søndag 23. mars 2014

Gudsbilete 1: Den bortkomne sonen (17 tablå)

(Dette er utgangspunktet for andakten på KRIK i går kveld)




1)    Sonen: Du er ein gamal tosk, ein idiot! Eg kan ikkje forstå at eg nokon gong har snakka til deg! Eg hatar deg!
Faren: Men, guten min…
Sonen: Eg er ikkje guten din lenger, og du er ikkje faren min. Du er død for meg, høyrer du: Død!

2)    Sonen: No er eg fri, og lommene er fulle av pengar. Dette er fantastisk bra!

3)    Det var ein gong ein ung mann som reiste langt heimanfrå, til ein framand by. Alt er stort, alt er flott, alt er nytt. (Tek på solbriller) Han lever livet og arrangerer flotte festar for alle venene – og han er ven med alle! Alle diggar han!

4)    Ven 1:  Hei du … mannen! Kan du ikkje kjøpe ein bil til meg!
Sonen: Klart det! Kva slag bil vil du ha?
Ven 1: Eg kunne tenkje meg ein Porsche.
Sonen: Ok, her er pengar. For dette får du ein Porsche og vel så det!
Ven 1: Stilig, mann.

5)    Og mannen lever det glade livet, kvar einaste dag. Livet er ein fest. Han har pengar, han har vener.

6)    Ven 2:  Hei du … mannen! Dei solbrillene er stygge!
Sonen: Å? Er dei ikkje fine?
Ven 2: Nei, dei er heilt ute. Sjå her, prøv desse!
Sonen: Dei var tøffe! Så stilig eg vart no!
Ven 2: Du kan få dei, viss du kjøper eit hus til meg.
Sonen: Høyres rimeleg ut det. Kva slag hus vil du ha?
Ven 2: Eg kunne tenkje meg ein villa.
Sonen: Ok, her er pengar. Kjøp deg ein villa. På vestkanten.
Ven 2: (Snur og går, mumlar…) Oi, det var mange pengar.
7
7)    Og mannen fortset det glade livet, kvar einaste dag. Livet er eit party frå morgon til kveld. Og han har vener som verkeleg bryr seg om han.

8)    Ven 3: Hei, du … mannen! Den sveisen din ser ikkje ut!
Sonen: Å? Kva er gale?
Ven 3: Men sjå på deg. Du ser ut som du kjem frå 2013. Her, ta på denne hua her. Den er skikkeleg pop i år.
Sonen (tek på hua): Joda, den var god den. Ser eg stilig ut no?
Ven 3: Heilt topp! Du kan få den, viss du kjøper ein båt til meg.
Sonen: Kva slag båt vil du ha?
Ven 3: Ein som går superraskt!
Sonen: Ok, her er pengar. Kjøp deg ein båt!
Ven 3 (snur seg og går, mumlar): Ja ja, får vel kanskje hundre hestar for dette.

9)    Og mannen likar livet sitt, han likar venene sine, og dei likar han. Livet er ein fest, heile våren. Det er flust av damer som gjerne vil bli sett saman med han.

10)                      Sonen: Hei du, flotte dama! Kom!

(Selfie)

Sonen: Dette skal eg leggje ut på facebook og instagram! Det kjem til å få tusen likes, det er eg sikker på!

11)                      Livet er ein fest. Livet er heilt topp. Heilt til han ein dag får eit brev frå banken:
(… mumlar….) Kontoen er tom …. Overtrekt … renter og rentes rente …. Inkasso …. Konkurs … alt må tilbake før helga … sperre alle kontoar … uønskt som kunde …

12)                      Livet er plutseleg ikkje ein fest lenger. Det er ikkje ein gong eit nachspiel. Det er dagen derpå, det er morgonen etter, med hovudverk, kvalme og anger. Livet er ikkje lenger fylt med fest og fargar. Det er grått, det er trist.
Kjøleskapet er tomt.

Klesskapet er tomt.

Han må selje det vesle han har, for å få seg litt mat.

Til slutt har han ingenting tilbake. Han finn seg ein ledig benk under ei bru i byen. Av og til finn han halvtomme brusflasker i søppeldunkane – dei bruker han til å sløkke tørsten. Av og til er han raskare enn endene når dei får brødbitar. Med smulane kveler han den verste svolten. Av og til sit han på gatehjørna og tiggar, men alle går forbi. Til og med dei gamle venene. Dei går over på andre sida av gata, ser i alle andre retningar. Dei blir kvalme av å sjå på den fillete lasaronen som sit der og tiggar. “Som man reder, så ligger man”, og hasta la vista gamle ørn.

13)                      Ein dag kjem mannen plutseleg på noko: Ein stad, langt borte, har han ein far. Ein han skjelte ut og rømte frå for lenge sidan. Ein stad er det ein heim han kjenner. Kanskje kunne han gå tilbake?

Nei, han slår det frå seg. Aldri om han kan komme tilbake til faren, etter det han sa då han reiste.

Tidene går. Sommar vert haust. Mannen frys, han er svolten. Det er berre eit beinrangel igjen, og folk har slutta å mate endene. Til slutt reiser han seg. Bestemmer seg. Han vil reise heim, til far.

Sonen: Far har jo ein garasje. Kanskje kan eg få sove der. Og ete restane etter middagane. Og lage meg klede av dei gamle slitte lakena som eg veit ligg der i ein pose. Ja, slik må det bli.

Og sonen går heim.

14)                   Legg merke til faren no. Sjå godt på han som har stått i døra og speida etter      sonen kvar einaste dag sidan han for. Sjå på han som lengtar etter at sonen skal kome heim.

Står han og ventar på at sonen skal kome tilbake til huset?

Ventar han på at sonen skal falle på kne og be om unnskyldning?

Står han og gleder seg til å kunne avvise denne egoistiske guten som kalla  han så mange stygge ting då han drog?

Nei, sjå på han. Allereie medan sonen er langt borte, går han han i møte. Armane er opne, smilet vert breiare dess nærare sonen kjem.

15)                      Faren omfamnar sonen sin. Endeleg er han tilbake!

16)                      Dette er ei av Jesus sine kjente historier frå Bibelen. Han fortalte den ikkje til læresveinane sine, dei som pleidde å følgje etter han. Han fortalte den til dei religiøse leiarane og dei som var skeptiske til han. Dei kunne ikkje forstå kvifor Jesus alltid omgav seg med dei svake, dei som alle visste var syndarar, dei upopulære tollarane, heilt vanlege fiskarar og andre frå fattige kår.

Med denne historia fortalte han dei noko svært viktig og fundamentalt om Gud.

17)                      Gud er ein far som står med utstrekte hender. Han ventar. På deg. Han ventar på at DU skal kome til han. Mange trur at det første du møter når du kjem til Gud, er verdas lengste peikefinger: “Fy fy, du har gjort dette og dette, du er ein dårleg person, du må forandre deg, du må bli liten, eit null, eit ingenting. Då, kanskje, skal eg bry meg om deg”

Nei, Gud er slik Jesus fortel at Gud er. Han burde jo vite det, sidan han er Gud sjølv. Og dette er noko eg har erfart sjølv i livet mitt. Eg gjer mange ting som går på tvers av det Jesus seier i Bibelen, og Gud burde kryssa armane og rista på hovudet og snudd ryggen til meg. Men gong på gong har eg opplevd at han tek imot meg med opne armar, gir meg tilgjeving og ein ny sjanse. Gang på gang.

Og slik er Gud i forhold til deg også. Han ventar på deg – med opne armar.

tirsdag 18. mars 2014

Musikktips: Peter Furler

For alle dei som, inkludert meg sjølv, var pittelitt skuffa då Peter Furler slutta som vokalist i Newsboys, har det no kome ei plate som føles som ei ny Newsboys-plate! Eg skal ikkje seie noko vondt om den nye Newsboys-vokalisten, Tait, men Peter Furler er no ein gong Peter Furler... Og den nye plata til Peter Furler Band er veldig bra!


Ein gong i tida, mot slutten av 90-talet, gjekk eg og venta på at "Entertaining Angels"-plata til Newsboys skulle komme med posten. I dag treng vi heldigvis ikkje vente så lenge på å høyre songane, med både youtube og spotify nokre tastetrykk unna.

Her er ein smakebit frå youtube. Tittellåta:


Og her er alle songane, på spotify. Min foreløpige favoritt er songen Yeshua.

tirsdag 4. mars 2014

GPS


"Herre, lat meg kjenna dine vegar. Lær meg dine stigar! Lat meg få vandra i di sanning, lær meg, for du er Gud, min frelsar! Til deg set eg alltid mi von." (Salme 25, 4-5)