lørdag 23. juni 2018

Forhold #3





Matt 11,12-14: Frå Johannes døyparens dagar og til no trengjer himmelriket seg fram, og dei som trengjer på, riv det til seg. For heilt til Johannes kom, har alle profetane og lova tala om det som skulle henda. Og om de vil ta imot det: Han er den Elia som skulle koma.

Forhold #2









Matt 11,9-10: Kva gjekk de då ut for å sjå? Ein profet? Ja, eg seier dykk: meir enn ein profet! 10 Det er om han dette er skrive:
           Sjå, eg sender min bodberar føre deg,
           han skal rydda vegen for deg.


Forhold #1





Joh 11, 11: Sanneleg, eg seier dykk: Mellom dei som er fødde av kvinner, har det aldri stått fram nokon større enn døyparen Johannes. Men den minste i himmelriket er større enn han.

lørdag 16. juni 2018

Ein stabel pengar




det var alt som låg att
då det stille hjartet
vart seinka i jorda

flotte ord svevde i lufta
som sommarfuglar
rett før frosten;
om denne effektive mannen
og smilet dei sakna

så traska finskoa bort
og graset rundt den mjuke molda
kunne igjen reise seg mot sola

ei stor trillebåre med pengar
stod att på ein tom kyrkjegard

snart fekk vinden og regnet tak i papiret
og seksti års arbeid
gjekk i oppløysing den natta –

berre svaret den vesle jenta fekk
på spørsmålet til sin gråtande far
hang att: kvifor
            tek ingen med seg pengane?

det er berre pengar, jenta mi
berre pengar – ein stabel papir
og ingenting vi vil sakne –




Matt 16,26: Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?

lørdag 9. juni 2018

Vêromslag




eg vakna til lyden av regnet
det var den vakre lyden
av regn
etter tørketida

mjukt fall det
mot den tørre jorda
mjukt vatna det røter og blad
og  livet vakna i skogen

mjukt såg vi livet vende tilbake
til våre lengtande hjarte
då vi endeleg kunne rette hendene mot himmelen
og jublande ta imot væta
frå det levande vatnet



Joh 1, 36-37: Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» 37 Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus.
 

lørdag 2. juni 2018

Rørsle







Gal 3,28: Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus.