søndag 23. april 2017

Jesus, Peter og eg




slik ei merkeleg kjensle
å stå på denne stranda
i soloppgangen

Jesus sit ved bålet
og maten er klar,
likevel spør han
etter meir

spør etter mitt bidrag
endå det er tydeleg
for alle
at det hadde gått veldig bra utan

men han spør likevel
og det tyder alt for meg –
han veit det, eg veit det
og soloppgangen trengjer inn,
heilt inn til hjartet

stille lyftar eg fram
dette som er mitt
og likevel er også dette gitt
av han, dette
som eg no gir tilbake;
han veit det, eg veit det

- Kom og få mat! seier han
i det sola lyftar seg frå fjella i horisonten
og eg glir ned i den varme sanden
ved bålet

aldri før
har eg kjent
ein svolt som denne



lørdag 22. april 2017

Thorvald Steen - Det usynlige biblioteket

Det er vel knapt nokon historiske personar som har blitt omtala i fleire skriftlege tekstar enn Aleksander den store. Den makedonske kongen og hærføraren som i ein alder av berre 20 år innleia eit av verdshistorias største felttog - der han og hæren i løpet av eit tiår knuste persarane sin dominans i dei austlege delane av Middelhavet. Han har vore eit førebilete for militære leiarar heilt fram til vår tid!

I denne boka til Thorvald Steen får vi historia om Aleksander den store sine siste dagar, fortalt gjennom pennen til elskerinna Phyllis. Ho sit fengsla etter at Aleksander har blitt forgifta av stryknin, skulda for å stå bak attentatet. Ho veit at ho har kort tid att å leve, men får bli verande i cella så lenge ho skriv og fortel om det som har hendt.

Steen har henta fram dette historiske dokumentet, skrive det om til moderne språkdrakt og ser historia i lys av sin eigen situasjon og hans eige liv. Dermed vert det ei velformulert og flott bok, der vi får eit levande bilde av desse personane som levde for over 2300 år sidan.

Til slutt i boka har Thorvald Steen teke med ein liten epilog, der han avklarar sine eigne val i skrivinga av romanen, og i eit meir faktabasert språk gjer reie for det vi veit om hærføraren Aleksander. Her får vi også innblikk i den vanskelege jobben historikarar har med å setje saman eit sannferdig bilde av ei legende avAleksander sitt format frå vidt forskjellige kjelder.


søndag 16. april 2017

Lyset stig opp


opp frå molda 
opp frå det store mørket
stig eit lys
ingen vondskap kan binde,
eit skin av æva
stig opp frå mørket
og kastar sitt lys
utover
og innover
dei attlatne hjarta

varmar
med sitt strålande lys
det som før var frose
og fyller
med glede
det som før var stille

lyser opp vegen
ut frå mørket
inn i ukjente gater
utanfor tida



fredag 14. april 2017

I min stad







Luk 23, 33: Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og forbrytarane, den eine på høgre sida hans, den andre på venstre.


Redsla i ropet


så gjekk han fram 
og rette hendene ut
mot den nedbøygde mannen
- kva seier de
eg finn inga skuld
og ingen vondskap
i han
eg vil la han gå –

då steig sinnet i oss
som ei gift
frå hjartet og opp
til auge og munn,
og eit rop steig opp
frå grunnen vi stod på
frå hatet i auga
og den kvelande redsla:
- gje oss heller
Anders Breivik
fri – vi vil ha Breivik,
vi vil ha Breivik

og denne andre
kan du stille opp mot veggen
og skyte



torsdag 13. april 2017

Drikk alle av dette




så var det berre eitt
beger att
berre ein ting att
å gjere, før
børa måtte løftast
vegen bli gått
blodet bli runne
frå ein plaga kropp –

drikk alle av dette
sa han
og lyfta begeret
dette –
dette er mitt blod

og han såg døden i auga
og han såg alle våre svik
i auga
og han såg sitt eige blod renne
frå korset – mot jorda

drikk alle av dette
sa han
mitt offer skal berast fram
til dykkar frelse

søndag 9. april 2017

Bøker lest: Mars 2017


Mars månad er for lengst forbi, og her er lista over bøker som vart konsumerte i løpet av månaden:

1) Monica Boracco Borring: Trigger. Denne boka høyrde vi i bilen på veg til Bømlo i vinterferien. Ei spennande bok, retta mot hesteinteresserte tweens.

2) Helga Flatland: Bli hvis du kan (Trilogien). (Les omtale)

3) Lars Mæhle: Jag är supermann! (Les omtale)

4) Gro Dahle: Megzilla (Les omtale)

5) Carolyn Keene: Frøken Detektiv og legenden om klokken. Denne boka høyrde vi i bilen på veg heim att frå vinterferie på Bømlo... Eit kjekt gjensyn med ein gamal helt. Eg slukte ein god del Frøken Detektiv-bøker i løpet av barneskuleåra.

6) Marit Kaldhol: Z for sorry (Les omtale)

7) Edvard Hoem: Land ingen har sett (Les omtale)

8) C.S. Lewis: Legenden om Narnia (Bok 1-7). Dette har vore høgtlesingsbok for Lise denne vinteren, og no kom vi altså til vegs ende. Å reise saman gjennom heile Narnia si historie, frå skaping til undergang, er ei fantastisk oppleving. Bilderikdomen, symbolbruken og dei flotte karakterane gjer denne boka til ei av mine absolutte favorittar. (Og utanom Bibelen, Steingrunnen og Gjenglederen Nicky Cruz, er nok dette den boka eg har lest flest gongar!)

9) Torbjørn Moen: Mannen i prøverommet (Les omtale)

10) Pia Strømstad: Do - ei stinkande reise gjennom bæsjens historie (Les omtale)


Palmesøndagshjarte







Joh 12, 15:  
Ver ikkje redd, dotter Sion! 
Sjå, kongen din kjem, 
ridande på ein eselfole.