Her fyljer vi, gjennom observasjonar og tankesprang, mora frå ho vert lagt inn på sjukehus og til ho dør. Også i denne forteljinga er det detaljane og skildringane som er i fokus, mora og familien er nærast kulissar.

Eksempel på dikt frå 'Ho kjem fram i regnet':

Vevkjerringa spinn tynne trådar, radiar,
spilar festa til blada og kvistane.

Ho klatrar, skyv seg fram langs linene
ho legg ut, dei veks bak ho, lette.
Så surrar ho ei blank line
rundt og rundt dei radielle.
Frå sentrum og ut, frå utkanten og inn
blir ein spiral til.

Deretter fører ho lim på trådane.
Til slutt plasserer ho seg i midten
av eit hjul som ikkje fører vekk,
ein vaktpost
som vinden gyngar lett.







5) Trude Teige: 'Mormor danset i regnet'

At "tyskertøsene" hadde det vanskeleg i tida etter 2. verdskrigen, er kjente fakta. Eg har sett bilder av skamklipte kvinner, og høyrt forteljingar om mobbing, trakassering og utfrysing. Likevel har dette vore fjerne og tørre fakta, og eg har ikkje høyrt så mykje om menneska bak.

Dette gjer Trude Teige noko med. I denne boka fortel ho to historier. Den eine er om Juni, som rømmer til besteforeldrene sitt gamle hus, for å gøyme seg for sin valdelege ektemann. Der finn ho ut meir om historia til mormora Tekla, som flytta til Tyskland saman med ein tysk soldat etter frigjeringa i 1945. Etter kvart finn Juni ut stadig meir om mormora si historie, og vi får innblikk i ei heller ukjent side av 2. verdskrigen.

Historia er interessant, og for min del lærerik, sjølv om forteljinga er noko banal og enkel og ikkje akkurat stor litteratur.


6) Hanne Bramness: 'Vekta av lyset'

Boka inneheld både dikt og prosadikt. Språket er bilderikt og vakkert, og tekstane formidlar mange ulike stemningar. Tekstane er rike på skildringar og ofte opne for tolkingar.












7) Elena Ferrante: 'Historia om det nye namnet'

Dette er oppfølgaren til boka "Mi briljante venninne", og vi fylgjer dei to ungdomane Elena og Lila vidare der førre bok slutta. No er dei i slutten av tenåra, Lila er gift og Elena fortset studia på gymnaset.

Det store vendepunktet i boka er felles opplevingar medan dei er på ferie. Lila oppdagar den store kjærleiken, og set samtidig vennskapet med Elena på prøve. Når dei kjem heim att, er det som noko i forholdet mellom dei er øydelagt.

Livet i bydelen går sin gang, og dei usagte normene og avtalane held fortsatt dei fleste bundne til den rike Solarafamilien. Ofte sit eg og irriterar meg over dårlege val personane tek, eller kor unnvikande dei av og til kan vere.

Ferrante skriv fortsatt engasjerande og godt!

8) Corrie ten Boom: 'Landstryker for Herren'

Corrie ten Boom er eit av mine store førebilete, og det er alltid oppbyggande å lese bøkene ho skreiv. I denne boka skildrar ho møte med menneske og situasjonar ho har kome ut for i dei mange åra ho reiste verda rundt som predikant. Ein del av tekstane er litt "feel good"-tekstar, der ho deler artige og oppmuntrande forteljingar. Andre delar av boka utfordrar meg sjølv som kristen, trua mi og korleis eg tenkjer om meg sjølv og andre.

Tida frå ho slapp ut av konsentrasjonsleiren Ravensbrück i 1945 og fram til ho døydde i 1983, 91 år gamal, brukte ho til å reise rundt og forkynne evangeliet, og ho let etter seg eit imponerande vitnesbyrd!




9) Jeffrey Archer: 'Mektigere enn sverdet'

Den femte boka i serien om Harry Clifton og familien hans er like spennande som dei føregåande. Clifton sjølv gir seg ut med heile det sovjetiske systemet, i det han kjempar for å få frigitt ein kontroversiell forfattar frå gulag-leirane.

Kameraten Giles kjempar for den politiske makta si, og tek val som er sjebnesvangre for det kommande parlamentsvalet. Sebastian Clifton, Harry sin son, kjempar for å skape seg eit namn i finansverda, og går på eit par fatale feilskjær.

Endå ein gong ligg alt til rette for intrigar, maktkamp, aksjespekulasjonar og forflytting av store pengesummar. Og typisk for Archer sluttar boka på ein måte som gjer at ventetida før neste bok kjem til å bli lang...

10) Roald Dahl: 'Georgs magiske medisin'

Nynorsk utgåve av den klassiske barneboka. Språket er godt, og historia er fortsatt like artig. Slo godt an hos seksåringen i huset, i alle fall!












11) Edvard Hoem: 'Slåttekar i Himmelen'

Hoem er ein fantastisk god forteljar, og bøkene hans er veldig kjekke å lese. Det er også tilfellet med denne boka, som er den første boka i ein serie om forfedrene hans. Hovudpersonen er oldefaren Knut Hansen Nesje, som jobba som slåttekar rett utanfor Molde. Vi vert også kjent med familien på oldemora Serianna si side. Fleire av dei flyttar til Amerika, og vi får høyre om både det harde livet i Molde og Fræna, og om korleis det var å vere nybyggjarar i Dakota.

Vi ser kontrastane mellom dei rike og dei fattige, og korleis det er å slite heile livet for å livberge seg sjølv og familien på ein liten gard med låg inntekt.

Det er ein vakker slektssaga Hoem har begynt på her, og eg gler meg til å lese fortsetjinga!



Filter 2



eg skrudde av fjernsyn
radio og internett
cd-spelar, ipod, ipad
og mobiltelefon

gjekk ut døra
inn i skogen
opp på eit fjell

kjente stilla senke seg
som eit isolerande teppe
mellom meg og verda –

i stilla høyrde eg
mitt eige hjarte banke
min eigen pust i nasa

eg høyrde vinden suse i trea,
over ei lydlaust, roterande verd
gjennom det store universet

i stilla greip du handa mi
kviskra sanningar i øyra mitt,
let meg gå, vidare, med stødige steg

her, på dette fjellet
vart verda meir verkeleg enn før
og sanninga – bakanfor alt – kom tydeleg fram



Luk 9, 35-36a: Frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!» Og då røysta lydde, var det ingen annan å sjå, berre Jesus.

søndag 24. januar 2016

Delt



eg er delt, Gud, i eit dobbelt sjølv

eg har dette som spirar om dagen
og så dette andre
som likar seg best i mørket

to sider av meg sjølv
smelta saman i ein heilskap
umogleg å skilje ved sortering

difor seier eg desse orda til Deg
samtidig som andre ord
byggjer opp det som held meg i lenker –

i dette er eg delt, og eg ser det klart
når lyset frå ansiktet ditt
fell på mitt – og skuggane veks

klarare, større, men
stadig lengre vekk frå hjartet
dess sterkare lyset Ditt lyset



Matt 13, 27-30: 
Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’ ‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei. ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten. Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’

søndag 17. januar 2016

Kamuflasje



du legg på orda
strøk på strøk
over huda

let fargane gli saman
dekkje kvarandre
til dei alle forsvinn under

stadig nye lag,
nye penselstrøk
over dei gamle

snart glir eg i eitt
med fargane du gav
til himmelen, havet, skogen

let meg farge
av orda dine, lag på lag
i stadig nye nyansar –




Joh 1, 16:  Av hans overflod har vi alle fått, nåde over nåde.

søndag 10. januar 2016

Testament



slik var orda eg gav:
Han er sonen,
den vi venta
i hundreåra, tusenåra før
Han er sonen,
den dei kan vende seg til
i tider som kjem

slik var orda eg gav:
Han er Guds son,
og børa eg har bore
er tyngre enn nokon veit;
ikkje vissa om sonen,
men vissa om verda
og vissa om Ordet si makt

så eg vende meg rundt
såg byggverk og storverk
vekse og falle,
menneska komme og gå
og kor eg kom, gjekk Ordet først –
og slik er orda eg gav, ein nøkkel til livet:
Han er Guds son!


Joh 1, 34: Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.