fredag 30. september 2011

Alternative tidsrekningar

Det etiske utvalet i BBC ynskjer at tidseininga BC (Before Christ) skal erstattast av BCE (Before Common Era). Grunnen er at ei tidsrekning knytta til Jesu fødsel kan vere diskriminerande for andre religionar. (VL-artikkel: Vil fjerne Kristi fødsel fra tidsregningen)

Først vil eg berre røpe (surprise!) at eg er ueinig i denne vurderinga. Mest fordi at tidsrekninga f.Kr og e.Kr er innarbeidde einingar, som dei fleste brukar utan å absolutt tenkje så mykje på Kristus når dei vert brukt. Eg kan ikkje heilt forstå at ein muslim skulle ha problem med å skrive 2011 AD (e.Kr.). Ok, dårleg eksempel, sidan muslimar ikkje akkurat er ueinige i at Jesus har levd. Kanskje det er betre å bruke humanetikarar som eksempel. Dei trur ikkje at Jesus har levd, men ei tidseining som e.Kr. er vel ikkje problematisk for dei fleste av dei heller?

Uansett om ein tek vekk eininga bak, så er talet fortsatt 2011, og det vil fortsatt referere til Jesu fødsel. Så viss "Common Era" begynte med Jesu fødsel, så kva var det som gjorde at den nye æraen begynte nett då? Som kristen veit eg svaret på det, men det er ikkje sikkert etikkrådet til BBC klarar å forsvare talet 2011 ut frå andre meir livssynsnøytrale grunnar (bortsett frå at det no ein gong er det talet vi er vane med).

Her er nokre forslag til andre tidsrekningar, som BBC kanskje kan ta opp til vurdering...:

2011 A.D =

år 66 atW (after the War)

år 945 aSB (after Stamford Bridge)

år 14 A.D (After Diana)

Eller kanskje vi kunne gå over til den muslimske kalenderen og seie vi lever i år 1432 (etter Muhammed si utvandring frå Mekka til Medina). Sidan det også er religiøst, er det kanskje ikkje nokon god ide det heller. Uansett trur eg ikkje at eg personleg ville hatt særlege problem med å skrive 1432 e.M., eller noko i den dur. Det er ganske ubestrideleg at Muhammed reiste frå Mekka for så lenge sidan, utan at eg meiner det er ei viktig nok hending til å forandre heile tidsrekninga vår.

Skulle vi fått det heilt presis, burde vi hatt ei tidsrekning som starta ved skapinga av Jorda. Problemet er berre at det ikkje finst eit einaste menneske på jorda som veit akkurat når det skjedde, og usemja om kor langt tilbake i tid ein skal gå ville blitt altfor stor.

Kanskje det igrunn er det beste at ting får vere som dei er?

Ole, Anno Domini 2011

onsdag 28. september 2011

Den heimkomne sonen

I eit blogginnlegg datert 23. sept skriv David Åleskjær under overskrifta "Frafall" denne tankjevekkande teksten:

En bortkommen sønn
vendte hjem

Men stakk
etterhvert
av igjen


Det var for mange sure eldstebrødre
som ikke ville delta i festen

Denne teksten sette mange tankar i sving hos meg, og berre for ordens skuld vel eg å "nummerere tankane" eg vil dele i dette blogginnlegget. Trur det kunne blitt litt rotete elles...

1) Eg står nok i fare for å vere ein slik sur eldstebror, eller i alle fall bli oppfatta som det. Eg har fått bu i "min Fars hus" heile livet. Eg har vokst inn i den kristne trua, og den har fått vekse i meg gjennom heile oppveksten min. Likevel har eg så absolutt måtte ta mine val, eg har møtt menneske som har utfordra meg, stilt meg spørsmål og stilt spørsmål til trua mi. Eg har stått framfor vegval, og har måtte velje bevisst den vegen eg ynskjer å gå. Eg er ikkje nokon "vanekristen", ein som er kristen berre fordi han er vaksen opp i ein kristen heim og blitt fóra med kristent tankegods. Eg har teke heilt medvitne val, og valt å leggje livet mitt i Guds hender. Ganske enkelt fordi eg har erfart at det er det beste. Og fordi eg etter mykje naturfagundervisning, logisk tenking innan matematiske felt og ein god slump filosofering og lesing i bøker, har kome fram til at det Bibelen lærer om Jesus må vere sanninga. Det er ulogisk, og samtidig det mest logiske av alle tankar. Alle brikker fell på plass. I alle fall dei viktigaste... Eg har fortsatt mange spørsmål.

Og viss nokon oppfattar meg som ein sur eldstebror, beklagar eg dette. Men eg trur ikkje, eller i alle fall: Håpar ikkje, at nokon har sett slik på meg. For det er få ting som gledar meir enn når eg møter menneske som har valt å følgje Jesus. Jesus har gitt meg så utruleg mykje heilt ufortent, så kvifor skulle eg då vere misunneleg eller sur på andre som får del i den same nåden?

2) Grunnen til at nokon kanskje vil seie at eg er ein slik sur eldstebror, er kanskje på grunn av mine konservative synspunkt. Ikkje i den forstand at eg er i mot kortspel og dans eller meinar det i seg sjølv er syndig å drikke alkohol. At eg ikkje dansar så mykje har meir med kroppslege forutsetningar å gjere (...), og når eg ikkje drikk alkohol og anbefalar andre å gjere det same, har det meir å gjere med helsemessige årsaker, og hensynet til "min veike bror", som det så fint heiter. Etter å ha budd i kollektiv med ein alkoholiker og sett på kloss hald dei øydeleggjande kreftene til rusdrikken, sette det den endelege kroken på døra for indre bekjentskap med etanol. Eg har i grunn aldri vurdert å drikke heller, det har aldri frista og eg har aldri "hatt bruk for" det.

Eg er konservativ i den forstand at eg ynskjer at dei normene som Bibelen legg for korleis vi lever livet skal vere gjeldande. For eksempel har han skapt oss som mann og kvinne, og lagt det å vere skapningar av to ulike kjønn som grunn for menneskeleg eksistens. Han konstituerte også ekteskapet, som ei trygg ordning mellom ein mann og ei kvinne.

3) Trass i at eg er verdikonservativ, har eg aldri hatt noko ynskje om å vere dommar over andre menneske sine liv. Eg har først og fremst prøvd å fylgje normene sjølv, og på den måten leve slik eg trur Gud ynskjer eg skal leve. Og i same slengen som eg skriv det, kan eg jo røpe at eg slett ikkje klarar å fylgje alle dei normene eg meiner Gud har lagt for oss menneske. Eg har måtte "krype til korset", bokstaveleg tala, utruleg mange gongar. Eg handlar på tvers av Guds vilje, og hans Heilage Ande påpeikar stadig områder i livet mitt som ikkje er på linje med Guds normer. Ved korset har eg mange gongar måtte bekjenne kor kort eg ofte kjem. Og veit du kva? Gud har møtt meg med nåde kvar einaste gong!

Bøna mi er at Gud må forme meg, bearbeide viljen min og tanken min, slik at eg blir likare Han. Løftet hans er at ein dag skal eg bli heilt rein. Det vil skje når han reiser meg opp "i herlegdom", i Himmelriket. Fram til då må eg nok streve med ein ganske motstridande vilje. Og eg ynskjer å hjelpe medkristne på vegen, så godt eg kan. Hjelpe andre å etterleve Guds vilje også. For menneske som ikkje ynskjer å bli rettleia, kan det kanskje opplevast som brysamt, og kanskje eg vert oppfatta som dømmande. Eg veit ikkje. Uansett er det ikkje det eg ynskjer, altså å dømme, og eg veit utruleg godt at eg ikkje har nokon rett til det.

4) Den heimkomne sonen i Åleskjær si vesle forteljing reiser heimefrå igjen, fordi eldstebrødrene ikkje vil delta på festen. Akkurat denne "påstanden" held eg for svært usannsynleg. Kva var det som drog sonen heim att? Var det ikkje tanken om den kjærlege Faren som alltid hadde gitt han alt det gode? Då han sat i grisebingen og lengta heim, tenkte han at Faren kom til å sjå på han som ein uverdig son, og kanskje, viss han var i godlag, ville gje han jobb som tenar. Likevel var han villig til å ta sjansen, for han visste at sjølv tenarane til Faren hadde det betre enn det han hadde no. Så går han då, og møter Faren sine opne armar alt lenge før han når heim. Faren held rundt han, fører han heim og steller i stand ein gedigen velkomstfest. Sonen, som frykta det verste, opplevde det beste. Og han erfarte at Fars kjærleik var utruleg mykje større enn det store sviket han sjølv hadde gjort då han ba om å få arven, for så å sløse den vekk.

Det var nok skuffande at storebroren ikkje ville delta på festen, men eg kan ikkje forestille meg at broren si avvisande haldning er nok til å dra han vekk frå Faren sine gode armar. Javisst, han og broren har nokre rundar å gå, men eg held det som meir sannsynleg at dei finn ut av det med kvarandre enn at han reiser vekk att...

5) Sett no at broren si avvisning er nok til å setje han på andre tankar, og han ynskjer å reise heimefrå: Kva skal han gå til? Sist han reiste trudde han at han hadde fått seg mange vener, men det viste seg jo etterkvart at dei slett ikkje var vener. Dei svikta han alle som ein då pengane var vekke. Når han ikkje lenger kunne gje dei noko, var han ikkje noko å vere saman med lenger. DEN kjensla skulle ein tru sit lenge i.

Så hamna han i grisebingen, i den ytterste fornedring, og lengtar seg sjuk etter barndomsheimen. Og det han frykta mest medan han sat der og åt søppel, at faren skulle snu ryggen til og avvise han som son i huset, slo ikkje til. I staden vart han møtt med kjærleik utan nokon som helst betinging. Den svikefulle sonen vert teken i mot som om han aldri hadde gjort noko gale. DEN kjensla skulle ein tru også ville sitje i ei stund.

Viss han forlet faren, kor i all verden skal han gå? Tilbake til grisane? Eg trur han foretrekk sure brødre...

6) Til slutt ei meir direkte tolking, og med fare for å bomme på målet: Eg trur Åleskjær her siktar til konservative kristne som påpeikar og kritiserar livsførsel og haldningar hos andre kristne. Det vere seg etiske normer, teologien eller haldningar til det som på fint vert kalla "adiafora", altså ting som ikkje vert direkte omtala i Bibelen, men som gjennom århundre med kristen tenking har blitt tolka anten slik eller slik, og i varierande grad tillagt merkelappar som upassande eller ikkje forenlig med kristen livsførsel. For eksempel står det ingen stad i Bibelen at dans er synd, men enkelte retningar innan kristendommen, og då særleg pietismen, har sett på dans som noko som er uforenlig med kristen tru. Grunngjevinga ligg eigentleg meir i kulturen, der ein såg at arrangement med dans ofte var ledsaga av høgt alkoholkonsum og etterfulgt av "usedleg" oppførsel.

Mykje av slik kritikk har nok kome skeivt ut, og kanskje til og med dømmande. Det er jo beklageleg. Eg kan berre svare for meg sjølv: Eg er ueinig i enkelte av Åleskjær sine val, og forstår ikkje korleis han greier å grunngje vala ut frå Bibelen. Likevel håpar eg ikkje at det eg seier no vert oppfatta som dømmande, for det er jo ikkje dømme eg er ute etter. Eg er ingen dommar, eg er ein kristen bror. Og eg ynskjer heller ikkje å bli oppfatta som sur, for i den grad eg skulle ynskje å rettleie ein kristen bror, ville det vere ut frå eit oppriktig ynskje om å vise den rette vegen. Og eg er svært forsiktig, kanskje for forsiktig (?), med å rettleie så direkte, for korleis kan eg vite at det er eg som har funne det rette? Eg kan berre fortelje om det eg har lest i Bibelen, og dei erfaringane eg har gjort med Gud.

Så: ingen dom herifrå. Men eg går ikkje av vegen for debatt, så lenge ingen skuldar meg for å gå med uærlege hensikter. Det er mi bøn til Gud at eg aldri må gjere.

Du er unik

Du er unik
Eit meisterverk
Frå Guds hand
Ingen andre er
Akkurat slik du er

Du vil alltid vere
Den einaste som er som deg

Men mange vil forme deg
Mange vil trykke deg
Inn i ein firkanta boks
Og seie:
Du er slik
og ikkje slik
Du er som oss
Men ikkje fullt så god
Og ikkje fullt så flink
Og ikkje fullt så verdifull

Men dei seier ikkje det som er sant

For du er god nok
Du er unik
Du er verdifull
Ingen kan fylle din plass

Ingen er like
Men vi er alle like
Verdifulle
Og vi passar alle perfekt inn i
Guds hand


torsdag 22. september 2011

Ville vesten - akkurat som før

USA er eit merkeleg land. På den eine sida så er det ein storeksportør av kultur: Gode forfattarar, store filmar (og mindre store filmar...), flotte musikkartistar og ein og annan poet. Når eg tenkjer etter, må eg innrømme at dei fleste av mine favorittartistar er frå USA. Det er eit demokrati, og det er "mulighetenes land". Og dei fleste vest-europearar, til og med oss som er født nesten 40 år etter 2. verdskrigen, er takknemlege for den uvurderlege hjelpa USA gav i kampen mot nazismen, og støtta til gjenoppbygging av sønderskutte økonomiar og land.

Så det er ikkje ut frå forakt til landet eg skriv det neste her, det er meir som ei betraktning av noko eg ikkje heilt forstår.

For USA er jo for mange "it", draumelandet. Likevel har dei enormt mange fattige. Dei slit med høg arbeidsløyse, samstundes som millionar av rike amerikanarar lever i luksus. Dei har ikkje ein velfungerande velferdsstat, dei torer ikkje ta nok skatt av innbyggjarane sine og gjelda er på eit svimlande nivå.

I tillegg har dei ei historie prega av lovløyse ("Ville Vesten") og rasediskriminering. Slavehandelen blomstra på 1800-talet, og Jesse Owens følte seg meir diskriminert då han kom attende til USA, enn då han deltok under OL i nazi-regimet sin hovudstad Berlin. Ikkje ein gong hos nazistane måtte han bruke sideinngongen for å kome inn på hotellet, slik han måtte når han kom heim att til USA!

Likevel, trass i alle desse ufordelaktige sidene ved den amerikanske staten, er det to ting som forundrar meg meir enn noko anna:

1) At USA, som det einaste landet i FN i tillegg til Somalia, endå nektar å ratifisere barnekonvensjonen i fråsegna om menneskerettar. Kva er det for noko? USA og SOMALIA! Somalia, som deler ut våpen som premie til born i offentlege spørjekonkurransar (VL-artikkel), drep menneske som eig ein bibel og freistar å styre landet etter streng sharialovgivning.

2) Haldninga til dødsstraff. Mange statar tillet endå, i 2011, dødsstraff som straffemetode ved ekstra graverande brotsverk. Denne straffemetoden er no, heldigvis, heilt forbudt i Europa. Ikkje eit einaste europeisk land ynskjer å drepe sine forbrytarar. Europa fyljer med i tida, og har innsett det ekstremt inhumane i det å gjengjelde drap med drap. USA heng etter, saman med Kina, Saudi-Arabia og Iran. Godt selskap!


Eg er ein av dei som lot meg provosere over likvideringa av Osama bin Laden, og dag har eg igjen latt meg provosere. Denne gongen over drapet på Troy Davis, som vart dømt til døden for drapet på ein kvit politimann i 1989. Og denne dommen kom trass i svært manglande bevis, og 7 av 9 vitner har i ettertid trekt sine vitnemål tilbake! Likevel vart Davis avretta i natt. (Aftenposten-artikkel) Dette er eit enormt tilbakesteg for den amerikanske rettsstaten. Å dømme nokon utan bevis er ein forbrytelse i seg sjølv, og skulle det no vise seg at Troy Davis likevel ikkje var mordaren, er det ingen måte ein kan rette opp dommen på. Døden er endeleg og absolutt.

I same artikkel er Lawrence Brewer nemnt. Eit Ku Klux Klan-medlem som er dømt for eit mord han velvillig innrømmer å ha gjort, og som han slett ikkje angrar på. Han ville gjerne gjort det igjen. Også Brewer er henretta. Dermed er det to mordarar også i den saka, Brewer sjølv og delstaten Texas.

Også usympatiske personar som Brewer er menneske, og har vi menneske nokon rett til å leike Gud ovanfor kvarandre? Det er berre Gud som har rett til dømme over liv og død, og Guds veg, slik vi kan lese i Bibelen, er vegen til skafottet. Men det er ikkje menneska som må gå dit, han går der sjølv. Kor gjerne skulle vel ikkje Jesus heller ha blitt lagt i rep og drept med giftsprøyter, i staden for desse to mennene! Han som hatar urettferd, og ikkje toler synd. Han tek straffa sjølv, ofrar seg frivillig for dei menneska han har skapt.

Den amerikanske staten, representert ved domstolen i Texas, har no teke frå Brewer sjansen til å møte Jesus og få nåde for sine synder.

Om Davis var uskuldig eller ikkje, er det no berre Gud som veit. Og også dommarane i Georgia og Texas skal ein gong møte Gud. Korleis vil dei då forsvare drapet på to av Guds skapningar?

mandag 19. september 2011

Ulv med hyrdestav

Ein av dei bloggane som eg les fast og som gir meg inspirasjon i kristenlivet, er Victoria Vik sin blogg. Nyleg hadde ho eit blogginnlegg med tittelen "Ulv i fåreklær", som vel må seiast å vere ein svært bibelsk metafor. Å møte menneske som kallar seg kristne, men som likevel lever og lærer slik at dei fører andre vekk frå Jesus, er ikkje noko hyggeleg. Mildt sagt.

Likevel er det noko eg fryktar endå meir, nemleg ulvar i hyrdeklede.


Når leiarar i kristne kyrkjer lærer slik at det blir sådd tvil om Guds stormakt, Guds kjærleik, Guds heilagdom eller frelsa i Jesus Kristus, då er det stor fare på ferde. Det er vel ingenting som gler Djevelen meir enn når kristne leiarar sviktar kallet sitt, og begynner å lære i strid med Guds ord. Det er problematisk for slike som meg, som er overbeviste om at Jesus er Sanninga med stor S og ynskjer å leve livet etter Guds vilje. Kor problematisk må det ikkje då vere for menneske som ikkje trur (endå), eller menneske som lever i randsona mellom tru og tvil, eller ferske kristne som endå ikkje har fått så "djupe røter"?

Det står i Bibelen (Jakob 3,1) at lærarar skal få ein strengare dom. Det er eit stort ansvar som kviler på skuldrene til dei som er prestar, forkynnarar og bibellærarar. Begynner dei med vranglære, får det så mykje større og verre konsekvensar enn om ein person kallar seg kristen utan å vere det.

For oss vanlege "fotfolk" er det ein ting som er viktig: Be for våre kristne leiarar, at dei må vere audmjuke tenarar for Gud, la seg leie av Den Heilag Ande og forkynne Guds ord slik det står i Bibelen, slik at vi kan lære å leve som kristne på rett måte. Og så må vi be om at Djevelen ikkje må få innpass i kristne forsamlingar, og takke for den utruleg djuptgripande og altomfattande nåden i Jesus Kristus!

tirsdag 13. september 2011

Eksynyt

Eg hadde aldri, og då meinar eg ALDRI, verkeleg, trudd at eg nokon gong skulle komme til å like musikk med merkelappen "metal" klistra til anmeldingar på musikknettstader. Metallmusikk! Berre ordet gir meg litt dårlege vibbar, og eg ryggar unna. Metal er ikkje meg. Eg likar rock, javisst, og ganske mange andre ulike sjangrar. Men metal? Nei takk! Ikkje hardrock heller, for den saks skuld.

Men det var visst før. Før høyrde eg nesten berre på songar i poprock-segmentet. No har eg begynt å setje mykje meir pris på rolegare musikk. Klassiske verk (Då snakkar eg meir om klassisk som i Charles Wesley og Fanny Crosby, musikk som eg før berre høyrde på bedehuset, men som eg no plutseleg kan sitje og høyre på høyretelefonane mine...) og roleg lovsong. Balladar og viser. Fortsatt høyrer eg svært mykje på pop og rock. Og no altså ... metal?

Eg kryssa vel for såvidt ei linje då eg for halvanna år sidan høyrde Skillet, og likte musikken. Dei er noko hardare i stilen enn det eg er vant til å høyre på. Men altså, i små dosar var det kjekt å høyre!

Nyleg oppdaga eg gruppa HB frå Finland. Eller, gjenoppdaga må eg vel eigentleg seie, sidan eg har lese om dei tidlegare, og høyrt mykje positivt om dei, særleg om solide kristelege tekstar. Dei var likevel aldri noko interessante, sidan dei song på finsk... og altså spelte metal, ein sjanger eg per def ikkje er så begeistra for. No har dei gitt ut ei plate på engelsk, "The battle of God". Eg tenkte eg skulle gje dei ein sjanse, og sette på ein song. Min første tanke var noko sånn som "Metall? Dette?" Songen eg høyrde var denne:



Kanskje ikkje så rart at eg begynte å lure, eller? Dette var jo faktisk mykje rolegare enn det eg vanlegvis høyrer... Og ein flott lovsong! Så tekstmessig svarte dei då forsåvidt til forventningane.

Også dei meir ... metalliske? songane på plata har eit veldig melodisk preg. Så har eg då også funne ut at stilen vert kalla "symfonisk metal", så det er kanskje det som er forklaringa på at eg likar dei så godt? (...)

Ein favoritt så langt, er songen "Lost". Den er nok meir representativ (utan at eg her kan slå det fast, sidan dei er eit heilt nytt bekjentskap) for stilen til HB, og har ein flott tekst. Berre høyr:




Så har eg i alle fall lært meg det, at ein ikkje bør dømme ein artist ut frå kva for ein merkelapp som er festa på. Då kan ein jo kanskje gå glipp av musikk ein faktisk liker!

Ole

PS! "Eksynyt" er det finske namnet på songen "Lost"!

torsdag 8. september 2011

Å lese

Du kan ikkje redde verda
BERRE
med det
Du kan heller ikkje
byggje eit land frå grunnen - eller eit hus
for den saks skuld
Du kan heller ikkje få sola
til å skine eller gjere folk glade
og sorglause
Likevel gjer det verda til ein betre stad

Litt om litt


Venleg helsing ein norsklærar med stor tru på det skrivne ord.

tirsdag 6. september 2011

Gud og naturvitskapen

Er Gud eit naturvitenskapleg anliggande? Ja, absolutt. I same grad som eg som skriv denne teksten er den "anliggande". Eg skriv orda, og bestemmer både rekkjefølgja på dei, korleis setningane skal sjå ut, kvar teikna skal stå og innhaldet.

Likevel kan du som lesar aldri finne meg i teksten. Du kan leite så mykje du vil, men du vil ikkje finne. Grunnen er ganske enkel: Eg er ikkje ein del av teksten! Eg er av eit heilt anna vesen enn orda i dette blogginnlegget. Eg står utanfor teksten, og ser den, som dykk, frå utsida.

Likevel veit du som lesar at eg er der. Nokon HAR verkeleg skrive desse orda. Dei har ikkje stilt seg opp av seg sjølv, og danna meiningsberande periodar. Nei, der står ein forfattar bak. Også eg kan lese teksten om att, så mange gongar eg vil. Kanskje finn eg skrivefeil, kanskje kjem eg på betre formuleringar. Uansett: Det er min tekst, eg har skrive den og ingen kan nekte for det. Ok, det går ikkje an å bevise, for same kor mykje du studerer orda, vil du som sagt aldri finne meg. Du må berre stole på det eg seier: Det er verkeleg eg, Ole, som har skrive dette. Valet er ditt, vil du tru det eller ikkje?


På same måte er det med Gud og naturen. Vi kan aldri finne Gud ved hjelp av naturvitskap, sidan Gud står utanfor naturen og er ein heilt annan type vesen enn det vi kan observere i naturen. Likevel veit vi at han er der, sidan vi ser naturen. Vi ser "Guds skrift", vi ser ordenen i naturen, lovene, det regelmessige, samspelet. Alt det som gjer at vi forstår at det er ein "forfattar" bak.

Vi kan leite til vi blir grønne, vi vil aldri kunne forklare eller finne Gud i naturen. Vi må møte han på eit anna vis. Vi må møte forfattaren av ein tekst utanfor teksten. Vi må møte Gud utanfor naturen.

På eitt sett haltar dette bildet likevel, i og med at Gud valte å bli ein del av den skapte naturen. Ordet vart menneske, kan vi lese i Bibelen. Gud vart menneske, og vi kan no møte han også på det "naturlege" planet, det som for oss er mest naturleg.

Eg kan aldri velje å bli eit ord i ein tekst. Men så er eg no heller ikkje som Gud, då.

mandag 5. september 2011

The big surprise

I følgje fleire ulike media har den kjente naturvitenskapsmannen Richard Dawkins blitt utnemnd til æresdoktor av Universitetet i Oslo. Også Vårt land slår opp saka, under overskrifta "Ingen norsk Dawkins". At ein tilsvarande vitenskapsmann ikkje er å finne i Noreg, vert forklart med andre haldningar innan dei kristne miljøa. Med andre ord: Det er kreasjonistane i USA som har "æra" av å frambringe useriøse vitenskapsmenn som Dawkins. Og no seier eg ikkje at Dawkins ikkje er dyktig eller velutdanna. Han har berre ein tendens til å snakke om ting han slett ikkje har greie på.

For eksempel klarar han ikkje å skilje mellom vitenskap og andre disiplinar. Han gjer med andre ord det vi fryktar mest blant ekstreme fundamentalistar: Å rote i hop ulike sider ved tilværet, som vitenskap, politikk, kunst, rettsvesen og religiøsitet. Rote dette saman, og komme ut med fasitsvaret med to strekar under. Ein islamist vil ut frå denne suppa ause meiningar som at Gud skal påverke og styre alle sidar av tilværet, både politikk, kunst, rettsvesen, vitenskap og sjølvsagt religiøsitet. Dawkins kjem ut på den diametralt motsatte sida: Gud kan ikkje reknast med nokon plass, fordi han ikkje finst. Og det kan Dawkins bevise, sidan han meinar Guds eksistens er eit vitenskapleg anliggande. Når Gud då ikkje kan bevisast vitenskapleg, må det bety at han ikkje eksisterer.

Er dette ei stor overrasking? Langt i frå. Det einaste overraskande her er at han vert teken seriøst.

Vidare kan vi altså lese at norske kristne ikkje har slike "ekstreme" haldningar til Bibelen, som dei vi finn i USA. Dei fleste har nok ikkje det, og dei fleste av oss les ikkje Bibelen som ei vitenskapsbok. Bibelen fortel sanninga om verda, men frå ein annan synsvinkel, og med eit anna perspektiv, enn naturvitenskapen. Mange kristne, som blant anna meg, vil difor hevde at det slett ikkje er noko konflikt mellom Gud og naturvitenskapen. Snarare tvert om: Det er Gud som har skapt naturen, og dermed lagt grunnlaget for heile naturvitenskapen! Han gav til og med dei første menneska beskjed om å leggje verda under seg. I dette les eg at Gud vil vi skal forske på verda, og prøve å forstå den. Likevel vil vi aldri kunne bevise Gud vitenskapleg. Fordi Gud er utanfor det skapte, utanfor det lovmessige som han sjølv har lagt på plass.


Så til den store overraskinga, the big surprise. Desse orda er "lagt i tastaturet" til Nina Kristensen, ansvarleg redaktør for Forskning.no: "Det er ikke sjelden vi får nyhetene om hvordan små kristne skoler eller muslimske ledere forfekter en gudsskapt verden og fornekter evolusjon. Vi opplever stadig avsløringer av kvinnesynet i enkelte kristne og muslimske miljøer – basert på tro og gamle skrifter."

Det er altså nokre små kristne skular, og muslimske leiarar, som forfektar ei gudsskapt verd? Og ikkje statskyrkja, bedehusforsamlingar, frikyrkjer og andre? Eg trur Kristensen skulle teke seg ein tur i kyrkja søndag formiddag og lytta til første del av den apostoliske trusvedkjenninga: "Eg trur på Gud Fader, den allmektige, skaparen av himmel og jord".

Sjølvsagt forfektar vi som kristne ei gudskapt verd! Det er jo eit av dei viktigaste fundamenta i vårt kristne verdsbilde. Utan ein skapande Gud, kor skulle verda elles komme frå? Oppstå av seg sjølv frå ingenting, som om det er mogleg? Nei, eg trur ikkje det.

Og kva har kvinnesynet med skaping vs evolusjon å gjere? Ei ganske useriøs avsporing. (Men sidan vi er inne på temaet: I følgje Bibelen, og den kristne læra slik den vert forkynt i kristne kyrkjer over heile verda, er kvinner like verdifulle som menn. Jesus gjekk på tvers av dei rådande kulturelle normene i si samtid, og inkluderte kvinner på lik linje med menn. Ja, han var faktisk ganske revolusjonær på det området. Og er det fortsatt. I Guds rike er det ingen forskjell på mann og kvinne. Heller ikkje Paulus meinte at kvinner skulle bli dårleg behandla (han får ofte skulda for å meine dette). Han skreiv tvert om at mennene skulle elske og ære kvinnene på same måte som Kristus elskar kyrkjelydane. mykje vil vi som menn aldri klare å elske kvinnene, men det er det som er idealet.)

Då var det sagt. Eg er likevel skuffa over denne usaklege avsporinga og den heilt tydelege mangelen på kunnskap om forholdet mellom teologi og vitskap.

Og så eg som stadig er inne og les på Forskning.no med stor glede og nysgjerrigheit. Det er alltid kjekt å lære nytt om verda. Den Gudskapte, fantastiske og heilt unike verda!

Det går ikkje an å bevise Gud vitskapleg. Men det går an å argumentere for Guds eksistens på eit svært seriøst grunnlag. Det er det mange som gjer.

Mitt sterkaste Gudsbevis ser du her:


Eg har for så vidt aldri tvilt på Guds eksistens. Etter å ha holdt dei nyfødte hendene til min sønn (bildet) og datter i mine, forsvann siste mulige sjanse for ein slik tvil.

Eg er glad i naturvitenskap. Eg elskar Gud. Og dei to går godt i hop!

søndag 4. september 2011

Det måtte jo skje

Omsider har regjeringa "endeleg" fjerna kontantstøtta for toåringar (VL-artikkel) Eg har venta på det i mange år, om ikkje akkurat med forventning, så i alle fall med ei rasjonell og rimeleg utført sannsynberekning.

Argument? - Fleire kvinner i arbeid, fleire innvandrarbarn får verdifull språkopplæring i barnehagen og eit meir likestilt arbeidsliv. I følge Audun Lysbakken. Ja, for så viktig er dette eine året i barnets liv, at det må for all del ikkje kastast vekk heime hos mamma og pappa. Og språk lærer det heller ikkje av å berre vere med foreldrene, så det er godt det får leike med jamnaldrande og lære skikkeleg språk.

Og eit meir likestilt arbeidsliv? Ja, mon det. Vi får i alle fall litt fleire personar ut i arbeid som eigentleg heller kunne tenkje seg å vere heime med borna sine. Hurra!

Vel vel. Som sagt, det kom ikkje som noko sjokk. Eit steg nærare den einsretta staten.

På den meir positive sida må jo nemnast at regjeringa samstundes aukar kontatstøtta for 1-åringar. Og det er positivt, for det kan medføre at fleire utset barnehagestart til toårsalderen. Her er eit heilt ekte og uironisk: Hurra!

Likevel: Hadde KrF fått bestemt, hadde kontantstøtta auka endå meir for eittåringar, pluss at toåringane hadde fått meir enn i dag, ikkje mindre. DET hadde medført større valfridom.

Eg er veldig for valfridom.

Utan at eg dermed har sagt noko om min politiske ståstad.


fredag 2. september 2011

Beautiful

To vakre songar. Ein om deg:



Og ein vakker lovsong til Gud!



torsdag 1. september 2011

Breivik - eit menneske

Først ein aldri så liten takk til Paul Leer-Salvesen, for ein, som vanleg, klar tanke (VL-artikkel: Han er et menneske, ikke en djevel) Dette er eit svært viktig perspektiv, for det er då nettopp menneske som er i stand til å gjere slike vondskapsfulle ting.

Ta for eksempel ein kikk på dette bildet:

Dette er offiserar i ein tysk konsentrasjonsleir under 2. verdskrigen. Er det menneske vi ser på bildet? Ja. Det er lys levande menneske, med familie, barn, hobbyar, draumar og tankar om framtida. Det er menneske som eg og du. Viss ein stemplar dei som umenneske og monster, tek ein frå dei ansvaret for dei grusomme handlingane dei utførte i leirane. Dei er menneske, og har ansvar.

På same måte har Breivik ansvar. Han er ikkje eit udyr, han er eit menneske på lik linje med meg og deg. Difor har han også eit ansvar for dei handlingane han gjer som menneske, og dei må han svare for i den norske rettssalen.

Likevel vil eg også trekkje inn eit anna perspektiv. Det kristne menneskesynet inneber at vi er skapte av ein god Gud, men at vi også har falle i synd og latt oss forføre av djevelen og det onde. Eit menneske er ikkje anten godt eller ondt, det er begge deler. Også vi som ikkje utfører massedrap, gjer onde handlingar. Kanskje ikkje like synlege, kanskje ikkje med like grusomme konsekvensar på kort sikt, kanskje ikkje like ideologisk forvirra.

Både nazistane og Breivik utførte handlingar som var i samsvar med djevelens vilje, ikkje Guds. Dei gjekk i den onde sin teneste. Ikkje at det fråtar dei ansvaret. Vi har alle eit ansvar for våre val, og å prøve i så stor grad som overhovudet mogleg for oss menneske, å motstå det onde. Det beste våpen i så tilfelle er å ikle seg Guds nåde og kraft. Berre Jesus kan overvinne (og har allereie overvunne!) det onde. Ved å studere Guds ord, leve eit liv i bønn og under Guds leiing, vil ein kunne bli spart for å utføre slike gjerningar som dei vi har vore vitne til, både på Utøya og tidlegare i ulike diktatur og regimer.

Og då seier eg ikkje at dei som ikkje er kristne, automatisk er meir disponerte for å bli massemordarar. Langt i frå. Gud har lagt ned i oss eit samvit, sin kjærleik og omsorg, og ein hjerne med ein utruleg evne til både refleksjon, kunnskapsinnhenting og empati. Vi er så godt utstyrte frå skapinga av, at ingen, med mindre ein er sjuk, kan fråseiast ansvaret for sine eigne handlingar.

His heart was always in it

Ein snart tjue år gamal song, frå plata "Tales of wonder". Whiteheart song songar med fokus på Jesus og livet som kristne i verda. Denne songen utfordrar meg: har eg hjartet med på det eg gjer? Og bankar hjartet mitt for dei same tinga som Jesu hjarte bankar for?

His heart was always in it

Crack open your bible,
Take a look at the heart of a hard working man,
See him with all the people,
See the love in his face and his hands,
Even where he was weary, his love shone in the dark, dark world of demands,
I got my good times,
I got my bad, bad times,
Up and down,
Off the ground,
Chasing my heart around,
I just don’t know what I’d do.

His heart was always in it,
His heart was always in it every day,
His heart was always in it,
His heart was always in it each step of the way.

Let’s pull in all the experts,
Pop goes the world of psychology,
We love it warm and fuzzy,
Just don’t ask anything of me,
I talk a good line,
In fact, I’m talking all the time,
Let’s debate, communicate, move me like a paperweight,
I could make Donahue.

His heart was always in it,
His heart was always in it every day,
His heart was always in it,
His heart was always in it each step of the way,
Working with a vision,
Love was his mission everyday,
‘Cause love is a decision, your heart must be in it every day.

His heart was always in it,
His heart was always in it, yeah,
Always, always, always, was always in it,
Ooh, ‘cause love is a decision,
Working with a vision of love,
Of love,
Ooh, every step of the way,
Do, do, do, do, do, do, do, do.

Eg fann dessverre ikkje songen på youtube, men det går an å høyre smakebitar her på amazon.