fredag 30. mars 2018

Sekundet etter



eit lite sekund i forskjell
frå før du møtte blikket mitt
og til hjartet mitt smelta vekk
i støvet på jorda

sjølv om eg visste
            utan å erkjenne
at vegen eg gjekk førte feil
og hjartet mitt skreik i smerte
for kvart ord eg ytra

likevel var det blikket ditt
som reiv ned murane
knuste alle skjold
sprengte vekk dei skjøre fundamenta
under løgnene mine

og bakanfor dette sekundet
venta ei elv av anger og sorg
og den vondaste tanken av dei alle;
eg har øydelagt alt for meg sjølv – alt
 – ALT



Luk 22, 61-62: Då vende Herren seg og såg på Peter, og Peter kom i hug det Herren hadde sagt til han: «Før hanen gjel i natt, skal du fornekta meg tre gonger.» 62 Og han gjekk ut og gret sårt.

torsdag 29. mars 2018

Inn til huda


føtene mine er dekka av støv
frå mi kronglete reise
gjennom livet

du bøyer deg ned
skriv alle mine feilsteg
og svake sider
i støvet på huda

så rettar du deg opp
møter auga mine, seier:
dette er mitt blod –

og knuser ditt eige hjarte

let blodet renne over huda mi
til alt støvet er vekke
saman med minna
om alt det forferdelege som stod –




Luk 22,20: Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir utrent for dykk.

mandag 26. mars 2018

Rett fokus


du har så mange sperrelinjer,
så mange tollbodar og vakthus
inn til hjartet ditt,
sa han
og begynte å klippe over taua
eg hadde surra rundt dei tankane
som handla om alt anna enn mitt eige –

det gjorde vondt
og eg skreik i smerte,
ville trekke meg vekk,
setje opp nye sperrer, nye skiljelinjer

då vart han sint,
byrja å rive ned barrikadane
og kaste til side bommane
- du er ikkje aleine i verda
og har ingen monopol!
(stemma var som eit løvebrøl)
medan han reinsa gatene inn
til mine inste krokar og mørke rom

her kan du tilbe i sanning
og ikkje setje grenser
for andre menneske si tru,
sa han
og alt auga mine kunne sjå
var lammet som sette seg på trona –




Jes 56,7c: For mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk