fredag 31. august 2012

Theisen

Av og til lengtar eg tilbake
Til dei enklare tidene

Den gong middagen stod på bordet
Utan at eg måtte gjere noko for det

Den gong barne-tv
Var det einaste interessante på tv
Og eg ikkje trengte vurdere
Når eg skulle legge meg

Den gongen hadde eg laurdagspengar
og enkle økonomiske val
Ville eg vere i fred
låste eg døra til rommet mitt

På tv sat barne-tv dama i ro
Og annonserte med høgtideleg stemme
(Det, som mykje anna, er betre i dag)
Og vérmeldinga såg slik ut:

Vidar Theisen, 1933-2012
Vidar Theisen meldte solskin
Eller regn
Og flytta rundt på symbola
Heilt manuelt

Eg hugsar eg ynskte eg hadde ei slik tavle
Kanskje på rommet mitt
Kunne snurre den rundt
Og flytte symbola dit eg ville

Bror min herma etter Theisen
Eg trur ikkje han hadde blitt fornærma
hadde han høyrt det
Vi likte nemleg Theisen – det var noko med han

I dag lengtar eg tilbake
Til dei enkle dagane
Men dagane kjem aldri attende
Heller ikkje Theisen
Eller snurrekartet

torsdag 30. august 2012

Ordspel

Eg spelar ball
med orda
Tek rennefart
og dundrar til
Særleg mot dei tunge
og kronglete orda
Som kaleidoskop
Eller initiativ
Dei som trur dei er urørlege
berre i kraft av
si stilling

I andre omgang
får eg orda mot meg
Dei snur om, tek salto
og halv volley
Og sender meg hovudstups
ut av diktet



Jada, ordspel er alltid kjekt. Det er ei god kjensle dei gongane ein klarar å lag ordspel sjølv, men det er minst like kjekt å sjå alle dei finurlege og artige måtane folk kan snirkle til orda på. Ein klassikar er sjølvsagt Sverre Bjørstad Graff sine teikningar i Absurdgalleriet...

 Eg har også sansen for Lars Lauvik sine Oppgulp. Ein del gullkorn å finne der også, ja.


 Absurde matematikksituasjonar in my heart:


Og til slutt litt gatekunst. Ordspel det går an å grunne litt på!


Når det gjeld det å bli oppdatert på artige bilder, og få input og inspirasjon, er eg utruleg glad for at eg lever i internettet sin tidsalder!

onsdag 29. august 2012

Framtid og håp

Eg er snart ferdig med å lese gjennom boka til profeten Jeremia, og det har vore ei spennande, om enn litt depressiv, reise... Her er mykje ulykke og dom, og då særleg dei første 28 kapitla. 28! Her vert det sagt om att og om att, presisert og hamra inn: Folket har svikta, dommen vil komme, dei vil bli bortført til Babylon.

Kongane nektar å høyre på Jeremia. I staden set dei han i fengsel, og han opplever berre motbør. Og det er ikkje det at han har så vanvittig lyst til å forkynne dommen frå Gud, tvert om vert han motlaus av det heile. I kapittel 15 seier han dette:

         Ve meg, mor, at du fødde meg,
          ein mann i strid og krangel med heile landet.
  (15,10)
          

Og i kapittel 20 går han så langt som å forbanne den dagen han vart fødd. Likevel fortset han å forkynne dei orda Gud seier til han, for då han bestemte seg for å slutte:

          Då var det som om det brann ein eld i mitt hjarte.
          Han var innestengd i knoklane mine.
          Eg streva for å stå imot,
          men eg greidde det ikkje.  (20,9)


Han klarte ikkje å stå imot kallet! Og til slutt gjekk det slik Gud sa: Folket vart teke til fange og bortført til Babylon, der dei måtte leve i eksil i 70 år. 

Det er altså mykje sorg og nød, dom og fengsel, krig og hemn i starten av boka til Jeremia. Men så skjer det noko i kapittel 29. Her er det som heile tonen i forkynninga endrar karakter, og Gud proklamerar at folket skal bli berga frå eksilet og igjen få bu i sitt eige heimland. Plutseleg er det trøyst og håp som står i fokus. To av mine favorittbibelvers dukkar opp i Jer 29, 11-12:

For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. Når de kallar på meg og kjem for å be til meg, vil eg høyra på dykk.

Folket som Jeremia talte til, hadde svikta på alle måtar og stelt seg dårleg til. Likevel har Gud gode tankar for framtida deira. Han vil gje dei håp!  



Det er sikkert fleire enn eg som ofte er litt forvirra når du les i Bibelen. Der står om assyrarar, egyptarar, babylonarar, persarar, medarar osv., og alle kjem og tek Jerusalem... Eg ynskjer gjerne å vite rekkefølgja, kven som tek landet frå kven og slikt. Eg har fått litt meir oversikt etter å ha lest i Jeremia, men likevel ikkje fullstendig. Difor vart eg veldig glad då eg kom over følgjande video-oversikt. Kanskje fleire enn meg som kan ha nytte av denne?:




mandag 27. august 2012

Apropos arv


Eg har ein arv
Eg ikkje treng sloss for
Ein arv som ingen kan ta
Protestere på
Anklage meg for å ha stelt
Eller lurt til meg

Eg har ein arv
Ein enorm, umåleleg arv
Som gjer meg rik
Rikare enn du kan drøyme om
Så rik at eg sprenger skalaen,
Same kva for ein skala du bruker

Eg har ein arv
Ei ufortent gåve
Gitt til meg, i kjærleik
Eg deler den gjerne, for
den vert aldri mindre
same kor mykje eg gir

Ein dag har eg ikkje lenger bruk for pengar
Eller hus eller bil eller noko
Då skal eg leve vidare
På ein arv
Som aldri tek slutt

(Spontandikt etter å ha lest denne artikkelen i Aftenposten: I over 20 år feiret jeg jul med Urdahl-ekteparet. Det er mange ting i livet eg er takknemleg for. At eg slepp å tenkje på millionar er ein av dei.)

søndag 26. august 2012

Nye sko

 
Krokodilla Knut Kåre
Gaper med sitt gap
Han strekk seg ut
Ser på klokka.
Kikkar på vatnet.
Kikkar på sola.

Krokodilla Knut Kåre
Har kjøpt seg nye sko
Kvite, raske
Joggesko
Med snøring og
Blinkelys

Krokodilla Knut Kåre
Ventar på selskap
Ser oppover elva.
Ser nedover elva.
Kikkar på klokka.
Ser på skoa.

Krokodilla Knut Kåre
Sukkar tungt
Og legg hovudet på armen.
Av og til
Er det kjedeleg
Å vere krokodille
Med nye joggesko

Heilt aleine