torsdag 22. desember 2011

Snart kjem han

Snart kjem han
Barnet
forsvarlaus, naken og redd
 Han kviler trygt
i det mørke rommet
mellom æva og tida
Endå

Snart møter han jorda
med songen frå tusen englar
Hans eige liv er eit frø
som vil spire
 Snart kjem han
Og sår våre hjarte med kjærleik


mandag 19. desember 2011

Ringenes herre

Eg er den type menneske som kunne hatt følgjande tekst på gravsteinen: "Boka var betre"... Mykje fordi det er sant, men også fordi eg er glad i bøker, og har brukt relativt lite tid av livet mitt på å sjå film. I tillegg kan det hende eg er eit bittelite snev av kultursnobb? Det er så mange faktorar som spelar inn.

Sjølv om eg har sett lite film, har eg sett nokre. Tre av dei filmane eg så avgjort har sett, er trilogien om Ringenes herre. Filmane kom ut med eitt års mellomrom, og det kom ut ein kvart av dei tre åra eg gjekk på lærarskulen. Eg gjekk og gledde meg til kvar einaste ein, og var fascinert av historia. Bøkene stod i bokhylla, men vart ikkje lesne av meg. Nina las dei, men eg kom aldri så langt.


Av den grunn bestemte eg meg i haust for at eg skulle lese meg gjennom serien. Eg begynte med "Hobbiten", og las så Ringenes herre-trilogien. Og nok ein gong må eg seie: Bøkene var betre... I all rettferd må eg då skyte inn at det altså er nesten ti år sidan eg såg filmane, så eg har gløymt det meste av dei. Kanskje eg bør sjå dei no i vinter, berre for å få eit riktig samanlikningsgrunnlag?

Det som i alle fall er sikkert, er at det er ein del ting i bøkene som er utelatt i filmversjonen. Dette er ganske logisk, i og med alle begrensningar som eit filmmedium har, både når det gjeld verkemiddel og tid. Kven hadde vel orka å sjå ein fire timar lang film om Ringens brorskap?


Ei av dei rollene som verkeleg fascinerte meg i boka, var fyljesvennen Sam. Eit godt eksempel på alt det gode eit trufast venskap fører med seg. Kva hadde vel Frodo kunne utrette utan denne gode venen? Og så er jo sjølvsagt rollefiguren Gollum interessant, men då av ein heilt annan grunn. Ein gong var han ein normal og oppegåande person, som levde livet sitt saman med familie og vener. Så fann han Ringen, herskarringen, med inskripsjonen:  
 
Én ring skal samle dem, 
én ring skal finne dem, 
én ring betvinge dem 
og i mørket binde dem.

Ringen øydela han, gjennom mange mange år. Ringen gav han eit langt liv, samtidig som det øydela alle menneskelege trekk og gjorde at det einaste han brydde seg om, var ringen. 

Då Gollum fyljer etter Frodo og Sam, og Frodo klarar å fange han, drep dei han ikkje. I staden viser dei omsorg for han. På den måten får dei eit slags tillitsforhold, og Gollum kan hjelpe dei vidare på reisa. Den same haldninga kan vi lese om i "Hobbiten". Der møter vi Bilbo, onkelen til Frodo, som finn ringen nede i hola til Gollum. Bilbo kunne også tatt livet av Gollum, men sparar han. Den vise trollmannen Gandalf seier at det er denne miskunnen som er grunnen til at Bilbo ikkje vart øydelagt av Ringen.





















Og når vi nemner Gandalf, begynner vi å nærme oss kjernen i forteljinga. I alle fall det EG meiner er kjernen. Tolkien uttalte at han ikkje la nokon føringar for tolking av historia, men lot det vere opp til kvar enkelt lesar å leggje inn i historia det ein ville. Han ville først og fremst fortelje ei god historie (Noko eg meiner han lukkast veldig godt med...)

I den første boka, Ringens brorskap, møter vi Gandalf Grå, som er den klare leiartypen. Han fører Ringens brorskap på den rette vegen, og veit som regel ein utveg på dei fleste problem. Slik eg ser det er han et symbol på Jesus. Frodo, ringbæraren, kan også sjåast på som eit symbol på Jesus. Han ber med seg ringen heile den lange vegen til Dommedagsjuvet, der ringen vert øydelagt og verda befridd for den onde Sauron. Likevel haltar han mykje som symbol, mest fordi han, når det kjem til stykket, nektar å gje frå seg ringen. Også han vert dregen mot den makta ringen kan gje, og vert undervegs litt for knytta til den. Jesus på si side, så langt vi kan lese i Bibelen, kom aldri til det punktet at han nekta å utføre den gjerninga han kom til jorda for å gjere. Sjølv om han var redd, og ba om å få sleppe (slik også Frodo gjorde i forteljinga), gjekk han frivillig heile vegen, og stoppa aldri. Frodo gjekk berre nesten heile vegen. Det måtte eit endå meir øydelagt vesen, Gollum, til for å øydeleggje ringen i flammane, og det var grådighet, ikkje kjærleik, som førte til fullendinga av oppdraget. I Jesu tilfelle var det kjærleik som førte til fullendinga.




















Tilbake til Gandalf som, ved sidan av Frodo og Aragorn, er ein hovudperson i forteljinga. I første bok er han altså Gandalf Grå, ein mektig, men ikkje den mektigaste, trollmannen i forteljinga. Han fører brorskapet inn i Moria, dei gamle dvergholene. Der møter han eit gedigent uhyre, og i forsøket på å berge venene sine frå dette uhyret, vert han dregen med ned i avgrunnen, og venene må reise vidare utan han. Dei reknar han som død. I bok to, To tårn, kjem Gandalf tilbake. No er han Gandalf Kvite, og er blitt den mektigaste trollmannen. Han "kom tilbake frå døden", som det står i forteljinga. Han går gjennom ein kamp på liv og død med det store uhyret, gjennom vatn og eld. Til slutt vert han liggjande forlatt øvst i eit høgt høgt tårn. Uhyret er død, men han ser ingen håp om redning for seg sjølv. Likevel vert han redda, og framstår etterpå som den største autoriteten.

På bildene over ser vi dei tre mektigaste kreftene i forteljinga. Til høgre er tårnet i Mordor, der Sauron sitt auge speidar utover landet. Til venstre står Gandalf på trappa til Sarumann sitt tårn, Orthanc. Entane, svære levande tre, har okkupert Sarumann sitt rike, og no sit han fengsla i tårnet. (Her avvik filmane noko, sidan dei legg inn ein direkte kamp mellom Gandalf og Sarumann, medan i bøkene er det snakk om eit reint ordskifte mellom dei to, ute på trappene. Sarumann sin styrke hadde alltid vore stemma, som kunne overbevise og leie fiendane til å gjere det han ville. I konfrontasjonen på trappa overvinn Gandalf Sarumann, og knekker det siste han har av makt)

Etter dette ser vi Gandalf som ein lysande leiar. Han er her eit klart symbol på den oppstandne Jesus, som er gitt all makt i himmel og på jord.


Den tredje hovudpersonen i boka, er Vidvandre, alias Isildurs arving, alias Aragorn, alias kong Elassar. Han er ein noko mystisk skikkelse, som ein ikkje heilt vert klok på. I starten framstår han meir eller mindre som ein litt skummel omstreifar, men etterkvart står han fram som den nye og rettmessige kongen av riket. Også han kan vere eit symbol på Jesus. Først ein ganske anonym og ukjent person, men som etterkvart viser sitt sanne ansikt. Aragorn står fram som ein stor leiar i krig og ein god konge. Jesus var aldri nokon krigsleiar, og gjer det klart at hans kongerike er av ei anna verd. Slik sett skil dei seg stort frå kvarandre, likevel er altså maktprogresjonen den same, og Aragorn fungerar som symbol.

Det som kanskje fascinerar meg mest med J.R.R. Tolkien sitt storverk, er kor detaljert og nøye gjennomtenkt alt er. Riket han diktar opp, Middle earth, er ikkje berre sausa i hop på tilfeldig vis. Han har laga ei heilt eiga verd, med eigne språk, ei eiga historie og ei eiga verkelegheit. Ein forstår, etterkvart som ein les seg ut i historia, at Tolkien måtte bruke så mange år som han faktisk gjorde på å få verket ferdig. Han var språkprofessor, og la mykje energi ned i bøkene sine. Alle detaljar og geografiske/historiske hendingar stemmer overeins!


Ta for eksempel kartet over Middle earth. Det er detaljert, og medan eg las kikka eg på kartet og kunne sjå for meg dei ulike delane i forhold til kvarandre. Og så er det ekstra kjekt at også "Hobbiten" føregjekk i det same landskapet. Dermed vert verket meir heilskapleg, og ein sit igjen med eit verk som kunne vore ei historisk bok. Hadde det ikkje vore for alt det overnaturlege som skjer, og at ein veit det er oppdikta...

Eg anbefalar i alle fall andre leseglade til å ta seg tid til å lese gjennom desse bøkene. Det er vel brukt tid!

lørdag 17. desember 2011

Eg spurde Gud om ein blome

Eg spurde Gud
om eg kunne få ein blome -
Han gav meg ein hage
som bogna av fagre blomar

Eg spurde Gud
om eg kunne få eit tre - 
Han gav meg ein skog,
den flottaste eg har sett

Eg spurde Gud
om eg kunne få ein dråpe -
Han gav meg eit hav
så uendeleg stort og vidt

Eg spurde Gud
om eg kunne få ein venn -
Han gav meg - deg!


onsdag 14. desember 2011

Smør for ALLE pengane

I desse "smørkrise"-tider, er det ikkje like lett å halde oppe sjølvrespekten som nordmann. Ok, vi har lite smør. Det finst folk i verda som har lite av alt.

Eg såg gjennom Aftenposten og Vårt Land sine nettaviser rett før eg skreiv dette, og eg fann ikkje ein einaste artikkel om svoltkatastrofa på Afrikas horn på framsidene. Eg er klar over at det har vore eit problem lenge, og at det sikkert kjem til å vere det ei god stund framover. Ergo: yesterdays news. Likevel, viss vi set desse to sakene i sitt rette perspektiv, og reknar med graden av alvor, og i tillegg tek med det utalet av artiklar eg har observert om den såkalla smørkrisa, burde det vore minst fem saker om Afrikas horn på framsidene, kvar einaste dag.


Vi snakkar om ein kvalitativ forskjell av dimensjonar.

Eg kjem på ein reklame som Dagens næringsliv hadde ei tid tilbake:


Ein ganske morsom innfallsvinkel til Europakartet! Eg tillet meg å gjere ein liten endring på kartet:


Dermed passar det litt betre inn i den verkelegheita vi faktisk lever i. Om vi vil eller ikkje.

Då eg såg gjennom avisforsidene, fann eg denne interessante artikkelen på Vårt Land si framside: "Rike ønsker seg ikke geiter". Det passar i grunn godt inn i mønsteret. For kvifor skulle vi rike og smørfeite nordmenn ynskje å gje pengar til folk som ikkje så mykje som sender eit julebrev i takk? Kvifor skal vi gje frå oss våre hardt tente og vel fortente rikdomar? Kva har vi å TENE på det? Eller som ho sa det så fint, svenske Amy Diamond, då ho som trettenåring fekk ein song inn på hitlistene: "What's in it for me?"

Ja, eg berre spør.

mandag 12. desember 2011

Det sentrale

I dagens bibelord, frå Apostelgjerningane 26, møter vi apostelen Paulus. Han er i lenkjer, i byen Cæsarea, og venter på å få sin dom. Han har anka saka si til keisaren i Roma, og i teksten møter vi han i rettssalen, der også kong Agrippa er til stades. Paulus får sjansen til å forsvare seg, og fotel om oppveksten sin, livet som farisear og korleis han ein gong hadde forfulgt kristne. Så fortset han med å fortelje om omvendinga si, korleis han møtte Jesus og til sist fortal han om det han forkynner. Han seier: "...eg seier ikkje anna enn det som profetane og Moses sa skulle hende: at Messias skulle lida, at han skulle vera den fyrste som stod opp frå dei døde, og at han sidan skulle forkynna lyset både for vårt folk og for heidningfolka." (Apg 26, 22b-23)

Dette er typisk Paulus! Når han får sjansen til å forsvare seg eller tale ope, så kjem han alltid inn på Jesus og frelsa i Jesu død og oppstode. Han kjem ikkje med forsvarstalar der han prøver å sno seg unna anklagane og gå fri sjølv. I rettsalen i Cæsarea benyttar han derimot sjansen til å vitne for sjølvaste kong Agrippa. Det er ikkje Jesus under ein stol der i gården, nei. Tenk å vere så fokusert på kallet, og på Jesus, at ein skyv alt sitt eige til side og det einaste ein ynskjer er å få vere eit vitne! I dette er Paulus eit stort forbilde. Slik er det eg skulle ynskje eg og kunne vere.


Paulus knyter nesten alltid vitnesbyrdet sitt til personar og hendingar i det gamle testamentet, i alle fall når han snakka til jødar. Jødane kjente det gamle testamentet veldig godt. Tanak (Torahen og Talmud) svarar til vårt GT, og var skrifter dei fleste jødar sette seg god inn i og studerte heilt frå dei var små. Paulus sjølv hadde fått ei høg utdanning innan jødedommen. Han var ein skriftlærd, og kjende til alle profetiar og hendingar i GT, som han etter omvendinga såg peika fram mot Jesus. Paulus brukte Tanak bevisst. Ikkje for å "lure" jødane med deira eigne skrifter, men fordi Tanak/GT er sjølve nøkkelet til då å kunne forstå det nye testamentet. Viss ein utelet GT, mistar NT mykje av meininga for oss.

Kva er det då Paulus meinar GT peikar fram mot? Jo, Jesus død og oppstode. I fylgje Paulus snakka både profetane og Moses om denne store hendinga, og Paulus trudde fullt og fast på at Jesus var den lova Messias. Uredd forkynte han dette i synagoger, på gater, i fengsel og til og med fremfor dommarar i rettssalen. Eit stort mot, og eit utruleg fokusert sinn. Han mista aldri Jesus av syne!

Det er Jesu frelsesverk som er det sentrale i Bibelen. Heile GT peikar fram mot Jesu liv, død og oppstode. Evangelia fortel korleis det heile gjekk for seg, og apostelgjerningane og breva peikar tilbake til Jesus og livet hans. Alle piler i Bibelen peikar på Jesus!



På same måten skulle våre liv og våre ord, liksom Paulus sitt liv og hans ord stadig vendte tilbake til det sentrale, vere vitnesbyrd om Jesus og hans frelse. Også våre liv skulle vere piler som peikar på Jesus, over alt der vi er.

torsdag 8. desember 2011

To menn

To heilt ulike menn, som natt og som dag
To tankar, to håp, to ulike samfunn
Dei møtest, og held til slutt i lag
Dei vandrar saman, mot same målet.


Den eine frå aust, med ark og papir
Og tanken som reiskap og instrument
Han måler og finn ut når dagen lir
Kor tanken har ført han på veg.


Den andre frå vest, med sauer og gras
Og himmelen over er tak
Han gjeter og passar og syns det er stas
Å prate ved bålet om natta.


Dei driv kvar for seg, to heilt ulike menn
Som møtest ein dag i eit kryss
Begge to ynskjer å finne ut kven
Som kallar dei saman i stallen.

Dei møtest på vegen, og går dit i lag
Og begge er tause og undrar med seg;
Om dei skal treffast igjen ein dag
Når barnet i krubba vert stor.

Dei ventar og håpar og fyljer hans veg
Tek fotsteg som passar med hans
Til sist, etter det lengste av steg
Dei møtest på gater av gull.

tirsdag 6. desember 2011

Er frykt alltid negativt?

Eg har tenkt ein del på dette med frykt i det siste. Det kan hende at det har noko å gjere med boka eg held på å lese for tida: Ringenes herre. Der spelar frykta ei stor rolle, og den onde Sauron freistar å spreie frykta så langt ut som mogeleg. Og der skjer mange ting som skaper frykt hos "dei gode" i forteljinga.

I kyrkja i dag er det ei generell skepsis til det å skape frykt hos folk. Det er i alle fall mitt inntrykk av talar eg høyrer i kyrkjer og bedehus, og av det eg har fått med meg av debatt om temaet i media. Ein skal ikkje "skremme folk inn i Himmelen", noko eg absolutt er einig i. Samtidig vert redselen (!) for å skremme så stor, at ein stikk viktige delar av det kristne verdsbildet i alle fall halvvegs under teppet. No tenkjer eg sjølvsagt på den bibelske læra om livet sine to utgangar, dei to einaste alternativa Jesus stilte opp for oss: Evig liv eller evig fortaping. Det er fint å snakke om det evige livet, og ikkje fullt så stuereint å snakke om den evige fortapinga. Og grunnen er såre enkel, og eg snakkar her også om meg sjølv: Det er ubehageleg å snakke om, det er skremmande og det er lett å trakke på ømme punkt. Difor teier ein heller stilt.



Likevel vil eg no stille eit lite spørsmålsteikn ved denne haldninga, for er frykt alltid negativt? Er det å skape frykt hos andre alltid sett på som overgrep, maktmisbruk eller "dommedagsprofeti"? Vi kan sjå på nokre enkle eksempel frå kvardagen: Eg er redd for å stikke handa inn i peisen når den er påtent (sjølv om eg aldri har gjort det). Eg er redd for å springe over gata utan å sjå meg for (sjølv om eg aldri har vorte påkjørt eller sett andre bli det). Eg er redd for å dette ned frå høge stader når eg går tur i fjellet (sjølv om eg aldri har falt ned eller sett andre gjere det). Eg er redd for å måtte sone i fengsel (sjølv om eg aldri har vore der).  Kvifor er eg redd for dette? Eg har ikkje erfart det sjølv, men logisk tenking og andre sine advarslar har gjennom oppveksten og det vaksne livet lært meg at dette er ting eg bør unngå. Eg går altså rundt med ein del ting som eg fryktar, utan at det legg nokon dempar på kvardagen min eller øydelegg sinnet mitt. Eg set meg ikkje ned framfor peisen og skjelv av skrekk. Eg berre hugsar på kva som er lurt å gjere, og tek mine forhandsreglar. Dermed unngår eg å brenne meg. Det same gjeld dei andre punkta. Det å frykte bilane øydelegg ikkje dagen min, for saman med frykta for bilane lærte eg korleis eg kunne krysse vegen trygt. Dermed er ikkje frykta skadeleg, men eit hjelpemiddel til å overleve.

Eg fryktar helvete/den evige fortapinga. Viss eg tenkjer på denne moglege utgangen av livet, oppstår det i meg ei redsel for skulle havne der. Likevel vert eg ikkje øydelagt av denne frykta, eller får kvardagen min øydelagt. Grunnen er ganske enkel: Saman med frykta for helvete, lærte eg også korleis eg kunne unngå det. Eg har lært om Jesu store siger over døden, og korleis det å søkje tilflukt hos han er ein 100% sikker måte å unngå fortapinga på.

Det å gå trygt i trafikken har ein viss uvisse med seg. Eg kan vere så forsiktig eg berre kan, og likevel kan det komme ei ubetenksom sjel i stor fart og meie meg ned. Det å sjå seg til begge kantar er ikkje ein garanti for å klare seg, sjølv om det gjer det mykje tryggare.

Slik er det ikkje med himmelhåpet. Eg stolar på Jesus, og at dei orda han har sagt er sanne. Ta for eksempel den vesle bibelen, Joh 3,16, som fortel oss om frelsa frå fortapinga ved å tru på Jesus. Eller dei litt mindre kjente versa som kjem etterpå: "Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han. Den som trur på han, blir ikkje dømd." (Joh 3,17-18a)



Difor trur eg ikkje vi skal vere så redd for å skape frykt. Vi må forkynne dei orda Jesus sa, og eg har endå til gode å høyre ein forkynnar snakke så tydeleg om livets to utgongar som det Jesus gjorde. Han la ikkje to fingrar i mellom, men snakka ope og direkte, og folk må nødvendigvis ha blitt litt skremte av det han sa. Likevel sa han det. Og så gjorde han noko meir: Han forkynte håpet som er tilgjengeleg for alle. For sjølv om fortapinga er ein realitet, er det ingen som MÅ komme der. Alle har sjansen til å søke tilflukt hos Jesus og bli frelste.


Dette er eit alvor vi ikkje kan tillate oss å dytte under teppet.

torsdag 1. desember 2011

Nok ein spiker

Endå ein grunn til å håpe at stat og kyrkje skil lag så fort som råd er: Den danske regjeringa har bestemt (!) at homofile no skal kunne bli vigde i den danske kyrkja, og no må biskopar lage rituale for slike vigslar: Biskoper skal lage homorituale (Vårt Land).


Når regjeringa, som i eit statskyrkjeland skal vere kyrkja si øvste leiing, pålegg kyrkjene lover og reglar som strir med Bibelen og den kristne etikken, er det grunn til å seie stopp: Hit, men ikkje lenger. Eg for min del meinar dette burde vore gjort for lenge sidan: Kvifor skal ei verdsleg makt styre over ei andeleg kyrkje? Kan ei regjering som består av ikkje-teologar og for det meste kyrkjeframande, kunne ta avgjerdsler som gagnar kyrkja? Og då tenkjer eg ikkje på økonomi eller tilretteleggjing i samfunnet. Der kan nok ei regjering gjere ein god jobb. Men når vi kjem til det teologiske og det etiske er vi ute på tynn is, i alle fall så lenge lovene i samfunnet på mange områder er i strid med kyrkja si lære. Dette gjeld for eksempel abortlova frå 1978, og den såkalla nye ekteskapslova som tredde i kraft for eit par år sidan, der ein tillett likekjønna "ekteskap".

Mi stemme er lita, og eg har vel bortimot null makt i denne saka (bortsett frå at eg ber for kyrkja og landet, til Han som vel kan seiast å ha mykje makt...), så eg forventar på ingen måte at desse orda i ein liten blogg skal kunne gjere nokon særleg forskjell i saka. Det er frustrerande, samtidig som eg er glad for at EG ikkje har noko særleg makt til å bestemme over ei heil kyrkje. Det ville vore eit ansvar som var for stort, og som ikkje bør ligge på nokon enkeltperson eller lita gruppering (t.d. ei regjering.) Einevelde har, gjennom historia, vist seg å ikkje vere det beste styresettet... Eg har større tru på demokrati, der dei som brukar kyrkja aktivt skulle få bestemme slike ting sjølv, og sjølvsagt at dette rådet først leste i Bibelen, og tok nokre timar i bønn til Gud før store avgjerdsler skulle takast.

I så fall ville situasjonen for den danske (og norske) kyrkja sett veldig annleis ut. Kanskje ikkje like "folkeleg" (i tydinga populistisk og "værhanerisk"), men mykje meir sann og ekte. Og mest truleg til større hjelp for dei som søkjer bibelske sanningar.

Ok, det var kanskje nok forbanning av mørket. No vil eg tenne eit lys: Den evige Gud, slik vi kan lese om han i Bibelen, endrar seg aldri, trass i våre omskiftelege meiningar og lover. Gud er i går og i dag den same, ja heilt til evig tid! Han er like nådig og kjærleg som han var i fjor og for 500 år sidan, og uansett kor vrangt ei kyrkje måtte finne på å lære, så talar Gud fortsatt sanning og nåde, og hans rike vil fortsette, trass i fråfall og bortfall. Eg trur ikkje på statskyrkja, eg trur på den levande, evige Gud!

tirsdag 29. november 2011

Eselet og draumen

Eg er eit esel, roleg av lynne
Eg seier verken nei eller ja
Men går der min herre vil
Og så langt har eg hatt det bra

Eg ber i natt ei last som er dyr
Ei kvinne med ein skatt i magen
Mange lange mil har vi gått
Sidan den regntunge avreisedagen

Taumane mine er holdt av herren
Som leier oss mot ein framand by
Der vi skal ende vår reise
- men i natt gir stjernene ly

Det mannen med taumane ikkje veit
Og heller ikkje kvinna på min rygg
Er at også eg ber ein skatt
I magen kvilar han heilt trygg

I natt eg drøymde ein merkeleg draum
Som ikkje vil sleppe taket
Eg såg ein konge med stripet rygg
Hans veg var bratt, men ryggen rake

Eg såg denne kongen på eselrygg
Og det var min eigen fole han rei
På vegen strøydde dei kapper og lauv
Lovorda strøymde - dei gjekk ikkje lei

Plutseleg stoppa folket å juble
I staden høyrde eg hånord og flir
Framfor meg reiste soldatar eit kors
Og folen min ser at kongsmannen lir

Vekk bleikna glansen av kappa og krona
Vekk bleikna sollysets strålar og månen
Tilbake var skuggen og mørkaste natta
Tilbake var dødspineropa og hånen

I det same vakna eg, og såg kvinna i augo
Augo var store og tårene strøymde
- For ho hadde drøymt, og begge to visste -
At det var same draumen vi drøymde

søndag 27. november 2011

Jesu advent

Maria, i din mage
Kviler frelsaren, den vesle
Han søv og ventar
Ventar på at dagen snart skal komme.

Han er som alle andre
små barn i mammas liv
Med hovudet mot jorda
Og kroppen falda saman, som ein knopp.

I magen ligg han stille
Der er trangt, og der er varmt
Snart kjem dagen, snart kjem dagen
Snart kjem kamp om mat og kos.

Snart kjem kulda, snart kjem lyset
Snart kjem gråt og snart kjem svolt
Men endå er det stille, stille
Høyrer berre hjartedunk og skvulp.

Maria, i din mage
Ventar frelsaren, den vesle
Snart kjem dagen han er venta
Og vi ventar, vi som han.

lørdag 26. november 2011

Grunnar til at eg ikkje drikk alkohol

Eg har dei siste dagane, i ulike samanhengar, lest og studert historia om Jesu første under. Han er i bryllaup i Kana, og vertskapet går etterkvart tom for drikkevarer. Då ber Jesus dei (på oppfordring frå mora) om å fylle opp ein del kar med vatn, og bere dei til skjøkemeisteren. Vedkommande smakar på det som før var vatn, og kan slå fast at den beste vinen har blitt henta fram til slutt... Og det er ikkje ei flaske vin eller to vi snakkar om, det er nærare 200 liter!

Som avhaldsmann kan eg sjølvsagt distansere meg frå forteljinga, ved å svare som det heiter i vitsen: "Ja, eg veit det, men eg likar det ikkje..." Det vil eg ikkje gjere. Eg konstaterar at Jesus drakk vin, og at han til og med skaffa store mengder vin til eit bryllaup. At Gud skapar vatn om til vin er forsåvidt ikkje noko nytt: Han gjer akkurat den same operasjonen kvar einaste dag, også i dag, berre i eit mindre tempo, rundt om på vingardar ulike stadar i verda. (Sidan det er Gud som har lagt naturlovene på plass, har han sjølvsagt også lagt premissene for gjæring av druesaft...)

Då vert spørsmålet: Kva skal vi avholdsmenn då begrunne synet vårt på? Eg vil berre slå fast, før eg kjem med mine grunnar til avhald, at eg ikkje ser på det å drikke alkohol som synd. Samtidig meinar eg at enkelte måtar å drikke på er synd, for eksempel det å drikke seg frå sans og samling, så ein mistar kontroll over handlingane sine, eller endå meir: å drikke så mykje at ein vert avhengig, og øydelegg eige og andre sine liv. Det er altså konsekvensane som er syndige, ikkje det å drikke alkohol i seg sjølv.

Så over til grunnane mine, og eg vil begynne med mitt nyaste argument, som falt på plass i dag, etter å ha lese denne artikkelen i Vårt Land: "Muslimer presses til å drikke". Der er også denne artikkelen som gjer at eg følte eit behov for å skrive dette innlegget. Avisartikkelen provoserte meg, samtidig som eg ser mi eiga rolle mykje tydelegare. For det første meinar eg det er noko gale med den norske kulturen, viss minoritetar vert pressa til å drikke for å kunne kjenne seg inkluderte og integrerte. Som prinsipp meinar eg det bør vere "drikkefridom". Viss ein er ute med kollegaer for å ete, bør ein få velje sjølv om ein vil ha vatn, saft, øl, vin, brus eller jus til maten. Sjølv jobbar eg i ein institusjon der drikkepresset nok ikkje er så stort: skulen. Her er det å ikkje drikke allment akseptert (etter det eg har erfart, i alle fall!). Sjølv respekterar eg kollegaer som ynskjer å drikke øl til maten, og eg har ikkje møtt anna enn respekt for mitt standpunkt heller.

Dei gongane eg er ute saman med kollegaer, og der er andre til stade som ikkje ynskjer å drikke, kan dei i alle fall vere trygg på at eg tek same valet.

Av andre grunnar til at eg ikkje drikk, kjem det helsemessige svært høgt oppe på lista. Og då tenkjer eg ikkje først og fremst på at etanol har ein tendens til å lagre seg som feitt i kroppen. Det viktigaste er det etanolen gjer med nervecellene, der mange av reseptorane vert lamma av rusgifta. Dermed mistar ein litt om litt kontrollen over eigen kropp. Akkurat det verkar veldig lite attraktivt på meg. Som naturfaglærar går eg med jamne mellomrom også gjennom levra sin funksjon, og kva som er med og hindrar at den gjer ein god jobb. Etanolen si rolle i nedbryting av levra er kunnskap eg ikkje klarar å skyve frå meg.

Reint sosialt har eg heller aldri følt behov for alkohol. Kunstig rus er og blir kunstig, den ekte rusen vil uansett vere betre. Eg har vore velsigna med vener som eg har kunne ha det kjekt saman med, utan hjelp frå etanolen. Og det å "drikke seg til mot", har eg aldri hatt sansen for. Face your fear, seier eg berre...

Også på det samfunnsmessige planet har eg ei god grunngjeving for å ikkje drikke. Solidaritet med dei svake i samfunnet, dei som ikkje klarar å omgås alkohol utan å misbruke det. Eg ynskjer å vere ein del av ein kultur der ingen opplever drikkepress, eller opplever det som vanskeleg å vere fordi dei vert utsett for freistingar ein ikkje kan motstå. Eigne erfaringar, der eg i yngre dagar ein periode budde i same hybelkollektiv som ein alkoholmisbrukar, har også sett djupe spor i meg. Det er ei av mine største frykter at eg skal øydeleggje livet mitt på same måten.

Foreløpig er sjansane svært små for det... Eg ser ingenting lokkande i alkohol, og kan ikkje tru at eg nokon gong kjem til å gjere det heller. Jesus drakk vin, det er sant det, men det betyr ikkje at vi som kristne i dag også gjere det. Nokon gjer det, og har kanskje gode argument for det, men personleg meinar eg det er betre utan, og at våre kristne fellesskap vert betre utan.

søndag 20. november 2011

Sauer og geiter



"Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på trona i sin herlegdom. Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjetar skil sauene frå geitene, og setja sauene på si høgre side og geitene på si venstre.
Så skal kongen seia til dei på høgre sida: ‘Kom hit, de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand til dykk frå verda vart grunnlagd. For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.’ Då skal dei rettferdige svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg? Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg?’ Men kongen skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.’
Så skal han seia til dei på venstre sida: ‘Gå bort frå meg, de som er forbanna, til den evige elden som er gjord i stand for djevelen og englane hans. For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke; eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg.’ Då skal dei svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten eller tørst eller framand eller naken eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?’ Men han skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.’ Så skal dei gå bort til evig straff, og dei rettferdige til evig liv.» (Matt 25, 31-46)

torsdag 17. november 2011

Kva er "kristent"?

Eg las eit svært interessant lesarinnlegg i avisa Dagen i går. Under overskrifta "Kan "kristent" være kristent uansett?", og temaunderskrift: "Forførelser", tek skribenten opp eit forsåvidt aktuelt tema. Kan alle ting kallast "kristne", berre det er kristne som utfører handlinga? Dette spørsmålet er interessant, særleg med tanke på at vi som kristne fortsatt er syndige menneske, som vert slitt mellom det å følgje Guds vilje, og det å følgje vår eigen. Han lanserer ord som "kristenporno" og "kristenfyll", to ord eg ikkje har problem med å seie meg einig i høyres feil ut. Gud har skapt sex, og Gud har skapt vin, men misbruket og perverteringa av desse to godene, er det menneska som står for.

Skribenten reagerer også på ordet "kristen hardrock". Viss ein skal vere veldig pirkete språkleg, så er eg einig i at det vert feil. Ein mann og ei kvinne kan vere kristen, altså ein etterfølgjar av Kristus. Hardrock som musikksjanger kan på den måten ikkje vere "kristen", sidan det er meir eit abstrakt omgrep som ikkje akkurat kan følgje etter Kristus.

Viss vi derimot ser på ordet slik det er meint av dei som brukar det til dagleg, vert stoda ei anna. Når ein seier "kristen hardrock", er innhaldet på same nivå som ordet "kristne teltmøter". Eit teltmøte kan ikkje vere kristent, men det vert formidla eit bodskap om Kristus der, som menneske kan høyre og bli etterfølgjarar av Kristus. På same måten er det med "kristen musikk". Den er ikkje kristen, men formidlar eit bodskap om Kristus. Dermed kan eg som kristent menneske, lytte til musikken og lære meir om Kristus og korleis eg bør leve som menneske (Viss tekstforfattaren er bibeltru og skriv ærleg om livet og sant om Kristus, vel å merke)

Så langt las eg artikkelen utan andre innvendingar enn dei eg har skrive, og eg trur ikkje skribenten, ut frå det han skriv vidare, ville vore så veldig ueinig i meg i denne refleksjonen, i og med at han insinuerar at det faktisk finst ting av høgare kvalitet som faktisk kan kallast kristent. Likevel dett eg av på starten av andre avsnitt, der skribenten presterar å skrive: "Hard rock kommer ikke fra Gud, det må vel alle være enige i." Korleis veit han det? Og kva er det ved hardrock som gjer at det ikkje kan vere frå Gud?

Eg har ein mistanke om at svaret er enkelt: Viser og country (mine forslag) er frå Gud, fordi skribenten likar det. Hardrock og disco er ikkje frå Gud, fordi skribenten ikkje likar det. For kva er det elles som gjer ein musikksjanger meir verdifull enn ein annan?

Sjølv lyttar eg nok meir til vanleg rock enn til hardrock, sjølv om eg ikkje har nokon ting i mot å høyre ein litt hardare song innimellom. Og den hardrocken eg då høyrer på, er som regel laga av kristne menneske, som ynskjer å formidle eit bodskap om Gud gjennom musikken sin.

Spørsmålet er ikkje kva for sjanger musikken er i, spørsmålet er kva som vert formidla gjennom songen. Eg har høyrt ein del viser og temmeleg rolege songar, der innhaldet er direkte misvisande ut frå Bibelen, og slett ikkje oppbyggeleg for meg som kristen å lytte til. Og eg har høyrt viser som har gitt meg bodskap direkte frå bibelens Gud, og som har bygd meg opp som kristen. Det same gjeld med dei fleste sjangrar, med unntak av dei aller hardaste, som Metal og slikt. Og det er ikkje fordi eg trur musikkstilen i seg sjølv er av det onde, men fordi eg ikkje likar sjangeren. Det finst sikkert musikk i dei hardaste sjangrane som formidlar gode bodskap om Gud. Det er igrunn heilt sikkert, for eg har sjølv lese ein del oppbyggelege "Metallsongar".

Lesarinnlegget handla i botn og grunn om å ikkje skikke seg lik denne verda. Der er eg einig med forfattaren. Som kristne skal vi leve annleis liv, liv som harmonerar med Guds vilje. Akkurat det er knallvanskeleg, ja beint fram umogleg. Desto viktigare er det å ikkje fylle seg med det som leier vekk frå Gud, men med det som leier til Gud. På det feltet er musikken viktig for meg, og eg har lytta til så utruleg mange oppbyggelege pop-, rock-, country-, vise-, hardrock-, disco-, blues-, hiphop-, gospel-, lovsang- og jazzsongar, at eg berre fnyser av dei som meiner at enkelte musikksjangrar er av det onde.

Dessutan trudde eg eigentleg at denne debatten døydde i 1989 eller deromkring? Den burde i alle fall gjort det.

Til slutt ein song med ein svært utfordrande tekst til oss som er kristne. Og sidan dette innlegget til dels handlar om hardrock, så... (Og så vil eg gjerne høyre det viss nokon meinar at det er noko ukristeleg ved denne songen. Om du ikkje likar musikken, er det ei heilt anna sak.)

mandag 14. november 2011

Svarte fuglar

Svarte fuglar kvesser sine klør
Klemmer til rundt hjartet mitt
Riv og slit
Om att og om att

Svarte fuglar svevar over hovudet mitt
Ventar på eit feilsteg
Ein fot utanfor stien
Som alt er merka opp

Svarte fuglar hakkar og bit
Når eg ikkje strekk til
Kvar gong eg snublar og dett
Er dei over meg
med rovdyrblikka sine

Svarte fuglar sit i skjul
Dei ventar og veit
Veit eg vil gjere feil
Veit eg vil trå skeivt
Veit at dei endå ein gong
Vil få sjansen

Viss då ikkje...
Viss då ikkje han dei fryktar mest
Får sleppe til først


"Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. For mitt åk er godt, og mi bør er lett." (Matt 11, 28-30)

lørdag 12. november 2011

Bakken

Denne bakken er for bratt for meg
Eg klarar den ikkje
Set meg ned
Pustar
Ser tilbake på vegen eg har gått
Den er så mykje lenger enn eg trudde
Og likevel er det lenger fram
Til dit eg skal

Og det er bratt
Så uendeleg mykje brattare
Enn det såg ut som i starten

Det einaste som får meg på beina
Og gir meg ekstra krefter oppover
er frykta

Frykta for det gamle
Frykta for det eg har lagt bak meg
Som eg aldri ynskjer å sjå igjen

Men frykta er endå djupare
Eg fryktar at eg aldri klarar komme opp
Og det skremmer meg frå å stoppe

Vidare vidare vidare
Endå denne bakken er for bratt for meg

Mitt einaste håp er at nokon
Nokon
- Kven då? Kor skal hjelpa komme frå?
Nokon
Vil hjelpe meg opp


(Bilde frå scottish climbing archives)

onsdag 9. november 2011

Store sanningar med enkle middel

I dag har eg vore på onsdagsklubben, og prøvde å formidle noko fornuftig til 10-åringane på gruppa mi. Ein kan hevde at når ein skal snakke til 10-åringar, bør det vere gode effektar og fart og spenning. Etter det eg har erfart, treng ein ikkje alltid det hippaste og nyaste utstyret for å kunne skape spennande historie. Det viktigaste er å setje fantasien i sving og ta i bruk det ein har!

Tema i dag var syndefallet, og dei konsekvensane ulydnaden mot Gud førte med seg. Eg fann fram ei pappøskje, som eg delte i to, og klipte ut ein trekant av ein annan pappbit. Så fann eg fram to legofigurar, som skulle vere Adam og Eva, og frå togkassa fiska eg ut nokre tre. Alt dette sette eg opp på pappøskja, og la ut litt non-stop, som skulle forestille alt det som vaks og grodde i Edens hage. Og vips, så er tablået klart!


I byrjinga er alt idyll. Gud har skapt to menneske som han kan kommunisere. Dei er ikkje robotar, dei lar seg ikkje stille inn og seie og gjere akkurat det Gud seier dei skal. Dei var skapte i Guds bilde, og Gud kunne ha fellesskap med dei. Han sette dei til å styre i verden, og gav dei beskjed om å ta godt vare på det skapte. Alt som var i hagen kunne dei ete, både det som vaks på bakken og frukta frå trea. Berre eitt tre fekk dei ikkje ete av (Treet med non-stop heilt til venstre i bildet...)

Og menneska levde det gode liv der i hagen. Ingen bekymringar, inga sorg, inga liding, inga skam. Dei var nakne, utan at dei tenkte noko vidare over det. Naturen var i harmoni, alt var godt.


 Så ein dag møter Eva på ein slange i skogen (I mitt vesle tablå har ei pennehette fått rolla som slangen...)


 Slangen vrir om på det Gud har sagt, og forvrenger det han har sagt. "Har Gud verkeleg sagt at de ikkje får ete av nokon tre i hagen". Det er jo slett ikkje det Gud har sagt (Og, utan at eg trakk fram det poenget for mine 10-åringar, så kan ein jo trekke ein parallell til dagens mange utsegn om at Gud seier nei til ditt og nei til datt og øydelegg gleda og moroa. Gud seier faktisk ja til det meste. Berre det som øydelegg og bryt ned seier han nei til. Dessverre er det blitt slik, i vår syndfulle verd, at det er ganske mange fristande og tilsynelatande positive ting som bryt ned, og som vi difor må seie nei til.)

Slangen lokkar og lurar, og Eva går på: Ho har lyst å få den kunnskapen som Gud sjølv har, kunnskapen om godt og vondt! Slangen har sådd så mykje tvil om Guds gode intensjonar i Evas hjerte, at ho handlar imot det einaste forbodet Gud har gitt dei. Også Adam vert lurt, og begge to får del i den kunnskapen som før var skjult for dei. Skamma og kunnskapen om det som er vondt har teke bolig i menneska, og har vore der til denne dag.

Dei oppdagar at dei er nakne, og skjuler seg i buskene. Når Gud kjem om kvelden for å ha felleskap med dei og kommunisere, finn han dei vekkgøymde.


Gud forstår med ein gong kva som har skjedd, og må felle ein knusande dom over handlingane deira. Ikkje fordi han ikkje elskar dei lenger, men fordi han er heilag og ikkje toler den synda som har snike seg inn i hjarta og sinnet deira.


Framfor Gud står dei, med skam og synd, og "kjenner lysta til det onde i sine hjarter." Dei fekk kunnskapen dei søkte, men prisen er høg:


Gud må kaste dei ut av hagen, og ut i den rå og harde verda utanfor. Der er det smerte og vondskap, pinsler og slit, sorg og knuste hjarte. Og kroppane deira går mot forfall. Synda si løn er døden, og sakte men sikkert gjekk Adam og Eva mot den endelege konsekvensen av sitt brot med Guds bod: Døden.

Eg spurte 10-åringane om dei trudde Gud då trakk på skuldrene og tenkte: "Jaja, det var dei. Kven skal eg no skape som eg kan ha fellesskap med?" Det trudde dei ikkje, dei trudde at Gud var lei seg! Ein skal aldri undervurdere tiåringar, dei kan ofte vere kloke menneske.

Gud tenkte ut ein redningsplan for dei stakkar menneska sine, som hadde såra han så djupt, men som han ikkje stoppa å elske. Sidan synda si løn er døden, ville menneska måtte dø for syndene sine. Men Gud visste om ein utveg: Viss nokon andre, nokon som sjølv er utan skuld, døydde i staden, ville menneska kunne sleppe unna den grusome straffa. Og sidan den einaste i heile universet som er komplett syndfri er Gud sjølv, måtte han sjølv fullføre planen sin.

Han kom til jorda, og døydde syndfri, men med heile verda si skuld og skam på skuldrene. Jesu død og oppstode danna ein ny veg til felleskap med Gud:


Ved å tru på Jesus, og stole på at hans død og oppstode står som ei fullkomen soning for syndene, kan menneska kommunisere med Gud att. Symbolisert med at dei no kunne gå over korset, som vart ei bru over avgrunnen mellom menneske og Gud.


Gud ynskjer ikkje at nokon menneske skal måtte ta straffa for sine brot og synder. Difor gav han oss Jesus, han er ein mogleg veg til Gud for alle menneske! Men, sidan situasjonen er som den er, så må vi også innsjå at den einaste vegen over kløfta faktisk er korset. Altså: Jesus er ikkje berre ein mogleg veg til Gud, han er den EINASTE moglege vegen til Gud.

No skal vi snart, om halvannan månad, feire at Gud sette i verk sin redningsplan, og sendte Jesus til jorda. For eit strålande bodskap vi skal få høyre då, og for ein siger Gud vann for oss! Jesus er vår store, og einaste, sjanse til å bli redda.

Grip den, du også!

tirsdag 8. november 2011

Kvit

Eg er ein kameleon
Har du sett
eller
Ikkje sett

Eg er kameleonen, liten og kvit
Usynleg i alle rom
Sit og glor
På alt og alle
Ein meister
Kvit, over alt
Og usynleg

Eg er kameleonen, med
Kvite krokodiller
som sym rundt i blodet
Rett under flata,
heilt stille
Der ligg dei og ventar
Og tida den går

Heilt til eg ein dag
ikkje ser

Kvite tårer, som regn
renn nedover kinnet mitt
og landar på golvet
Ein dam
så uendeleg stor og vid
Ei krokodille
kan gøyme seg vekk
i ein krok

Han kjem ikkje fram,
før alle kreftene mine tek slutt
og eg ikkje lenger orkar
halde han skjult
Då opnar han kjeften
og sluker alt
han vil.


lørdag 5. november 2011

Krig og fred og slikt

Sæle dei som skaper fred,
dei skal kallast Guds born. (Matt 5, 9)


Eit lite utdrag frå søndagens tekst. Eg kunne sitert heile teksten, men det er særleg dette verset som opptek meg for tida. Det starta då eg las dette debattinnlegget i svenske Dagen: Icke-våld har teologisk grund. Innlegget festa seg i meg, og eg har tenkt på bodskapen i det den siste månaden.

For det rimer jo. Det er fornuftig. Eg veit det er rett. Ville Jesus brukt våpen? Nei. Han var sint, han var opprørt, han refsa. Men aldri om Jesus hadde teke opp eit sverd og angripe nokon. Jesus er kjærleik, og han kom til jorda for å skape fred mellom Gud og menneske. Jesus er ikkje nokon krigshissar. Alle dei som har gått til krig, og hevda at det var Gud som leia dei til det, har misbrukt Guds namn og ord til dei grader. Det er provoserande.

Og så er det meg, då. Heimevernsoldaten. Eg, som syns det var heilt greit å vere inne til førstegongsteneste, som likte å gå uniform. Eg har våpen i hus, men håpar eg aldri vil måtte bruke det til anna enn rødfis og blinkskot. Og å bruke det mot eit anna menneske trur eg at eg aldri ville klart. Eg som håpar at våpenfabrikkar går konkurs, at ingen lenger vil selje våpen til diktatur og undertrykkande statar, at leiarane i verda finn ut at det ikkje er så lurt med våpen likevel.

Kvifor er eg likevel med? Kvifor leverer eg ikkje berre våpenet inn og seier: "Eg er kristen. Eg trur ikkje Jesus vil eg skal bruke vold mot nokon, same kva. Eg kan ikkje ha dette lenger. Beklagar." Det er jo det eg har lyst til. Innimellom. Eg vert dregen mot det, men det er noko som held meg att.

Det er den gode, gamle sjølvforsvarstanken. Korleis hadde Norge vore i dag, om ikkje USA og Storbritannia hadde brukt våpen mot Nazi-Tyskland? Ville eg vore ein fri mann, som kunne sitte på kjøkkenet mitt, i same hus som ein familie eg er glad i og kunne skrive akkurat det eg meinar på internett? Ville eg kunne levd fritt som kristen? Ville eg sove godt om natta, utan å måtte frykte for borna og kona eller jobben eller framtida?

Ville eg kunne sitje på kjøkkenet mitt og berre ta imot, viss det skulle komme ein ny despot som går til krig mot Noreg? Ville eg kunne stå med hendene i lomma og seie: "Eg er kristen, eg kan ikkje forsvare landet mitt eller familien min"? Nei, eg ville ikkje det. Eg kjem ALDRI til å angripe nokon, det kan eg garantere. I alle fall så lenge eg er ved mine fulle fem. Men eg vil heller ikkje la nokon kunne øydelegge familien min utan at eg prøver å hindre det.

Difor leverer eg ikkje inn uniformen min. Og håpar, og ber, om at eg aldri vil få bruk for den.

I dag har denne songen kverna rundt i hovudet mitt, og i platespelaren: Altar of love, frå den nye plata til Downhere. Den passar godt til både mitt forvirra hovud, og til søndagens tekst.



Lay down your weapons
Lay down your violence
Lay down rebellion
Your heart of defiance

Love will ask of you more than truces
If you're willing to lose
Blessing far outweighs the loss when you lay it all
On the Altar of Love

Lay down your idols
Lay down your possessions
Lay down your shrines and
Your worldly obsessions


Love will ask of you more than treasure
When you're willing to trust
Blessing far outweighs the loss when you lay it all
You lay it all on the Altar of Love

In the holiest room
Where the curtain was torn
By the ultimate wound

Oh, the Altar of Love
Where the glory resides
For the Father and Son
And the Spirit invite

Oh, the Altar of Love
To its form we are blind
But you know when it's there
Like the sun through shut eyes

Oh, the Altar of Love
Yes, you come here to die
But you know that it's good
Cuz you come out alive

Love will ask of you more than you can give
When you're willing to live
Blessing far outweighs the loss when you lay it all
On the Altar of Love

(Tekst: Downhere. Bilde: Edel-Merete Dahl)

torsdag 3. november 2011

Bibelhistorie - på ein ny måte

Kva får du viss du blandar saman tekstar av Nichole Nordeman, musikk av Bernie Herms, og songstemmene til blant anna Matthew West, Leigh Nash, Brandon Heath, Michael Tait, Lecrae, Amy Grant, Michael W. Smith, Mac Powell, Chris Tomlin, Peter Furler, Mandisa, Natalie Grant +++ ? Då får du ei spennande CD-plate som ser slik ut:


Denne plata har eg høyrt mykje på dei siste vekene, og blir berre meir og meir begeistra for kvar gong eg høyrer den. Tekstforfattar Nichole Nordeman har teke utgangspunkt i kjente bibelforteljingar, og skrive tekstar som både fortel kjende historier frå Bibelen, og samstundes klarar å gjere dei dagsaktuelle. For historia om Abraham, Moses, Josva, Job, Maria, Jesus, Paulus og alle dei andre store personlegdomane vi møter i Bibelen, er ikkje berre forteljingar frå gamle dagar. Dei er aktuelle i dag også. Gud har sjølv leia skribentane ved Den Heilage Ande, og på den måten har vi fått tekstar som vil stå til alle tider.

På denne plata kan ein høyre nokre av desse historiene frå ein litt ny synsvinkel, og det er slett ikkje nokon dårleg synsvinkel!

Som nemnt før, er plata spekkfull av store songarar. Det er verkeleg eit stjernelag som er sett saman for å fortelje bibelhistoria.


Eg har fleire favorittsongar på plata. Først og fremst vil eg nemne songen "How love wins", som er ei forteljing fortalt frå røvaren på krossen sin synsvinkel. Dette er ein song som treff meg, og rører ved kjenslene mine. Sist eg høyrde den, i bilen på veg heim frå Haugesund i dag, måtte eg felle ei tåre (av takksemd) då Steven Curtis Chapman song denne strofa:

For all my many sorrows and regrets
Nothing could compare to just this one
That in the presence of my King
I cannot fall upon my knees
I cannot carry You up to Your throne
You instead, will carry me back home

Eg kunne verkeleg kjenne røvaren si fortviling, og samstundes kjende eg ei enorm takksemd for det Jesus gav på krossen: Oppreisning og frelse til den som er så langt nede at han verken kan bestemme over sin eigen kropp eller si eiga framtid, men berre ventar på å dø for sine synder. Så stor ein Gud vi har!

Også ei strofe frå songen "When love sees you", som er Jesus sin song, treff meg kvar gong eg høyrer den:

You see the struggle
You see the shame
I see the reason I came

Guds perspektiv og mitt perspektiv er ikkje det same. Ofte dessverre, men av og til: Heldigvis! Eg ser synda og strevet i livet mitt. Eg ser alle mine svik og alle mine nederlag. Jesus ser grunnen til at han kom: For å frelse meg frå synda mi!

Av andre songar som eg likar godt, kan eg nemne Ester sin song: "Born for this", som er ein svært fengande song. Songane "Good" og "Bring us home" er også høgdepunkt frå den gammeltestamentlege historia. Paulus sin song: "Move in me" er også ein flott song.

Til slutt, kanskje den finaste julesongen eg har høyrt. Lytt til Maria si bøn:

mandag 31. oktober 2011

Ein Gud som ser

Det er godt å bli sett. Det er godt å vite at nokon ser meg, bryr seg om meg og passar på meg. I Salme 139 kan vi lese at Gud er ein som ser og vaktar sine born:

"Herre, du ransakar meg og du veit –

2 du veit om eg sit eller står,
på lang avstand kjenner du mine tankar.

3 Om eg går eller ligg, ser du det,
du kjenner alle mine vegar.

4 Før eg har eit ord på tunga, Herre,
kjenner du det fullt ut.

5 Bakfrå og framanfrå omgjev du meg,
du har lagt di hand på meg.

6 Det er eit under eg ikkje skjønar,
det er så høgt at eg ikkje kan fatta det." (Salme 139, 1b-6)

Samtidig er det jo litt skummelt. At Gud veit kva eg skal seie, endå før eg formulerar orda. Og veit kvar eg går, kvar eg søv og kvar eg sit. Det skumlaste av alt er likevel vers to: Han kjenner mine tankar. Alt det eg tenkjer, både vist og gale, er kjent av Gud, og han treng ikkje ein gong vere nær meg for å vite kva eg tenkjer. Ein kan begynne å sveitte av mindre.

Då er det godt å tenkje på at Gud heldigvis er ein kjærleg Gud, og han er ein Gud som veit korleis det er å vere menneske. Han har levd på jorda sjølv, og vart "prøvd i alt" (Hebr 4, 15). Han kjenner til alle freistingar, for han har sjølv vorte frista. Og sjølv om han aldri synda, så veit han kva det vil seie å bli freista av synda.

Gud kjenner meg, alle mine tankar og alle mine ord og alt det eg gjer. Det er skummelt, og samtidig veldig trygt. For viss Gud kjenner heile meg, og likevel vil ha med meg å gjere, må jo det bety at han elskar meg noko vanvittig høgt!

Viss ikkje, hadde han ikkje haldt ut med meg...

søndag 23. oktober 2011

Sorg og glede

Ikkje ein lyd kan høyrast
i det store rommet
Folka er stille
Alvorlege, tunge

Du er her ikkje
lenger

Over kista ser eg bildet
av han som sigra over døden
- No er de saman;

Og vi sit tilbake
med sorga

Og den djupe gleda
berre vissa om æva kan gje