lørdag 21. oktober 2017

Di liding, mi smerte



piskeslaga over ryggen din
lagar spor over hjartet mitt

reipet rundt dine handledd
rykker i æra mi, dreg meg ut
av balanse

cella du sit i
er mørket som klemmer
om orda mine

svarte, mørke sperrer
over fridomen min;
eg er fange
så lenge du skrik i smerte

den lange vegen du må gå
slit hol i skoa mine;
orda som jagar deg fram
er mareritta som vekker meg om natta –

så langt unna du er, min bror
så nært mitt hjarte du bur
min kjære bror



Hebr 13, 3: 
Kom i hug dei som sit i fengsel, som om de sat i lenkjer saman med dei. Og tenk på dei som blir mishandla, som om det gjaldt dykkar eigen kropp. 

onsdag 18. oktober 2017

Colson Whitehead: Den underjordiske jernbanen

Det har blitt skrive mange gode skildringar av dei amerikanske slavane sine kår, og Colson Whitehead si bok føyer seg godt og klokt inn i rekka. Forteljinga er lagt til dei amerikanske sørstatane i første halvdel av 1800-talet.

I boka møter vi den unge slavejenta Cora. Ho er berre 12 år då mora rømmer frå plantasjen dei jobbar på, og ho finn seg plutseleg heilt aleine i den valdelege kvardagen. Dei grusame handlingane på plantasjen er tydeleg skildra. Dette er ikkje ei bok for lesarar med svakt hjarte.

Vi får glimt inn i slavekåret gjennom ungdomstida til Cora, men då plantasjeeigaren dør, og den endå meir hensynslause broren tek over, bestemmer Cora seg for å rømme. Ikkje mange har klart å komme seg bort utan å bli fanga inn att, men saman med slaven Caesar legg ho likevel i veg. Dei har fått nyss om ei underjordisk jernbane, og menneske som ofrar alt dei eig og har, inkludert sitt eige liv, for å hjelpe slavar å unnsleppe.

Resten av boka handlar om Cora si flukt, og gjennom hennar opplevingar får vi innblikk i slavane sine ulike kår i fleira av sørstatane. Flukta går frå Georgia, via blant anna Sør-Carolina, Nord-Carolina og Tennessee. Heile vegen har ho slavejegeren Ridgeway i hælane.

Historia er godt fortalt, og boka smart oppbygd. Vi møter Cora på dei ulike stoppestadene langs fluktruta, og mellom desse kapitla får vi tilbakeblikk eller nærare innblikk i enkeltpersonar sine liv. På den måten får vi kjennskap til fleire dimensjonar ved menneska ho møter.

Det er ei sterk forteljing, og historia får verkeleg fram den store fortvilinga og håplause situasjonen til menneske i eit samfunn som ikkje gir dei noko verdi i det heile.


lørdag 14. oktober 2017

Han bygde seg eit slott -



heile livet brukte han
minutt for minutt
på å leggje sandkorn på sandkorn

streke opp linjer
og reise nye veggar

og slottet steig opp frå sanden
som eit under stod tårna og skein
i lyset frå sola
og refleksjonen frå havet

så mange beundrande blikk
frå dei som gjekk forbi
og stadig veksande status
i sandstrandslottmiljøet

til slutt sette han siste skjelet på plass
og media fotograferte og jubla
og folkemengda beundra dette verket
bygd av éin mann

sjølv sette han seg i skuggen
og ville nyte synet av eit livsverk

men same natta byrja tidevatnet å stige
og neste morgon var der ingen spor tilbake
etter verken mannen eller slottet,

utanom ein haug med skjel
som andre sandslottbyggjarar
flokka seg rundt
og samla opp til sine eigne byggverk




Jes 55, 2: 
Kvifor bruka pengar
på det som ikkje er brød,
og arbeid på det som ikkje mettar?
Høyr no på meg,
så skal de få eta det som godt er,
og fryda dykk over feite retter.


lørdag 7. oktober 2017

Kontrastar



eg smakar på kontrasten i orda
brot
fred
som to motpolar, to lodd
på kvar side av ei vektstang
som knust og såra
reparert og lækt;
det eine utelukkar det andre

vissa om det store offeret
brenn seg inn som eit merke,
eit kors over hjartet mitt:

det som ein gong var knust
er no blitt heilt – i Han




Jes 53, 5:  Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lækte.