lørdag 28. september 2013

Laurdagslåta: I am amazing

I utgangspunktet kan det kanskje verke som ein litt drøy song - å skulle høyre på ei som syng om kor fantastisk ho er... Ikkje la deg lure! Dette er ikkje ein klam og egosentrert song. Det er ein song som handlar om å vere den ein er skapt til å vere -  å sjå på seg sjølv som fantastisk, fordi Gud gjer det!

Det er verkeleg verdt å få med seg denne songen. Philippa Hanna er ein fantastisk songar, og lagar musikk med meining i. Teksten i denne songen er slik at den bør lesast og lyttast til og festast i hjartet. Det er rett og slett ein song som byggjer opp, og som er med på å setje ting under det rette lyset: Sjå seg sjølv slik Gud ser meg!

Lytt, og ver slik du skapt til å vere!


I don't want to waste anymore time in the mirror
Watching my face, never change I don't feel beautiful today
And I don't wanna waste
Anymore hard-earned cash on these 'miracles'
That never change the way I feel don't make me beautiful today
How long can I hide-away beneath this disguise?
And what drastic measure do I have to take to realise...

That I am amazing, in spite of what I can see,
When I look at myself wishing I could be anyone other than me
Cos I was created
With everything I could ever need
So I'm not gonna change
I'm gonna stay just the way God made me

I'm not gonna take
Anymore of these lies they've been feeding me
Not gonna listen to the voices of my enemies today
With my feet on solid ground
I'm gonna turn it all around
Because it's time I realised I'm truly beautiful inside
How long can I hide-away beneath this disguise?
And what drastic measure do I have to take to realise...

That I am amazing, in spite of what I can see,
When I look at myself wishing I could be anyone other than me
Cos I was created
With everything I could ever need
So I'm not gonna change
I'm gonna stay just the way God made me

And who am I to say that I could do a better job than him?

Cos we are amazing
If only we could believe that it's all in His hands
We're a part of a plan that's much bigger than us
Yes we are amazing
There's nothing we can't achieve
and we don't need to change
So I'm gonna stay, just the way God made me

Not gonna listen to the voices of my enemies today

lørdag 21. september 2013

Laurdagslåta: So you wanna go back to Egypt?

For dei av oss som har lest mykje både om og av, og sett ein del bilete av Keith Green, er det noko uvant å sjå han utan skjegg og bart... Eg kom over denne snutten her ein dag, og syns det var litt snodig å sjå korleis han "eigentleg" såg ut. Det er litt introduksjonssnakking i starten, men etterkvart kjem ein stilig versjon av "So you wanna go back to Egypt?" Ein klassikar - no utan skjegg!



So you wanna go back to Egypt, where it's warm and secure.
Are you sorry you bought the one-way ticket when you thought you were sure?
You wanted to live in the Land of Promise, but now it's getting so hard.
Are you sorry you're out here in the desert, instead of your own backyard?

Eating leeks and onions by the Nile.
Ooh what breath, but dining out in style.
Ooh, my life's on the skids.
Give me the pyramids.

Well there's nothing to do but travel, and we sure travel a lot.
'Cause it's hard to keep your feet from moving when the sand gets so hot.
And in the morning it's manna hotcakes. We snack on manna all day.
And they sure had a winner last night for dinner, flaming manna soufflé.

Well we once complained for something new to munch.
The ground opened up and had some of us for lunch.
Ooh, such fire and smoke.
Can't God even take a joke…Huh?….(NO!)

So you wanna go back to Egypt, where old friends wait for you.
You can throw a big party and tell the whole gang, that what they said was all
true.
And this Moses acts like a big-shot, who does he think he is.
It's true that God works lots of miracles, but Moses thinks they're all his.

Well I'm having so much trouble even now.
Why'd he get so mad about that cow, that golden cow.
Moses,he seems rather idle, he just sits around.
He just sits around and writes the Bible.

Oh, Moses, put down your pen.
What…Oh no, manna again?
Oh, manna waffles….
Manna burgers...
Manna bagels...
Fillet of manna...
Mannacoti...
Bamanna bread!

søndag 15. september 2013

Ein snodig mann, ei snodig verd



32 Som no Maria kom dit Jesus var, og fekk sjå han, kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Herre, hadde du vore her, hadde ikkje bror min døydd.» 33 Då Jesus såg at dei gret, både ho og alle jødane som følgde henne, vart han oppskaka og opprørt i sitt indre, 34 og han sa: «Kvar har de lagt han?» «Kom og sjå, Herre», svara dei. 35 Jesus gret. 36 Då sa jødane: «Sjå kor glad han var i han.» 37 Men somme av dei sa: «Han som opna auga på ein som var blind, kunne ikkje han ha hindra at denne mannen døydde?» 38 Jesus vart igjen opprørt og gjekk bort til grava. Det var ei hòle, og det låg ein stein framfor opninga. 39 «Ta bort steinen!» seier Jesus. «Herre», seier Marta, syster til den døde, «det luktar alt av han, for han har lege fire dagar i grava.» 40 Jesus seier til henne: «Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?» 41 Så tok dei steinen ifrå. Og Jesus såg opp mot himmelen og sa: «Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg. 42 Eg visste at du alltid høyrer meg. Men eg seier dette på grunn av folket som står omkring, så dei skal tru at det er du som har sendt meg.» 43 Då han hadde sagt det, ropa han høgt: «Lasarus, kom ut!» 44 Og den døde kom ut med hendene og føtene sveipte i likklede og med ein duk bunden over andletet. Jesus sa til dei: «Løys han og lat han gå!»

(Joh 11, 32-44)

lørdag 14. september 2013

Laurdagslåta: Far more beautiful!

Dette er ein song til alle søstre, døtre og mødre, ja, rett og slett til alle kvinner! Ta til dykk teksten, den presenterer verda slik den faktisk er, ikkje slik moteblad, vekeblad, reklame, tv og media generelt vil ha det til. De er vakre, alle saman!

Og så er det noko med the O.C. Supertones! Eg har vore hekta på musikken deira sidan 1999. Mesteparten av musikken deira er perfekt til å danse rundt i stova saman med borna til! Berre som eit tips.


my little sister
I want to tell you
I want to show you
what you’re really worth
in the beginning when you were first made
when you were first formed
before your birth
the sea and the sky were not enough
the flowers bloom was not enough
the mountains reaching to the sky were not enough

you’re beautiful far more beautiful
than anything the world will ever know
keep you’re eyes on the King
cherish all of your tomorrows

daughter don’t grow up too fast
let your youth last
because soon its gone
daughter you’re far too precious
to waste your priceless kiss on just anyone
the Lord has made you sweet and wild
you are heaven’s little child
you’re the one whose face has a launched a thousand smiles

mother, you’re still a pretty girl
your arms surround the world with your embrace
mother I see your wisdom
your tears and laughter
in the lines on your lovely face
and your children one by one, will rise up and call you “blessed”
and all heaven will applaud as you enter to your rest


søndag 8. september 2013

Tru, håp og kjærleik

Det finst tre ord som er særleg sentrale for å forstå kva kristendom handlar om:

Tru
Det ligg litt i sjølve namnet: Kristen tru. Dei viktigaste tinga i kristendomen er basert på nettopp tru. Enkelte ting er lett å tru på, som for eksempel at Jesus har levd, og alle dei andre historiske personane som vi veit har eksistert, heilt frå Abraham, Moses, kong David og opp til Paulus. Å tru at dei har levd, er som å tru at Moskva er hovudstaden i Russland. Du har kanskje ikkje vore der, men du kan rekne med at det du blir fortalt er sant likevel.

Så har vi dei tinga som det er vanskelegare å tru, fordi dei er ulogiske og vanskelegare å bevise. Som at Jesus kunne gå på vatnet, eller gjere vatn til vin, eller vekke folk opp frå dei døde. Det aller viktigaste punktet i kristendomen er basert nettopp på denne type tru: Trua på at Jesus stod opp att frå dei døde etter at han hadde blitt drepen. Viss det ikkje hadde skjedd, hadde det heller ikkje vore noko som heitte kristendom. Det viktigaste kjenneteiknet på kristen tru er difor om ein trur at Jesus var Guds son, og at han stod opp att frå grava etter å ha vore død.

Håp
Håpet, symbolisert ved eit anker, er det andre ordet. Det er ikkje snakk om håp av typen: Håpar det er pizza til middag i morgon. Det er snakk om eit håp som er mykje meir djuptpløyande, det har med sjølve eksistensen vår å gjere.

De har lært om, eller skal snart lære om, humanetikk på skulen. Dette er eit livssyn som avviser alt som har med religion å gjere, og ein av grunntankane i humanetikken er at det livet vi lever her på jorda, det er alt. Der er ingenting før, der er ingenting etterpå. Du lever kanskje i 80-90 år, viss du er heldig. Alle dei millionar og milliardar av år som kjem etterpå, er du vekke. Du eksisterer ikkje, og vil aldri meir eksistere. Dette er ein tanke som, når eg prøvar å tenke den heilt til endes, søkk i meg som ein tung stein. Inga framtid, ikkje noko håp.

Kristen tru er på si side knytt til eit heilt konkret håp: Det evige livet hos Gud i Himmelen. Dette er sjølvsagt også eit trusspørsmål. Å tru at det finst ein himmel, og tru på at Jesus har ordna ein veg inn dit. For menneske som har det tungt, og opplever at livet går på tverke, eller opplever krig, forfylging, undertrykking eller død, er det kristne håpet likevel eit anker ein kan “fortøye” livet sitt til. Om alt går i dass her på jorda, har ein eit håp om ei betre framtid der framme, ein gong. For oss som har det greitt dei fleste dagar, er kanskje ikkje tanken på Himmelen og det som kjem etter døden det vi tenkjer mest på. Likevel, dei fleste av oss grublar over livet og døden innimellom.

Det kristne håpet handlar også om det heilt ordinære kvardagslivet. Eit håp om at det finst ein Gud som ser meg og går med meg, kvar dag.

Kjærleik
Så kjem vi til det som Bibelen seier er det aller viktigaste ordet. Kjærleik. Kristendom handlar nemleg først og fremst om kjærleik. Då snakkar eg ikkje om erotisk kjærleik, sjølv om den også absolutt er til stede i Bibelen og vert skildra som ein viktig del av livet. Det handlar heller ikkje om vår kjærleik til Bibelen, til Jesus, til Gud eller til kristendomen. Det er snakk om Guds kjærleik til oss menneske. Bibelen startar med at menneska gjer imot Guds vilje (dei 3-4 første sidene), og resten av boka (om lag 1400 sider) handlar om korleis Gud legg ein plan og kjempar for å få menneska tilbake. Det endar opp med at han til slutt ofrar seg sjølv, vert menneske og døyr på eit kors, berre fordi han er glad i oss. Gud gir alt for å få oss tilbake.

Når du ein gong blir skikkeleg forelska i nokon, vil du forstå litt av den iveren Gud har etter å ha kontakt med deg. Då vil alt du gjer handle om å komme i nærleiken av den er forelska i. Det er nesten som du ikkje klarar å tenkje på noko anna. Slik er Gud. Han er på ein måte forelska i oss menneske, sjølv om det kanskje ikkje er heilt rett ord å bruke.

Kristendomen handlar altså om å tru på noko, om å håpe på noko, men først og fremst om Guds kjærleik til oss og hans ynskje om at vi skal vere hans barn.

Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik.
          Og størst av dei er kjærleiken.                               (1. Kor 13,13)


(Andakt på KRIK-samlinga i går kveld)

lørdag 7. september 2013

Laurdagslåta: Worn

I dag skal de få høyre ein av dei songane som har høgast avspelingsfrekvens i mp3-spelaren min for tida: Worn, frå Tenth Avenue North si plate The Struggle. Dette er ei nydeleg bøn! Det er så mange ting som dreg oss menneske ned. Motgang og strev, krig og terror, kvardagstrivialitetar og krav, kjensla av å ikkje vere god nok, flink nok, at ein gjer alt feil. At alt skulle vore så mykje betre. Ein blir av og til utslitt, "worn", av alt som skal og bør gjerast, og alle felta ein sviktar på, gong etter gong. Då er det berre ein ting å gjere, berre ein plass å gå: Til han som kan snu nederlag til siger, han som kan gi krefter til dei som er utslitt. Lytt og les. Og gjerne be songen, viss du vil. God helg!



I’m Tired I’m worn
My heart is heavy
From the work it takes
To keep on breathing
I’ve made mistakes
I’ve let my hope fail
My soul feels crushed
By the weight of this world

And I know that you can give me rest
So I cry out with all that I have left

Let me see redemption win
Let me know the struggle ends
That you can mend a heart
That’s frail and torn
I wanna know a song can rise
From the ashes of a broken life
And all that’s dead inside can be reborn
Cause I’m worn

I know I need to lift my eyes up
But I'm too weak
Life just won’t let up
And I know that you can give me rest
So I cry out with all that I have left

Let me see redemption win
Let me know the struggle ends
That you can mend a heart
That’s frail and torn
I wanna know a song can rise
From the ashes of a broken life
And all that’s dead inside can be reborn
Cause I’m worn

My prayers are wearing thin
Yeah, I’m worn
Even before the day begins
Yeah, I’m worn
I’ve lost my will to fight
I’m worn
So, heaven come and flood my eyes

Let me see redemption win
Let me know the struggle ends
That you can mend a heart
That’s frail and torn
I wanna know a song can rise
From the ashes of a broken life
And all that’s dead inside can be reborn
Cause all that’s dead inside will be reborn

Though I’m worn
Yeah I’m worn