lørdag 26. mai 2018

Som eit barn hos Deg







Luk 10, 21:  I same stunda jubla han i Den heilage ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. Ja, Far, for dette var din gode vilje.


fredag 18. mai 2018

Eit ope paradoks





Joh 14, 18-19: Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk. Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva.


Kristin Storrusten: Barsel

Tida etter ein fødsel kan møtast med svært ambivalente kjensler. På ei side er sjølvsagt gleda stor, på ei anna side er det mange utfordringar og situasjonar som kan føre til mykje frustrasjon.

I denne fine diktboka til Kristin Storrusten får vi del i kvardagslivet til ei småbarnsmor som ikkje går rundt og smiler heile dagen. Baby med kolikk, barnevogn på bussen og nattevåk er eit lite utval av alle utfordringane ho tek oss gjennom. Samtidig er der også ein god del lysglimt.

Som far kjenner eg meg att i svært mange av situasjonane, og sidan Storrusten brukar mykje humor, har eg både nikka, flirt og mumla gjenkjennande til mykje av det ho skriv. Eg er sikker på at mødre vil kjenne seg att i endå meir!

Denne boka kan vere god å ha for nokon som snart skal føde - som ei lita førebuing på alt det som ein snart skal møte. Etter å ha lest boka er ein kanskje litt meir førebudd på alle kjenslene som snart vil innvadere livet! Og for alle som har vore gjennom barselstadiet, vil dette vere ei bok med høg attkjenningsfaktor.

Eg vil også nemne omslaget. Berre omslaget er som eit vakkert dikt i seg sjølv, med så utruleg mange detaljar som småbarnsforeldre vil kjenne seg att i!

Det er mange dikt i boka eg likar, men det føljande diktet vart kanskje min favoritt:

Sovende baby
som står i sprinkelseng
skrikende

Du skjønner ikke hvorfor du står
Kroppen din reiser deg opp

Jeg prøver å forklare at det er hjernen din
som lager nye nervebaner
Synapsene går i syttendemaitog
Lille du er blitt Bergen
Det er buekorps og is og pølser og regn og faner og drillpiker
og det er Brann-kamp
og jeg bor rett ved stadion



Agnes Ravatn: Verda er ein skandale

Det er alltid befriande å lese personlege tekstar frå menneske som vågar å gje av seg sjølv og vere ærlege om eigne feilsteg og svake sider. Agnes Ravatn er ein slik forfattar, og i denne vesle essaysamlinga kan vi følgje henne og familien gjennom eit halvt år på Valevåg i Sveio. Eigentleg budde dei i Oslo, men då både ho og mannen hadde eit halvt år barselpermisjon samtidig, beslutta dei å låne hus av svigerforeldrene for ei tid.

Gjennom underfundige kvardagsbetraktningar, og ikkje minst samtalar med forfattaren og nabo Einar Økland, vert vi kjent med både Økland og forfattaren av boka. Humoren er sindig innvevd som ein del av tekstane, og ein kan kjenne seg att i mange av tankane ho deler.

Tekstane vart første gong publisert i tidsskriftet Dag og Tid, og fortener å bli leste av mange!

søndag 13. mai 2018

Rundt lyset






Joh 3, 20-21: For den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. Men den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.

lørdag 5. mai 2018

Livet som menneske





Matt 7,12: Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.