torsdag 31. januar 2013

Om å sjå samanhengar som ikkje finst

Eg er av den type menneske som likar å studere og lære om samanhengar i verda. Det kan for eksempel vere om naturlovene, og korleis dei verkar inn på livet og samspelet i naturen. Det er også spennande å studere samfunnsmekanismar og samhandlingar oss menneske i mellom. Av den grunn er eg også glad i historie og geografi. Verda er full av så mykje spennande lærdom, og så mange finurlege samanhengar! Og alt ligg der, og ventar på å bli oppdaga.
 
Den menneskelege hjernen er ganske innfløkt. Det finst nesten ingen grenser for kva vi kan lære oss, viss vi berre vil og er interesserte nok.

Ulempa er at det finst ein del avgrensingar i forhold til kunnskap, og ein del forhold vi alltid er nøydde til å ha i bakhovudet når vi lærer noko nytt. For det første er ikkje all kunnskap tilgjengeleg for oss. Vi kan for eksempel sjå deler av historia, men vi kan aldri danne oss eit heilt korrekt bilde av kva som faktisk skjedde. Det er for eksempel heilt umogleg å kartleggje alle detaljar ved det som hendte  i 2. verdskrigen, endå så mange bøker det er skrive om emnet. Grunnen til at dette er ein umogleg jobb, er ganske enkel: Det er heilt umogleg å få oversikt over alle dei kontaktar, samtalar, turar og val eitt menneske har gjort i løpet av livet sitt. Og om ein likevel ville ta seg tid til å kartleggje dette eine mennesket fullstendig, har ein likevel berre kartlagt eitt menneske. Då gjenstår endå millionar av andre… Av den grunn får vi berre oversikt over dei største hendingane, og dei viktigaste.
 
Den andre avgrensinga vi må ta omsyn til, er vår eigen bakgrunn. I alt vi tenkjer og gjer, har vi vår eiga historie som referanseramme. Mine tankar og mine minner vil alltid spele på lag med det nye eg lærer, så av den grunn vil to menneske aldri kunne sjå og vurdere verda heilt på same måten. Vi tolkar ulikt, og vi oppfattar hendingar ulikt.

Den tredje avgrensinga, som eg ynskjer å stoppe litt lenger ved, handlar om den menneskelege evna til å førestille seg ting og bygge opp konstruksjonar som måtte mangle i dei inntrykka ein får inn utanfrå. Hjernen vår er ganske enkelt skapt slik at den ynskjer å oppleve ein samanheng i verda. Krimforfattarar er ekspertar på å utnytte denne evna hos oss menneske. Dei lar det for eksempel dukke opp ein død person, og veit at vi som lesarar med det same tenkjer: Kven har drepe han? Korleis skjedde det? Kvifor skjedde det? For alt har nemleg ein grunn, i alle ting er der ein årsak-verknad-samanheng. I følgje hjernen vår. Når vi les vidare i kriminalboka, mistenkjer vi sjølvsagt personen som er unnvikande, skulande og med tvilsam fortid… Og så lar vi oss overraske, kvar gong, når vi oppdagar at det var den plettfrie, uskuldige og gråtande som likevel hadde gjort det.

På same måten er det konspirasjonsteoriar stadig har dukka opp, og stadig dukkar opp, i ulike fora. Og vi bit på, for det verkar så logisk. For eksempel myta om den beksvarte middelalderen, der folk gjekk rundt med mørke klede og sure ansikt, og vart trykt ned i søla av kyrkja og kongen, så det i løpet av fire hundre år knapt kunne høyrast ein lått eller sjåast eit smil i heile Europa… Heilt til opplysningstida og naturvitskapen kom og redda folk ut av mørket og fekk smilet tilbake til Europa. Endeleg var det meining i tilværet att!

Det var nok ikkje heilt slik, vil eg tru.

Ein annan samanheng vi menneske ofte er redde for, er samanhengen mellom ord og handling. For nokre år sidan, i eit talkshow på fjernsynet (som eg dessverre har gløymt namnet på), var det ein som snakka om akkurat denne redsla. Han gav eksempel på korleis vi kan teste irrasjonell frykt: Vi kan for eksempel seie høgt ut i rommet: Eg ynskjer at bestefaren din døyr av slag i dag! Dei fleste av oss vil vegre oss for å seie det. Ikkje berre fordi det er ein fæl ting å seie, men fordi vi er genuint redde for at ved å seie det, vil vi auke sannsynet for at det faktisk skjer!

På same måte er vi redd for draumar der familiemedlemer dør. Tenk om det skjer på ekte!  Og så går vi rundt og er ekstra redde for at akkurat det vi har drøymt skal skje.

Ein som har drøymt ein slik merkeleg draum, er  journalist Ivar Fjeld, som nyleg har gitt ut bok om terroren på Utøya. I boka grunngir han terroren mot øya med blant anna AUF sin politiske ståstad i midtaustenkonflikta, og ei auka “islamisering” av det politiske miljøet på øya.

Denne boka kjem ut ein del månadar etter at ein høgreekstrem terrorist, som sjølv gjekk rundt med vrangførestillingar om Europa og verda, er dømt og sett bak lås og slå. Terroristen handla ut frå eit vrengebilde om islam si rolle i Europa, og innleia sin eigen “heilage krig”. Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at han ynskte å ramme AUF, sidan dei, i hans hovud, fører ein politikk som går imot alt det han står for sjølv. Likevel kan ikkje AUF klandrast i saka. Dei tenkjer politikk, i eit demokratisk og fritt land der vi ynskjer innspel frå alle politiske leirar.

Dei kan ikkje klandrast meir enn eg kan klandrast viss bestefaren din døyr av slag i dag, sjølv om eg sa ynskjet høgt. For korleis kan mine ord, sagt ein heilt annan stad i landet, framprovosere eit slag?

Det er irrasjonell frykt, og ein samanheng som slett ikkje finst.

Og terroristen må fortsatt bere skulda for udåden på Utøya aleine.

(Bildekjelder: bt.no, dagbladet.no og toptenreviews.com)

mandag 28. januar 2013

Om å ta eit eige standpunkt til trua

(Den fyljande teksten er manuset til ein appell eg holdt for nærare femti konfirmantar på konfirmantweekend i helga som var. Ein livleg og herleg gjeng, og ein leir som eg håpar har sett spor i både tankar og hjarte) 
 
De er no midt inne i ein av dei viktigaste fasane i livet. De er ikkje barn lenger, og gradvis skal de no inn i den vaksne verda, og lære å stå stadig meir på eigne bein. Identiteten skal formast, haldningar skal byggast og alle dei tinga som gjer deg til deg, må vurderast og målast og vegast. Er det godt nok? Held det? Er det slik eg er, eller vil eg vere annleis? Har eg eit val i forhold til korleis eg vil vere?

Trua er ein viktig del av vår identitet, og den har blitt forma heilt sidan de var små. Det er foreldra dykkar som hittil har lagt dei viktigaste premissane for kva de trur og kva haldningar de har. Dei har bedt kveldsbøn med dykk, eller ikkje. Dei har sunge kristne barnesongar for dykk. Eller ikkje. Dei har teke dykk med på møter og gudstenester. Eller ikkje. De har fylt dei, og dei har vore med og forma di tru.

No skal du stå på eigne bein. Du må ta dine eigne val. Det er ikkje lenger godt nok å lene deg til det foreldra dine seier og trur og meiner. Du må finne ut – sjølv – kva du trur er sant. Legge dine eigne tankar og di eiga tru inn i smelteomnen, og teste kvaliteten. Held det du har lært? Må det endrast?

Eg har også gått gjennom den fasen i livet, for snart 20 år sidan. Den gongen var det eg som sat i sofaen på konfirmantleir, og var i ferd med å bygge min eigen identitet. Nokre delar av identiteten min var alt forma, blant anna hadde eg allereie beslutta at eg ynskte å vere kristen. Ikkje fordi foreldra mine var det. Eg visste at om dei den same dagen hadde slutta å vere kristne, så ville eg fortsatt vere det. Eg ville ikkje gje slepp på det eg hadde funne.

Eg valte det heller ikkje fordi eg absolutt likte så godt å gå i kyrkja eller på bedehuset. Nokre gongar var det kjekt, andre gongar var det keisamt. Det spelte inga rolle. Grunnen til trua mi hadde eg funne i denne boka, i Bibelen. Her møtte eg ein Gud som fortalte meg akkurat korleis eg er. Og Gud skildrar korleis Han er sjølv, og det bildet eg har av Gud, mitt Gudsbilde, vart forma ut frå det eg las. Når eg las i Bibelen, vart eg kjent med Jesus, og trua på at Jesus er Guds son, at han døydde for mine synder og at han stod opp att og har gitt meg del i det evige livet, har slått rot i hjartet mitt og er no umogleg å ta ut. Eg kan ikkje sjå for meg ei verd der Gud ikkje finst og Jesus er fantasi, ganske enkelt fordi eg trur det er sant det som står her. Det er ei sikker tru, og eg har endå ikkje møtt eit einaste argument som har fått meg til å tvile på at det som står i Bibelen er sant. Og tru meg, eg har høyrt mange argument!

Så er spørsmålet: Kvifor skal du vere ein kristen? Kvifor brukar eg og dei andre leiarane her på leiren fritida vår for at du skal få komme på leir og høyre om Jesus? Svaret er enkelt: Fordi vi trur det er sant. Og fordi vi trur de har bruk for det som står her. Det kan forandre livet ditt, og gje det ei heilt ny retning.

Dessutan trur eg at det som står her er den einaste sanninga. Det finst ikkje mange vegar til Himmelen. Det finst ikkje mange vegar til Gud. Det finst berre ein, og det er gjennom Jesus.

Det finst kanskje mange ulike meiningar om Jesus og Bibelen og kristendomen blant dykk. Nokon av dykk er veldig avvisande til det å lese i Bibelen, har eg fått med meg i RLE-timar på skulen, medan andre av dykk er meir opne. Og eg er ganske sikker på at ein del av dykk som sit her anten har bestemt dykk for å vere kristne, eller tenkjer at det kanskje ikkje hadde vore så dumt.

Eg vil avslutte med to oppfordringar. Først ein til deg som er skeptisk, utan kanskje å vite kva du er skeptisk til: Les i Bibelen. Les om Jesus, les om kva det vil seie å vere ein kristen og tru på Gud. Først då, når du veit kva det eigentleg handlar om, kan du gjere deg opp eit standpunkt på ærleg grunnlag. Ikkje la andre fortelje deg korleis Bibelen er, finn det ut sjølv!

Og så eit tips til deg som kan tenkje deg å vere kristen. Les romarbrevet 10, vers 9, og romarbrevet kapittel 12. I det første verset står kva som skal til for å bli ein kristen, og i kapittel 12 kjem ei ganske grei oppskrift på korleis vi bør leve som kristne. Les det om att og om att, og la deg forme av orda!

Altså: Romarbrevet 10, 9 og Romarbrevet 12.

fredag 25. januar 2013

Musikkhistorie del 9: WoW!

I 1997, mange år etter at eg kjøpte den første Keith Green-kassetten, dukka han plutseleg opp i eit reklamehefte ein kamerat på vidaregåande hadde med seg i timen. Der er han jo! tenkte eg, og heiv meg over bladet. Eg hadde i mange år prøvd å finne ut kor ein kunne kjøpe meir musikk av han. Internett var ganske nytt på den tida (i alle fall for meg), og eg hadde ikkje oppdaga nokon nettbutikkar som solgte kristen musikk endå. Men plutseleg sat eg med eit blad mellom hendene som inneholdt reklame for kun... kristen musikk!

Det var eit reklamehefte frå Master Music Club, ein musikklubb som hadde eksistert i fleire år, men som eg inntil då ikkje hadde visst noko om. Eg meldte meg inn ganske rett etterpå, og ein av dei første CD'ane eg kjøpte derifrå var denne:


Ein samleCD med over 30 songar frå etablerte artistar innanfor den kristne marknaden. Songar som opna ei ny verd for meg, ei verd eg ikkje har flytta ut av endå... Stadig dukkar det opp nye, spennande artistar med solide bodskap og kvalitetsmusikk. Det gjeld berre å oppdage dei, og det første steget på den vegen tok eg altså hausten 1997, med kjøpet av WoW 1998.

Ein av dei songane eg likte aller best på plata, heiter Hope to carry on, og det er Caedmon's call som syng den. Forøvrig ei gruppe eg har lytta til mykje etterpå også.


Dei fleste songane frå plata kan du høyre på denne Spotify-lista. Kanskje eit nostalgisk gjenhøyr for deg også?

lørdag 19. januar 2013

Korset


Korset er ein del av kvardagen til dei fleste av oss, og vi møter det i mange former. Nokon har det kanskje som smykke rundt halsen, andre som emblem på t-skjorter og andre klesplagg. Kvar gong vi ser det norske flagget, ser vi korset. Og køyrer du forbi bedehuset, kan du sjå eit stort kors på veggen.

Det er så normalt, at dei færraste av oss tenkjer over kva korset eigentleg er. For kva vart eigentleg dei originale korsa brukt til? Dei vart brukt til å hengje menneske på og pine dei i ein langsam og smertefull død. Korset symboliserte noko vondt, noko som ein ville unngå. Noko ein frykta. Ingen hadde lyst til å stifte nærare kjennskap til eit kors.

Det er altså ikkje noko koseleg symbol vi omgir oss med. Eg har eit korssmykke rundt halsen, ein kopi av eit torturinstrument, laga av metall.  Der heng det til pynt. Men ikkje berre til pynt! Den viktigaste grunnen til at eg ber det, er for å minne meg sjølv om ei viktig hending som endra verdshistoria, og som har endra meg.


Tusenvis av menneske har blitt hengt på eit kors. Likevel er det ein spesiell person vi ofte set i samanheng med korset, og det er ikkje tilfeldig. Sjølv om Jesus var ein av mange offer på torturinstrumentet, var hans død veldig spesiell.

Han vart nemleg ikkje drepen for noko han hadde gjort, men for ei rekkje ting han slett ikkje hadde gjort. Han døydde for eit hav av synder og lovbrot, og han hadde ikkje gjort ein einaste ting av det han vart drepen for! Han døydde fordi eg er ein løgnar og ein skrythals, fordi eg ofte er tankelaus og gjer ting som andre vert såra av og fordi eg veldig motvillig gir slepp på mine eigne rettar og mine eigne ting. Han døydde fordi eg ofte seier ting som gjer andre vondt. Sladrar, baksnakkar og latterleggjer. Han døydde fordi eg av og til vil andre menneske vondt, og har vanskeleg for å tilgje når andre har såra meg.

Han vart rett og slett drepen på grunn av alle mine feil og manglar. Og dine, og dine og dine. Vi har alle svikta på mange felt, og treng tilgjeving. Og det var grunnen til at han vart hengt på eit kors og døydde.

Etter nokre dagar stod Jesus opp att frå dei døde, og lever i dag i Himmelen. Dette er kjernen i mi kristne tru. Det er den aller viktigaste hendinga i historia, og historia om Jesu død og oppstode har blitt fortalt frå person til person i snart 2000 år.

Samtidig som dette er heilt sentralt for ein kristen, er det eit problematisk område for dei fleste andre. Det at eit menneske kan bli levande igjen etter at han er død, er så utruleg at mange har vanskelig for å tru det. I Bibelen står det til og med at ordet om korset er ein dårskap for dei som ikkje trur på Jesus (1. Kor 1, 18) Dårskap er det same som idioti, noko latterleg og dumt. Det er så vanskeleg å tru, at ein heller gjer narr av dei som trur det. Og eg veit at ein del menneske syns eg er ein dust som kan tru at Jesus var Guds son, at han døydde (for to tusen år sidan) for å tilgje dei syndene eg gjer i dag og at han stod opp att frå dei døde. Det verkar så usannsynleg og for nokon verkar det så altfor enkelt. Kan det vere rett at alt ein må gjere er å tru at Jesus døydde og stod opp att, og så får ein tilgjeving for alle synder ein har gjort?

Altfor, altfor enkelt.

Men slik er det. Slik står det i Bibelen, og eg trur det er sant. Og viss ein først trur at Jesus er Gud, så er det heller ikkje så vanskeleg å tru at han kunne bli levande att etter å ha døydd heller.

Så er spørsmålet då: Kva trur du? Trur du at Jesus er Gud? Trur du at han døydde for dine synder? Trur du at han stod opp att frå døden?

Eller kanskje lurar du på om alt dette kan vere sant? Då vil eg anbefale deg å lese i Bibelen, og finne ut meir om kva det handlar om. Les Markusevangeliet først, der lærer du meir om Jesus og kva han stod for. Då les du om kjernen i den kristne trua. Og så vil eg anbefale deg å snakke med ein kristen du stolar på. Dette er altfor viktig til at du berre kan leggje det på hylla og ikkje bry deg.



(Tanketekst eg skreiv i forkant av KRIK-samling i kveld. Andakten vart nok litt annleis, men det er greit å ha ei tankerekkje nedskrive og klargjort på førehand!)

fredag 18. januar 2013

Siger - med smak av syre

Det er ikkje noko kjekt å lese om Lance Armstrong og korleis han juksa seg til siger i Tour De France i ei årrekke. Eg sat sjølv og såg på delar av nokre løp der han vann, og var imponert over prestasjonane. Tenk så god syklist han må vere, som vinn så ofte!

Og så får vi dette rett i fjeset. Doping. Juks. Ein mann utan skruplar, som vil vinne for ein kvar pris. No betalar han den høgste prisen av dei alle, for kven er det som er imponert over Lance Armstrong no? Kven ser på han som ein sykkelhelt?

Eg undrar meg på kva han kan ha tenkt då han stod på toppen av sigerspallen og mottok hyllest frå folkehavet og millionar av tv-sjåarar verda over. Kjente han glede? Kunne han juble (på ekte) og feire og tru at han var verdas beste syklist (slik resten av oss trudde)? Eg undrar meg på...  Skal tru om ikkje sigeren hadde ein litt vond bismak, og om samvitet stakk i han somme tider.

Eg har ofte lurt på det same når det gjeld elevar som juksar på prøvar. Eg har sjølv hatt den ikkje så fornøyelege gleda av å avsløre juks på både stilar og prøvar, og den påfølgjande vonde samtalen med ein elev som sit med nedslegne auger og raude kinn, og mest av alt ville krympe inn i seg sjølv og forsvinne gjennom eit sluk i golvet.

Men kva med dei som ikkje vert tekne? Dei som sit med ein ferdig vurdert stil mellom hendene, eller ein prøve med god karakter, og veit, inst inne i seg sjølv, at denne karakteren er ikkje fortent. Den er juks og bedrag. Kan dei glede seg over karakteren? Kan dei gå glade heim frå skulen og stolt vise fram stilen heime og seie: Sjå, eg fekk det til!


Eg trur slike sigrar har ein vond ettersmak. Av syre.

(Bilete frå www.dollarperhead.com og www.wikipedia.org)

torsdag 17. januar 2013

Livsvern i skulen

Eg har fulgt litt med på debatten rundt Kvitsund Gymnas og etikkundervisninga ved skulen. Ein elev har klaga på undervisninga, og eit av punkta som er klaga på, er at dei lærer at abort er drap.

Kunnskapsministeren er på bana, og etter avisoverskriftene å dømme, reagerar ho voldsomt på det ho høyrer om undervisninga, og eg har lest forslag om å trekkje statsstøtta til skulen viss den ikkje underviser slik alle andre skular gjer. No var det sjølvsagt fleire ting i undervisninga enn abort det vart reagert på, og kva som vart reagert mest og minst på, og om det som står i avisene er rett, det kan eg ikkje uttale meg om.

Eg vil likevel hengje meg opp i to ting. For det første dette med truslar om å trekkje statstøtte viss skulen ikkje underviser slik regjeringa meiner ein skal undervise. Det luktar av forslaget... det luktar statsmakt og totalitært styre. (Og sjølv om eg slett ikkje trur at skulen vil miste noko støtte, at det berre er politikarar som er ute og raslar med lenkene, så er det ikkje noko kjekt å vere vitne til. Eit einsretta samfunn er vel ikkje den type samfunn vi ynskjer oss, er det vel?)

Det andre eg vil kommentere, er dette med abort og drap. Ein går på ein knivsegg når ein brukar dei to orda i lag, og ein bør nok ikkje slengje dei ut saman i utide. Likevel, kva skal ein seie på ein kristen skule, som skal undervise i kristen etikk, der ein skal lære unge menneske dei kristne normene og om det kristne menneskesynet? Kva ord skal ein bruke, når ein står der og skal snakke om provosert abort og skal halde fram det kristne menneskesynet. Kan ein kalle det for noko anna enn det det er?

Og om vi dekkjer det til, i etikkundervisninga på vidaregåande, blant unge menneske som er i sluttfasen av si identitetsbygging og snart skal ut og styre samfunnet, kva oppnår vi? Det blir berre tåkeprat og bla bla, og ein kjem ikkje eit steg lenger enn i klasserom som underviser etter den rødgrønne pipa. Kven skal kjempe for dei svakaste, om ikkje dei kristne skulane?

Sjølv jobbar eg i ungdomsskulen, og ein offentleg sådan. Og så er eg naturfaglærar, og skal snart, denne våren, undervise elevane mine i seksualitet, prevensjon, svangerskap og... abort. Og eg verken kan, eller forsåvidt har lyst til, å stå framfor femtenåringane mine og snakke om fosterdrap (med mindre dei spør meg direkte om eg meiner det er drap, då, sjølvsagt. Då skal eg sjølvsagt forklare dei mitt syn på saka!)

12 veker
Eg har vore gjennom desse emnene ein del gongar før, og har tenkt nøye gjennom dette med undervisning i livsvern. Det er ei sak eg brenn for, og ei sak eg veldig lett blir veldig engasjert i. Og kanskje litt for lett let kjenslene kome på bana. Utfordringa er: korleis undervise i livsvern utan å trå over streken?

Eg gjer det slik: I samband med svangerskapsundervisninga viser eg Lennart Nilsson sin fantastiske film "In the womb", som viser bilder av barnet si utvikling frå unnfanging og fram til fødsel. Så ser vi på bilder av foster som er for eksempel 15 veker, og ber elevane identifisere kroppsdelar. Og det same på bilder av 12 veker gamle foster, og 10 veker, og 8 veker osv. Og så stille spørsmålet: På kva for eit tidspunkt startar dette fosteret å vere eit menneske?

Eg trur kunnskap er heile nøkkelen til å bekjempe dei høge aborttala. Viss ungdomane vert medvitne om at fosteret er eit menneske heile vegen, og at det er umogleg å setje ei grense som kan forsvarast, håpar eg at dei tenkjer seg ekstra godt om før abort i det heile vert eit alternativ.

Dette er sjølvsagt berre ein liten del av etikkundervisninga på dette området, alt som vert sagt om foster og menneskevern er med på å påverke elevane, og eg har trua på at sjølv om eg ikkje brukar ordet drap, så er eg med på å fremje menneskeverdet ved jobben eg gjer. Og kanskje redde eit menneskeliv eller to.

tirsdag 15. januar 2013

Heath McNease!

Eg vil bruke årets første sprett på litt reklame. Og for eit "produkt", då! Eg har nemleg oppdaga ein utruleg artist, som eg har lytta mykje til dei siste månadane, og som eg endå ikkje er lei av. Ikkje i det heile. Personen eg skriv om, er Heath McNease, ein amerikansk rapartist. I hard konkurranse med Lecrae og Sho Baraka (som lagar utruleg bra musikk) trur eg at eg må seie dette er mine nye favorittrappar. Og viss du er interessert i rapmusikk, eller lurar på om du burde vere det, er det verdt å sjekke ut McNease sine plater


I løpet av tre år (2010-2012) gav han ut ikkje mindre enn sju (SJU!) album. I tillegg til ein del EP'ar. Heilt utruleg, spør du meg. Han må ha ein fantastisk kreativ hjerne!

Eg har lytta mykje til fire av desse sju platene. Den første plata eg kom over heiter "Straight outta console: The Nintendo thumb mixtape". Stilige songar, og beats henta frå ulike nintendospel... Eg hadde aldri nintendo sjølv, men spelte Super Mario Bros så pass mykje at eg har gode minner knytt til musikken. Og dermed var eg hekta...


Den neste plata eg oppdaga heiter "The weight of glory", og inneheld songar som er inspirerte av C.S Lewis sine tekstar. Eg har lest mykje av det C.S. Lewis skreiv, og no fekk eg ein del poeng frå bøkene hans servert gjennom songar. Ikkje feil! (Denne plata skil seg litt ut, for McNease rappar ikkje. Plata inneheld "vanleg" song)
 

Eg har også lytta litt til plata "Thrift store Jesus" (Etter den vesle engelsken eg kan, har eg forstått at "thrift store" er ein slags billigbutikk, som Nille eller Max 20 og butikkar i den kategorien) Dette er ei svært utfordrande plate. Den løftar på ein del steinar som kanskje ligg altfor mykje i ro hos oss kristne. Viss du tørr, bør du lytte gjennom denne plata!


Sist, men ikkje minst, har eg fått tak i plata "The gun show". Dette er min absolutte favoritt, og inneheld atten knallbra spor. Rett og slett fantastisk rapmusikk, og kanskje den plassen du bør starte viss du lurar på om Heath McNease kan vere noko for deg.


 Av den grunn kjem her albumet som speleliste på spotify. Lytt og nyt!